Utkast til forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet

Resultat: Forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet, fastsatt 01.03.05

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist:

Vår ref.:

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

03/529- CC/MR

22.11.04

Utkast til forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet - Høyring

Utkast til forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet (PT) vert send på høyring, jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 37 andre ledd. Utkast til forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet er vedlagt. Forskriften vil avløyse forskrift av 20. mars 2000 om gebyr til Post- og teletilsynet.

Utkastet gjeld fastsetjing av gebyr til PT. Gebyr er betaling for ei forvaltningsteneste som vert ytt. PT si verksemd skal i samsvar med vedtak i Stortinget vere sjølvfinansiert, og gebyra skal dekkje kostnadene med den delen av forvaltingsverksemda PT driv som vert finansiert med gebyr.

Bakgrunn for framlegg om ny forskrift

Det er fleire grunnar til at det vert lagt fram framlegg om ny gebyrforskrift. Mellom anna er PT sitt tilsynsområde utvida etter at lova om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) trådde i kraft. Bakgrunnen for utvidinga i ekomloven er den tekniske utviklinga (samansmelting av tele, IT og media) og utviklinga som har funne sted innafor marknaden 1PT skal mellom anna undersøke utsiktene på 18 marknader og fastsetje eigna verkemiddel der slikt må til for å sikre konkurransen.. Framlegget til gebyrforskrift reflekterar PT sitt utvida tilsynsområde ved fastsetjing av gebyr.

Det har og vore sentralt å utarbeide reglar som fører til meir objektivitet og transparens ved utmålinga av dei einskilde gebyra. Den største delen av gebyrinntektene til PT har til no vore fastsett skjønnsmessig ved enkeltvedtak. Forskriftsframlegget synleggjer utrekningsmetodane i større grad enn før, ved mellom anna å knytte gebyrutmålinga til målbare storleikar som omsetning og tilgang til ressursar. På same måte som etter gjeldande forskrift vil det framleis vere ein del av gebyra som vert lista særskilt, mens andre gebyr vert fastsette ved enkeltvedtak.

Den viktigaste skilnaden mellom framlegget og gjeldande forskrift er at framlegget i større grad knyt fordelinga av gebyr mellom ulike gebyrpliktige til objektive og kontrollerbare kriterium. Det nye framlegget vil gjere det klarare kva PT har lagt vekt på ved utmålinga av dei einskilde gebyra. Framlegget vil medføre ein vesentleg reduksjon i talet på fakturaer, noko som vil kunne føre til redusert ressursbruk både hos PT og hos andre. Reduksjonen i talet på fakturaer følgjer særleg av at radioamatørane ikkje lengre skal betale ein årleg avgift, og av bortfall av gebyr for eigarane av Kabel-TV nett.

Reglar og føringar

Reglar og føringar om gebyrfinansieringa av PT er:

  • lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomloven), lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven) og lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur
  • regjeringa si målsetting om forenkling, økt transparens og betre effektivitet i offentleg sektor.

Generelt om framlegget og utforminga av metoden

PT si verksemd skal i samsvar med vedtak i Stortinget vere sjølvfinansiert, og gebyra skal dekkje kostnadene med den delen av forvaltingsverksemda PT driv som vert finansiert med gebyr.

Stortinget vedtek årleg kor mykje PT skal krevje inn i gebyr det komande året. Det fastsette beløp skal så krevjast inn frå dei som har plikt til å betale gebyr etter lov og forskrift. Gebyrberekninga går ut på å fordele kostnadene forholdsmessig mellom dei som skal betale gebyr. Gjeldande metode for utrekning av gebyr baserer seg på faste gebyr som er lista særskilt i forskrifta og ”variable” gebyr som vert utmåla ved enkeltvedtak.

Framlegget har to hovudkomponentar: For det første vert det lagt fram forslag om at dei faste gebyra skal utgjere ein mindre del av dei samla gebyra enn i gjeldande forskrift. Gjennom å la ein mindre del av gebyra liggje fast, vil den årlege endringa av dei andre, ”variable” gebyra verte mindre. Dette følgjer av at talet på dei som skal betale variable gebyr aukar når færre ligg fast, slik at det vert fleire å fordele moglege variasjonar på.

