Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Time kommune – kommuneplan 2011 - 2022 - arealdelen – motsegn til boligområde – BH1 – på Hognestad

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn til boligområdet BH1 på Hognestad og endrar området til landbruks-, natur- og friluftsformål(LNFR-område). Det er lagt avgjerande vekt på omsynet til langsiktig vern av landbruket sitt produksjonsareal og kulturlandskapet.

Dato sendt: 19.12.2012

Fylkesmannen i Rogaland sende den 28. september 2011 saka til Miljøverndeparte­mentet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16, jf. § 5-6.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn til boligområdet BH1 på Hognestad og endrar området til landbruks-, natur- og friluftsformål(LNFR-område). Det er lagt avgjerande vekt på omsynet til langsiktig vern av landbruket sitt  produksjonsareal og kulturlandskapet.

Bakgrunn for saka

Det gjenstår ei motsegn i kommuneplan for Time 2011-2022 til framtidig bustadområde BH1 på Hognestad. Arealet, som er på ca 9 dekar, er i bruk til gras­produksjon. Det skal i følgje kommuneplanen ikkje byggjast ut før i 2015 og då med ei forsiktig utbygging på fire bustadar i året.

Fylkesmannen i Rogaland fremma den 30. september 2010 motsegn til framtidig bustad­område på Hognestad ut frå omsynet til landbruksinteressene. Fylkesmannen framheva at det i Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren går fram at lokal- og grendesamfunn som Hognestad må akseptere at omsynet til kjerneområde for landbruk går føre omsynet til eksempelvis utnytting av skolekapasitet. Fylkesmannen viste til at Hognestad ikkje er eit vekstområde i fylkesplan for Jæren.

Rogaland fylkeskommune ga uttale til planforslaget i brev dagsett 29. oktober 2010. Bustadområdet på Hognestad var ikkje omtalt i fylkeskommunen si uttale.

Mekling blei halde 27. mai 2011. Partane blei ikkje samde. Kommunen vil ha noko bustadbygging på Hognestad for å oppretthalde servicetilbod til bygda blant anna gjennom skule og idrettsanlegg. Fylkesmannen stod fast på at saka er prinsipiell og vil kunne bidra til vidare nedbygging av landbruksområda.

Kommunestyret i Time handsama kommuneplanen 2011 -2022 i møte 21. juni 2011. Kommunestyret vedtok kommuneplanen, og tok ikkje motsegna frå fylkesmannen til følgje. Området blei teke ut av planforslaget og send departementet for avgjerd, medan resten av kommuneplanen sin arealdel vart eigengodkjend.

Fylkesmannen i Rogaland tilrådde ved oversending av saka 28. september 2011 at motsega vert teke til følgje. Fylkesmannen peika på at jordvernet har fått auka fokus i den seinare tid og at omsynet til jordvern og overordna planar er viktigare enn omsynet til å legge til rette for planlagt busetting på Hognestad.

Møte og synfaring skjedde 19. januar 2012 med representantar frå Time kommune, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland, Statens landbruksforvaltning, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet.

Landbruks- og matdepartementet har i brev av 6. februar 2012 gitt uttale i saka. Landbruks- og matdepartementet meiner omsynet til jordvern veg tyngst i denne saka og tilrår at motsegna frå Fylkesmannen i Rogaland mot byggeområde BH1 vert teke til følgje.

Miljøverndepartementet sine vurderingar

Miljøverndepartementet skal ta stilling til om omdisponering av eit LNFR- område til byggjeområde for bustad på Hognestad kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Denne saka skal handsamast etter plan- og bygningslova av 2008. Etter § 11-16 andre ledd avgjer Miljøverndepartementet om motsegna skal takast til følgje og kan i den samanheng gjere dei endringar i planen som finst påkravd.

Naturmangfald

Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som angår naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Området er i dag oppdyrka. Kunnskap om naturmangfald er henta frå Artsdatabanken sitt Artskart og Direktoratet for naturforvaltning sin Naturbase. Det er ikkje registrert prioriterte artar, trua eller nær trua artar på Norsk raudliste for artar 2010 eller verdifulle artar i planområdet. Det er heller ikkje registrert utvalde naturtypar, trua eller nær trua naturtypar på Norsk raudliste for naturtypar 2011 eller verdifulle naturtypar i området. Det er ikkje framkomme andre opplysningar i saka som tydar på at det er slike artar eller naturtypar i planområdet. Det er etter departementet si meining derfor ikkje grunn til å tru at tiltaket vil påverka trua, nær trua eller verdifullt naturmangfald. Kravet i naturmangfaldlova § 8 om at saka i hovudsak skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er dermed oppfylt.

