Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

I følgje avgjerda i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 skal vedlegg XII (fri rørsle for kapital) til EØS-avtala endrast.

Artikkel 1 slår fast at direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve skal leggjast til som eit nytt punkt 2 i vedlegg XII til EØS-avtala. Det vert vidare presisert at for føremålet med EØS-avtala skal forordninga gjelde med følgjande tilpassing: i artikkel 6 skal nytt nr. 6 lyde: «EFTA-statene skal iverksette de tiltak som er nødvendige for å etterkomme dette direktiv innen 31. desember 2003.»

Artikkel 2 slår fast at teksta til direktivet på islandsk og norsk, som vil bli kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 17. mai 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet