Sund kommune, Hordaland. Reguleringsplan for Skaganeset Industri- og hamneområde. Motsegn frå Riksantikvaren

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Riksantikvaren til reguler-ingsplan for Skaganeset Industri- og hamneområde i Sund kommune. Departementet legg vekt på omsynet til dei nasjonale kulturminneinteressene knytt til Kvalvågen og Skaganeset som landskapsformasjonar med nær samanheng med kvalfangsthistoria på staden. Sund kommune blir oppmoda til å utarbeide ny plan og reguleringsføresegner.

Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Hordaland, dagsett 27. mars 2009. Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Riksantikvaren. Motsegna er grunngjeve med omsyn til nasjonale kulturminneinteresser.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Riksantikvaren til reguler-ingsplan for Skaganeset Industri- og hamneområde i Sund kommune. Departementet legg vekt på omsynet til dei nasjonale kulturminneinteressene knytt til Kvalvågen og Skaganeset som landskapsformasjonar med nær samanheng med kvalfangsthistoria på staden. Sund kommune blir oppmoda til å utarbeide ny plan og reguleringsføresegner.

Bakgrunn for saka

Skaganeset hamne- og industriområde er lokalisert ved Raunefjorden og nær hovud-leia/innseglinga til Bergen. Skaganeset inngår i den fylkeskommunale hamneplanen (fylkesdelplan). Industriområdet har gode hamneforhold, og er attraktivt for sjønær industri. Kommunen vil som eit felles privat og kommunalt tiltak legge til rette for eit sjøretta næringsområde med offentleg veg til kommunal kai.

Området har hatt ei samansett utvikling over lang tid. Steinuttak starta opp i 1972. Skaganeset har vore i bruk som industriområde sidan den første reguleringsplanen for området vart vedteke i 1982/84. Reguleringa gjaldt då eit mindre område, men i kommuneplanen frå 1993 og i seinare planar har eit større område vore lagt ut. I kommuneplanen frå 2006 er det aktuelle området avsett til byggjeområde - industri.

I 2001 vart det fremja eit privat planforslag for området som grensa til opphavleg plan frå 1982. Sund kommune såg at det var behov for ein samla reguleringsplan for heile området under eitt, og fremja eit planforslag for området i 2002. I perioden 2002-2003 vart det gjennomført offentleg ettersyn av planen. I 2003-2005 gjennomførte kommunen dialogar med sentrale aktørar i saka, på privat og offentleg side. Planforslaget vart i samband med dette revidert, og i 2006 vart nytt reguleringsplan¬forslag for Skaganeset fremja.

Riksantikvaren framsette motsegn i brev datert 22. februar 2007. Riksantikvaren viser til at planforslaget er i strid med nasjonale kulturminneinteresser. Saka var oversendt Riksantikvaren frå Hordaland fylkeskommune, etter at den faglege tilrådinga om å fremje motsegn ikkje fekk tilslutning i fylkesutvalet.
Motsegna er grunna i dei store negative konsekvensane ei vidare utviding av eksister-ande industriområde, utviding av hamneområde og utfylling i sjø ved Skaganeset vil ha. Utvidinga av næringsarealet krev at terrenget vert senka frå 43 m.o.h. på det høgaste og til ei jamnare flate på rundt 15 m.o.h. Samstundes vert det tillate å oppføre bygg og anlegg som vil ruve høgare enn det buffersona rundt vil skjerme for.

Landskapet og kulturminna fortel kulturhistoria på Skaganeset og i Skogs¬vågen gjennom fleire tusen år. Riksantikvaren meiner ei rasering av landskapet vil gjere det vanskelegare å formidle og oppleve ein særs viktig og eineståande kvalfangskultur. I dag finn ein enno restane etter dei fysiske sperrene som vart nytta for å halde kvalen inne i vågen. Som den einaste kjende staden i landet, har ein her drive kvalfangst med pil og boge der pilene har vore innsette med gift. Denne fangstmetoden er ikkje kjend frå andre stader i verda.

Framleis finn ein 8 av opphavleg 16 steinalderbustader på Skaganeset. Kanskje har dei og vore besøkt i samband med kvalfangst fleire tusen år tidlegare. Buplassane ligg slik at det er stor sjanse for at dei vil bli skadd av den verksemda som er planlagd.

Sjansen for å formidle, oppleve og forstå korleis eit landskap har vore nytta i tidlegare tider i samband med kvalfangst, er etter Riksantikvaren sitt syn eineståande i Skogsvågen. Området må difor vernast for framtida, og ein må sikre at dagens nærings¬verksemd på austsida av Skaganeset skjer på dei premissar som kulturhistoria og kulturminna i området legg. Landskap og terreng er viktige element i kvalfangst-tradisjonen, og for å kunne oppleve og forstå den må desse elementa framleis vere til stades. Å fjerna markerte landskapselement og byggje høge industribygg som ragar opp over bergdraga, vil etter Riksantikvaren sitt syn ha sterk negativ innverknad på området.

Motsegna vart oppsummert i meklingsmøtet 10. mars 2008, og er konkret retta mot:

  • fjerning av bergknausar/høgdedrag i Cl,
  • fjerning av bergknausar/høgdedrag i Bl,
  • utfylling i sjø nordover frå Skaganeset forbi Langskipsvika,
  • registrerte steinalderbustader må få liggja i fred, som ein del av det landskapet dei er ein del av.