For det andre går framlegget ut på å fastsetje kriterium for fordeling mellom dei som skal dekkje dei ”variable” gebyra. Dels er framlegget ei nedfelling som svarer til, eller ligg nær, dei kriteria som vert brukt ved fastsetjing av gebyr i dag. Dels er det tale om nye modellar for å fordele gebyr. Bruk av fordelingsbrøkar ved fastsetjinga er ikkje noko prinsipielt nytt. Det nye er at kriteria for fordelinga vert synliggjort i forskrifta.

Det er to hovudforhold som avgjer kor stort det einskilde gebyret skal vere. Det eine er Stortinget sitt budsjettvedtak, som fastsetjer kor mykje som skal krevjast inn til saman. Det andre er kor mange aktørar som skal vere med å dele på gebyrbelastninga. Endringar i løyvinga frå Stortinget vil resultere i auka eller redusert gebyr for aktørane, i forhold til den gebyrkategorien dei høyrar til.

I framlegget vert det som nemnt framleis lagt opp til at ein del gebyr følgjer direkte av forskrifta ved at summen som skal innkrevjast inn, er oppgjeve. Slike gebyr og nokre av dei gebyra som følgjer av dei matematiske modellane i forskrifta vil ikkje vere å rekne som enkeltvedtak. Dei vil vere prosessledande avgjerder. I tillegg vert det lagt opp til å fastsetje nokre gebyr ved enkeltvedtak utan at kriteria for utmåling vert spesifisert i forskrifta. Årsaka er at det er vanskeleg å lage enkle og robuste modellar som fordeler brøkane som skal dekkjast for desse områda.

Grensa mellom gebyr som vert fastsett på grunnlag av enkeltvedtak og dei som vert fastsett på grunnlag av prosessledande avgjerd, kan i nokre tilfelle vere vanskelig. Hovudregelen er at berre der det er snakk om ei nærare vurdering av rettsleg eller faktisk art, vil avgjerda vere eit enkeltvedtak i forvaltningslova si forstand. Den nærare vurderinga av om eit gebyr vert krevja inn etter eit enkeltvedtak eller ei avgjerd vil måtte gjerast konkret i det enkelte tilfelle på grunnlag av denne hovudregelen. Det vil mellom anna ha følgje for retten til å klage på utmålinga av gebyret om gebyret er grunna i eit enkeltvedtak eller ikkje.

Kapittel I

Det samla beløpet som det vert vist til i utkastet går fram av statsbudsjettet sin programkategori 22.10 Post og telekommunikasjoner, kapitel 4380. For 2005 har Regjeringa tilrådd ei løyving på kr 170 400 000. Fordelinga av dette beløpet mellom dei ulike forvaltningsområda i utkastet § 1 byggjer på stipulert ressursbruk på dei ulike områda.

Ressursbruken er stipulert på grunnlag av PT sin gjennomsnittlege bruk av årsverk på dei ulike områda. I tillegg er det teke omsyn til at nokre av områda har ein noko høgre gjennomsnittskostnad per årsverk på grunn av særskilde krav til IT- løysingar, måleutstyr og distriktskontor. Det er lagt vekt på historiske gjennomsnittkostnader, og i tillegg er det teke omsyn til prognoser for ressursbruken nokre år framover i tid.

Framlegget i § 2 om gebyrperiode fører mellom anna til at innbetalt gebyr ikkje vert betalt tilbake når registreringspliktig verksemd opphører eller løyve vert sagt opp i gebyrperioden.

Modellen er illustrert i følgjande figur ( klikk her for større versjon av illustrasjonen)

Prosentdelen som skal krevjast inn for kvar kategori samsvarer med stipulert ressursbruk. Fordelinga av gebyr mellom dei som har løyve innan ein kategori vert knytt til objektive kriterium som talet på sendarar, bandbreidde, plassering i frekvensspekteret med meir. I fordelinga innen kvar kategori er det og tatt sikte på at gebyret skal ha samanheng med ressursbruken, men det er i tillegg lagt vekt på å utforme objektive, klare og relativt enkle regler for gebyrfordelinga. Det kan tenkjast mange ulike modeller for å fordele gebyra innafor kvar kategori. Modellane i framlegget er utforma for å balansere dei ulike omsyna.

