Meld. St. 18 (2009-2010)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Til innhaldsliste

Del 2
Dei ulike fiskeriavtalane for 2010

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2010

3.1 Bakgrunn

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2010 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2009 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det vart også i 2009 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. tidleg på hausten i 2009 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2010.

Noreg tek vidare del i årlege kyststatsforhandlingane om makrell og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg har også vore med i kyststatsforhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2010, og Russland har slutta seg til reguleringa av kolmule i NEAFC-området.

Noreg er medlem av, og tek del i, dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek også i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas), og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri- og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Det vitskaplege arbeidet som ligg til grunn for sette kvoter

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

ICES vart danna så tidleg som 1902, og sekretæriatet ligg i i København. Per i dag har ICES 20 medlemsland inkludert blant anna Canada, Island, USA, Russland og Spania. I tillegg har ICES fleire observatørarland, og dei er Australia, Chile, Hellas, Peru, og Sør-Afrika. Miljøvernorganisasjonar med formell observatørstatus er Worldwide Fund for Nature og BirdLife International.

ICES har eit nettverk som består av meir enn 1600 forskarar frå 200 instituttar, som har mandat frå ICES konvensjonen som er vedteken av medlemmane i ICES. Forskarane samlar informasjon og forsking. ICES publiserar vitskapeleg informasjon og rådgjevning i rapportar, publikasjonar (mellom anna ICES Journal of Marine Science), og på ICES sine heimesider.

ICES er delt inn i følgande underliggande delar: The council, the bureau, the advisory committee, the science committee, the finance committee og fleire arbeids- og studiegrupper.

Arbeidet til Advisory Comittee (ACOM) er nærmare omtalt i kapittel 4.5. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa til ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

3.3 Noregs rolle i ICES

Nitti prosent av dei fiskebestandene Noreg haustar av er delt med andre statar. Internasjonalt samarbeid er difor avgjerande i det norske forvaltningssystemet. Norge søkjer heile tida gjennom forskning å vinne kunnskap om marint miljø og ressursar så vel som samspelet mellom dei ulike artane. Ressurskontrollen rettar seg mot heile produksjonskjeden; frå fisken blir fanga til den er eksportert utanlands.

Frå norsk side prøvar ein difor å sikre forvaltninga i tråd med anbefalingane frå ICES med eit totaluttak av fisk som vil vere bærekraftig over tid. Når det gjeld fordeling mellom land av totalkvoten er det norsk politkk at det skal leggjast stor vekt på ein fordeling som reflekterar landa sine «eigarandelar». Dette inneber kor mykje av fiskebestanden som oppheld seg i eit lands sone, og kor stor del av året den oppheld seg der.

I Noreg samarbeider fiskerinæringa og myndighetene om utforminga av reguleringene basert på anbefalingane frå ICES. Men det er verdt å merka seg at det er Fiskeri- og kystministeren som tek dei endelege forvaltningsvedtaka og fastset fiskeriforskriftane.

3.4 Kvoteavtalane for 2010

Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone, og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årlege kvoteforhandlingar om totalkvoter for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse og lodde. Partane vart i 2007 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av nordaust-arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland.

Kvoteavtalen for 2010 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Sotsji, Russland, 9.oktober 2009.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 628 000 tonn i 2010, medrekna både kysttorsk og murmansktorsk. Partane har i fordeling av kvotane for torsk i 2010 justert den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tar høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 83 910 tonn. Av dette kan 23 720 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 35 013 tonn til NØS og 25 177 tonn til RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 271 045 tonn.

Avtalen med Russland har redusert kvoten til forskings- og forvaltningsformål frå 9 000 tonn i 2009 til 7000 tonn i 2010 for kvar av partane.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 243 000 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 11 200 tonn, som er delt med 6 720 tonn til NØS og 4 480 tonn til RØS. Russland har overført 4500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg i 2010. Etter overføring er den norske kvoten på 116 400 tonn og den russiske på 107 400 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontrollomsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2010 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 30 000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

Partane har kommet til einigheit om ein fordelingsnøkkel for blåkveite, som innebærer at Noreg får ein andel på 51%, Russland får 45% og 4% er sett av til tredjeland for fiske i fiskevernsonen ved Svalbard. Partane har også sett fast ein totalkvote på 15 000 tonn per år i tre år framover. Fordelinga er basert på eit omfattande vitskapeleg arbeid av norske og russiske forskarar.

I perioden 1993-1999 var det ikkje loddefiske i Barentshavet. I 1999 opna ein for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80 000 tonn, og i 2000, 2001 og 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435 000, 630 000 og 650 000 tonn. For 2003 vart det fastsett ein kvote på 310 000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 % sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. På denne bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien, har partane bestemt at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. I 2009 vert det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, gjort vedtak om å åpne opp for fisket etter lodde, og for 2010 blei kvoten satt til 360 000 tonn, ein liten nedgang frå 2009.

I det russiske fisket på eksklusive norske bestandar i 2010, er Russland heller ikkje i år tildelt kvote for eit direkte fiske på snabeluer på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer og snabeluer utgjer 3000 tonn for 2010. Vidare har Russland ein kvote på 15 000 tonn sei, 8000 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 7000 tonn i direkte fiske. Russland har også ein kvote på 4000 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 9 396 tonn kolmule i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2010, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 2 500 tonn reker, 2 200 tonn steinbit, 500 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2010.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten ikkje var fastsett då forhandlingane vart førde. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe førebels var fastsett til 2 690 000 individ for 2010. Partane vart einige om at resultat frå felles forskingsinnsats på bestandsvurderingar, migrasjon, og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal vere eit tema under dei årlege sesjonane. Partane anbefala at eit nytt treårig felles forskningsprogram for krabbe i Barentshavet vert vedteke i 2010. Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26°Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, mens det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2009/2010 i det regulerte området er på 1185 tonn hannkrabbar og 110 tonn hokrabbar. Dette vert berekna å tilsvare ca 474 000 hannkrabbar og 50 000 hokrabbar.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Under den 38. sesjon, diskuterte partane fleire viktige saker for den felles fiskeriforvaltningafor året 2010, inkludert kontrollaktivitetar, UUU-fiske og kvotekontroll. Grunna mange effektive tiltak, så er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerar.

