Meld. St. 18 (2009-2010)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Til innhaldsliste

Del 3
Tilstanden til dei viktigaste bestandane Noreg fiskar på

4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltingsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar.

4.2 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev forskarane opplysningar om når, kva artar, kvar og kor mykje det vert fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken, tidslengda, og forholdet mellom styrken ved ulike lydfrekvensar på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i LSSS (Large scale survey system), eit relativt nytt system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som etter kvart vert teke i bruk rundt om i verda.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden her kan kortfatta skisserast slik: Når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.3 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking-, ICES. Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

VPA (Virtuell Populasjons Analyse)

Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor mykje fisk som har dødd som følgje av fiske (s.k. fiskedød, dvs. den delen av bestanden som er hausta i fiskeria), ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.

Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg død). Når ein skal setje opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som vart fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg død. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året før. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døden reknar ein som oftast som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøden får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.

VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og vert villeiande om fangsttala ikkje er rette.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgjevinga om kvotar.

For dei fleste artane og bestandane i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.4 Forvaltingsplanar og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltingsmålsettingar nedfelt i forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan til dømes vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan til dømes ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er difor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltningsplan er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltningsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Død

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, vert dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % død. I praksis er tilhøvet slik at dødsraten ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % død. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Samanheng mellom dødsrate og % av bestandsstorleik ved starten av året

Dødsrate0,10,20,30,40,50,60,70,80,91,01,52,0
% av bestandsstorleik ved starten av året9,518,125,933,039,345,150,355,159,363,277,786,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit haustings- eller utnyttingsmønster syner korleis haustinga/utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.

Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim ), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim ) som, dersom ho vert overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa ) 1 må difor vere noko høgare enn Blim , og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa ) må vere noko lågare enn Flim . Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvaltning, men er også knytt til om ho er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa , bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.

ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim ) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa ), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES kjem difor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.

Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedødsraten høgare enn fiskedødsraten som gjev maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedødsraten som er lågare enn føre-var- grensa.

Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgjeving. Frå og med hausten 1996 vart det oftare enn før argumentert mot høge fiskedødsrater også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 åtvara ICES om kva slags fangstopsjonar som ikkje vart rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 vart føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedødsraten, medan dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleiken på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifiserte innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarleg så lenge gytebestanden er på eit forsvarleg nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngjeving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.

Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa , men under Flim , seier vi no at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedødsraten er under Fpa , seier vi no at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa , har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa , men over Blim , heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim , har den «sviktande reproduksjonsevne». Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta teikna inn (Figur 4.1).

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim
 , Fpa
 , Blim
  og Bpa
  . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: kan utnyttast. Gult: tiltaksområde. Raudt: stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim , Fpa , Blim og Bpa . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: kan utnyttast. Gult: tiltaksområde. Raudt: stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriteria innanfor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valfridom i kvotefastsetjinga. Innanfor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkeleg for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvaltning, medan det i det raude feltet vil krevjast kraftige tiltak.

Ved Havforskingsinstituttet har det ei tid blitt diskutert eit anna referansepunkt som går på talet på fisk i bestanden over ein viss (kjønnsmoden) alder. Grunngjevinga for dette er mellom anna at det:

  • vil sikre betre at vi har tilstrekkeleg med eldre fisk i bestanden

  • vil gjere at vi unngår uvisse knytt til vektmålingar og kjønnsmodning som er nødvendige parameter for å måle gytebestanden i biomasse (tonn)

  • vil relatere bestandsstorleik til uttaksgrad (fiskedød) på ein meir direkte måte.

4.5 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgjevinga frå ICES vert frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM vil heretter vere ICES sin einaste rådgjevingskomité for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM vil basere sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som vil utføre dei vitskaplege analysane, kvalitetssikringsgrupper («review groups«) som også vil bruke uavhengige medhjelparar og grupper som vil lage utkast til råd, Advisory Drafting Groups. Alle desse gruppene vil få støtte og sekretærhjelp av ICES-sekretariatet i København. Det vert også ei viss omlegging av den siste delen av prosessen når sjølve rådet skal utformast. Her vert det lagt opp til ein videokonferanse med ACOM-medlemane, med mål om å leggje til rette for ei meir fagleg ansvarleg tilnærming og ein meir kostnadseffektiv arbeidsmåte. Dr Mike Sissenwine, tidlegare president i ICES, er formann i ACOM. Formennene i dei tidlegare rådgjevingskomiteane i ICES (ACFM, ACE og ACME) vart viseformenn i ACOM og saman med formannen utgjer dei ACOM si styringsgruppe. Dette skal sikre ein kontinuitet i rådgjevingsprosessen i omleggingsfasen.

For å sikre ei størst mogleg openheit i prosessane som fører fram til råda frå ICES er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lagar utkast til råd. Observatørar kan også ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.

ACOM kjem med råd fleire gonger om året, men råda for bestandar som Noreg er mest avhengig av kjem på fire ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) i juni, bestandar i Nordsjøen litt seinare i juni og dei pelagiske bestandane makrell, NVG-sild, lodde og kolmule i oktober. Rådet på reke i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen vil kome i november. Råda frå ICES inneheld ein omtale av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES, http://www.ices.dk

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på sin internettside, http://www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

4.6 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 12 milliardar kroner. I dei neste kapitla skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.

Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660 000 tonn. I perioden 1994-1998 var samla årleg fangst over 700 000 tonn, minka så til 415 000 tonn i 2000, og auka etter det gradvis til omlag 640 000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Frå 2005 til 2007 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til snaue 500 000 tonn. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske (sjå under), noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45% av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 % av fangsten teken med andre reiskapar.

For perioden 2002-2005 er det i følgje Fiskeridirektoratet berekna eit årleg urapportert overfiske på 100 000 tonn. For 2006 var talet 80 000 tonn, i 2007 på 40 000 tonn og i 2008 på 15 000 tonn. Talet har minka ytterligare for 2009. Dette er ein kraftig nedgang i overfisket, noko som dels heng saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næring og opinion.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. For tida er mengda urapportert fangst truleg den største kjelda til uvisse i resultata.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, og var stabil i perioden 2003-2007, før ein fekk ei auke frå 2007 til 2010 (2010 er vist som ein prognose i figur 4.2). Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950-1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2010

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, og at fisket er berekraftig. ICES tilrådde ein kvote for 2010 (577 500 tonn, Tabell 4.2), i tråd med den sameinte haustingsregelen med ei grense på maksimalt 10% endring av kvoten frå eit år til eit anna. ICES påpeika og at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet for redusert bifangst av uer. Etter ei totalvurdering av situasjonen i 2008 kom partane fram til ein kvote for torsk i 2009 på 525 000 tonn, ein auke med omlag 20 prosent, medan det normale skal vere inntil 10 prosent endring frå eit år til det neste. Bakgrunnen for denne avgjerda var at det Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har vurdert bestandssituasjonen til å vere langt betre enn det som er lagt til grunn dei siste åra. I 2009 blei partane einige om ein forbetring av haustingsregelen for å kunne bruke denne i periodar med sterk vekst i bestanden. Partane blei då einige om å fastsetje eit kriterium som seier at fiskedødeligheten (F) ikkje skal vere mindre enn 0,30. TAC for 2010 blei i forhold til dette fastsett til 607 000 tonn. Partane avgjorde å be ICES å stadfeste at denne endringa i forvaltingsregelen er i tråd med føre-var-prinsippet, slik at råd i framtida skal gjevast i samsvar med den reviderte forvaltingsregelen.

Sjølv om kvoten på torsk er høgare enn haustingsregelen tilseier, så vil kvoten for 2010 likevel vere under føre-var-nivået. Basert på rådet frå ICES vil det fangstnivået ein er blitt einige om innebere at gytebestanden veks ytterlegare til 2011, og fiskepresset på bestanden er venta å verte om lag på same nivå som i 2008.

Den sameinte fangstregelen er svært viktig for å oppretthalde ei god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd for 2005 og 2006. I heile perioden 1998-2004 var kvotane høgare enn tilrådingane frå ICES, noko dei også var for 2007-2010. Avvika for 2007 og 2008 skuldast at kommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av forvaltningsregelen. I 2009 og 2010 blei partane einige om auke kvoten meir enn det den etablerte forvaltingsstrategien tilseier. Grunnlaget for dette var ICES si vurdering av bestandssituasjonen.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen gevinst ved å auke F681700740529
1996Ingen gevinst ved å auke F746700732572
1997Godt under Fmed< 993850762589
1998F < Fmed514654593386
1999Minka F til under Fpa360480485293
2000Auka SSB til over Bpa i 2001110390415240
2001Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003263395426355
2002Minka F til under 0.25181395535498
2003Minka F til under Fpa305395552549
2004Minka F til under Fpa398486606660
2005Bruk haustingsregelen, ta omsyn485485641619
til vern av kysttorsk og uer
2006Bruk haustingsregelen, ta omsyn471471538621
til vern av kysttorsk og uer
2007Minka F til under Fpa , ta omsyn til vern av kysttorsk og uer309424487692
2008Bruk haustingsregelen, ta omsyn409430464763
til vern av kysttorsk og uer
2009Bruk haustingsregelen, ta omsyn4735251079
til vern av kysttorsk og uer
2010Bruk haustingsregelen, ta omsyn577,560713531
til vern av kysttorsk og uer

1 Framskriving.

Nordaust-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21 000 og 322 000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 125 000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 % av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2008 var 156 000 tonn. Totalkvoten er auka frå 194 000 tonn for 2009 til 243 000 tonn for 2010.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er har ein tradisjonelt brukt same reknemodell som for nordaust-arktisk torsk. Utrekningane er basert på fangststatistikken, men også tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt inngår. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som torsken et. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk. Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar (i seinare år har som oftast også eit russisk fartøy teke del i dette toktet), og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Det har vore eit problem at området dekka av tokt har variert i ulike år. Særleg har dekkinga av russisk sone vore for dårleg i nokre år, og det har spesielt innverknad for den yngre hysa (1-3 år) som ofte har stor utbreiing i russisk sone. Likevel har vi god grunn til å rekne med at indeksane frå tokt fangar opp hovudtrekka i bestandssvingingane godt.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av nordaust-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (Figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983- årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert godt til den delen av bestanden som overlever til 3-års alder, og 0-gruppeundersøkinga av 2009 årsklassen indikerer sterk rekruttering etter to år der denne indeksen var under middels. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er framleis til stades, om bestanden vert forvalta etter vedtekne reglar.

