Volda kommune – motsegner til kommunedelplan for Volda sentrum

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Departementet endrar planføresegnene for kjøpesenter på Furene slik at ikkje-plasskrevjande detaljhandel for området totalt vert avgrensa til 3000 m2. Endringa er nødvendig ut frå nasjonale mål for handel og sentrumsutvikling. Departementet godkjenner ikkje utbygginga på Rotset som er i strid med nasjonale mål for jordvern. Miljøverndepartementet tar såleis til følgje motsegnene til kommunedelplan for Volda sentrum.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 5. juli 2010, for avgjerd etter § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova frå 1985. Saka blir handsama etter den tidlegare lova, fordi planen blei lagt ut til offentleg ettersyn før den nye plan- og bygningslova tok til å gjelde 1. juli 2009.

Departementet endrar planføresegnene for kjøpesenter på Furene slik at ikkje-plasskrevjande detaljhandel for området totalt vert avgrensa til 3000 m2. Endringa er nødvendig ut frå nasjonale mål for handel og sentrumsutvikling. Departementet godkjenner ikkje utbygginga på Rotset som er i strid med nasjonale mål for jordvern. Miljøverndepartementet tar såleis til følgje motsegnene til kommunedelplan for Volda sentrum.


Bakgrunnen for saka

Kommunedelplan for Volda sentrum er vedtatt av kommunestyret med rettsverknad, med unntak av føresegnene for område for detaljhandel på Furene, og område for bygging på Rotset. Her er det motsegner frå Møre og Romsdal fylke, som Miljøverndepartementet skal handsame.

Møre og Romsdal fylke hadde i brev 3. mars 2009 ved den tredje høyringa av planforslaget framleis motsegner til I/F/K 6-9 for industri, forretning og kontor på Furene og til O/B1, O17 og O20 for offentleg bygging og bustadbygging på Rotset.

Fylket meiner næringsområda I/F/K på Furene må sjåast samla, for å ivareta intensjonane i fylkesplanen for senterstruktur og rikspolitisk bestemmelse for kjøpesenter. Fylket meiner føresegnene pkt. 1.3 ikkje er tilstrekkeleg utdjupa. Fylket har tidlegare peika på at i føresegnene må forretningsformålet avgrensast til å gjelde plasskrevjande varer.

Motsegna til byggjeområda på Rotset er grunna i det nasjonale målet om å ta vare på dei beste jordressursane for produksjon av mat. Områda på til saman ca 35 dekar skal nyttast til bustader, eldre- og omsorgsbustader og barnehage. Området er klassifisert som fulldyrka, lettbrukt jord i markslagskartet frå Norsk institutt for skog og landskap, dvs. den mest verdifulle arealkategorien for dyrkajord. Fylket meiner kommunen ikkje har dokumentert at det er uråd å finne anna eigna areal for viktige funksjonar som barnehagar og eldre- og omsorgsbustader.

Mekling i saka fann stad 18. september 2009 utan at saka vart løyst.

Fylket heldt fast på motsegna i brev 16. desember 2009. Det blei presisert at det må leggjast inn ei føresegn om maksimalt 3000 m2 bruksareal detaljhandel (eksklusive plasskrevjande varer) for området samla. Fylket meiner det må satsast på eksisterande sentra.

Kommunestyret vedtok kommunedelplanen 4. februar 2010, og sende saka til fylkesmannen ved brev 19. april 2010.

For området på Furene opprettheldt kommunen føresegnene slik det går fram av brev 12. november 2009. Planføresegnene pkt. 1.3 fekk slik ordlyd:

”Utafor sentrumsområde avgrensa i plankartet er det ikkje tillete å etablere kjøpesenter (detaljhandel) med bruksareal på meir enn 3000 m2 pr. eining, eller i fleire einingar innafor eit område. Felta I/F/K6-8 blir å sjå samla som eit område. Det er heller ikkje tillate å utvide eksisterande kjøpesenter slik at samla bruksareal overstig denne grensa. I tillegg kan det etablerast areal for utsal av plasskrevande varer som kjem inn under definisjonen i fylkesdelplan for senterstruktur…….

I/F/K9: Utviding av næringsareal i Furene: Det er tillate å etablere areal for detaljhandel, og/eller utvide eksisterande bygningsmasse til slike formål. Tillat bruksareal til slike formål vert å ta standpunkt til i reguleringsplan for området. I tillegg kan det etablerast areal for utsal av plasskrevjande varer som kjem inn under definisjonen i fylkesplan for senterstruktur….”