Riksantikvaren kunne akseptere den delen av planen der uttak av masse allereie var starta, då dette området ikkje er så eksponert mot Kvalvågen som dei andre områda.

Riksantikvaren finn det uheldig at det er lagt inn ein ny veg ut av området mot sør, då denne vegen ikkje er forankra i anna plan sør for planforslaget. Ein veg her kan kome i konflikt med kulturminne og kulturmiljø, eit tilhøve som ikkje er avklart. Behovet for ein slik veg må ein og sjå i forhold til ein reduksjon i næringsareal som Riksantikvaren krev i si motsegn.

Mekling vart gjennomført i møte 10. mars 2008. Fylkesmannen drøfta med partane om det var mogleg å bli einige om mellomløysingar, men måtte konstatera at det ikkje var mogleg å oppnå semje om planforslaget.

Sund kommunestyre vedtok planforslaget i møte den 4. november 2008, og saka vart oversendt fylkesmannen i brev av 12. februar 2009.

Fylkesmannen i Hordaland oversendte saka til departementet i brev av 27. mars 2009. Fylkesmannen kommer ikkje med tilråding i saka.

Synfaring skjedde 28. mai 2009 med representantar for kommunen, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Sotra Steinindustri A/S, Riksantikvaren og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet legg vekt på dei vurderingane Riksantikvaren har i si motsegn, og er samd i at det er store kulturhistoriske verdiar i Kvalvågen. Området rundt Kvalvågen og på vestsida av Skaganeset utgjer framleis eit samla landskap utan store tekniske inngrep, der landskapssilhuetten på Skaganeset er særs viktig. Landskapet med bergdraga er veleigna til å formidle historia knytt til kvalfangsten, og har stor verde i seg sjølv.

Under synfaringa vart det avdekka at det har vore anleggsverksemd i område omfatta av motsegn. I område A 1-2 og B1-2 er store steinmassar teken ut og areala planert, samt at hamneområdet er utvida mot nordvest i område C-5. Det vart opplyst at nokre arbeid var godkjende av kommunen i ein dispensasjon, men at arbeida er langt meir omfattande enn dispensasjonen tillet. Dei utførde arbeida har førebels ikkje ført til at landskapet ein opplev i Kvalvågen er endra, men departementet meiner det er særs uheldig at så omfattande terrenginngrep er utførd i eit viktig landskap i strid med gjeldande reguleringsplan, medan motsegna til ny plan er under handsaming.

Det er viktig at kommunen no ordnar opp i situasjonen ved å styre framtidig utbygging på område A1-2, B1-2 og delar av C-områda, slik at landskapet i Kvalavågen framleis skal kunne opplevast som relativt urørt. Dette bør gjerast ved at reguleringsføre¬segnene setjar ei maksimal mønehøgde som sikrar at bygg og andre tiltak ikkje kjem opp over synsranda til det naturlege terrenget sett frå Kvalvågen.

Ut frå at deler av områda alt er tekne i bruk, hastar det med å fastsetje ein endeleg plan. Miljøverndepartementet legg til grunn at dei delane av område C1, C2 og C4-5 som ikkje inngår i gjeldande reguleringsplan frå 1984 skal takast ut. Aktuelt regulerings¬føremål er LNF-område med bruk av hensynssone for bevaring kulturmiljø eller landskapsomsyn der det er relevant, og båndleggingssone etter lov om kulturminner der det er arkeologiske funnstader.

Det må gis eintydige reguleringsføresegner for høgde, størrelse og materialbruk på nye bygg, kva slags industri- og hamneføremål som skal tillatast, og naudsynte miljøtiltak for å sikre mot luft-, støy- og vassforureining. I tillegg til dei kulturhistoriske verdiane må det takast omsyn til bustad- og hytteområde i nærleiken.

Planen må ta opp korleis inngrepa og utfyllingane i område C4-5 med tilhøyrande del av veg 3 kan avsluttast og brukast på ein god måte til hamneformål, utan at arealinngrepa aukar. Om naudsynt må areal som er teke i bruk utan gyldig plan tilbakeførast til sjø eller vegetasjon-/buffersone på land.

Departementet forventar at ny plan tek med naudsynte vegar til/frå området heilt frå eksisterande offentleg veg, jf. Riksantikvarens merknad. Her må det gis føresegner som sikrar at nye vegar og etablering av ny eller utviding av eksisterande nærings-, industri- og hamneverksemd skjer i rett rekkjefølgje. Omsyn til trafikksituasjonen i tilstøytande buområde må og leggas vekt på.

Departementet finn såleis at det framlagte planforslaget ikkje tek nok omsyn til dei nasjonale kulturminneinteressa knytt til Kvalvågen og Skaganeset, og at det må gjerast fleire endringar for å sikra desse. Framlagt reguleringsplan for Skaganeset Industri- og hamneområde kan difor ikkje stadfestast, og motsegna vert teken til følgje.

Departementet oppmodar kommunen om å utarbeide og fremja eit planforslag i samsvar med merknadene ovanfor. Departementet føreset at kommunen samarbeider med kulturminnestyresmaktene om utforming av reguleringsplanen.

Vedtak

I medhald av § 27-2 nr.2 i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne stadfeste reguleringsplan for Skaganeset Industri- og hamneområde i Sund kommune. Motsegna frå Riksantikvaren er dermed teken til følgje.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing

Erik Solheim


Kopi til:
Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg
Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen
Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo
Sotra Steinindustri, Skaganeset Industriområde, 5382 Skogsvåg