Tilrådde reguleringar

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne og berekraftig fiskepress. ICES tilrådde ein kvote for 2010 på 243 000 tonn (Tabell 4.3) i tråd med den sameinte haustingsregelen.

Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore høgare enn tilrådde kvotar i heile perioden sidan 1990 (Tabell 4.3). Unntaka er 1997, 2003 og 2009-2010. Utrekningane er usikre, mellom anna på grunn av ikkje-rapporterte fangstar.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen langtidsgevinst for F > Fmed122130142170
1996Ingen langtidsgevinst for F > Fmed169170178214
1997Hald F godt under Fmed< 242210154195
1998Hald F under Fmed< 120130101146
1999Minka F til under Fpa< 747883114
2000Minka F til under Fpa< 376269105
2001Minka F til under Fpa< 668590131
2002Minka F til under Fpa< 6485115150
2003Minka F til under Fpa< 101101139179
2004Minka F til under Fpa< 120130158191
2005Minka F til under Fpa< 106117159208
2006Minka F til under Fpa< 112120153187
2007Avgrens totalfangst< 130150162206
2008Avgrens totalfangst< 130155156216
2009Bruk forvaltingsregel< 194194241
2010Bruk forvaltingsregel< 2432433631

1 Framskriving.

Norsk-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62°N var på 212 000 tonn i 2006, 199 000 tonn i 2007 og 183 000 tonn i 2008 (Figur 4.4), medan gjennomsnittsutbyttet for 1960-2007 var på 162 000 tonn. Kvoten for 2009 vart fastsett til 225 000 tonn. Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbyttet i perioden 1960-2008 var på 136 000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 % av dei norske landingane, not 25 %, garn 20 % og line, snurrevad og jukse 15 %.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62°N brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst per eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå eit akustisk tokt.

Bestandsgrunnlaget

I april 2009 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar. Seibestanden nord for 62°N er i god forfatning. Låg utnyttingsgrad etter 1995 har verka positivt på rekruttering og utvikling i bestanden (Figur 4.4). 1999- og 2002-årsklassene var gode, elles har rekrutteringa i seinare år vore middels eller lågare. Bestanden var på eit historisk høgt nivå i 2000-2005, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand. Indeksane frå kysttoktet hausten 2009 var mellom dei lågaste sidan 1991.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vere hausta berekraftig. Fiskedødsraten er stabil og har sidan 1995 vore under føre-var-nivået (F=0,35), og gytebestanden har sidan 1994 vore godt over føre-var-nivå (220 000 tonn). ICES evaluerte i 2007 den føreslegne haustingsstrategien (HCR) til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga. For 2010 tilrådde ICES at utnyttingsgraden vart sett i høve til denne haustingsregelen, noko som tilsvarer ein kvote for 2010 på 204 000 tonn.

Norske styresmakter har ved fastsetjinga av kvoten for 2010 på 204 000 tonn (Tabell 4.4) lagt til grunn den nye haustingsstrategien med ei utnyttingsgrad på føre-var-nivå (F=0,35). Kvoten er 9 % lågare enn kvoten for 2009 men om lag 50 % over gjennomsnittsutbyttet for 1960- 2008. Gytebestanden er venta å verte vidare redusert i 2010-2011 ved eit uttak på føre-var nivå.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F221165168404
1996Ingen auke i F158163171514
1997Minka F til Fmed eller lågare107125144535
1998Minka F til Fmed eller lågare1171451153647
1999Minka F til under Fpa871442150680
2000Minka F til under Fpa<891253136821
2001Minka F til under Fpa<115135136898
2002Minka F til under Fpa<15216241551031
2003Halde F til under Fpa<1684164160959
2004Halde F til under Fpa<1861691621040
2005Halde F til under Fpa<215215176918
2006Halde F til under Fpa<202193,5212966
2007Halde F til under Fpa<247222,5199849
2008TAC i.h.t. HCR eller lågare<247<247183776
2009Bruk haustingsregelen, ta omsyn til ­bifangst av vanlig uer225225690
2010Bruk haustingsregelen, ta omsyn2042045695
til bifangst av vanlig uer

1 TAC først sett til 125 000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152 000 tonn, auka til 162 000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168 000 tonn følgjeleg redusert til 164 000 tonn.

5 Framskriving.

Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni (ikkje utført i 2006-2009) og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen (max 5% sannsyn for SSB < 200 000 tonn) vert utarbeidde av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august-september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60% til Noreg. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES’ Arctic Fisheries Working Group.

Bestandsestimatet frå dette toktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår også temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor også kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2009.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2009.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2009. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men har sidan vore i vekst. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, men teke seg opp etter 2004.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år) og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Dei siste åra har det vorte målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen, men no også 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er difor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar i denne perioden kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand. Silda er no på det næraste ute av Barentshavet. Hausten 2009 vart det målt gode verdiar for 0-gruppe noko som indikerer at denne årsklassen er sterk. Samtidig vart det målt berre i underkant av halvparten så mykje 1-åringar som året før.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (tusen tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.

