Time kommune - motsegn til arealdelen i kommuneplanen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner ikkje at det vert opna for detaljvarehandel i områda FB1, FB2 og FB3 på Håland. Etablering av detaljvarehandel i store handelskonsept utanfor Bryne sentrum er i strid med statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og med Regionalplan for Jæren 2050. Område for masseuttak ved Undheim vert godkjent, men med endra plankart og nye planføresegner om utgreiingar og avbøtande tiltak på reguleringsplannivå.

Bakgrunn for saka

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til oversending av saka frå Fylkesmannen i Rogaland 11. juni 2020. Saka er sendt departementet for avgjerd etter plan- og bygnings-lova § 11-16, på grunn av uløyste motsegner til arealdelen i kommuneplanen. Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune har fremja motsegn til nye rammer for handelsetablering på Håland. Fylkesmannen har og fremja motsegn til eit nytt område for masseuttak ved Undheim.

Handel på Håland
Motsegnene mot handel på Håland er retta mot delområda FB1, FB2 og FB3. På desse områda ønskjer kommunen å opne for alle typar handel i større varehandelskonsept, med bruksareal over 1500 m2 per verksemd, også omtala som "big-box"- konsept. I tidlegare kommuneplan 2011-2022 var områda avsett til næring (FB2 og FB3), og forretning (FB1) med handel i kategorien plasskrevjande varer. Området FB1 var vist som forretningsføremål, men med ei føresegn som avgrensar handelsverksemda til særleg plasskrevjande varegrupper. Nytt forslag opnar for handel utan avgrensing på type varer. I områda FB2 og FB3 er det foreslått å endre arealformål frå næring til forretning. Det ligg ikkje avgrensing på type handel, men det er stilt krav om minstestørrelse per eining. FB1 er på 84 dekar, medan FB2 og FB3 er på høvesvis 14 og 19 dekar. 

Kommunen har grunngjeve ønskje sitt om å leggje til rette for handel på Håland. Mellom anna viser kommunen til at det har vore etableringar på Håland sidan 1980-talet. Ei større detaljvareverksemd etablerte seg innanfor området i 2016, og dette vart akseptert av både fylkesmannen og fylkeskommunen. Fleire aktørar har meldt interesse for å etablere seg i området. Kommunen meiner at å leggje til rette for slik handel på staden, vil gje føreseielege signal og hindre etableringar gjennom dispensasjon. Det er og vanskeleg å finne areal til slike verksemder i eit så kompakt bysentrum som Bryne. Vidare meiner kommunen at sidan Bryne har status som regiondelsenter, bør det kunne leggjast til rette for varehandel på Håland, slik som Forus fungerer for Nord-Jæren.

Masseuttak og massedeponi på Undheim
Fylkesmannen har og motsegn til eit område for masseuttak aust for Undheim (R11). Time kommune viser til at med større infrastrukturprosjekt i regionen dei kommande åra, vil det vere behov for uttak av masser til råstoffmateriell og område for deponering av overskotsmasser. Planområdet er i gjeldande plan vist som LNFR-føremål, og er på 310 dekar. Motsegna frå fylkesmannen er mellom anna grunna stor konflikt med viktige landskapsinteresser, naturmangfald og landbruk.

Rogaland fylkeskommune v/ fylkesutvalet, fremja motsegn til kommuneplanen i møte 3. september 2019. Fylkeskommunen si motsegn er retta mot forretningsområda på Håland. I følgje motsegna er detaljhandel utanfor sentrum i strid med nyleg revidert planføresegn i Regionalplan for Jæren. Eit sentralt prinsipp i den regionale planen er at detaljhandel ikkje skal plasserast utanfor sentrumsområde. Lokaliseringsprinsippa i regional plan byggjer på statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Forslaget om meir handel på Håland vart vurdert i prosessen med den regionale planen, men vart avvist då eit slikt forslag vil undergrave eit regionalt regime for lokalisering av handel som det er brei semje om. Konsekvensane vil vere at det vert opna for ei byutvikling som er i strid med hovudmåla i den regionale utviklingsstrategien, der Bryne sentrum har fått rolla som prioritert delregionsenter for Sør-Jæren. Forslaget svekker sentrum si rolle som handels- og bysenter. I staden legg forslaget opp til ein transportskapande og bilbasert arealutvikling, med byspreiing i staden for kompakt byutvikling, og tilgjengelegheita vert svekka for brukargrupper som ikkje disponerer bil.

