Bustadmarknaden

Ein god bustad er for kvar og ein av oss ein premiss for vår livskvalitet og mogligheit til å utfolde oss. Ein god bustad gir oss moglegheit til å delta aktivt i arbeidsliv, ta skulegong og vere sosiale med andre. Gode bustader skape gode lokalsamfunn og byar.

Ein grunnleggjande strategi for å nå målet om at alle skal bu godt og trygt, er å leggje til rette for at bustadmarknaden fungerer best mogleg. Bustadmarknaden fungerer stort sett godt. Dei fleste i Noreg bur i gode bustader til akseptable kostnadar. Åtte av ti eig bustaden sin.

Ein velfungerande bustadmarknad skal danne ramma for at det blir bygd nok gode bustader med berekraftig kvalitet til ein rimelegast mogleg pris. Jo betre bustadmarknaden fungerer, jo enklare vil behova våre for bustad møtast på eit økonomisk effektivt, sosialt rettkomen og miljøvenleg vis. Skal bustadmarknaden fungere godt, må ein føre ein sunn og føreseieleg økonomisk politikk. Bustadpolitikken skal stimulere til og bringe fram gode resultat der marknaden ikkje gir ynskja løysingar.

I bustadmarknaden kjøp og sel ein bustader. Seljar finn kjøpar og prisar på bustadar  vert fastsette. Utleigar finn leigar og husleige vert avtala. Bustader vert bygd og kostnader vert fastsette. Nivået på prisar og kostnader, og omfang av omsetnadar av bustader og bygging av bustader, er avhengig av ei rekkje omstende. Hushalda sine inntekter, formue og rentenivå er blant disse. Bustadprisane, saman med kostnadene til bygging og tomt, avgjer om det løner seg å byggje nye bustadar. Tilgongen til kreditt er viktig for både hushalda og dei som byggjer.

For at bustadmarknaden skal verke best mogleg må lover og reglar vere forståelege. Det er rom for å betre plan- og byggjeprosessane, både i planlegginga og i gjennomføring av byggjeprosjekt. Økt produktivitet, høgare kvalitet i bygginga og enklare plan- og byggjereglar vil bidra til auka bustadbygging.