ÅrRåd frå ICES SSB=gytebestandTilrådd TACAvtalt TACFangstarModnande ­bestand
1998Ikkje fiske001931
1999SSB > 500 000 t< 79801051718
20005 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 4354354102099
20015 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 6306305752019
20025 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 6506506591290
20035 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 310310282280
2004Ikkje fiske000294
2005Ikkje fiske0211174
2006Ikkje fiske000437
2007Ikkje fiske0414844
2008Ikkje fiske0101102468
20095 % sannsyn for SSB < 200 000 t3903903902323
20105 % sannsyn for SSB < 200 000 t360360

1 forskingskvote

Reguleringar

Den modne delen av bestanden vart hausten 2009 målt til 2,3 millionar tonn, og basert på det fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2010 på 360 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på norskekysten i hovudsak frå Stad til Vesterålen. Beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 1990-talet til 2001. Frå vinteren 2001/2002 til vinteren 2006/2007 endra dette seg og bestanden har i aukande grad overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen. Denne endringa er no fullført ved at heile bestanden overvintrar i havet. Bestanden har dermed endra vandringsmønsteret sitt og vil truleg halde fram med å overvintre i havet. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.

Bestandsgrunnlaget

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (Figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2010 er gytebestanden rekna å vere om lag 12,2 millionar tonn, ein liten reduksjon i forhold til året før.

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild 1950 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild 1950 – 2010. Bestandsstorleiken i 2010 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2009

Fisket

Dei norske fangstanevert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august– oktober. I 2008 fiska Island store deler av kvoten sin i islandsk og færøysk sone i mai-august og gradvis inn i internasjonal sone og seinare norsk sone i Norskehavet i løpet av hausten. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I 2009 fiska Island meir i eiga sone, men også i norsk sone.

Rådgjeving

ICES har tilrådd eit fiske på 1 483 000 tonn for 2010. Bakgrunn for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0,125). Det vart semje mellom kyststatane om ein totalkvote på 1 483 000 tonn for 2010 og ei fordeling av den totale årlege fangsten. Dei vart også samde om å føre vidare utnyttingsgraden frå tidlegare i 2010.1Ikkje avtalt

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (tusen tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F513Ikkje avtalt9064976
1996Hald SSB over 2,5 millionar tonn1Ikkje avtalt12176545
1997Hald SSB over 2,5 millionar tonn1150014207887
1998Ikkje gå over haustingsregelen2130012237290
1999Ikkje gå over haustingsregelen1263130012356852
2000Ikkje gå over haustingsregelen1500125012075837
2001Ikkje gå over haustingsregelen7538507764794
2002Ikkje gå over haustingsregelen8538508084928
2003Ikkje gå over haustingsregelen710Ikkje avtalt7896298
2004Ikkje gå over haustingsregelen825Ikkje avtalt7947149
2005Ikkje gå over haustingsregelen890Ikkje avtalt10037715
2006Ikkje gå over haustingsregelen732Ikkje avtalt97011580
2007Ikkje gå over haustingsregelen12801280127111836
2008Ikkje gå over haustingsregelen15181518154412437
2009Ikkje gå over haustingsregelen1643164313335
2010Ikkje gå over haustingsregelen14831483122003

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn.

2 Må haustast innafor haustingsregelen.

3 Framskriving.

Nordsjøsild

Fisket

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Fisket går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.7. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2009, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-talet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på ca. 890 000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600 000-700 000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halden på eit lågt nivå i 1996-1997. Etter dette auka fangstane til 664 000 tonn i 2005. Deretter har fangstane gått ned til om lag 230 000 tonn i 2008.

Noreg og EU har ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES har i dei siste åra åtvara mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette, vart forvaltningsavtalen oppdatert i 2008. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten for ungsild ikkje skal overskride 0,05, og ikkje over 0,25 for vaksen sild når gytebiomassen er over 1,5 mill tonn. Det er også avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten når gytebiomassen er under 1,5 millionar tonn, men over 800 000 tonn. Avtalen har fastsett årlege endringar av TAC på +/- 15 %, nå gytebiomassen er over 800 000 tonn. Når forvaltningsregelen fører til ein gytebiomasse lågare enn 1,5 millionar tonn vert fiskedøden sett etter gitte formlar.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (Tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 10-15 % over kvoten. Dette kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100 000-200 000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga vart bifangstane av småsild reduserte til under 20 000 tonn årleg.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 millionar tonn til ca. 470 000 tonn (Figur 4.7). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 860 000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,75 millionar tonn i 2004, men med ein reduksjon til under 1,0 millionar tonn (Føre-var-gytebiomasse = 1,3 mill tonn) i 2007. Etter dette har gytebestanden lagt på dette nivået og i 2009 er den berekna til 971 000 tonn.

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, fekk vi ein nedgang i gytebestanden fram til 2009. Det har vore ein serie av svært låge rekrutteringar frå 2001 til 2008. Førebels berekning av rekrutteringa i 2009 tyder på at 2008 årsklassen er den sterkaste sia 2000, men fortsett svak. Den sterke årsklassen frå 2000 er framleis godt representert i bestanden. I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha risiko for ha redusert reproduksjonskapasitet og at fiskedødsraten er over avtalt mål.

