Vindafjord kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet godkjenner pkt. 1.8 i planføresegnene i kommuneplanen sin arealdel for Vindafjord kommune, slik at storleiken på naust blir makismalt 40 m2 BYA. Det er viktig å unngå nedbygging av strandsona, men departementet har likevel kome til at det ikkje er godt nok grunnlag for å overprøve den grensa kommunen har sett. Motsegna frå fylkesmannen vert såleis ikkje tatt til følgje.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 13. juli 2012 for avgjerd etter plan- og bygningslova 2008 § 11-16 andre ledd.

Miljøverndepartementet godkjenner pkt. 1.8 i planføresegnene i kommuneplanen sin arealdel for Vindafjord kommune, slik at storleiken på naust blir makismalt 40 m2 BYA. Det er viktig å unngå nedbygging av strandsona, men departementet har likevel kome til at det ikkje er godt nok grunnlag for å overprøve den grensa kommunen har sett. Motsegna frå fylkesmannen vert såleis ikkje tatt til følgje.

Bakgrunnen for saka

Arealdelen til kommuneplanen for Vindafjord kommune er sendt departementet fordi det ikkje er semje om maksimal storleik for naust.

Fylkesmannen i Rogaland ved miljøvernavdelinga hadde i brev 25. juni 2010 motsegn til pkt 1.8 i føresegnene til planen, om storleiken for naust i byggjeområda for naust. Føresegnene tillet naust på opptil 40 mBYA, mens fylkesmannen meiner 35 m2 skal vere maksimal storleik for naust.

Fylkesmannen viser til at kommunen har mange etablerte naustområde og meiner kommunen har vore for lite opptatt av å hindre strenging av ferdsel i strandsona og følgje opp omdisponering av naust til hytter. Fylkesmannen meiner det er eit kjenneteikn ved naustområda i Vindafjord at dei fleste stengjer heilt eller delvis atkomsten for allmenta langs sjøen. Privatiseringa er stor fordi det er lagt kaier, pirer, gjerder og andre anlegg som i praksis stengjer. I mest alle naustområda er dessutan naust tatt i bruk meir eller mindre som hytter. Årsaka til dette er at nausta er så store at dei innbyr til hyttebruk. Fylkesmannen meiner kommunen burde hatt større kontroll med denne utviklinga, og dette er hovudgrunnen til at fylkesmannen stiller generelle krav til storleiken av alle nye naust, også i gamle planar. Utviklinga har ført til at allmenta i mange bygder har dårleg tilkomst til strandsona.

Mekling i saka fann stad 20. oktober 2010 utan at det vart semje.

Kommunestyret vedtok kommuneplanen 8. februar 2011 utan å endre føresegnene om storleiken på naust. Planen vart elles gitt rettsverknad.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 27. juni 2012.  Kommunen opplyser at Ølen kommune og gamle Vindafjord kommune vart slått saman til Vindafjord kommune i 2006, og det har difor tidlegare vore ein todelt kommuneplan. Ølen kommune hadde maksimal storleik på 65 m2 på naust, medan gamle Vindafjord kommune ikkje hadde føresegner om dette, slik at 40 m2 blir ei kraftig innstramming. 

Kommunen sitt utgangspunkt er at naust skal nyttast til båtar og sjørelatert utstyr og byggjast på ein slik måte at ein hindrar anna uønska bruk. Nausta må likevel vere så store at dei er funksjonelle for båtar som normalt vert tekne inn i eit naust, dvs. båtar i mellomklassen. Kommunen er ikkje samd med fylkesmannen i at dei fleste naustområde stengjer tilkomsten for ålmenta til sjøen, eller at mest alle naustområde har naust som er tatt i bruk til opphald. Kommunen meiner dette førekjem, men ikkje i eit stort omfang. Kommunen opplyser at storleiken på naust har variert og også bruken, men framleis blir dei fleste nausta nytta til oppbevaring av båtar og sjørelatert utstyr. Kommunen sitt inntrykk er at det ikkje lenger er så attraktivt å nytte naust til hytter. Innbyggjarane og kommunen har lite forståing for at differansen på 5 m2 vil avgjere om nausta vert nytta etter intensjonen. I føresegnene er det og presisert at naust er uthus for oppbevaring av båt og utstyr, og for meir enn 3 naust gjeld krav om reguleringsplan, Kommunen meiner desse rammene tek vare på strandsoneverdiane og samstundes gir rom for funksjonelle naust. 

