St.prp. nr. 64 (1996-97)

Om ein del saker under Vegformål og Jernbaneformål

Til innholdsfortegnelse

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.3 Vegformål og 21.5 Jernbaneformål.

Under Vegformål blir det gjort framlegg om at Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kr til fv 344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001. Det blir òg gjort framlegg om ein auke av Vegdirektoratets fullmakt til å gje tilsegn om statsgaranti for lån med 2. prioritet til nybygg og ombygging av ferjer. Samferdselsdepartementet vil vidare orientere Stortinget om forhandlingane mellom Statens vegvesen og reiarlag om ferjetilbodet for 1997. Departementet legg til grunn at forhandlingane skal ha som utgangspunkt at tilbodet for 1996 vert oppretthalde for 1997, men at det òg må vere rom for lokale tilpassingar.

Under Jernbaneformålblir det gjort framlegg om å utvide fullmakta til å overskride løyvingane på kap. 1350 Jernbaneverket. Dette på grunn av at Jernbaneverkets samhandel med NSB BA no må bruttoførast i budsjett- og rekneskapssamanheng. Samferdselsdepartementet legg opp til at Jernbaneverket frå og med 1. mai 1997 får ansvaret for kjøp og videresal av elektrisitet knytt til jernbanedrift, og gjer derfor framlegg om at Jernbaneverket får utvida fullmakta til å overskride kap. 1350 ytterlegare, tilsvarande meirinntektene frå vidaresalet. Det blir òg gitt ei orientering om kostnadsauken for prosjektet «Hovedbanen - forbindelsesspor mellom Hovedbanen og Gardermobanen»

Kap. 1322 Statens veganlegg (jf. kap. 4322)

Rassikring av fv 344 Stamnes - Eidslandet. Forskottering frå Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune søkjer om samtykke til å forskottere 20,0 mill. kr til rassikring av fv 344 Stamnes - Eidslandet mot refusjon over riksvegbudsjettet i perioden 1998-2001. Prosjektet er ein del av eit framtidig riksvegsamband mellom E 16 ved Dalseid og rv 1 ved Romarheim.

Den totale kostnaden for strekninga Stamnes - Eidslandet er på 70,0 mill. kr. Anlegget kan byggjast ut etappevis, og første byggetrinn er rekna ut til å koste 41,0 mill. kr. Denne etappen vil bli finansiert med forskottet frå fylkeskommunen på 20,0 mill. kr, eit fylkeskommunalt tilskott på 11,0 mill. kr og eit tilskott frå Modalen og Vaksdal kommunar og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap (BKK) på 10,0 mill. kr.

Anlegget starta hausten 1996 med sprenging av to tunnelar forbi dei mest rasfarlege partia på vegen. Dette arbeidet er finansiert med 21,0 mill. kr frå fylkeskommunen og kommunane/BKK. Det er ein føresetnad at vegen mellom Stamnes og Mo blir omklassifisert til riksveg når prosjektet til 41,0 mill. kr er fullført. Vidareføringa av prosjektet vil bli lagt inn i handlingsprogrammet for perioden 1998-2007 med igangsetjing i slutten av perioden 1998-2001.

Forskotteringssaka er handsama og godkjend av fylkestinget i Hordaland.

Tidspunktet for refusjon vil bli avgjort i samband med arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 1998-2001.

Samferdselsdepartementet går inn for at Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kr til fv 344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001.

Statsgaranti for nykontrahering av ferjer i 1997

Vegdirektoratet hadde for 1996 fullmakt til å gje nye garantiar for inntil 84 mill. kr for lån med 2. prioritet til å skaffe og byggje om ferjer i den delen av riksvegferjedrifta som mottar statstilskott. Fullmakta hadde m.a. som føresetnad, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1995-96) Samferdselsdepartementet, s. 71, at det skulle kontraherast ei ny ferje med statsgaranti i 1996 for levering i 1997. På grunn av omdisponering av planlagt nybygg mellom reiarlag og tilhøyrande meirarbeid med spesifikasjonar, vart ikkje endeleg kontrakt for nybygg inngått og tilsegn om statsgaranti gjeven innan utgangen av 1996. Fullmakt til å stille garanti for bygget fall dermed bort.