Det er fleire tiltak som er implementert for å oppnå måla om ei berekraftig forvaltning. Mellom anna så har Noreg og Russland løpande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands havmer av fisk som utgjer fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet på fartøynivå.

Redusert overfiske

Russland og Noreg samarbeider også saman i NEAFC, og tek sikte på å vidareutvikle regimet for havnestatskontroll når det gjeld fiskeressursane i NEAFC sitt konvensjonsområde. Noreg og Russland er òg enige om å fortsettje samarbeidet om ei gjennomføring av inspeksjonar av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar frå kvarandre høve til å opphalde seg på den andre parten sitt fartøyer for å gjennomføra inspeksjonar av fartøyer med eigen stats flagg som driv fiske i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet.

Både Noreg og Russland har understreka kor viktig det er at det blir ført kontrollar som er i samsvar med dei vedtatte tiltak i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Regelbrudd som avdekkjast ved kontroll, vil i praksis medføra sanksjonar.

Noreg og Russland har og vorte enige om å vidareføre arbeidet i analysegruppen for 2010. Gruppa består av representantar frå Fiskeridirektoratet og Kystvakten på norsk side og Det føderale fiskeribyrået sin territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen, og FSB sin grenseavdeling i Murmansk fylke på russisk side. Ekspertar kan engasjerast i gruppa sitt arbeide. Det vart bestemt at analysegruppa skal møtast etter behov i 2010, men at dette bør vere minst to gonger om året. Analysegruppa skal òg samarbeide for å samkjøyre informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy. Dette bidrar til å avdekkje mulege brot på fiskerilovgivinga. Eit anna formål med arbeidsgruppa er å ta ein felles vurdering av totaluttaket av torsk og hyse for Noreg, Russland og tredjeland i Barentshavet og Norskehavet. Analysegruppa skal gjere ferdig berekningane av totaluttaket for torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet for 2009 før ICES startsr sitt arbeide med totalekvotetilrådingane for 2011, det vil si om lag april 2010. Analysegruppa rapporterar om sitt løpande arbeid på møtene i Det permanente utvalg.

Det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland har dei seinere åra oppnådd reell framgang innanfor fleire områder. Dette har blant anna gjeve konkret utslag i redusert overfiske. I følgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har overfisket av torsk i Barentshavet vorte redusert med 84 % frå 101 300 tonn i 2005, til om lag 15 000 tonn i 2008. I 2010 tydar rapportane på at det ikkje har vorte overfiska eit einaste tonn torsk i Barentshavet.

Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengder (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka mens bestandar EU gir Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2010 hold tilbake 4500 tonn torsk.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Partane har no på plass forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verkty for forvaltarane.

I arbeidet med å forbetre beskatingsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken (high-grading/utsortering). Resten vert kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Den utkasta fisken går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU. I avtalen for 2009 blei det avtalt mange tiltak for å redusera utkast. Noreg hadde gjennom 2009 drøftingar med EU for å avtale i detalj desse tiltaka. Partane blei 3. juli 2009 einige om eit system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Dette har vore i gang sidan 1. september 2009 og skal evaluerast grundig i juni 2010. For Noreg blir det viktig at systemet er effektivt. EU innførte i 2009 eit forbod mot high grading av botnfisk i Nordsjøen. Noreg har lang erfaring i Barentshavet med å stenge fiskefelt med for stor innblanding av undermåls fisk. Den svært positive bestandssituasjonen for norsk arktisk torsk viser at slike tiltak, i kombinasjon med andre, er sentrale for å oppnå en berekraftig forvaltning.

Færøyane, Noreg og EU avtalte i juli 2009 også fleire tiltak for å redusere utkast i pelagiske fiskeri. Målet er å unngå utkast, high grading og slepping. Også her har EU har gått med på å innføre et såkalt «high grading» forbod. Forbodet gjelder i hele Nordaust-Atlanteren.

Partane blei også einige om å forby tekniske installasjonar om bord i fartøy som kan brukast til å sortere ut fisk som blir kasta ut. Det skal også innførast reglar som forpliktar fartøya å skifte felt dersom innblanding av småfisk er for stor.

I tillegg vil partane sjå på kva ein kan gjere med regelverket for å betre seleksjonen i fiske.

For botnfiskbestandane i Nordsjøen er det særskilt torsken som har vore i dårleg forfatning. Partane har derfor, i samsvar med råd frå ICES, blitt einige om ein ny gjenoppbyggingsplan for torsk, som igjen skal bringe bestanden opp på eit berekraftig nivå.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 %. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, har Noreg, EU og Færøyane gjennom fleire år blitt einige om skjerping av kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Ein er også einige om å fokusere meir på kontroll på havet. Som nemnt over har partane avtale ytterlegare tiltak i pelagisk sektor. På bakgrunn av det sterke fokuset på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

2010-avtalen

Etter fire forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 26. januar 2010, ein kvoteavtale for 2010.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2010 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk33 5525 70427 848
Hyse35 7948 07327 711
Sei107 04456 61350 431
Kviting12 89779012 107
Raudspette63 8254 26859 557
Makrell60 44639 05421 392
Sild164 30047 647116 653

Tala inkluderer overføring av 150 tonn hyse, 500 tonn kviting og 200 tonn raudspette frå Noreg til EU og 950 tonn sei frå EU til Noreg.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 35 794 og 107 044 tonn i 2010. Kvitingkvoten på 12 897 tonn er ein nedgang frå 2009. Kvoten for raudspette er auka frå 20009 til 2010.

Bestanden av nordsjøsild er bekymringsfull fordi det har vore sviktande rekruttering i fleire år. I tråd med råd frå ICES reviderte partane derfor forvaltningsplanen hausten 2008, for å sikre at planen er berekraftig. Basert på den nye forvaltningsplanen vart kvoten for 2010 på 164 300 tonn.

Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske ­følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2010 (tonn):

FiskeslagKvotar til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål60001000
Kolmule599002000
Tobis20000
Blålange150
Lange6140850
Brosme2923170
Kombinert kvote140
Reker420
Hestmakrell3600
Andre artar27205000
Tunge50
Breiflabb1540
Sjøkreps1200

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er omtrent på same nivå som i 2009. Kolmulekvoten til Noreg i EU-sona vart noko redusert frå 63 200 tonn i 2009 til 59 900 tonn i 2010. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er redusert frå 1550 tonn til 1540 tonn, og EU sin kvote på sjøkreps vart redusert frå 1210 tonn til 1200 tonn.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2010 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk-arktisk torsk20 050
Norsk-arktisk hyse2050
Sei3000
Blåkveite (bifangst)50
Anna (bifangst)350

Mellom anna på grunn av reduksjon i kolmulekvoten og auke i torskekvoten, kunne ikkje EU gi Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU blei derfor tildelt 20 050 tonn av eit tilbod på 24 550 tonn. 

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2010 er noko auka frå 2009, medan hysekvoten er noko redusert. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Noreg pliktar å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2010 på 1500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2010 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)10 000
Blåkveite (EU-sona)350
Reker (Grønland si sone)3100
Blåkveite (Grønland si sone)1624
Uer (Grønland si sone)1500
Kveite (Grønland si sone)150
Skolest og isgalt (Grønland si sone)120
Torsk (Grønland si sone)500

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite, kveite og torsk på same nivå, kvoten på uer er kraftig redusert, medan kvotene på reke noko redusert. Den norske kvoten på brisling i EU-sona blei vidareført 10 000 tonn. Loddekvoten ved Grønland er tatt ut av kvotebytet for 2010 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen.

Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til kvarandre. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere ein godt balansert avtale, kor kvoten som Norge byter til seg frå Færøyane skal i hovudsak representere reelle høve for norske fartøy.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2010 vart inngått i Oslo 13. januar 2010.

I NØS nord om 62ºN fikk Færøyane i 2010 gitt 1 951 tonn nordaust-arktisk torsk, 1 460 tonn nordaust-arktisk hyse, 1 500 tonn sei og 100 tonn andre artar (uer og blåkveite) som bifangst. Kvoten på torsk er i 2010 auka med 293 tonn til 2 244 tonn, og hysekvoten er auka med 121 tonn. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fisket etter torsk og hyse. Dei andre kvotene for 2010 er 1 125 tonn sei (reduksjon med 375 tonn) og 100 tonn andre artar (same nivå som i fjor).

Partane har òg bytta til kvarandre 2 000 tonn makrell kvar. Færøyane fikk samstundes 200 tonn hestmakrell, mens Noreg fikk 50 tonn av same fiskeslag, og dette fell saman med tala frå 2009. Det vart ikkje gjeve loddekvote for 2010.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar på mellom anna nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noreg si økonomiske sone. I 2010 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2 000 tonn nordaust-arktisk torsk og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i NØS nord om 62ºN. I 2010-avtalen vart Norge og Færøyane enige om at ordninga med kompensasjon for soneadgang for dei artanae nemt ovanfor skal fasast ut over ein tre-årsperiode, med start i 2010. Samstundes vil det ikkje bli moglegheit for Færøyane å overføre eit større kvantum av torsk og hyse enn dei tildelte kvotane av same artar i NØS nord for 62ºN. Overføringa av kvoter frå russisk sone til fiske i NØS skjer elles etter russisk aksept. Kvotane kan heller ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard. I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått gitt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62ºN er Færøyane gitt 500 tonn brisling og 100 tonn andre arter. Kvotane omfattar og bifangst av andre artar, forutan sei, sild og augepål. Augepål kan i 2010 berre fiskast som uunngåeleg bifangst, som trekkjast i frå kolmulekvoten. Vidare kan færøyske fartøy fiske 50 tonn sei og 712 tonn sild. Kvotane omfattar og bifangst i andre fiskeri.

Den norske botnfiskekvoten i færøysk sone held seg på eit relativt stabilt nivå samanligna med 2009, med ein nedgang på omtrent 4 %. Dei norske kvotane i færøysk sone i 2010 er 2 425 tonn lange og blålange, 1 774 tonn brosme, 101 tonn sei og 855 tonn andre artar. Noreg sin intensjon er å gå tilbake til 2009-nivået på botnfiskekvotane i 2011.

Når det gjeld kolmule så har den norske kvoten auka med 15 % samanligna med fjorårets kvotestørrelse, frå 11300 tonn til 12 995 tonn.

Vidare har Noreg fått auka antal trålefartøy som kan opphalda seg samstundes på færøysk fiskefelt frå 20 til 28 trålere i 2010.

Noreg og Færøyane er også samde om å videreføra eit felles pilotprosjekt for elektronisk fangst- og aktvitetsrapportering (ERS) i 2010. ­Noreg har målsetjing å innføra obligatorisk elektronisk fangstdagbok for færøyske fartøy i løpet av 2010.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 15. januar 2010 kan grønlandske fiskarar ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2010:

I NØS nord om 62ºN: 1 400 tonn nordaust-arktisk torsk, 630 tonn nordaust-arktisk hyse, 1 000 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan òg fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lengje trepartsavtalen om lodde står ved lag. Kvoten på hyse er nesten dobla i 2010. Samstundes har seikvoten har auka betrakteleg med heile 270 tonn. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Dette elementet gjeld òg så lengje trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområde.

Grønlands kvoter i Nordsjøen er fasa ut.

Dei reelle fiskemoglegheitene for norske fiskarar i Grønland si fiskerisone betra seg betydeleg samanligna med 2009. I 2010 kan Noreg fiske følgande kvanta i Grønland si sone:

Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite, noko som inneber ei auke på 28,5 %. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2010 kan trålfisket berre skje sør om 64º30"N.

Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 300 tonn uer fiska med pelagisk trål, 400 tonn uer fiska med botntrål/line, 235 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre arter. Kvotane av blåkveite ligger på same nivå som i 2009, medan kvotane av uer fiska med botntrål er økt med hele 300 tonn. Kvoten av uer fiska med pelagisk trål er tilsvarande redusert med 300 tonn. Denne overføringa av uerkvoten som kan fiskes med pelagisk trål over til uerkvote som kan fiskes med botntrål gir betre tilgang på fisken for norske fiskarar. Kvoten av kveite er på same nivå som i 2009.