Fylkesmannen i Rogaland fremja i brev av 28. juni 2019, motsegn mot endringar i arealkartet for FB1-FB3 frå næring til forretning, føresegnene 21.2.2 og 21.7.1, og føremålsendringane innanfor FB1-FB3, samt omsynssona H810_5 med føresegner 34.3.5. Fylkesmannen meiner desse endringane er i strid med regional planføresegn og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Fylkesmannen fremja og motsegn til forslaget om masseuttak på Undheim, då tiltaket vil gje store terrenginngrep. Området grensar til utvald naturtype kystlynghei, og eit nasjonalt viktig landskapsområde på Høg-Jæren. Det er registrert sterkt truga fugleliv i området omkring. Vidare ligg uttaket tett opp til sidevassdraget til Håelva, som er eit verna vassdrag, viktig for laks, aure og elvemusling. Området er og nytta til beite. Sjølv om arealet skal førast tilbake som jordbruksareal, er det likevel betydelege eksisterande jordbruksareal det vert lagt beslag på så lenge uttaket er i drift.

Fylkesmannen rår i sin oversending av saka til at motsegnene frå fylkeskommunen og fylkesmannen til forslaget om meir detaljhandel på Håland, vert teken til følgje. Etableringa som kommunen opnar for, er i strid med lokaliseringsprinsippa for by- og regionutvikling og planføresegn for styring av lokalisering av handel i gjeldande regionalplan. Etableringa vil og bidra negativt til dei måla regionalplanen sett for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Fylkesmannen er i utgangspunktet samd med kommunen om at sikker tilgang til byggeråstoff og område for handtering av overskotsmasser, er viktig. Anlegg av storleiken som er aktuell på Undheim, er og godt egna til betre gjenbruk av overskotsmassar. Fylkesmannen meiner likevel at lokaliteten er svært uheldig for nasjonale og regionale interesser, og rår samla sett til at motsegna til masseuttaket vert teken til følgje.

Meklingsmøte vart gjennomført 9. desember 2019. Det vart i meklinga ikkje funne løysing for områda for varehandel på Håland og masseuttak ved Undheim.

Time kommunestyre gjorde vedtak om eigengodkjenning av kommuneplanen i møte 17. desember 2019, med unntak av områda med motsegn.

Synfaring og møte fann stad 8. september 2020, med representantar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet har uttalt seg til saka i brev av 6. oktober 2020. Departementet har etter ei samla vurdering av dagens jordverninteresser opp mot masseuttak og framtidige areal for fulldyrka jord, kome fram til at den delen av motsegna som er knytt til jordvern ikkje bør takast til følgje. Ein føresetnad for tilrådinga, er at det vert vedteke ei planføresegn som sikrar at delareala opparbeidast fortløpande til fulldyrka jord av god kvalitet, og at areal som i dag er fulldyrka jord vert teke ut av planområdet.

Klima- og miljødepartementet har uttalt seg til saka i brev mottatt 27. oktober 2020. Departementet meiner at føreslått varehandel på Håland er i strid med Regionalplan for Jæren 2050 og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (SPR BATP), og tilrår at motsegnene frå Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune vert tekne til følgje. Den regionale planen med planføresegn bør bli tillagt stor vekt, særleg i lys av at planen nyleg er vedteken. For å sikre heilskapleg og berekraftig arealplanlegging, er det ein føresetnad at intensjonen i vedtekne regionale planar vert følgt opp gjennom kommuneplanens arealdel. Regionalplanen legg ei felles og langsiktig ramme for arealbruk og transport i regionen, og er etter departementet sitt syn viktig for å nå målet om eit lågutsleppssamfunn.

FB1, FB2 og FB3 ligg samla på Håland, omlag 1,5 km frå kollektivknutepunktet i Bryne sentrum. Området er lite tilrettelagt for kollektivreiser, sykling eller gonge. Departementet vurderer at forslaget om varehandel på Håland vil ha avgrensa nytte, at det vil undergrave den regionale planen, og at det ikkje vil bidra til redusert transportbehov. Området bør vere avgrensa til verksemd for plasskrevjande varer som egner seg i randsona av tettstaden, og ikkje opne for detaljhandel som vil gi auka transport og konkurrere med tilbod i Bryne sentrum.  