Kommunen viser til at området har fått ein sentral posisjon med etablering av Eikesundsambandet og Kvivsvegen, er ein viktig del av aksen mellom Ørsta og Volda og bidreg til samanbygging av tettstadane. Tilgrensande næringsområde i Ørsta og flyplassen i sterkt vekst byggjer opp om det. Området har gode busstilbod og er attraktivt for plasskrevjande varer og fellestenester for heile området, og det er også ønskjeleg med dagligvaretilbod i området. Det er usemje om korleis fylkesdelplanen for senterstruktur skal vurderast, og kommunen ønskjer ei større opning for bruk av areala til service og handel på Furene enn det som er tillatt i dag.

For området på Rotset viser kommunen til at dei har behov for areal til omsorgsbustader og barnehagar, og kommunen har ikkje funne andre gode alternativ. Kommune har vurdert areal på Myrane/Hetne som aktuelle, men desse vil ta tid å avklare på grunn av vegføringane for E39. Utbygging av barnehage i Brattebergområdet vil betre barnehagesituasjonen, men det er behov for meir areal på lengre sikt. Det er etablert omsorgsbustader på tilgrensande areal på Rotset, og vidare etablering her vil gi driftsfordelar. Landbruksareala vert drive av andre enn dei tilgrensande bruka, og kommunen meiner veger gir eit skilje mot anna jordbruksareal.

Fylkesmannen sendte saka til departementet ved brev 5. juli 2010.

Fylkesmannen meiner etablering av eit større senter for detaljhandel på Furene er i strid med fylkesdelplan for senterstruktur og rikspolitisk bestemmelse for kjøpesenter. Fylkesmannen kan ikkje sjå at det ut frå dette bør opnast for større konsentrasjon av detaljhandel utafor etablerte sentra slik det blir lagt opp til i planføresegnene pkt.1.3. Fylkesmannen presiserar at partane er samde om at Furene bør opnast for etablering av plasskrevjande varer som definert i fylkesdelplanen.

For Rotset meiner fylkesmannen at det vil vere naudsynt med grensedraging og bufferareal dersom det skal oppretthaldast rimeleg gode forhold for langsiktig landbruksdrift i området. Fylkesmannen meiner jordvernomsyna er sterke og at alternative utbyggingsareal kan vere aktuelle, og finn det lite tilrådeleg å gå inn for frigiving av meir areal på Rotset.

Kommunen ga ytterlegare merknader i brev 14. september 2010.
 
Fylkeskommunen uttalte i brev 1. november 2010 at fylkesutvalet støttar kommunen sitt syn på kommunedelplanen, og ber departementet om ikkje å ta motsegna frå einskapsfylket til følgje.

Miljøverndepartementet har også fått merknader ved brev 22. september 2010 frå Ragnar Aarflot og 18. oktober 2010 frå Astri Eidseth Rygh for området på Rotset.
 
Synfaring og møte blei halde 24. september 2010 med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Grunneigarar og organisasjonar var også til stades.

Landbruks- og matdepartementet ga uttale i brev 7. oktober 2010. Dei meiner omsynet til langsiktig vern av landbruket sitt produksjonsareal må vege tyngst og rår til at motsegna for områda på Rotset blir tatt til følgje. Departementet viser til at regjeringa i Soria Moria-erklæringa sette fokus på bevaring av landbruket sitt produksjonsareal, og at dette er følgt opp i fellesbrev frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet 21. februar 2006. Landbruks- og matdepartementet meiner fylket har vurdert saka grundig og godt. Dei peiker spesielt på at arealet er i drift av aktive gardbrukarar i Volda og utgjer ein del av deira driftsgrunnlag. Landbruks- og matdepartementet ser ikkje at alternative løysingar og lokaliseringar er tilstrekkeleg vurderte i dette tilfellet, og meiner det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at det ligg føre sterke nok samfunnsinteresser til å omdisponere dei aktuelle områda i denne perioden.

Miljøverndepartementet si vurdering

1) Motsegna på Furene

Miljøverndepartementet skal avgjere vilkåra for kjøpesenter på Furene for områda I/F/K 6-9. Det er usemje om grensene for ikkje-plasskrevjande varer. Fylket meiner arealet for slik handel må avgrensast til 3000 m2 for heile området på Furene. Kommunen har i planføresegnene pkt. 1.3 sett ei slik grense for områda I/F/K 6-8. For område I/F/K 9 er det ikkje sett noko grense, men fastsett at areal for detaljhandel skal takast standpunkt til i reguleringsplan. Dette betyr i praksis at planføresegnene opnar for at heile arealet innafor område I/F/K 9, som er på 56 dekar, kan nyttast til detaljhandel, i tillegg til 3000 m2 detaljhandel innafor felt I/F/K 6-8.

Rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre blei vedtatt ved kongeleg resolusjon 27. juni 2008. Etter § 3 i bestemmelsen kan kjøpesenter berre etablerast eller utvidast i samsvar med godkjente fylkesplanar eller fylkesdelplanar med retningsliner for lokalisering av varehandel og andre servicefunksjonar. Av § 5 går det fram at bestemmelsen skal leggjast til grunn for nye planer og ved motstrid vil gi grunnlag for motsegn.

Fylkesdelplan for senterstruktur blei vedtatt av Møre og Romsdal fylkesting i 2004 og er seinare godkjent av Miljøverndepartementet. I fylkesdelplanen s. 3 er det gitt følgjande retningsliner for lokalisering av kjøpesenter:

”Kjøpesenter og andre større nyetableringar og utvidingar innan detaljhandel og sørvis skal lokaliserast innanfor sentrumsareal avgrensa i kommuneplan. Etableringane skal tilpassast tettstaden sin storleik og funksjon.

Handel med plasskrevjande varer bør ligge i eller i utkanten av sentrumsareala. Plasskrevjande varer er bilar og andre motorkøyrety, fritidsbåtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer, trær og planter i hagesenter.

For å sikre eit godt tilbod av grunnleggjande funksjonar kan det leggjast til rette for mindre etableringar også utanfor tettstadene/grenda.”

Etter dette skal detaljhandel primært lokaliserast innafor sentrum, men plasskrevjande varer kan lokaliserast i utkanten av sentrum. Det kan likevel leggjast til rette for mindre etableringar utanfor sentrum.

Furene-området ligg ca 3,5 km frå Volda sentrum, dvs. i eit område der det etter fylkesdelplanen berre er opna for mindre etableringar av detaljhandel (dvs. ikkje-plasskrevjande varer). Møre og Romsdal fylke har i brev 29. oktober 2008 til alle kommunane i fylket kommentert rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre og fylkesdelplan for senterstruktur. Fylket har her peikt på at fylkesdelplanen ikkje set noko fast grense for tillatt bruksareal detaljhandel utanom sentrum, og legg til grunn ei øvre grense på 3000 m2. Miljøverndepartementet er samd i at det vil vere fornuftig å bruke denne grensa i forhold til fylkesdelplanen for senterstruktur i Møre og Romsdal.

Dette betyr at etableringa av kjøpesenter på Furene ikkje er i samsvar med fylkesdelplanen når det ikkje er sett ei grense for handel med ikkje-plasskrevjande varer i området I/F/K 9. Ettersom området I/F/K 6-9 er eit samanhengande areal, er det dessutan naturleg å sjå heile området på Furene samla, der det totalt blir ei grense for handel med slike varer på 3000 m2.

Miljøverndepartementet peiker på at etter den rikspolitiske bestemmelsen er målet å leggje til rette for sterkare regional samordning av politikken for etablering av større kjøpesenter. Målsettinga er å styrke eksisterande by- og tettstadssenter og bidra til effektiv arealbruk og miljøvennleg transportval. Det langsiktige målet er å oppnå ei meir bærekraftig og robust by- og tettstadsutvikling og avgrense klimautsleppa.

I tekstdelen til kommunedelplanen for Volda sentrum pkt. 6.2 om sentrumsutvikling, står det at ei viktig målsetting med planarbeidet er å utvikle Volda sentrum til ein attraktiv tettstad med eit levande og konkurransedyktig sentrum. Dette er ei god målsetting, som er i samsvar med nasjonale mål.

Miljøverndepartementet kan forstå at Volda kommune ønskjer å leggje til rette for handel, men kommunen må i dette arbeidet ta omsyn til nasjonale mål. Miljøverndepartementet meiner etablering av eit område med ein stor del ikkje-plasskrevjande handel på Furene vil svekke Volda sentrum, skape meir trafikk og gi dårleg tilgang for dei som ikkje har bil. Dette vil vere i strid med dei nasjonale måla for god sentrumsutvikling. Det vil vere mogeleg å utvikle handelen i Volda sentrum, og kommunen bør oppmuntre til handelsetableringar her. Kommunedelplanen opnar for eit nytt område for handel i tilknyting til sentrum, og det er også mogeleg å fortette område innafor sentrum. Departementet er difor samd med fylkesmannen i at det i planføresegnene må settast ei grense for slik handel på 3000 m2  for heile Furene-området. Planføresegnene pkt. 1.3 må difor endrast.

2) Motsegna på Rotset

Miljøverndepartementet skal avgjere om tidlegare landbruks-, natur- og friluftsområde kan omdisponerast til byggeformål.

Det er eit viktig nasjonalt mål å unngå at dyrka jord blir omdisponert. Dette er mellom anna framheva i dei to Soria Moria-erklæringane. I felles brev frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet 21. februar 2006 er det oppfordra til ein strengare praksis når det gjeld jordvern og omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. I felles brev 19. november 2010 frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet er kommunane sitt ansvar for å ta vare på jordressursane igjen teke opp, og det er uttala at omdisponering gjennom arealplanar må begrensast.

Det omstridde arealet er på til saman ca 35 dekar og er jordbruksareal i drift. Det er klassifisert som  fulldyrka, lettbrukt jord,  som er den mest verdifulle arealkategorien for dyrkajord. Det er såleis eit viktig nasjonalt mål å unngå omdisponering av dette området.

Arealet skal nyttast til bustader, eldre- og omsorgsbustader og barnehage. Dette er samfunnsnyttige formål, som må vurderast mot omsynet til jordvern. Det er eit spørsmål om det er nødvendig å omdisponere dessa areala slik situasjonen er. Det er ikkje eit akutt behov for å byggje barnehage og omsorgsbustader, og det er mykje areal som foreløpig er bandlagt til ny E39 og som kan vere mogelege alternativ. Etter departementet si vurdering må arealbruken for desse areala avklårast og alternative plasseringar vurderast, for å unngå at dei verdifulle jordbruksareala på Rotset vert omdisponert.

Miljøverndepartementet er på dette grunnlaget samd i vurderinga frå Landbruks- og matdepartementet og meiner motsegna bør tas til følgje.

                                               Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova frå 1985 § 20-5 femte ledd gjer Miljøverndepartementet endringar i kommunedelplan for Volda sentrum, slik det går fram av pkt. 1 og 2 nedanfor.

1)
Departementet endrar planføresegnene pkt. 1.3 slik at det i første avsnitt andre setning står I/F/K6-9 i staden for I/F/K6-8 og tredje avsnitt går ut. Planføresegnene pkt. 1.3 får etter dette denne ordlyden:

”1.3 Næringsområde
I tillegg til felles føresegner og retningsliner i pkt. 1.1 gjeld følgjande:

Utafor sentrumsområde avgrensa i plankartet er det ikkje tillete å etablere        kjøpesenter (detaljhandel) med bruksareal på meir enn 3000 m2 pr. eining, eller i fleire einingar innafor eit område. Felta I/F/K6-9 blir å sjå samla som eit område. Det er heller ikkje tillate å utvide eksisterande kjøpesenter slik at samla bruksareal overstig denne grensa. I tillegg kan det etablerast areal for utsal av plasskrevjande varer som kjem inn under definisjonen i fylkesdelplan for senterstruktur. (For oppfølging og forståing av denne føresegna skal Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre, fastsett ved kongeleg resolusjon 27. juni 2008, leggjast til grunn.)

Område I/F/K8 kan ikkje byggjast ut før ny E39 Furene – Volda er på plass.

Det er krav om reguleringsplan der ein også må legge vekt på å finne gode løysingar for friluftsinteressene.

I/F/K10: Det må etablerast gang-/sykkelveg til området langs riksvegen. I tillegg må området knytast til det eksisterande turvegnettet mot stadion, Elvadalen og Rotevatnet, slik at fleire av dei mjuke trafikantane vel denne tilkomsten. Området er delt av riksvegen og kommunikasjon mellom dei to næringsareala skal skje gjennom etablering av ein undergang. Det er krav om reguleringsplan. Det må vurderast behov for utviding av området mot aust og innlemming av utvidingsareal til gravplassen i ein framtidig reguleringsplan.”

2)
Departementet godkjenner ikkje byggjeområde på Rotset og endrar arealbruken for O/B1, O17 og O20 til landbruks-, natur- og friluftsområde.

Departementet ber om at kommunen endrar plankartet og planføresegnene i samsvar med departementet sitt vedtak. For kunngjering av den endelege planen gjeld plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.


Med helsing


Erik Solheim
   

 

Kopi:
Volda kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Ragnar Aarflot, Rotset, 6100 Volda
Astri Eidset Rygh, Rotset, 6100 Volda