Kommunen viser vidare til at Vindafjord er plassert i den mildaste sona i dei statlege retningslinene for strandsona. Kommunen meiner dette tilseier at det er opna for ei mindre streng strandsoneforvaltning enn i dei meir pressa kommunane. Kommunen viser til at Miljøverndepartementet sitt vedtak frå 2005 om naust i Tysvær kommune ofte vert trekt fram av fylkesmannen som standard for nauststorleik. Kommunen peiker på at Tysvær kommune er plassert i ei strengare sone enn Vindafjord. Kommunen kan heller ikkje sjå at 35 m2 er noko nasjonal grense for storleik på naust, og andre fylke har andre grenser.

Fylkesmannen sende saka til departementet ved brev 13. juli 2012. Fylkesmannen rår til at departementet tar motsegna til følgje. Fylkesmannen meiner avgjerda vil få den same presedensverknaden for nauststorleiken i fylket som avgjerda i Tysvær kommuneplan frå 2005.

Fylkesmannen opplyser at storleiken på naust i alle år har vore eit viktig tema i kommunale planar for utbygging i strandsona. Miljøverndepartementet sitt vedtak 28. april 2005 for Tysvær gjekk ut på at maks storleik for naust i byggjeområde skulle vere 30 m2 BRA (bruksareal). Fylkesmannen opplyser at dette tilsvarer 35 m2 BYA (utbygd areal). Etter 2005 har 35 m2 BYA med få unntak vore vanleg storleik på enkeltnaust i alle reguleringsplanar i Rogaland. Fylkesmannen ha stilt same krav i alle kommuneplanar, og Vindafjord kommune er den einaste kommunen som ikkje har akseptert dette.

Synfaring og møte fann stad 9. oktober 2011, med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning ga uttale i brev 15. november 2012. Direktoratet tilrår med grunnlag i nasjonale strandsoneomsyn og med støtte i dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen og naturmangfoldloven, at motsegna frå fylkesmannen vert tatt til følgje. Presset på strandsona gjer at det er viktig med ein streng og konsekvent praksis når det gjeld storleiken på naust. Direktoratet tilrår maksimal storleik for fritidsnaust på 35 m2 i BYA i samsvar med innarbeidd praksis i resten av fylket. Små naust er viktig for å unngå bruksendring og privatisering av strandsona. Direktoratet legg stor vekt på omsynet til presedens.

Miljøverndepartementet si vurdering

Denne saka blir handsama etter plan- og bygningslova frå 2008. Etter § 11-16 andre ledd avgjer Miljøverndepartementet om motsegna skal takast til følgje og kan i samband med det gjere naudsynte endringar i planen.

Miljøverndepartementet skal ta stilling til om føresegnene i kommuneplanen om storleik på naust skal godkjennast. Det er usemje om maksimal storleik for naust i Vindafjord kommune skal vere 35 eller 40 m2 BYA. Det skal vurderast om den grensa kommunen har vedtatt er i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser knytt til strandsona.

Etter plan- og bygningslova § 1-8 er det i utgangspunktet eit generelt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet gjeld ikkje der anna byggjegrense er fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. I 100-metersbeltet skal det ved utarbeiding av kommuneplan sin arealdel eller reguleringsplan takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser.

Spørsmålet om bygging i 100-metersbeltet lang sjøen skal dessutan vurderast etter dei prinsippa og omsyna som går fram av statlige planretningslinjer for differesiert forvaltning av strandsonen langs sjøen, vedtatt ved kgl. res. 25. mars 2011.

Formålet med desse retningslinene er å tydeliggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innafor plan- og bygningslova sine rammer. Målet er å ta vare på ålmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. I retningslinene går det fram at strandsona skal vurderast heilskapleg og langsiktig gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Arealbruken skal vurderast konkret i høve til dei interessene som gjer seg gjeldande i ulike delar av strandsona.

Det er på denne bakgrunnen positivt at spørsmålet om bygging av naust og maksimal storleik for nausta er handsama i kommuneplanen sin arealdel for Vindafjord kommune. Det er ikkje usemje om dei områda som er sett av som byggjeområde for naust, men berre usemje om kor store nausta skal kunne vere.

I strandsoneretningslinene er kysten delt inn i tre hovudkategoriar, og det gjeld ulike retningsliner for dei tre kategoriane. Vindafjord kommune er plassert i kategorien for område med mindre press på areala. For desse områda er det gitt nærare retningsliner i pkt  7.2.  Her går det mellom anna fram at vurderinga vil vere avhengig av kva slags type tiltak det gjeld, og at det kan vere grunnlag for å tillate visse tiltak nær sjøen, som for eksempel naust. Vidare står det at moglegheita for fritidsfiske gjennom å tillate oppføring av naust og bryggje også skal tilleggjast vekt i vurderinga av tiltak i 100-metersbeltet.  Spørsmålet om storleiken på naust er ikkje omtala i retningslinene.