Klima- og miljødepartementet vurderer at planlagd masseuttak på Undheim vil ha negative konsekvensar for miljøinteresser, men at desse sannsynlegvis kan reduserast med avbøtande tiltak. Etter ei heilskapleg vurdering tilrår departementet at motsegna frå fylkesmannen ikkje bør takast til følgje. Departementet føreset at det som grunnlag for vidare arbeid med reguleringsplanen, vert sett vilkår om å gjennomføre ytterlegare utgreiingar av konsekvensar for naturmangfald, og vurderingar av korleis avbøtande tiltak vil redusere dei negative verknadene. Omsynet til miljøverdiane må takast hand om i den vidare planlegginga av området. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 første ledd kan berørt statleg eller regionalt organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkommande organ sitt saksområde. Etter § 11-16 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen. I denne saka skal Kommunal- og moderniserings-departementet avgjere om Time kommune sitt forslag for handelsområda FB1-FB3 med planføresegn, og forslag om område for masseuttak R11 på Undheim, skal godkjennast, eller om motsegna frå fylkesmannen og fylkeskommunen skal takast til følgje.

Område for handel på Håland (FB1-FB3)
For planområda på Håland, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdert saka opp mot dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (SPR BATP), og Regionalplan for Jæren 2050 med juridisk bindande planføresegn. Eit sentralt prinsipp i dei statlege planretningslinene er at utbyggingsmønster og transportsystem bør fremje utvikling av kompakte byar og tettstader, redusere transportbehovet, og leggje til rette for klima- og miljøvennlege transportformer. I tråd med planretningslinjene bør kommunar og fylkeskommunar leggje til rette for at handelsverksemd blir lokalisert ut frå ei regional heilskapsvurdering, og vere tilpassa eksisterande og planlagd senterstruktur og kollektivknutepunkt.

Regjeringa har i dokumentet Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023, bede om at fylkeskommunane og kommunane legg FNs berekraftmål til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Her er det peika på at vi alt no må ta omsyn til målet om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, då avgjerder om lokalisering av busetnad, infrastruktur og tenester kan påverke utslepp og energiforbruk i lang tid framover.

Regionale planar er viktige verktøy for å sikre ein berekraftig areal- og transportutvikling i dei einskilde regionane. Regionalplan for Jæren 2050 byggjer på dei statlege planretningslinjene og nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Planen legg ei felles og langsiktig ramme for arealbruk og transport. Det er gjort heilskaplege vurderingar, og peika ut ei ønska retning for areal-, transport- og næringsutvikling i regionen. Den regionale planen har ei juridisk bindande planføresegn (5.3.11) om lokalisering av handelsetableringar i sentre. Føresegna seier at "Nyetablering eller utvidelse av eksisterende varehandels-virksomhet er bare tillatt i områder avsatt til sentrumsformål […]". Motsegnene frå fylkesmannen og fylkeskommunen er grunna med at kommunen sitt forslag om å opne for detaljvarehandel i big-box-konsept på Håland, er i strid med lokaliseringsprinsippa for by- og regionutvikling, og planføresegna for styring av lokalisering av handel i den regionale planen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at den regionale planen med juridisk bindande planføresegn må bli tillagt stor vekt i denne saka. Regionalplanen er ei oppfølging av dei nasjonale forventningane og av sentrale prinsipp i dei statlege planretningslinjene, og er nyleg revidert. I samband med revisjonen og innspel frå Time kommune, vart det gjort ei konkret vurdering av varehandelskonseptet på Håland, i ei eiga tilleggsutgreiing. Der blei det konkludert med at ytterlegare spreiing av varehandel ikkje er ein god idé, verken for transport, arealbruk eller økonomi. Lokalisering av big-box-konsept utanfor sentrum vart difor frårådd.

Dei aktuelle områda på Håland ligg 1,5 km utanfor bykjernen av Bryne. Det er i dag avgrensa kollektivdekning mellom området og Bryne sentrum, og området er ikkje godt lagt til rette for gåande og syklande. I følgje motsegna vil det å opne for eit bredt handelstilbod på Håland, bidra til å svekke den eksisterande handelen i Bryne, og føre til auka biltransport. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er einig i denne vurderinga, og meiner at planforslaget ikkje vil støtte opp under en berekraftig areal- og transportplanlegging. Etter departementets syn vil ei opning for big-box-konsept innanfor områda FB1-FB3 på Håland, vere i strid med mål og føresegner i Regionalplan for Jæren, og med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Forslaget vert difor ikkje godkjent.

Område for masseuttak og massedeponi utanfor Undheim (R11)
Planområdet grensar til nasjonalt viktige landskapsområde på Høg-Jæren, og til område med kystlynghei som er ein utvald naturtype. I si vurdering peiker Klima- og miljødepartementet likevel på at sjølv om etablering av masseuttak vil påverke landskapsverdiane i området, kan dei negative konsekvensane truleg reduserast med avbøtande tiltak. Området for masseuttak ligg ikkje innanfor området som er definert som nasjonalt viktig, og rører heller ikkje kystlynghei direkte. Landskapsverdiane i området er allereie påverka av vindkraftutbygging.