Under føresetnad av at norske fartøy senast innan 5. februar får løyve til å gjennomføre eit forsøksfiske etter torsk ved Vest-Grønland/ Aust-Grønland innanfor en kvote på 750 tonn torsk, vil Grønland få auka sin torskekvote i NØS nord for 62°N tilsvarande. Fisket kan gjennomføres på same vilkår som det øvrige fisket etter torsk nord for 62°N. Fisket på denne kvoten kan ikkje påbegynnes før betingelsene for det norske forsøksfiske er avklart.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen skal søkjast vidareførd i 2010. Noreg har også til hensikt å innføre obligatorisk elektronisk fangstdagbok for grønlandske fartøy i løpet av 2010.

Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholsavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholsavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2010 fiske 5 500 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2009 var tilsvarande tal 4 720 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For sesongen 2008/2009 var loddekvoten 14 562 tonn, men ettersom det av biologiske grunner ikkje vart noe loddefiske fikk Noreg kompensasjon gjennom å overta Islands rekekvote på 334 tonn i NAFO område 3L. For 2009/2010 var loddekvoten 18 031 tonn og ifølgje avtalen har Noreg krav på 21 011 tonn lodde for fiske i 2010/2011. Utsiktene for bestanden er usikre og Noreg vil difor med bakgrunn i avtalen gå inn i forhandlingar om alternativ kompensasjon ved et bortfall av loddefiske ved Island.

Smottholsavtalen med tilhøyrende protokoll gjeld til utgangen av 2010, ettersom den automatisk vart forlenga for ein ny fireårsperiode fra 2007, då ingen av Partane i 2006 ønska å benytte avtalen sin moglegheit til å seie opp eller åpne for reforhandlingar av Smottholsavtalen. Partane kan anmode om revisjon av avtalen og/eller protokollene. Dette må i så fall skje innen 1. juli 2010. Ein part som har fremsatt anmodning om revisjon innan fristen kan eventuelt seinere seie opp avtalen, innen 1. oktober 2010. Dersom det ikkje blir bedt om revisjon innen fristen vil avtalen løpe ut 2014.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har til no vore bygga på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 26 . januar 2010 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2010.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2010 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk47931554638
Hyse2201932108
Kviting1050191031
Raudspette93501879163
Reker980045675233
Sild33 855451529340
Brisling52 000390048 100

Totalkvotane for torsk er noko auka, medan totalkvotane for hyse, reke og sild er noko redusert. Kvotane for kviting, raudspette og brisling er dei same som i 2009.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter den same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1865 tonn makrell i Skagerrak og i Nordsjøen i 2010.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 7515 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2010. Norske fiskarar kan i 2010 fiske inntil 20 % av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, som er frå 1966, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg har difor starta ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein start på dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrar 7. august 2012.

Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2010 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 26. januar 2010.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2010:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 138 tonn reker, 846 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået frå 2009.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nordatlanteren og den største sildebestanden i verda. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltinga av silda. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 %. Med basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003-2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 også med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av NVG-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61% av NVG-silda. Avtalen inneheldt og ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var også samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2010 har kyststatane sett TAC til 1 483 000 tonn, som er noko redusert frå 2009. Noregs del på 61 % ligg fast og utgjer for 2010 heile 904 630 tonn. Sildebestanden er i svært god forfatning og vert hausta berekraftig, og reduksjonen av kvotene for 2010 skyldast ei svakare rekruttering etter 2004. Partane er fortsatt einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen frå 2007 som har til formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. I følgje ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet frå årsskiftet 2010/2011. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 % av den nasjonale kvoten til påfølgjande år. Det er også høve til å forskotere 10 % av kvoten for påfølgjande år. Alt overfiske (også utover 10 %) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga også gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 %.

I tilknyting til kyststatsavtalen vart partane einige om å vidareføre sonetilgangen i 2010 på same relative nivå som i 2009.

  • Fartøy frå Island kan fiske 215 183 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 40 041tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 29 660 tonn av dei 40 041, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 1 483 tonn. Norske fartøy kan fiske 101 273 tonn i islandsk økonomisk sone.

  • b) Fartøy frå Færøyane kan fiske 45 185 tonn sild i norske jurisdiksjonsområde nord for 62°N, men ikkje meir enn 33 599 tonn i NØS. Norske fartøy kan fiske 34 758 tonn sild i Færøyanes fiskerisone.

  • c) Fartøy frå EU og fartøy frå Noreg kan fiske 86 889 tonn i kvarandre sine farvatn nord for 62°N.

  • d) Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote i norske farvatn nord for 62°N.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen i 2009, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2011. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2010.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule i 2010.

Sidan bestandssituasjonen for kolmule har vore dårleg dei seinare åra på grunn av sviktande rekruttering, så blei Kyststatane i 2008 samde om ein ny forvaltningsplan. Planen inneber ei gradvis nedtrapping av fisket over to år til eit berekraftig nivå. Dette har ført til ein reduksjon av kvotane for 2010, til 540 000 tonn. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC også lagt til rette for ei avsetning til andre lands fiske i internasjonalt farvatn. Frå 2011 skal fisket skje på føre-var-nivå.

Noreg og EU er einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2010 på same nivå som i 2009. Dette inneber at norske fartøy kan fortsette å fiske 68 % av den norske kyststatskvoten i EU-sona. Norske fartøy kan i tillegg fiske 599 000 tonn kolmule i EU-sona i medhald av den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2010. Av denne kan Noreg fiske 148 602 tonn i EU farvatn.

I kyststatsavtalen har norske fartøy òg fått auka sonetilgang til færøysk sone i 2010 Tilgangen for norske fartøy i færøysk sone er noko auka for 2010. I tillegg har Noreg i medhald av den bilaterale avtalen med Færøyane fått ein kvote på 11 250 tonn. Norske fartøy kan såleis fiske inntil 22 515 tonn kolmule i færøysk sone i 2010.