For 1997 har Vegdirektoratet fullmakt til å stille statsgaranti på 216,7 mill. kr for lån med 2. prioritet til å skaffe og byggje om ferjer i den delen av riksvegferjedrifta som mottar tilskott. Garantiramma har m.a. som føresetnad, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1996-97) Samferdselsdepartementet, s. 72, at det skal kontraherast fire nye ferjer med statsgaranti i 1997 for levering i 1998. To av nybygga vil verte nytta til forsøk med gassdrift.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at føresetnaden om kontrahering av totalt fem nybygg med statsgaranti for åra 1996 og 1997 står ved lag. Det krev isolert sett at garantiramma for nybygg i 1997 må reviderast for å inkludere garanti for det bygget der garantien fall bort i 1996. Samferdselsdepartementet har samstundes bede Vegdirektoratet om ei ny vurdering av faktisk behov for samla garantiramme i lys av situasjonen så langt i 1997. Høg aktivitet i verkstadssektoren og kostnadsutvikling i den samanhengen gjer det naturleg med revisjon av kostnadsoverslaga. I lys av den nye gjennomgangen gjer departementet framlegg om at Vegdirektoratet kan stille statsgaranti i 1997 for inntil 294,8 mill. kr for lån med 2. prioritet til nybygg og ombygging av ferjer. Totalramma for nytt og gamalt ansvar skal ikkje overstige 824 mill. kr. Summen inkluderer eit påslag på 10 pst. til dekning av eventuelle inndrivingskostnader.

Riksvegferjedrifta 1997

I St.prp. nr. 1 (1996-97) for Samferdselsdepartementet vart det lagt til grunn at ferjetilbodet i 1997 generelt vidareførast frå 1996 og med forbetringar i nokre samband.

Ved handsaming av St.prp. nr. 37 (1996-97), jf. Innst. S. nr. 167 (1996-97) viste komitefleirtalet (alle unntatt Arbeidarpartiet) til at ferjetilbodet er redusert i fleire fylke i 1997 jamført med 1996. I tråd med fleirtalsinnstillinga gjorde Stortinget følgjande vedtak (etter framlegg frå representanten May-Helen Molvær Grimstad på vegner av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti):

«Stortinget ber Regjeringa leggje til grunn at tilbodet i ferjedrifta i 1997 skal haldast oppe på minst same nivå som for 1996, og ta inn nødvendige tilleggsløyvingar i forslaget til Revidert nasjonalbudsjett for 1997.»

Vegsjefane i fylka forhandlar årleg med reiarlaga om tilbodet innanfor konsesjonsområdet til det enkelte reiarlag. Forhandlingane for 1997 er i sluttfasen. Etter det departementet kjenner til er det berre i Møre og Romsdal at forhandlingane har ført til nemnande reduksjonar. Hovudinntrykket frå forhandlingane i dei andre fylka er at tilbodet som var i 1996 vert vidareført i 1997. Nokre forbetringar av tilbodet ligg òg inne, som i Bruavik-Brimnes og Bodø-Moskenes.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at ferjetilbodet for 1996 generelt sett vert oppretthalde for 1997. Departementet har derfor bede Vegdirektoratet om å vurdere situasjonen etter at forhandlingane med reiarlaga er avslutta. Dersom gjennomgangen til Vegdirektoratet skulle vise at det er gjennomført tilbodsreduksjonar av nemnande omfang, vil vegkontora på nytt ta opp forhandlingar med reiarlaga om å oppjustere tilbodet. Eventuelle forhandlingar må òg ha som utgangspunkt at det skal vere rom for lokale justeringar i rutetilbod ut frå endringar i lokale forhold frå 1996 til 1997. For Møre og Romsdal legg departementet opp til at ruteopplegget for 1996 skal vidareførast. Tilbodsjusteringa i Møre og Romsdal og eventuelle forhandlingar om justeringar av ruteopplegg i andre fylke vil verte gjennomførte ved omprioriteringar innanfor tildelt ramme til vedlikehald til det enkelte fylke for 1997.

Sett frå staten si side er situasjonar med etterfølgjande forhandlingar med ferjeselskapa ikkje ønskeleg. På sikt kan det svekke staten sin forhandlingsposisjon innanfor det noverande rammetilskottssystemet.

Det er grunn til å rekne med at eit system basert på fastpristilbod for heile riksvegferjedrifta kan styrkje staten sin forhandlingsposisjon og fokusere i større grad på kostnadseffektivitet.

Om kostnadsauken for prosjektet «Hovedbanen - forbindelsesspor mellom Hovedbanen og Gardermobanen» - orientering.

Prosjektet «Hovedbanen - forbindelsesspor mellom Hovedbanen og Gardermobanen.» blei første gang omtalt i St.prp. nr. 1 (1994-95), s. 159, med eit kostnadsoverslag på 420 mill. kr (1994-prisar) totalt for dei presenterte tiltaka. Som det framgår av proposisjonen vil investeringane gi auka totalkapasitet og større fleksibilitet i sporbruken og gi ytterlegare moglegheit for utvikling av NSBs ordinære togtilbod i området. I proposisjonen er det opplyst at prosjekta ikkje var rekna med i Norsk jernbaneplan 1994-97, men at det ville vere mest rasjonelt å samordne utbygginga samstundes med bygginga av Gardermobanen. Det administrative ansvaret for utbygginga blei derfor lagt til NSB Gardermobanen AS etter kontrakt med NSB. Føresetnaden var at prosjekta skulle prioriterast innanfor investeringsplanramma i NJP 1994-97. I St.prp. nr. 1 (1996-97) er prosjektet kort omtalt, og kostnadsoverslaget er sett til 436 mill. kr (1996-prisar).