Kapittel II

I forskriftsframlegget er den samla summen av nummergebyra satt noko lågare enn det som følgjer av gjeldande forskrift. Årsaka er at nummerforvaltninga krev noko mindre ressursar no enn det som var tilfellet ved fastsetjinga av gjeldande forskrift.

Det vert lagt fram forslag om å fjerna regelen om registreringsgebyr for postoperatørar. Etter postforskrifta 4 a pliktar postoperatørar å registrere seg hos Post- og teletilsynet. Unnateke frå kravet er postoperatørar med årleg omsetning under 30 000 kroner eller som formidlar postsendingar for andre operatørar. Post- og teletilsynet har ikkje kunna prioritere å halde registeret oppdatert på grunn av dei administrative kostnadene knytt til dette.

Framlegget legg i § 4 jf. § 1 elles opp til at det årlege postoperatørgebyret skal dekkje 3 % av løyvinga til PT. Dette er ein auke på 7,5 % samanlikna med gebyret i 2003, noko som reflekterer at PT aukar innsatsen både nasjonalt og internasjonalt på postområdet.

Utkastet tek i § 5 inn ein heimel til å fastsetje årlege gebyr ved enkeltvedtak for sertifikatutstedar, jf. lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 24.

Særskilt merknad til § 6:

Årlege grunngebyr for anlegg drift og tilbod av offentleg telenett, for tilbod av overføringskapasitet og for tilbod av offentleg telefonteneste vert etter framlegget ikkje vidareført.

Fastsetjing av det årlege tilleggsgebyret for tilbydar av offentlege telenett og teletenester etter gjeldande gebyrforskrift § 6 andre ledd første punktum har til no mellom anna tatt utgangspunkt i omsetning knytt til fastnett og mobilnett. Som følgje av at PT sine tilsynsoppgåver dekkjer all verksemd knytt til tilbod av elektroniske kommunikasjonsnett og – tenester, blir grunnlaget for utrekninga utvida. Regelen i framlegget § 6 reflekterer verkeområdet til ekomloven. Framlegget går ut på finansiere tilsyn med nett, tenester og tilhøyrande fasilitetar gjennom ein omsetningsbasert gebyrmodell.

Den særskilte registreringa av kabel-TV-nett som brukaren eig, vert avvikla frå 2005, og det vil difor ikkje vere grunnlag for å vidareføre særskilte gebyr utmålt etter talet på registrerte tilkoplingar for slike nett. Gebyr for tilsyn på dette området vert foreslått kravd inn etter same modell som tilsynet med tilbydarar av andre nett og tenester.

Summen av dei omsetningsbaserte gebyra vil etter denne modellen ikkje skilje seg vesentleg frå summen av kabel-TV-gebyr, registreringsgebyr og tilleggsgebyr for 2003. Storleiken på dei omsetningsbaserte gebyra kvar einskild skal betale, vil avhenge av den gebyrpliktige sin brøkdel av den samla relevante omsetninga. Fram til tidspunktet kor gebyrfordelinga vert fastsett, vil det difor berre vere mogleg å gje prognoser for storleiken på gebyret basert på omsetning førre året. Dette er ikkje noko nytt, men den nye modellen er meir føreseieleg med omsyn til det totale beløpet som skal fordelast mellom dei gebyrpliktige. Prognose for det omsetningsbaserte gebyret for 2005 vert publisert av PT når omsetningstala for 2003 er klare.

Framlegget legg opp til å fordele gebyra mellom dei tilbydarane som har ein relevant årleg omsetning på meir enn 50 millionar kroner. Dette er eit lågare innslagspunkt enn det som har vore nytta fram til no. Innslagspunktet kan ikkje vere 0, då eit slikt prinsipp ville føre til administrative kostnader som ikkje kan forsvarast i høve til storleiken på gebyra til dei med låg årleg omsetnad. Tilbydarar med over 50 millionar kr i årleg relevant omsetning representerer om lag 98 % av den samla omsetning som det vert ført statistikk over. Det vert lagt til grunn at eit innslagspunkt på 50 millionar kr vil kunne handterast med ein forsvarleg administrativ kostnad. Senkinga av innslagspunktet må sjåast i samanheng med opphevinga av registreringsgebyret og kabel-TV-gebyret.

Kapittel III

I samsvar med gjeldande gebyrforskrift vert det kravd årlege gebyr for radioamatørløyve. Regelen om årlege gebyr vert i forskriftsframlegget erstatta med eit eingongsgebyr for dei som får nye løyve, jf § 7.

Modellen deler inn frekvensløyva i fem ulike kategoriar og set fast kor stor brøkdel av frekvensgebyra som skal betalast av kvar einskilt innehavar av løyve innan kvar kategori, jfr. § 8.

I fire av kategoriane vert gebyret utmålt i to komponentar. Den eine komponenten vert delt mellom aktørane utan omsyn til den ressursmengda som vert disponert. Den andre komponenten vert så spreidd på grunnlag av fordelingsnøklar som tar eit visst omsyn til ressursmengda. Dette reflekterer at PT sine kostnader knytt til kvar innehavar av frekvensløyve ikkje veks proporsjonalt med den del av ressursmengda den enkelte disponerer.

Eksempel:Det skal krevjast kr 6 000 frå tre aktørar som disponerer ulik bandbredde.

A: 50 MHz, B: 100 MHz og C: 150 MHz bandbredde. Ein modell som berre la vekt på ressursmengda ville fordelt gebyra slik: A:1 000, B: 2000 og C: 3 000. Ein annan måte å fordele gebyra på er A: 1000 + 500= 1500, B 1000 + 1000=2000 og C 1000 + 1500 = 2500. Her vert halvparten av det totale beløpet fordelt likt mellom dei tre, og halvparten fordelt på grunnlag av den ressursmengda den einskilde har.

I § 13 vert ein av gebyrkomponentane berekna på grunnlag av bandbreidda den einskilde disponerer multiplisert med ei vekt 1/f, der f er senterfrekvensen i frekvensbandet. Vekta vert mindre jo høgre opp i frekvensspekteret løyvet ligg. Årsaka til at ein har valt å nytte senterfrekvensen i dei einskilde banda er at det vert oppfatta som meir rettferdig at til dømes dei som har UMTS- frekvensar betaler den same bandbreiddeavhengige gebyrkomponenten per MHz, uavhengig av kvar i UMTS- bandet frekvensane ligg. Alternativet er å la vekta reduserast kontinuerleg med aukande frekvens. Konsekvensen av å nytte senterfrekvensen i dei einskilde banda er liten. PT avgjer kva som er eit einskild frekvensband i denne samanhengen.

For regionale løyve er den ressursavhengige gebyrkomponenten avhengig av folketalet i det område løyvet gjeld for. Grunnen til dette er at PT sine kostnader ikkje vert dobla om eit landsdekkjande løyve vert delt inn i to regionale. Tilsynskostnadene har ein samanheng med utnyttingsgraden, som er nærare kopla til folketal enn til dømes til geografisk areal.

Summen av gebyr under dette kapitelet går noko ned i høve til gebyrnivået under gjeldande forskrift. På grunn av justering av forvaltningsmetodane vil ein monaleg del av reduksjonen kome nokre av dei som har spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio, til gode.

Gebyrnivået for dei andre kategoriane vert ikkje vesentleg endra. Innanfor kategoriane vert fordelinga mellom dei gebyrpliktige noko endra, slik at den i større grad enn gjeldande modell reflekterer PT sine kostnader. Den generelle tendensen er at dei som disponerer ein stor del av ressursane må betale ein noko større del av gebyra enn etter gjeldande forskrift.

I utkastet § 14 vert det lagt fram forslag om å kunne utmåle gebyr skjønnsmessig for nokre kategoriar løyve som det er vanskelig å knytte til objektive kriterium av den typen som er lagt til grunn for dei andre løyva under dette kapitelet. I tillegg vert det lagt til rette for å utmåle gebyr for eventuelle nye løyve som ikkje passer inn i kategoriane i utkastet § 14 andre ledd.

Utkast til kapittel IV

Kapitelet gjeld gebyr for utstyrsløyve og gebyr til finansiering av utstyrsrelatert tilsyn. Auken av gebyra for utstyrsløyve reflekterer PT sin ressursbruk på området.

Framlegget går ut på å finansiere utstyrstilsynet gjennom gebyr retta mot registrerte importørar, produsentar, radioforhandlarar og autoriserte installatørar. Før vart tilsyn på dette området delvis finansiert gjennom typegodkjenningsgebyr. Bortfallet av typegodkjenningsordninga fører til at ein større del av utgiftene med tilsyn på dette området må finansierast gjennom andre gebyr. Isolert sett er den prosentvise auken i desse gebyra stor. Men summen kvart enkelt gebyr aukar med er ikkje særleg stor og må sjåast i samanheng med at det ikkje vert kravd andre gebyr for tilsyn med og kontroll av utstyr.

Utkast til kapittel V

Framlegget i § 18 opprettheld Post- og teletilsynet sin moglegheit til å gjere unntak i særlege høve. I tillegg vert det gjort klart at store variasjonar i gebyrkravet frå eit år til neste skal vurderast som eit særleg høve med sikte på å unngå urimelege utslag, for eksempel som følgje av endra tal på tilbydarar innafor den enkelte gebyrkategori.

Økonomiske og administrative konsekvensar av utkastet

Framlegget vil føre til at PT sin ressursbruk knytt til utmåling og innkrevjing av gebyr går ned. Mellom anna vil talet på fakturaer verte redusert med over 10 000 per år. Det vil skje ein vesentleg reduksjon i arbeidet med rapportering og vedlikehald av fakturagrunnlag både hos PT og hos dei gebyrpliktige. Desse ressursane vil kunne setjast inn på andre område.

Det samla beløpet som skal krevjast inn av PT vert ikkje påverka av framlegget. Rammene vert fastsette årleg i statsbudsjettet. Forslaget fører derimot til nokre endringar i fordelinga av gebyra mellom dei gebyrpliktige. Dels reflekterer dette endringar i PT sin allokering av ressursar mellom dei ulike forvaltningsområda. Dels er det ein konsekvens av overgangen frå skjønnsmessig fastsetjing av gebyr til regelbasert fastsetjing.

Høringsfrist

Samferdselsdepartementet ber om kommentarar innan 10. januar 2005.

Høyringssvar skal sendast

Samferdselsdepartementet, postboks 8010 Dep, 0030 Oslo eller på e-post til postmottak@sd.dep.no

Dersom du har spørsmål

PT vil publisere prognoser for gebyr for 2005 på sin heimeside ( http://www.npt.no) i parallell med denne høyringa.

Særskilte spørsmål om framlegget kan sendast til: gebyr2005@npt.no

Alternativt kan spørsmål om framlegget rettast til

  • Kristin Due Hauge i Post- og teletilsynet på tlf: 22 82 48 39
  • Christina Christensen i Samferdselsdepartementet på tlf: 22 24 82 34
  • Marianne Røgeberg i Samferdselsdepartementet på tlf: 22 24 83

Med hilsen

Jørn Ringlund e.f


Christina Christensen

Departementene

Abelia, Postboks 5490 Majorstua, 0305 Oslo

Alcatel Telecom Norway AS,Postboks 310 Økern, 0511 Oslo

Alfa Nett, Postboks 8, 1306 Bærum Postterminal

Bane Tele, Postboks 1162 Sentrum, 0107 Oslo

Broadwave Communications AS, Postboks 1639 Vika, 0120 Oslo

Broadnet Norge AS, Lilleakervn 8 Postboks 279 Lysaker

Catch Communications, Østensjøvn. 34, 0667 Oslo

Cisco Systems Norge, Postboks 426, 0213 Oslo

Consorte Norge, Postboks 170 Sentrum, 0102 Oslo

Den Norske Dataforening, Postboks 8874 Youngstorget, 0282 Oslo

Elektronikkforbundet, Postboks 6322 Etterstad, 0604 Oslo

Eiscat Scientific Association, Ramfjordmoen 9027 Ramfjordbotn

Ergo Group, Postboks 4364 Nydalen, 0402 Oslo

Ericsson AS, Postboks 164, 1371 Asker

Fellesforum for elektronisk handel, v/NHD, Postboks 8014 Dep, 0030 Oslo

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo

Forbrukerrådet, Postboks 4594 Nydalen, 0404 Oslo

Forsvarets Forskningsinstitutt, Postboks 25, 2027 Kjeller

Forsvarets tele- og datatjeneste, Oslo mil/Akershus, 0150 Oslo

Global Telesystems Group Norge AS, Postboks 4560 Grim, 4602 Kristiansand S

HI3G Access Norway AS, co Adv. Firma Wiersholm, Melbye og Beck, Postboks 1400 Vika 0115 Oslo

IKT-Norge, Postboks 546 Skøyen, 0214 Oslo

Kanal 24 Norge AS, Pilestredet 8, 0160 Oslo

Konkurransetilsynet, Hier. Heyerdahls gt. 1, 0160 Oslo

MCI Worldcom AS, Tjuvholmen 1, 0250 Oslo

Harald A. Møller AS Postboks 46, Kjelsås, 0411 Oslo

NBBL, Postboks 452 Sentrum, 0104 Oslo

NettSystemer AS, Enebakkvn. 304, 1188 Oslo

Network computing spectrum AS, Granliveien 1 A, 3850 Kviteseid

Nera AS, Postboks 5020 Bergen

NetCom GSM AS, Postboks 4444 Nydalen, 0403

NETnet International AB, Postboks 4593 Torshov, 0404 Oslo

NetSource Norge AS, Maridalsvn. 139, 0461 Oslo

Nokia Norge, Postboks 353, 1326 Lysaker

Nordisk mobiltelefon AS co/Adv. Firma Wikborg og Rein, Postboks 1513 Vika 0117 Oslo

Norges Speditørforbund, Postboks 5489 Majorstuen 0305 Oslo

Norsk EDIPRO, Postboks 2526 Solli, 0202 Oslo

Norsk Nærradioforbund

Norsk Kabel-TV forbund, Postboks 77, 1901 Fetsund

Norsk Radio Relæ Liga, Postboks 20 Haugenstua 0915 Oslo

Norsk Rikskringkasting, Bj. Bjørnsons plass 1, 0340 Oslo

NORWACO, Storgt 14, 0184 Oslo

Norkring, Postboks 6870 Rodeløkka, 0580 Oslo

Norsk Romsenter, Postboks 113, Skøyen, 0212 Oslo

NORTIB, Postboks 5250 Majorstua, 0303 Oslo

Polaravdelingen/JD, Postboks 8005, 0030 Oslo

Post- og teletilsynet, Postboks 447 Sentrum, 0104 Oslo

Posten Norge AS, 0001 Oslo

Powertech Information Systems, Nedre Slottsgate 5, Postboks 856 Sentrum, 0104 Oslo

P4 Radio Hele Norge, Postboks 44, 2601 Lillehammer

RigNet Operation AS, Postboks 8013, 4068 Stavanger

Schibsted ASA, Postboks 1178 Sentrum, 0107 Oslo

Sense Communications, Munkedamsveien 45, 0250 Oslo

Siemens AS, Postboks 90 Veitvet, 0596 Oslo

SINTEF Tele og data, S.P. Andersensvei 15 B 7465 Trondheim

Song Networks, Postboks 4600 Nydalen, 0405 Oslo

Statnett, Postboks 5192 Majorstuen, 0302 Oslo

TeleDanmark Internordia, Postboks 6299 Etterstad, 0603 Oslo

Teleforum, Storgt. 39, 0182 Oslo

TelePluss, Drammensvn. 41, 0271 Oslo

Tele2 Norge AS, Ulvenveien 75 A, 0581 Oslo

Telenor AS, Snarøyveien 30, 1331 Fornebu

Teleplan AS, Postboks 69, 1324 Lysaker

TelePluss Access AS, Postboks 2816 Solli, 0204 Oslo

Teletopia AS, Kirkegt. 1-3, 0153 Oslo

TV2 AS, Postboks 7222, 5020 Bergen

TV4 – Nordisk Televisjon AS, Tegeluddsvei 3, 11579 Stockholm, Sverige

TV3 AS, Postboks TV3 Youngstorget,0028 Oslo

TVNorge As, Biskop Gunnerusgt. 6, 0155 Oslo

UNINETT, Tempeveien 22, 7465 Trondheim

UPC, Postboks 2842 Tøyen, 0608 Oslo

Ventelo, Sandakervn. 114 A, 0484 Oslo

Wicom Communications AS, Postboks 494, Lysaker

Worldcom AS, Strandvn. 50, 1324 Lysaker



Til toppen