I og med at naturmangfald i liten grad vert påverka av tiltaket og det dermed ikkje kan påvisast nemneverdige effektar på trua eller verdifull natur, legg departementet til grunn at det ikkje er naudsynt å foreta vurderingar etter prinsippa i naturmangfaldlova §§ 9-12.

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging blei vedtekne ved kongelig resolusjon 24.06.2011. Her går det fram at regjeringa forventar at fylkes­kommunane og kommunane tek omsyn til landbruksareal og kulturlandskap, og bidrar til at dei nasjonale jordvernmåla blir nådd ved å avgrense omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane og ved å redusere oppsplittinga av viktige areal. Det vert påpeika at eit levande landbruk og ein aktiv forvaltning av jordbruksareal og kultur­landskap er basert på bærekraftig ressursbruk og arealforvaltning, samt at berre 3 prosent av arealet i Noreg er dyrka.

Regjeringa si målsetting om å halvere årleg omdisponering av dei mest verdifulle jord­ressursane innan 2010 går fram av brev av 21. februar 2006 frå Landbruks- og mat­departementet og Miljøverndepartementet. Regjeringa har og i Stortingsmelding nr. 26 (2006-2007) om Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand eit sterkt fokus på bevaring av landbruket sitt produksjonsareal. Den 19. november 2010 blei det sendt ut felles brev til kommunar og fylke der landbruks- og matministeren og miljøvernministeren påpeiker kommunane sitt ansvar for jordvernet.

Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling for Jæren gjev føringar for langsiktig arealbruk i regionen. Planen har som prinsipp at veksten skal skje i definerte sentra innan hovud­strukturen for kollektivtransport, og det er sett ei grense for ”kjerneområde land­bruk.” I regjeringa si godkjenning av planen heiter det at dei langsiktige grensene for landbruk som er trekt opp i fylkesdelplanen er å rekne som nasjonale føringar om arealbruken.

Det går fram av saka at Time kommune ønskjer at Hognestad skal vere ei livskraftig bygd med moderat utvikling framover. Kommunen seiar at utan nye bustader vil skulen på Hognestad gradvis få færre elevar og at den kan bli lagt ned. Elevane må då flyttast til Bryne og vil få lengre skoleveg. Kommunen viser til at det ved revisjon av den regionale planen for Jæren vert drøfta korleis ein kan sikre at dei mindre tettstedane og grendane i kjerneområde landbruk kan få  moglegheit til ei forsiktig utvikling framover. Kommunen meiner at det er riktig å omdisponere til bustadformål på Hognestad.

Miljøverndepartementet forstår  kommunen og lokalbefolkninga sitt ønskje om utvikling av bustadfeltet for å sikre vidare drift av skulen. Det er likevel ikkje mogleg å nå den nasjonale målsettinga om å avgrense omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane og redusere oppsplitting av viktige areal i pressområde om plan­myndigheitene ikkje legg seg på ei svært restriktiv linje og unngår omdisponeringar der arealbehovet kan løysast på annan måte.

Hognestad er eit lite bustadområde ca 2 km frå Bryne tettstad. Det føreslåtte bustad­området vil berre betre skulesituasjonen for ein kort periode. Utbygging av området vil og legge press på framtidig omdisponering av tilgrensande areal. Departementet meiner at det er viktig å ha klåre grenser mellom tettstadene og landbruksområda i pressområda på Jæren der befolkningsveksten er høg. Utviklinga bør skje ved for­tetting og auka utnytting av eksisterande større tettstedar.

Miljøverndepartementet meiner vidare at det er viktig å halde fast på dei langsiktige grensene mellom landbruk og utbyggingsområde fastsett i Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling for Jæren. I ei avveging mellom ulike omsyn skal det vere sterke samfunns­interesser for at ein skal tillate nedbygging av dyrka eller dyrkbar mark i eit så viktig jordbruksområde.

Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre tilstrekkelege tungtvegande grunnar for at omsynet til langsiktig vern av landbruket sine produksjonsareal og kulturlandskapet skal vike for utbyggingsinteressene i dette tilfellet, og peikar på at kommunen bør sjå på andre moglegheiter for å sikre skulen tilgang til elevar.

Motsegna frå fylkesmannen blir etter dette tatt til følgje. Området skal visast som landbruks-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen.

 Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd finn Miljøvern­departementet ikkje å kunne godkjenne det planlagde bustadområde BH1 på Hognestad. Området skal visast som landbruks-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen.

 

Miljøverndepartementet legg til grunn at kommunen endrar plankartet i samsvar med dette vedtaket.

Vi viser til reglane i plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd om kunngjering av vedtatt kommuneplan.

Time kommune er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Med helsing

 

Bård Vegar Solhjell

 

 

 

Kopi:

Time kommune

Rogaland fylkeskommune

Landbruks- og matdepartementet