Saka må vurderast konkret på bakgrunn av dei nasjonale føringane. Naust har tradisjon mange stader, og behovet for naust har og kome til uttrykk i strandsoneretningslinene. Spørsmålet er likevel kor store nausta skal kunne vere, og om den grensa kommunen har sett i dette høvet kan aksepterast.

Tradisjonelt har det vore store naust i Vindafjord kommune, og i følgje fylkesmannen har det vore ei utvikling mot at nausta i kommunen i aukande grad blir tatt i bruk som hytter, noko som har ei privatiserande effekt på strandområda. Dette blir forsterka av tiltak knytt til etablering av kaier, pirer, gjerder og anna. Miljøverndepartementet understrakar at dette er ei uheldig utvikling, som ikkje er i tråd med dei generelle målsettingane om å ta vare på ållmenne interesser i strandsona. Vidare peiker fylkesmannen på at dei mange store nausta i Vindafjord kommune har innbydd til ei slik utvikling, då mange er bygnadsmessig eigna for omdisponering til hytte. Gamle Vindafjord kommune hadde ikkje noko grense på storleiken, medan tidlegare Ølen kommune hadde ei grense på 65 m2. Ny kommuneplan gir såleis ei innstramming.

Miljøverndepartementet har tidlegare handsama ei liknande sak frå nabokommunen Tysvær. I departementet sitt vedtak 28. april 2005 blei maksimal storleik på naust redusert frå 36 til 30 m2 BRA (bruksareal). Dette tilsvarar 35 m2 BYA, som er den grensa fylkesmannen meiner må setjast også i Vindafjord. Departementet viste i avgjerda for Tysvær til at det gjaldt bygging av naust i eit stort omfang og for ulike type område, og at var det viktig å sette klåre og strenge grensar for bygging ut frå dei sterke allmenne interessene som er knytt til strandsona. Det er viktig for å unngå ferdselshindring og privatisering og uheldige inngrep i naturen og landskapet, og for å hindre at naust går over til bruk til dømes til fritidshus. I tillegg gjaldt saka i Tysvær grensene for bryggjer i tilknyting til nausta.

Dei generelle omsyna som det er vist til i saka frå Tysvær er omsyn som gjer at det er viktig å sette grenser for storleiken på naust. Departementet har likevel ikkje meint at vedtaket for Tysvær kommune automatisk skal leggjast til grunn i alle andre kommunar, heller ikkje alle kommunar i Rogaland.  Tysvær kommune er i strandsoneretningslinene i ein annan kategori enn Vindafjord, og retningslinjene er noko strengare for Tysvær kommune enn for Vindafjord. Tradisjon, praksis og tilhøve i kommunane kan vere ulike, og det kan vere grunn til å godta ei noko ulik grense. Strenge grenser for storleiken på naust kan bidra til at problema med ulovleg bruksendring vert mindre, men det er ikkje alltid ein slik samanheng. Uansett er det eit kommunalt ansvar å følgje opp i høve til ulovlege tiltak, som  bruksendring og stengsler.

Synfaringa i Vindafjord kommune omfatta fleire naustområde, og viste klårt at det i kommunen er tradisjon for naust. Det er i kommunen bygd ulike typar naust, og det er varierande storleik på nausta. Det er også mange store naust i kommunen. Det er positivt at kommunen no strammar inn, og har sett ei grense for storleiken på naust. I planføresegnene for naustområda er det mellom anna fastsett at nausta ikkje skal byggjast slik at dei stenger for ålmenn ferdsel mellom nausta og sjøen, og stengsel som kan hindre persontilgang til naustområde og bryggjer er ikkje tillate.

Miljøverndepartementet har etter dette kome til at departementet kan godkjenne kommunen sitt vedtak om maksimal grense på naust på 40 m2 BYA. Det må i føresegnene taksast inn at det gjeld BYA, sidan dette ikkje står.

Direktoratet for naturforvaltning har og vurdert saka etter naturmangfaldlova. Ettersom saka ikkje gjeld godkjenning av områda for naust, men berre kor store nausta kan vere, finn ikkje departementet grunn til å gjere ei særskilt vurdering etter naturmangfaldlova.

 

                                                           Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova 2008 § 11-16 andre ledd godkjenner Miljøverndepartementet Vindafjord kommunestyre sitt vedtak 8. februar 2011 om arealdelen til kommuneplanen med planføresegnene pkt. 1.8 om naust, med endring slik at BYA blir tatt inn.

Miljøverndepartementet føreset at kommunen sjølv tar inn endringa i føresegnene om BYA.

For kunngjering av den endelege planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.

 

Med helsing

Bård Vegar Solhjell

 

Kopi:

Vindafjord kommune

Hordaland fylkeskommune

Direktoratet for naturforvaltning