Den norske totalkvoten er på 205 792 tonn kolmule i 2010. I kyststatsavtalen er det opna for kvotefleksibilitet frå eit år til eit anna på inntil 10 %.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Sjølv om partane har inngått avtalar om makrell i åra etter 1999, har det heile tida vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet for makrell. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen.

Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg i mange år gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som skal fordelast mellom partane. Problemet har vore at EU fastset ein særskilt makrellkvote i det sørlegaste utbreiingsområdet til bestanden (Biscaya). Noreg og Færøyane har i alle år protestert mot dette og vist til at det ikkje er biologisk grunnlag for ein slik unilateral komponent. For at saka ikkje skulle sementerast heilt, varsla Noreg i forhandlingane om ein avtale for 2009, at vi ville etablere ein tilsvarande unilateral komponent, om EU ikkje gjekk med på å inkludere sin i forvaltninga. Forhandlingane gav difor som resultat at Noreg og Færøyane har etablert ein unilateral komponent som er lik EU sin unilaterale komponent.

Partane hadde fleire møter i 2009 utan at ein lykkast å komme nærmare kvarandre i saka. På hausten lykkast partane heller ikkje å bli einige om ein ny treparts-avtale for 2010. Noreg og EU inngjekk derfor ein bilateral avtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I denne avtala blei ein einige om innfasing av den sørlege komponenten, fordeling mellom partane og tilgang til kvarandres farvatn for fiske etter makrell.

Ein har samtidig starta arbeidet for å få i stand ein ny kyststatsavtale som også inkluderer Færøyane og Island, og har Russland som observatør. Den første forhandlingsrunda blei gjennomført våren 2010. Slik det no ser ut vil dette bli ein krevjande prosess, kor fordelinga mellom partane og sonetilgang er dei mest kompliserte spørsmåla.

Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i det nordaustlege Atlanterhavet, der to er av kommersiell interesse. Det er størst merksemd knytt til snabeluer-bestandane i Irmingerhavet og i Norskehavet, som vert utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Irmingerhavet

ICES sitt råd for 2010 var at ein ikkje skulle fange meir enn 20 000 tonn.

Partane i denne prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Det er inga formell semje om fordelinga, men det finst ein ad hoc fordelingsnøkkel frå 1996, som nokre av partane delvis har basert seg på. I og med at enkelte statar fastsette større kvotar enn dei burde, vart det samla uttaket også i 2008 altfor høgt. EU og Noreg heldt seg til avtalen og fiska i samsvar med fordelingsnøkkelen frå 1996. Noreg fiska ikkje på bestanden i 2009. I praksis er den gamle ordninga vidareførd i 2010, med mindre justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Det sistnemnte inneber eit noko betre vern av uerlarvar. I avtaleteksten heiter det at ingen av partane skal fiske meir enn dei kvotane partane fastsette for 2009. I praksis inneber dette at det samla fisket kan bli tre til fire gonger så stort som ICES tilrår, under føresetnad av at det er mogeleg å finne så mykje uer som kan fiskast.

Det ligg no føre ein førebels uoffisiell ICES-rapport som stadfester det kyststatane har hevda om at det eigentleg er tre ulike uerbestandar i Irmingerhavet, og to av dei finst i internasjonalt farvatn. ICES har også lukkast i å dele desse opp i tre ulike forvaltningsdelar. Denne rapporten kan danne grunnlaget for vurdering av sonetilhøyrsle, og dermed kanskje bidra til ei permanent fordeling av irmingerhavsuer, noko som i sin tur kan medverke til ei betre forvaltning av desse bestandane.

Snabeluer i Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter uer i den internasjonale delen av Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men dreg på næringsvandring til internasjonalt farvatn tre månader om hausten. ICES tilrår nullfiske i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg må minst 90 prosent. Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar om fordeling hausten 2009, utan at ein vart samde.

Noreg fremma forslag i NEAFC om nullfiske i 2007, 2008 og 2009, men fekk ikkje gjennomslag. NEAFC vedtok derimot ein totalkvote på 15 500 tonn for 2007, 14 500 tonn for 2008 og 10 500 tonn for 2009. For 2010 vart totalkvoten sett til 8600 tonn. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga. For 2010 vart fiskeperioden utvida til å gjelde frå 15. august til 1. desember, til sterke protestar frå Noreg.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2010 12 medlemsland, mellom anna frå Nord-Amerika, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av St.Pierre eit Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkluderte naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøtet i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum, men den har enda ikkje tredt i kraft.

Noreg har kvoterettar i NAFO sitt reguleringsområde på 9,25 % av torskekvoten i underområde 3M, og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde har det lenge vore eit forbod mot eit direktefiske av desse artane i NAFO-området. Etter ti år med moratorium på direktefiske etter torsk i 3M, anbefalte vitskapskomiteen på sitt møte i juni i 2009 ein gjenopning av direktefisket i 2010 innanfor ein kvote på 4 125 tonn. Noreg støtta denne anbefalinga, men fleirtalet av NAFO sine medlemsland gjekk inn for ein høgare TAC, som vart sett på 5 500 tonn. TAC vart fordelt etter den historiske fordelingsnøkkelen, noko som innebar at Noreg fikk behalda sin del på 9.25%. I praksis ga dette Noreg ein kvote i 2010 på 509 tonn.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det føregår to separate rekefiskeri på Flemish Cap, eitt i område 3M og eitt i område 3L. Rekebestanden i område 3M er ikkje kvoteregulert, men vert regulert ved å avgrense talet på fartøy og fiskedøgn. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn har vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Spørsmålet om ei kvoteregulering i underområde 3M, vart drøfta på eit særskilt møte i mai 2008. Partane kom heller ikkje denne gongen fram til ei avklaring fordi dei ikkje vart samde om fordelinga partane imellom. Saka vart ikkje følgd opp seinare på årsmøtet. På årsmøtet hausten 2007 vedtok partane same regulering som tidlegare år, slik at norske fartøy også i 2008 kunne fiske i til saman 992 fiskedøgn i underområde 3M, og 32 norske fartøy kunne ta del i fangsten. I underområde 3L har totalkvoten lege jamt på 30 000 tonn i dei to siste åra. For Noreg inneber dette at kvoten vart vidareført frå 2009, og ligg difor på 334 tonn i 2010.