EU og Noreg har i nokre år vedteke kvoter som ligger over råda frå ICES. Forvaltningsstrategien Noreg og EU er samde om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,05. Dette kjem mellom anna av forvaltningsplanen som seier at kvoten skal reduserast med maksimalt 15 % frå år til år. I 2008 vedtok Noreg og EU likevel ein kvotereduksjon på 40 %. Den nye planen er i følgje ICES i tråd med føre-var prinsippet. Dei to siste åra har EU og Noreg heldt seg til råda og totalkvoten for 2010 vart sett til 164 446 tonn i det direkte fisket og EU sin bifangstkvote til 13 587 tonn. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje vorte fiska opp.

Figur 4.7 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1960 – 2009. Fangst og bestand i 2009 er prognosar.

Figur 4.7 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1960 – 2009. Fangst og bestand i 2009 er prognosar.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild frå 1995-2010.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACBifangst kvoteFangstar3 IV, VIIdGytebestand
1995Langsiktig gevinst forventa med lågare F4291440510461
199650 % reduksjon av avtalt TAC11561156244207462
1997F = 0,2159115924175560
1998F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1254125422268734
1999F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1265126530290858
2000F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1265126536284865
2001F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,2Scenarier265362961301
2002F(vaksen) = 0 2 F(ungfisk)< 0,1Scenarier265363041587
2003F(vaksen)= 0,25 F(ungfisk)=0,12Scenarier400524141709
2004F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,1Scenarier460384841753
2005F(vaksen) = 0,25 F (ungfisk)=0,1Scenarier535505681616
2006F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12Scenarier455434901234
2007Få gytebestanden tilbake til Bpa innan 2008Scenarier34132361953
2008F(vaksen )= 0,17 F(juv)=0,08 (MP)Scenarier20119228999
2009Ny forvaltningsregelScenarier171169714
2010F(vaksen) = 0,15 F(ungfisk)=0,05Scenarier164,414

1 Fangst i direkte fiske i IV og VIId

2 Revidert i juni 1996, ned frå 263

3 Landingar gitt av arbeidsgruppa (HAWG) og vil ikkje i alle høve korrespondere med offisiell statistikk

4 Framskriving

Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med 40 %, frå 1,7 millionar tonn i 2002 til rundt 2,5 millionar tonn i dei siste åra. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2008 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre 5 % av nivået på 1960-talet. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600 000–650 000 tonn til over 800 000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997 (Figur 4.8). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII) (sjå Fig. 3.1).

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 % høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra. Ein har med eksperimentelle forsøk på fiskefeltet dei siste åra kvantifisert neddreping grunna trenging av makrell før slepping. Denne dødsraten er potensielt mykje større enn tidligare rekna med. Frå norsk side vil det verte jobba grundig framover med problemstillinga for å redusere denne uønska dødsraten. Fangstane frå kyststatane er venta å verte tett på 650 000 tonn for 2009. Island har i tillegg rapportert fangstar på 112 000 tonn makrell i islandske farvatn i 2009. Men ICES har ikkje uavhengige kjelder som kan stadfeste artssamansetjinga i dei islandske fangstane.

Bestandsgrunnlaget

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde:

  • Nordsjøen

  • Sør og vest av Irland

  • Utanfor Portugal og Spania.

Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart fram til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.8.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2007 i dei vestelege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2008. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har gått ned sidan 1998, medan dei innmelde fangstane ikkje er store nok til å gje ein slik reduksjon. Gytebestanden vert no berekna slik at ein nyttar trenden i gytebestanden frå eggtokta, slik at utrekningane passar med fangstane. Dette fører til ei anna oppfatning av bestandsnivået. Gytebestanden i 2003 og 2004 vart rekna til 1,7 og 1,9 millionar tonn, som er 40 % lågare enn det 2003- og 2004-gytebestanden vart rekna til når eggtokta vart nytta som absolutte verdiar. Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 %, og nordsjøkomponenten har vore låg (1-5 %) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970- talet. På grunn av dei nemnde problema med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre. Gytebestanden vart vurdert til 2,4 millionar tonn i 2009.

Rådgjeving

Noreg, EU og Færøyane har sidan 1999 vore einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15-0,2 som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18 % av gytebestanden. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Til grunn låg eit omfattande forskararbeid for å kartleggje moglege reglar for kvoteberekning med tanke på fangstnivå, stabilitet og låg risiko for bestanden. Norge, EU og Færøyane vart einige om at dersom den samla fangsten ikkje fører til ein mindre gytebestand i kvoteåret enn 2,2 millionar tonn, skal fangsten svare til ein fiskedødsrate på mellom 0,20 og 0,22. Likevel skal ikkje kvoten endrast meir enn 20 % frå eitt år til det neste, sjølv om dødsraten då fell utanfor det vedtekne intervallet. Dersom slike fangstar fører til ein mindre gytebestand enn 2,2 millionar tonn skal mindre fiskedødsrate leggjast til grunn. Den reviderte forvaltingsplanen blei i 2009 evaluert av ICES og funnet å vere i samsvar med føre-var-prinsippet viss TAC svarar til totalt uttak frå bestanden. ICES har ut frå dette tilrådde ein kvote for 2010 på inntil 572 000 tonn som tilsvarar F = 0,22.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stenge den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Råd gitt for kvar gytekomponent6457562424
1996Betydeleg reduksjon av F4525642448
1997Betydeleg reduksjon av F4705702561
1998F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtalen)4985496672470
1999F = 0,154375626162486
2000Fpa = 0,176426126752222
2001Fpa = 0,176656706872158
2002Fpa = 0,176946837271766
2003Fpa = 0,175425936171776
2004Fpa = 0,175455326111909
2005F = 0,15 til 0,204204225432378
2006F = 0,15 til 0,204874444292476
2007F = 0,15 til 0,205095005792505
2008F = 0,15 til 0,204564566002492
2009F = 0,15 til 0,205786052591
2010Haustingsregel5722440

Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

Fisket

I dei siste åra har landingane i snitt lege rundt 110 000 tonn (Figur 4.9). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort ca. 7-8 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2009 er 110 000 tonn. Det er ca. 16 000 tonn mindre enn avtalt TAC. Den norske delen av totalfangsten dei siste ti åra har vore like over 50 %. Førebelse oppgåver for 2009 tyder på at norsk fangst i Nordsjøen, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 59 000 tonn. Dette er om lag 11 000 tonn mindre enn kvoten på 70 668 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten i Nordsjøen.

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Nordsjøbestanden er svært stor samanlikna med bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema med bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna og i 2006 vart det starta opp eit tokt på norskekysten sør for 62°N som skal undersøkje to- og treåringar.

Bestandsgrunnlaget

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland opptil 1 million tonn. Han vart redusert til ca. 260 000 tonn kring 1990 (Figur 4.9), for så å auke til vel 500 000 tonn i 2005. Etter dette har den gått noko ned igjen til kring 450 000 tonn i dei siste åra. Gytebestanden, som i 1974 var på 555 000 tonn, nådde eit minimum på 100 000 tonn i 1991, men er no utrekna til 235 000 tonn i byrjinga av 2010. Fiskedødsraten gjekk ned i heile perioden frå 1986 til 2004, men har auka noko igjen fram til 2008 då den vart berekna til å vere 0,30. 2004 årsklassen av sei var om lag 40 % sterkare enn tidlegare årsklasser, medan 2005 var svak. Gode mål for 2006 og 2007 årsklassane fins enno ikkje, så for desse årsklassane er det brukt langtids gjennomsnitt.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200 000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40 (33 %). Gytebestanden har sidan 1997 hatt godt reproduksjonspotensial.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen/Skagerrak sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand2
1995Ingen auke i F107107113135
1996Ingen auke i F111111110154
1997Ingen auke i F113115103194
1998Reduser F med 20 %9797100193
1999Reduser F til F pa104110107202
2000Reduser F med 30 %758588188
2001Reduser F med 20 %878790210
2002F < F pa135135116203
2003F < F pa< 176165102233
2004F < F pa< 2111190100276
2005F < F pa< 1501145112279
2006F<Fpa< 123,31123117277
2007I samsvar med forvaltingsplan< 123.8112394264
2008I samsvar med forvaltingsplan< 137136112261
2009I samsvar med forvaltingsplan< 126126263
2010I samsvar med forvaltingsplan< 1071072353

1 Forvaltinga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.

2 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

3 Framskriving

Rådgjeving

ACFM har tilrådd at forvaltningsplanen som EU og Noreg er blitt einige om skal brukast (F=0,30). Dette tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 107 000 tonn. Noreg og EU vart einige om ein totalkvote på 107 044 tonn for 2010. Av dette kan Noreg disponere 55 613 tonn, der alt kan fiskast i EU-sona (sjå tabell 4.10).

Torsk, hyse, kviting og raudspette i Nordsjøen

Fisket

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i fiskedøying av torskefisk, særleg for dei yngre årsklassane. Det er et stort utkast av undermåls fisk i alle fiskeria.

Torskelandingane fall frå 300 000 tonn i 1981 til ca. 24 000 tonn i 2007 og gjekk litt opp att i 2008 til 27 000 tonn. Ein skal vere merksam på at det i det berekna totale uttaket er medrekna utkast og «svarte landingar». Det var då ca. 70 000 tonn i 2007 og 91 000 tonn i 2008 (Figur 4.10). Norsk fiske i 2008 var vel 4 000 tonn. I 2007 og 2008 vart om lag halvparten (vel 20 000 tonn) av all torsk som vart fiska kasta ut att. Vi reknar med at lite av dette overlevde. Sjå kapittel 2.7 for ei nærmare omtale av utkastproblematikken.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980-1986 og fall gradvis til eit nivå på 100 – 170 000 tonn i tiårsperioden 1991 – 2002 (Figur 4.11). Etter dette har fangstnivået vorte ytterlegare redusert til kring 60 000 tonn. I 2008 vart det fanga 44 000 tonn, der 13 000 tonn vart kasta ut. Prognosen for utkast i 2010 er om lag 8 000 tonn, medan den norske kvoten er 8 073 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.

Utbytet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra (Figur 4.12), men er monaleg lågare enn i perioden 1960 – 1980. Storbritannia tek om lag 80 % av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 1 517 tonn i 2009. Førebels fangsttal indikerer at den norske fangsten vert rundt 129 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.