Partikkelavrenning frå masseuttaket kan vere uheldig med omsyn til Håelva, som allereie er eit belasta vassdrag. Klima- og miljødepartementet meiner at påverknaden på miljøverdiane i Håelva sannsynleg kan reduserast med avbøtande tiltak, og at ein i reguleringsplanen må greie ut om tiltaka på tilstrekkeleg vis vil motverke partikkelavrenning til vassdraget. Det må og vurderast behov for fleire tiltak for å redusere negative verknader for vassdraget.

Fylkesmannen har vidare peika på at det er registrert sterkt truga fugleliv i området omkring, mellom anna hubro. Klima- og miljødepartementet understrekar at registreringane ikkje er gjort i sjølve området for masseuttak, og at påverknaden frå masseuttak hovudsakleg vil skje gjennom ristingar og støy i forbindelse med aktivitet og transport til og frå masseuttaket. Det er difor viktig å sette vilkår i driftsplan med omsyn til å redusere støyverknader, og at uttaket vert utforma slik at det skjermar mot støyen.

Det aktuelle arealet er i dag ein ås med innmarksbeite, og eit mindre areal på sju dekar er fulldyrka jord. Landbruks- og matdepartementet meiner at masseuttaket kan anbefalast, under føresetnad av at fortløpande opparbeiding av fulldyrka jord av god kvalitet sikrast gjennom krav i planføresegnene, og at planområdet ikkje omfattar området som er fulldyrka.

På bakgrunn av tilrådingane frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet kommunens planforslag for masseuttak på R11, med endringar i føresegnene og plankartet. Endringane vert gjort for å sikre at ein i arbeidet med reguleringsplanen for området, gjennomfører naudsynte utgreiingar av verknadene tiltaket har for natur- og landskapsverdiane i området. Utgreiingane skal liggje til grunn for avbøtande tiltak.

Det er naturlig at arrondering og etterbruk av området etter at uttaket er avslutta, vert avklart som del av reguleringsplanen. Departementet legg til ei føresegn om at istandsetting med omsyn til landskapet og tilbakeføring til jordbruk, skal avklarast i reguleringsplanarbeidet. Tilbakeføring bør skje med sikte på å minimere dei negative verknadene for landskapet, og å betre tilhøve for landbruket, ved at areala vert opparbeida fortløpande til fulldyrka jord av god kvalitet etter at uttaket for eit område er avslutta.

Departementet vedtek og at plankartet må endrast, slik at planområdet ikkje omfattar areal som i dag er fulldyrka jord.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndigheit som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Kunnskapen om truga artar sin bruk av området for masseuttak og tilgrensande områder, er gjort på eit overordna nivå, og må utgreiast meir i arbeidet med reguleringsplan,  jf. § 8 om kunnskapsgrunnlaget. Eit framtidig masseuttak vil saman med Høg-Jæren vindkraftanlegg og dei andre tiltaka på vestsida av fv. 505, føre til ei auka samla belastning, jf. naturmangfaldlova § 10. Det er naudsynt med ei utgreiing av avbøtande tiltak i ein vidare planprosess , jf. § 12 om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetoder.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16, godkjenner ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet Time kommunestyre sitt vedtak 17.12.2019 om arealdelen til kommuneplanen for områda FB1, FB2 og FB3 med føresegner.

Departementet godkjenner område for masseuttak på R11, med følgjande nye føresegner knytt til utgreiing og avbøtande tiltak i reguleringsplanen:

  • Som del av reguleringsplanen for området, skal det gjennomførast supplerande utgreiingar av konsekvensar og påverknad for naturmangfald og landskap. Dersom utgreiingane syner at tiltaket vil få vesentlege verknader for naturmangfald eller viktige landskapsverdiar, skal det i reguleringsføresegnene sikrast at avbøtande tiltak vert gjennomført for å redusere dei negative verknadene. Dette inneberer og støyverknader av tiltaket for fugleliv og friluftsliv.
  • Som del av reguleringsplanen skal istandsetting av området med omsyn til landskap og tilbakeføring av arealet til jordbruk, avklarast

Plankartet blir endra slik at planområdet ikkje omfattar fulldyrka jord.

Departementet legg til grunn at kommunen endrar planen i tråd med vedtaket. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningsloven § 11-15 andre ledd.
 

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljødirektoratet
Rogaland fylkeskommune
Time kommune