Samferdselsdepartementet blei i desember 1996 varsla av Jernbaneverket om at det i oktober 1996 var inngått ei tilleggsavtale mellom NSB Bane og NSB Gardermobanen AS som innebar ein kostnadsauke for NSB Bane på prosjektet med 205 mill. kr. Som ledd i handsaminga av denne saka har styret i Jernbaneverket fått gjennomført ei juridisk utgreiing av avtaleverket mellom NSB Bane og NSB Gardermobanen AS og som no er sendt Samferdselsdepartementet. NSB Bane har teke atterhald om at avtala krev godkjenning frå departementet og Stortinget. Saka er no til handsaming i Samferdselsdepartementet, som vil kome tilbake til saka når ho er nærmare avklara.

Forslag til endra og ny fullmakt for Jernbaneverket

Arbeid for NSB BA

For 1997 har Jernbaneverket fått fullmakt til å overskride løyvingane på kap. 1350 tilsvarande inntektsførte beløp på kap. 4350, postane 02 Sal av eigedomar m.v. og 03 Arbeid for framande, med inntil 3 pst. av den samla løyvinga på kap. 1350, jf. St.prp. nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 14 (1996-97). 3 pst. av løyvinga for 1997 er om lag 92 mill. kr.

På grunn av omorganiseringa av NSB 1. desember 1996 må Jernbaneverket følgje prinsippet om bruttoføring i budsjett- og rekneskapssamanheng også når det gjeld samhandelen mellom Jernbaneverket og NSB BA, dvs. at arbeid for NSB BA må inntektsførast på kap. 4350 og utgiftsførast på kap. 1350. Denne samhandelen blei tidlegare handsama som intern handel i forvaltningsverksemda NSB og blei nettoført på kap. 1350. Ved fastsettinga av ovannemnde fullmakt blei det ikkje teke omsyn til denne overgangen frå netto- til bruttoføring i budsjett- og rekneskapssamanheng.

Jernbaneverket har for 1997 budsjettert med ei samla inntekt på kap. 4350, postane 02 og 03, på om lag 150 mill. kr, medrekna om lag 67 mill. kr knytt til arbeid for NSB BA og som i hovudsak gjeld arbeid utført av baneservicedelen i Jernbaneverket.

Samferdselsdepartementet foreslår at vedteke fullmakt for 1997 blir utvida til inntil 6 pst. av den samla løyvinga på kap. 1350, tilsvarande inntektsførte beløp på kap. 4350, postane 02 og 03, og at post 03 også dekkjer utgifter for arbeid som Jernbaneverket utfører for NSB BA.

Sal av elektrisitet til togframføring

Innan forvaltningsverksemda NSB var det forhandla fram ei felles avtale for heile verksemda for kjøp av energi, og køyrevegen betalte sin del av forbruket. Ved omorganiseringa av NSB 1. desember 1996 blei denne avtala knytt til NSB BA.

På bakgrunn av at Jernbaneverket har ansvaret for bygging, drift og vedlikehald av elektriske anlegg knytt til jernbanedrifta og med tanke på at det på sikt kan komme fleire aktørar på sporet, legg Samferdselsdepartementet opp til at Jernbaneverket også får ansvaret for sjølve strømtilføringa, herunder kjøp av elektrisiteten til togdrifta og sal av denne vidare til aktørane på sporet.

Samferdselsdepartementet legg opp til at denne ordninga skal gjelde frå og med 1. mai 1997 når NSB BAs noverande avtale går ut. Føresetnaden er at elektrisiteten blir selt til kostpris medrekna eventuelle meklargebyr og administrasjonskostnader for Jernbaneverket. Aktørane på sporet er førebels NSB BA, MTAS og enkelte museums- og hobbybanar.

Ordninga fører til at Jernbaneverket har behov for utvida fullmakt til å overskride vedteke løyving på kap. 1350, post 23, til kjøp av elektisk kraft som kan dekkjast opp med inntekter frå vidaresal av elektrisitet. Samferdselsdepartementet foreslår at det på kap. 4350 blir oppretta ein ny post 06 Vidaresal av elektrisitet til togdrift, der inntekta frå energisalet blir inntektsført og blir brukt til å dekkje utgifter til kjøp av elektrisk kraft.

Til forsiden