På årsmøtet i 2003 vart partane etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned kvoten på blåkveite frå 20 000 tonn i 2004 til 16 000 tonn. Det var også semje om ein plan for å byggje blåkveitebestanden opp att. Planen gav ein kvote på 16 000 tonn for 2008. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir. På årsmøte i 2010 vart det vedteke ein blåkveitekvote på 16 000 tonn for 2010.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen vedteke av FN i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har og arbeidt med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område i perioden 2007-2010 for fiske med botnreiskapar. Det er no i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt med sårbare marine økosystem (når utrekningar viser 100 kg korallar og/eller 1 000 kg svamp per fangst) i noverande område og nye område. Det er stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord i nye område. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst 2 nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på NEAFC sitt årsmøte i 2007 inkludert i NEAFC si svarteliste. Vidare finnast det eit krav på 100 % satellittsporing og observatørdekning i NAFO sitt område.

Norge var vert for årsmøtet i NAFO i 2009, som vart arrangert i Bergen. I tillegg sitt Noreg med det noverande presidentskapet i organisasjonen.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal vidare leggje til rette for ei berekraftig, samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskeressursane For å oppnå formålet skal kommisjonen sørgje for at forvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskapelege kunnskapen og ei føre-var tilnærming. Samtidig skal forvaltninga ta omsyn til fiskarianes påverknad på marine økosystem og behovet for å bevare den marine biologiske biodiversiteten.

NEAFC har dei siste åra arbeidd for å tilpasse organisasjonen til utviklinga i internasjonal havrett, i tråd med m.a. prinsippet om føre-var og økosystemforvaltning. Noreg har vore ein sentral pådrivar for denne utviklinga.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gi organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Partane har også slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft. Noreg og EU har ratifisert endringa i konvensjonen. Dei andre partane har varsla at dei er i gong med prosess med sikte på ratifisering i 2010.

NEAFC sin viktigaste funksjon i dag er derfor å bidra til utviklinga av gode regionale kontrollregime og ei utvikling mot ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar i den utstrekninga dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (for eksempel tunfisk). Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Fiskerireguleringar

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og ope hav. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane.

I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om ei regulering av fisket etter kolmule. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde var i 2007 268 550 tonn, der Russland var tildelt 137 000 tonn og Grønland 10 000 tonn. Resten bleifordelt mellom kyststatane etter fordelinga fastsett i kyststatsavtalen. For 2008 inngjekk kyststatane ein avtale som var ei vidareføring frå 2006 og 2007, men med ein monaleg redusert TAC. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde var i 2008 181 748 tonn, der Russland vart tildelt 92 718 tonn og Grønland 6768 tonn. Det ligg vidare i ­NEAFC-reguleringa at den relative delen dei ulike partane er tildelt, skal gjelde i framtida. For Russland sin del betyr det at deira kvote for 2008 inneheldt eit tillegg på 16 282 tonn, som skal fasast ut innan 2012. Den særskilte overføringa til Russland er 16 237 tonn i 2009, 8000 tonn i 2010 og 4000 tonn i 2011. Ingen tilleggskvote vil bli tilgjengeleg i 2012.

Frå 2008 til 2009 vart totalkvota på kolmule redusert frå 1250 000 tonn til 590 000 tonn. Reduksjonen heng saman med den dårlege bestanssituasjonen etter sviktande rekurttering dei seinare åra Noreg, EU, Færøyane og Island vart einige om forvaltninga av kolmule for 2010. åra. Totalkvoten for kolmule for 2010 er på 540 000 tonn. Kvoten i NEAFC reguleringsområde for 2010 er på 78 516 tonn, og innanfor denne er Russland tildelt 40 054 tonn (i tillegg kjem den særskilte overføringa på 8000 tonn) og Grønland 2924 tonn.

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på pelagisk uer i Irmingerhavet. ­Island, Færøyane og Grønland er rekna som kyststatar. Partane i NEAFC vart på årsmøtet i 2006 samde om reguleringstiltak for fiske av uer i ­Irmingerhavet i 2007 og fastsette ein totalkvote på 46 000 tonn, mot 62 416 tonn i 2006. Etter ei postavstemming vart partane samde om ei ­NEAFC-regulering på 46 000 tonn for 2008. Vidare skulle partane etablere eigne forvaltningstiltak ut i frå totalkvota.

I 2009 vart det vedteke ei regulering som i hovudsak var ei vidareføring av reguleringa frå 2008, men utan at det vert satt nokon eksplisitt totalkvote i reguleringa og med marginale justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Det vart vedteke at kvar part skulle etablere forvaltningstiltak og fastsette ei totalkvote som ikkje var høgare enn totalkvota i 2008. Under årsmøtet i 2009 vert det vedteke å vidareføre reguleringa frå 2009 for 2010 med nokon justeringar. EU stemte i mot anbefalingen, og vedtaket er difor ikkje bindande for EU. Den norske kvoten er sett til 1 691 tonn for 2010.

Dei siste års reguleringar er gjort trass i rådet frå ICES sidan 2008 om at det ikkje bør fangast meir enn 20 000 tonn. Delar av uerbestanden i ­Irmingerhavet, som vert forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området.