Utbyttet av raudspette har vore minkande og landingane er no på ca. 50 000 tonn mens dei i ei lang periode fram mot midten av 1990-talet var på over 100 000 tonn (Figur 4.13). Noreg hadde ein kvote på 2 885 tonn i 2009. Noreg disponerer 7 % av total TAC.

Bestandsgrunnlaget

Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 250 000 tonn i 1970 til langt under Blim , som er 70 000 tonn, sidan 1999. ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim . Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa ) er vurdert å vere 150 000 tonn. Dagens fiskemønster fører til høg fiskedøying for eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har det ikkje lukkast å få bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002, 2004 og 2006 er dei svakaste som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150 000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig redusert.

Etter dei gode årsklassane av hyse i 1999 og 2000 har det blitt lenger mellom dei gode, og berre 2005- årsklassen kan reknast som ein god årsklasse. Dei andre er til dels svært svake. Gytebestanden er i 2009 vurdert til å vere omlag 229 000 tonn, og såleis over Bpa på 140 000 tonn. Fiskepressnivået i 2008 vart vurdert til å vere 0,25 og dette er mindre enn den F som er lagt til grunn i forvaltingsregelen mellom Noreg og EU (F=0,3).

Det er ikkje nok informasjon om kvitingbestanden til å vurdere gytebestand og fiskedødsrate. Dei fleste analysar indikerer at bestanden er på eit svært lågt nivå. Fiskedøying på raudspette har vorte kraftig redusert dei siste åra og gytebestanden aukar. Uttaket av bestanden reknast som berekraftig og gytebestanden er over grensa for god reproduksjonsevne.

Rådgjeving

For torsk tilrår ICES på basis av den sameinte forvaltingsplanen at F i 2010 ikkje må vere høgare enn 65% av F (2008), det vil seie F(2010) = 0,51. Det gjev ein totalfangst på 66 400 tonn. Ved å bruke same utkast deler som i 2008 gjev dette ein TAC som må vere mindre enn 40 300 tonn. Gjeve den lave bestandsstorleiken og dei seinaste års dårlege rekruttering så vil ikkje det vere mulig å byggje opp igjen gytebestande til over Bpa i starten av 2011, sjølv med ingen fangst i 2010 i det heile. Den vedtekne forvaltningsplanen for hyse (F=0,3) gjev ein fangst på omlag 46 000 tonn, der 38 000 tonn av dette er sett av til konsumlanding og 8 000 tonn til utkast. For kviting bør konsumfangsten ikkje vere høgre enn 6 800 tonn. ICES har basert sitt kvoteråd på 63 825 tonn raudspette på EU sin forvaltningsplan åleine. Ettersom raudspette er ein fellesbestand har Noreg på prinsipielt grunnlag protestert overfor ICES. Det er nå semje om at EU og Noreg skal utarbeide ein felles forvaltningsplan.

Noreg og EU er samde om desse totalkvotane for 2010: 33 552 tonn torsk, 35 794 tonn hyse, 12 897 tonn kviting og 63 825 tonn raudspette (sjå tabellane 4.11 – 4.14). Noreg disponerer 5 704 tonn torsk, 8 073 tonn hyse, 790 tonn kviting og 4 268 tonn raudspette. Alt kan fiskast i EU-sona.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 19951

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsatsen12022396
199680 % av F(94) = 0,7141130199104
199780 % av F(95) = 0,6513511517391
1998F(98) burde ikkje overstige F(96)15314017976
1999F = 0,60 for å byggje opp att SSB12513213974
2000F mindre enn 0,55< 79819649
2001Lågast mogleg fangst048,67639
2002Lågast mogleg fangst049,38247
2003Ikkje fiske027,37744
2004Ikkje fiske027,35440
2005Ikkje fiske027,35237
2006Ikkje fiske023,25334
2007Ikkje fiske0207042
2008Utnyttast i tilhøve til føre-var grenser< 2222,29157
2009Ikkje fiske028,860
2010Forvaltingsplan F (65% av F2008)< 40,333,52663

1 Fangst inkluderer totalt estimert uttak, og gytebestand i Subarea IV, Divisjon VIId og IIIa

2 Ei tilleggskvote på totalt 1 677 tonn (Noreg har av desse 285 tonn) er tilgjengeleg som ein del av avtale om fullt dokumentert ­fiskeri

3 Framskriving

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen (ICES Subarea IV) sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand1
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri120140163
1996Må ta omsyn til blanda fiskeri120154203
1997Må ta omsyn til blanda fiskeri114138227
1998Ingen auke i F100,3115128205
1999Reduser F(95–97)med 10%7288,6111159
2000F mindre enn F pa< 51,773100138
2001F mindre enn F pa< 5861165315
2002F mindre enn F pa< 94104101518
2003Ingen fangst av torsk0 torsk5276506
2004Blandingsfiske vurderingar0 torsk8565434
2005Blandingsfiske vurderingar926657375
2006Blandingsfiske vurderingar395255299
2007Blandingsfiske vurderingar55,45561215
2008Blandingsfiske vurderingar49,34642203
2009Blandingsfiske vurderingar44,742229
2010Blandingsfiske vurderingar3835,82042

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og Skagerrak.

2 Framskriving

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var grense for denne bestanden.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2009 og 2010 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var grense for denne bestanden.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri8198254
1996Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk6769219
1997Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk7454188
1998Ingen auke frå 1996 nivået546040157
1999Minst 20 % reduksjon av F(95–97)40,44455163
2000Lågast mogleg fangst03055211
200160 % reduksjon av F(97–99)19,43043229
2002F ikkje større enn 0,37< 333240222
2003Ingen fangst av torsk1638179
2004Ingen fangst av torskInga auke1625160
2005Ingen fangst av torsk5228,522133
2006Ingen fangst av torsk< 17,323,827120
2007Ingen fangst av torsk< 15,123,82498
2008Ingen fangst av torsk< 15,117,92287
2009Ingen fangst av torsk< 11,015,294
2010Ingen fangst av torsk< 6,812,9891

1 Framskriving

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2009 og 2010 er prognosar

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2009 og 2010 er prognosar

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Kraftig reduksjon i F8711598208
1996Reduksjon i F på 40%618182180
1997Reduksjon i F på 20%809183197
1998F=0,3828772227
1999F=0,310610281202
2000F=0,3959781231
2001F=0,26787882271
2002F < Fpa< 777770197
2003F=0,236047367222
2004Gjenoppbyggingsplan6161203
2005Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2006355956236
2006Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2007485758248
2007Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2008< 325050254
2008Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2009< 354949345
2009Avgrens totale landingar til 55 500 tonn< 55,555,5388
2010Avgrens totale landingar til 63 825 tonn< 63,863,84421

1 Framskriving

Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar; ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, difor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgjevinga i ICES.

Fisket

Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har og føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, også då med flytetrål. Dette fisket har dei seinare år praktisk talt falle bort. Elles tek industritrålflåten kolmule gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2009 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 606 000 tonn (Figur 4.14). Den norske flåten fiska om lag 226 000 tonn kolmule i 2009. Kolmuletrålarane tok den største delen av fangsten, over 90 %, resten vart fiska av industritrålarane i Nordsjøen og langs kysten nordover. Noreg sin del av totalfangsten i 2009 var om lag 37 %.

Utrekningsmetodar

For kolmule brukast ein SMS (Stochastic Multi-Species) modell til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) og aldersgrupper frå tre akustiske tokt. Denne modellen har vore brukt dei siste fire åra.

Bestandsgrunnlaget

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, og er nå raskt på veg nedover (Figur 4.14). På midten av 1990-talet byrja kolmulebestanden å produsere ei rekkje årsklasser som var fleire gonger sterkare enn det som tidlegare var observert. Dette førte til ei mangedobling av bestandsstorleiken og ei tilsvarande auke i fangstkvantumet. Situasjonen med sterke årsklasser år etter år ser ut til å vere dramatisk endra og årsklassene som vart gytt i 2005 – 2008 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Gytebestanden er venta å vere litt høgare enn føre-var-grensa på 2,25 millionar tonn i starten av 2010.

Rådgjeving

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltninga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og evaluert av ICES i 2009. Den reviderte forvaltingsplanen blei stadfesta av ICES å vere i samsvar med føre-var-prinsippet. Målet er at gytebestanden skal vere høgare enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn).

Tilrådinga frå ICES for 2010 er eit samla uttak på 540 000 tonn, som er i samsvar med forvaltingsplanen. Totalkvoten i 2010 er den same som tilrådinga. Etter overføringar kan norske fartøy fiske 205 792 tonn kolmule i 2010. Det er uråd å unngå nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgre.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Tala for fangst og gytebestand i 2009 og 2010 er prognosar.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Tala for fangst og gytebestand i 2009 og 2010 er prognosar.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kolmule sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Føre-var TAC for kombinert bestand51865015792315
1996Føre-var TAC for kombinert bestand50065016462164
1997Føre-var TAC for kombinert bestand5406722250
1998Føre-var TAC for kombinert bestand65011253240
1999Fangstar over 650 000 t vil ikkje vera "berekraftig i det lange løp65012563939
2000F må ikkje overstige foreslått Fpa80014124261
2001F må ikkje overstige foreslått Fpa62817804729
2002Gjenoppbyggingsplan015565869
2003F < foreslått Fpa60023217352
2004Oppnå 50% sannsyn for at F < Fpa92523787445
2005Oppnå 50% sannsyn for at F < Fpa107520277049
2006F gamal forvaltingsplan15002100219667129
2007F < foreslått Fpa9801847316125995
2008F < Fpa8351250412464749
2009Halde bestanden over Bpa38460653586
2010Følg den avtalte forvaltingsplanen54054030596

1 NEAFC forslag for NEAFC region 1 og 2

2 Avtalt TAC mellom kyststatene på 2 mill t og i tillegg tildeling til Russland i int.farvann på 100 000 t

3 Avtalt TAC mellom kyststatene på 1,7 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland på 147 000 t

4 Avtalt TAC mellom kyststatene på 1,1 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland

5 Avtalt TAC mellom kyststatene på 0,59 mill t og i tillegg tildeling til Russland 16 000 t

6 Framskriving

Fotnotar

1.

pa = precautionary approach = føre var

Til forsida