Kvalfangst

Som ein del av dei norske fangsttradisjonane driv Noreg i dag fangst av vågekval. Etter eit opphald på fem år tok vi opp att fangsten av vågekval i 1993. I Noreg har kvalfangsten alltid vore driven i kombinasjon med fiskeri.

Den norske kvalfangsten byggjer på prinsippet om vern og berekraftig hausting av ressursane i havet.

Forvaltninga er basert på vitskaplege råd, og siktemålet er i større grad å leggje økosystemtilnærming til grunn for forvaltninga.

Kvotane blir fastsette på grunnlag av prosedyrar som er utvikla av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

Vågekvalen er den mest talrike av bardekvalane i norske farvatn, og man regner med at den nordaustatlantiske bestanden er på vel over 100 000 dyr.

Det vart fastsett ei kvote på 1278 dyr for norsk fangst i i 2021. Det vart tilsaman fangst 575 dyr av 14 fartøy i 2021.

Norsk fangst av vågekval

Vågekvalfangsten blir driven av fartøy i storleiken 40–80 fot med eit mannskap på 4–8 personar. Fangsten føregår i den norske økonomiske sona, i fiskevernsona ved Svalbard, i fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn (Smotthavet). Fangsten startar i april og sluttar i august/september. Alle fartøy har montert eit elektronisk overvakingssystem (ferdskrivar/"blå boks") som registrerer all fangstaktivitet. I tillegg er det eit korps av inspektørar som ser til at regelverket for fangsten blir halde. Fangarane må ta eit årleg kurs der avliving og sikkerheit står sentralt.