Noreg foreslo på årsmøtet i november 2006 eit forbod mot å fiske uer i Norskehavet i 2007, men med høve til å ha inntil 15 % bifangst. Forslaget fekk ikkje tilslutning, men partane i NEAFC slutta seg til ei regulering som forbaud fiske av uer i ICES statistikkområde I og II i perioden 1. januar til 30. juni 2007. NEAFC behandla saka på eit ekstraordinært årsmøte i juni 2007 og vedtok ein TAC på 15 500 tonn for 2007. For Noreg var det avgjerande at det vart fastsett ei regulering for 2007 slik at ein unngjekk eit uregulert fiske, og Noreg aksepterte difor ein TAC som ikkje var i samsvar med vårt primære ønskje om eit forbod mot fiske av uer i 2007. På årsmøtet i 2007, 2008 og 2009 foreslo Noreg igjen eit forbod mot fiske av uer i 2008 og 2009 og 2010 basert på den best tilgjengelege vitskaplege rådgjevinga i alle tre åra, etter fleire diskusjonsrundar der nullfiskje ikkje var aktuelt, fikk ikkje Noreg gjennomslag for sitt syn og det vart fastsett ein kvote på 14 500 tonn for 2008, 10 500 tonn for 2009 og 8600 tonn for 2010. I reguleringa for 2010 var det i tillegg tatt ut eit punkt om å ha et felles forskningssprogram organisert av ICES, og fiskeperioden vart utvida frå 16. november til 1. desember.

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2010. Totalkvoten i 2010 er 1 483 000 tonn. Den norske delen på 61 % ligg fast og utgjer 904 630 tonn. Kvoten er fastsett i tråd med råd frå ICES for 2010 og inneber ein reduksjon samanlikna med kvoten i fjor. Den norske kvoten i fjor var på 1 002 230 tonn. Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen som har som mål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. Ifølge ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

På årsmøtet i NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området vart for 2007 fastsett til 47 939 tonn og for 2008 sett til 43 629 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa. For 2009 gjev avsetninga til NEAFC ein makrellkvote på 57 884 tonn. Denne kvoten vert fordelt etter fastsette prosentar. Kyststatane får 50 % til fordeling, dvs. 26.440 tonn, Russland får 47 % som tilsvarar 29 706 tonn og Island 3 % – 1 738 tonn. Kyststatane overførte 2500 tonn frå deira felleskvote til Russland i 2009. Dette kvantumet vil bli redusert til 1500 tonn i 2010, og det vert ingen tilleggskvote tilgjengeleg i 2011. Island kravde også på årsmøtet i 2008 å bli behandla som kyststat på makrell, og har difor reservert seg mot NEAFC-reguleringa. Det vart ikkje fastsett nokon kyststatsavtale for makrell for 2010 hausten 2009. statstatRepresentantar frå Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland møttes i Ålesund den 15.-18. mars 2010 for kyststatsforhandlingane av makrell. Partane vart i etterkant av møtet einige om å få på plass ei ad hoc regulering for makrell i 2010 der den enkelte part fastset ein totalkvote for 2010.

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. I 2004 vedtok NEAFC å redusere innsatsen i fisket etter djuphavsartar med 30 %. På årsmøtet i november 2006 var det semje om ein ytterlegare reduksjon av innsatsen med 5 %, til 65 % for 2007. Denne vart ført vidare for 2008, 2009 og 2010. Det siste ICES-tilrådinganefor djupvassartar erer frå 2008. I 2008 fekk kvar avtalepartnar kvote på orange roughy på 150 tonn. Det vart ikkje vedteke tilrådingar om orange roughy for 2009. For 2010 vart det vedteke ei regulering på 150 tonn. Noreg er prinsipielt for eit nullfiske på arten, men støtta forslaget om ei kvote på 150 tonn for å få ei regulering på plass. ­Noreg har ikkje noko fiske på denne bestanden.

På årsmøtet i 2005 tok Noreg opp spørsmål knytt til tapte og etterlatne garn i djuphavsfiske. Som følgje av dette vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, mellom anna med reglar om røkting av garn. Seinare er dette forbodet vidareført og det gjeld også for 2010.

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar, for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde også i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev, og stenginga gjeld ut 2009.

På bakgrunn av tilråding frå ICES fremma ­Noreg eit forslag om å revidere dei stengde områda. Det norske forslaget vart behandla på eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der ­Noreg foreslo at dei eksisterande verneområda med forbod mot botnfiske, oppretta i 2004, skulle opphevast og erstattast av fem nye område, tre større og to mindre.

Partane sendte det norske forslaget vidare til ICES for vurdering. ICES tilrådde å halde fast på dei lukka områda med ein del justeringar mellom anna utvidingar av områda.

Noreg fremma på årsmøtet i november i 2008 nytt forslag om lukking basert på rådgjevinga frå ICES, men sidan partane framleis ikkje hadde klart å førebu seg tilstrekkeleg til å ta standpunkt vart saka utsett, og dei eksisterande verneområda vart forlenga til 31.mars 2009. Noreg sitt reviderte forslag vart behandla på nytt i eit ekstraordinært møte i NEAFC i mars 2009. Forslaget vart vedteke med nokre mindre justeringar og avgjort gjennom postavstemming.

Under årsmøtet i 2009 ble det vedteke å utvide eit område stengd for botntråling på Hattonbanken og å stengje eit område for fiske på blålange utanfor Islands økonomiske sone. I tilegg vart det avgjort at eit forslag frå EU om utviding av dei stengde områda på den midtatlantiske ryggen skal sendes til ICES for vurdering.

Etter forslag frå Noreg ble det under årsmøtet i 2008 vedteke operasjonelle reglar for fiske i sårbare områder. Desse reglane blei justert under årsmøtet i 2009. Da blei grenseverdiane for samanstøyt med sårbare marine økosystem redusert frå 100 til 60 kg for korallar og frå 1000 kg til 800 kg for svamp per fangst. I reglane er det stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapeleg inspektør om bord i nye områder. Fartøy plikter ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Alle tiltaka som er vedteke om marine verneområder og botnfiskeri er elementar i NEAFC si oppfølginga av FNs fiskeriresolusjon frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri, vedtekne i august 2008.

Kontroll og handhevingsregimet

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Med det nye regelverket er grunnlaget for å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det også aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta i mot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart også vedteke at NEAFC skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.

NEAFC har, som første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon, etablert reglar for hamnestatskontroll (Scheme of Control and Enforcement) som har vist seg å vere eit effektiv verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. NEAFC har også sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

Under årsmøtet i 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFC reguleringsområde for dei viktigaste artane som regulerast av NEAFC i anneks I A i kontroll og handhevingsregimet.Vedaket har formelt trådd i kraft 3. mars 2010. EU stemte i mot anbefalingen, og vedtaket er difor ikkje bindande for EU.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

IWC og NAMMCO

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2010 har Noreg fastsett ein norsk kvote på 1 286 dyr.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002-2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er nok omeir usikkert. Det står att noko utregningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen av forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vil difor først bli ferdigbehandla på IWC sitt årsmøte i juni 2010.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, ­Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr.

NAMMCO sin vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren

Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

CCAMLR

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Målsettinga om «Bevaring av dei levande marine ressursane» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting. I byrjinga vart CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på fleire mindre underområde. Føremålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Alt fiske med norsk fartøy gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med innsamling av data som kan nyttast av CCAMLR sin vitskapskomite.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Noreg har dei siste åra ikkje hatt fartøy i fisket etter patagonsk tannfisk.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 44 millionar tonn i eit statistisk avgrensa område der det vert fiska i dag. I dette området er det tilrådd ein fangst på 3,47 millionar tonn. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Den maksimale fangsten for heile område 48 er delt på mindre kvoter i dei statistiske underområda 48.1 – 48.4, og samla ikkje meir enn 620 000 tonn inntil desse særlege forvaltningsområda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 150 000 tonn. For sesongen 2009/2010 (1. desember 2009 – 30. november 2010) har Noreg meldt på tre fartøy for krillfiske i CCAMLR. Noreg har gjort avtale om vitskapleg observasjon av dette fisket med andre land.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2009. Estimata for ulovleg, urapportert og uregulert fiske er usikre, men det er teikn som tyder på at omfanget no er monaleg mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne dei siste åra er særskilde tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskaplig vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fiske. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 48 kontraherande partar (medrekna EU som part). Organisasjonen sitt kompetanseområde omfattar omkring 30 artar, mellom anna makrellstørje som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske har ført til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn er i dag nærast ikkje-eksisterande.

Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen bli tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med våre havrettslege plikter til samarbeid med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. Føremålet med den norske deltakinga har i første rekkje vore å søkje å bidra til ei forvaltning som sikrar gjenoppbygging av makrellstørjebestanden i det austlege Atlanterhavet. Deltakinga i ICCAT er også viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

ICCAT fastset kvotar for periodar på fire år. I samband med kvotefastsettinga for denne perioden fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestandskomponent som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhav) som gjenspeglar ein fast del. Kvoten for 2007 var på 53,34 tonn og skal i tråd med gjenoppbyggingsplanen, jf. nedanfor, reduserast årleg. Fram til 2007 hadde Noreg høve til å fiske på ein samlekvote på 1000 tonn for land utan kvote.

Makrellstørjebestanden er i svært dårleg forfatning på grunn av høgt overfiske over lang tid og dårleg vern av ungfisken i Middelhavet. På årsmøtet i 2005 la Noreg fram eit forslag om betre vern av ungfisk i Middelhavet. Mange land støtta forslaget, men det vart ikkje vedteke. Betre vern av ungfisken i Middelhavet er nødvendig for at bestanden på nytt kan bli så stor at han kjem ut i Atlanteren på beitevandring i større omfang.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje som etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Planen inneber ei gradvis nedtrapping av totalkvoten (TAC) i kvoteperioden. TAC vart likevel sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité (29 500 tonn for 2007 med nedtrapping til 25 500 tonn i 2010 – mot tilrådd 15 000 tonn kombinert med innføring av andre tiltak, inkludert stans i fisket i heile gytesesongen og kontroll av uttaket). Noreg støtta innføringa av dei foreslått kontrolltiltaka, men gjekk i mot gjenoppbyggingsplanen fordi forvaltningselementa var utilstrekkelege.

Den stadig dårlegare bestandssituasjonen og mangelen på oppfølgjing av kontrolltiltaka i gjenoppbyggingsplanen førte også til at nedjustering av dei fastsette kvotane på makrellstørje vart hovudtema under årsmøtet hausten 2008. Noreg støtta eit forslag om å setje TAC til 15 000 tonn, som er i tråd med den vitskaplege tilrådinga. Fleirtalet i ICCAT gjekk likevel inn for ein mindre reduksjon av TAC for 2009. Denne vart sett til 22 000 tonn (mot 27 500 tonn som følgjer av gjenoppbyggingsplanen frå 2006). På årsmøtet i 2009 vart det vedteken ein rekke nye tiltak for å betre forvaltninga av makrellstørje i 2010. TAC var set til 13500 tonn, mens vitskapskomiteen råd var på 8 500 tonn. Noreg støtta rådet frå vitskapskomiteen.

På bakgrunn av bestandssituasjonen har Noreg fastsett forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norske og internasjonalt farvatn.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.int/

SEAFO

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, ­SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg, Sør-Korea og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Japan er nytt medlem etter at dei ratifiserte konvensjonen i fjor. Konvensjonen er elles ratifisert av ­Angola, Namibia, Sør-Afrika og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Namibia signerte i fjor ein hovudkvarteravtale med SEAFO.

Dei norske kommersielle interessene i ­SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt to- og fleirsidige bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

Som vi veit vert UUU-fartøy svartelista av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og Noreg har no gjort opptaket til ein prosess som skaper ei global svarteliste ved at dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane godkjenner svartelistene til kvarandre. På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det bestemt at SEAFO skal godkjenne listene frå CCAMLR, NAFO og NEAFC. Systemet for hamnestatskontroll i SEAFO inkluderer no utpeiking av spesielle hamner, etablering av eit SEAFO-register over slike hamner, krav om notifisering før ein kjem til hamna, forbod mot mottak av UUU-fangstar, inspeksjonsprosedyrar og krav om utfylling av ein harmonisert inspeksjonsrapport.

På møtet i 2009 vedtok SEAFO strengere tiltak for vern av sårbare marine økosystem etter den modellen som NAFO og NEAFC nyttar. Her må det gjerast ei vitskapleg vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fiske. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Noreg sitt med det noverande presidentskapet i SEAFO.

Meir informasjon finst på heimesidene til ­SEAFO: www.seafo.org

Til forsida