Meld. St. 18 (2009-2010)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Til innhaldsliste

Del 4
Fisket etter avtalane i 2008 og 2009

5 Fisket etter avtalane i 2008 og 2009

5.1 Den felles forvaltninga

I omtalen av fisket etter avtalane for 2008 og 2009 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2008 og 2009.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.2 Norsk hausting av kvotar

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

Noreg – Russland

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2008200920082009
Torsk195 413237 100209 605237 121
Hyse76 50095 05072 553104 931
Lodde5 000233 0005149232 569

1 Kvotetala for lodde inneheld forskingsfangst. For åra 2008 & 2009 vart det avsett 5 000 tonn torsk til forskingsfangst. Avtalen med Russland for 2008 (2009) opna for å avsette 11 000 (9000) tonn torsk til forskings- og forvaltningsføremål, men ein fann det tilstrekkeleg å vidareføre kvoten på 7000 tonn. Avtalen for 2008 og 2009 opna vidare for å avsette 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsføremål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norskefartøy.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 11.02.2010 og inneheld forskingsfangst. Når det gjeld lodde for 2008 er alt forskingsfangst. I 2009 vart det opna for eit kommersielt fiske.

Torskekvoten nord om 62°N blei godt utnytta i 2008 med ei utnyttingsgrad på vel 103 % (inkludert forsking).Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 95 % i 2008, mens den i 2009 var på heile 110 %. Kvoten blei altså noko overfiska. Bakgrunnen for dette er samansett. Mellom anna vart tilgjengelegheita betre enn forventa, og trålarane og dei konvensjonelle havfiskefartøya kunne i større grad enn tidlegare gå på eit reint hysefiske.

Generelt har trålarane og andre havfiskefartøy fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimalkvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten. Når eit fiskeri er regulert med maksimalkvotar er summen av maksimalkvotane større enn gruppekvoten. Differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimalkvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 %. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan også føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Torsk140 000140 00015054245
Hyse20 00020 00012274420
Reker300025005701
Grønlandssel10 0007000--
Lodde---21 268
Steinbit15001200447105
Flyndre1000500--
Bifangstkvote5005002756

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 11.02.2010.

Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2008 fiska Noreg 0,7 % av torskefangstane og 1,7 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2009 var 1,8 % for torsk og 4,2 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane. Noreg kunne fiska heile loddekvota i RØS.

I 2008 deltok 2 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan berre 1 fartøy er registrert med rekefangst i 2009. Når det gjeld grønlandssel var det ingen norskefartøy som gikk til østisen for å fangste i 2008 og 2009.

Noreg – EU

Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4.

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

ArtKvotar (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2008200920082009
Torsk3384451441294233
Hyse7375797814731277
Sei68 37663 88161 26457 708
Kviting159513279273
Raudspette Makrell1105 120 4502885 190 8021051 121 4961116 121 228
Nordsjøsild63 96053 40063 84353 766

1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 19.02.2010. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa ,IV og VIa.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

Norske kvotar i EU sitt farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2008 og 2009 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. I 2009 fekk Noreg i tillegg tildelt kvoter av torsk frå EU for fiske i grønlandsk sone. For desse artane er det i denne meldinga berekna at EU-kvoten utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i såpass stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noregs kvotar tildelte av Grønland (sjå tabell 5.6).

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2008200920082009
EUF, Nordsjøen1 :
Torsk23384451413031205
Hyse273757979482386
Sei268 37663 88128 95017 920
Kviting2178515171739
Raudspette2110528859871078
Makrell31 13441 30729 39055 501
Sild250 00049 59041 93443 095
Augepål100010005221289
Tobis20 00027 50021 83527 418
Brisling10 06310 00012667956
Reker-31
Hestmakrell160036005533734
Sjøtunge9090141
Andre artar27202720670
EUF, vest om 4°V3 :
Makrell930012 3003948121
Kolmule304 269158 458307 567155 655
Blålange15015099121
Lange5638563852195207
Brosme43350335024502608
Pigghå4505041
Håbrann-10
Kombinert kvote140140199174
Blåkveite350350155
EUGRL, Vest-Grønland5 :
Blåkveite800800800800
Kveite100751759
Skolest/Isgalt o.a.66060116
Torsk7-250-250
EUGRL, Aust-Grønland5 :
Reker325035001530979
Blåkveite824824119116
Kveite1007510020
Uer35003000--
Lodde---
Skolest/isgalt o.a.660601113
Torsk7-250-250

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010. Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå: Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 22.02.2010. Fangsttala på artane blåkveite, blålange, lange og brosme inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IV og IIa.

4 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 % være bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

5 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010.

6 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

7 For 2009 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 500 tonn torsk.

8 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 % være bifangst (maksimalt 3000 tonn i 2008).

9 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 12. mars 2009.

10 For 2008 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy berre fiske 1000 tonn augepål i 2008 og 2009. EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2009 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis i perioden 1. april til 6. mai 2008. Av ein kvote på 27 500 tonn i EU-sona, fiska norske fartøy 27 418 tonn tobis i 2009.

Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS sør om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 539 585 tonn kolmule i 2007 og 418 289 tonn i 2008 i desse områda.

Det var høve til å overføre 2000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2008 og 2009. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fiskeriet kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3000 tonn begge åra, og vart rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 9138 tonn i både 2008 og 2009.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme og isgalt.

100 % av uerkvoten vart overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærare i punkt 5.1.6.

Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, blir desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga blir den norske fangsten kvoteavrekna kvoten tildelt frå EU først, men det er ingen avtale som seier at det er slik det skal gjerast.

Noreg – Færøyane

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Lange/blålange252525251201819
Brosme184718471095939
Sei1051055324
Blåkveite----
Håbrann/Pigghå----
Breiflabb----
Makrell16252157--
Hestmakrell23050--
Kolmule15 06011 30011 9783355
Andre artar89189111684

1 Vaktar- og Bjargingartænastan på Færøyane per 02.11.2009

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.5.

Fisket etter bunnfisk kunne drivast med garn og line, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 2465 tonn botnfisk i færøysk sone i 2008, tilsvarande tal for 2009 var 1864 tonn botnfisk. Dette gir ein utnyttingsgrad på om lag 46 % i 2008 og 35 % i 2009.

I 2009 hadde Noreg en enda lågare utnytting av kvotane i færøysk sone enn i 2008. Dette kan mellom anna sjåast i samanheng med høge torske- og hysekvoter i norsk sone samt at kvoteavtalen ikkje blei inngått før i februar 2009 slik at lineflåten allereie hadde valt andre alternativ.

Norske ringnotfartøy pleier å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 11 978 tonn i 2008 og 3355 tonn i 2009.

Noreg – Grønland

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Vest-Grønland:
Blåkveite650700535715
Aust-Grønland:
Blåkveite425375--
Kveite25023545-
Uer7007003189
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk750750770502

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 20.02.2010. Heile kvoten frå Grønland kunne også fiskast i internasjonalt farvatn, sjå punkt 5.1.9.

Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2008 og 2009 går fram av tabell 5.6.6. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4). Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64°30" N eller nord om 68°N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 3 trålarar i fisket både i 2008 og 2009. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok 2 linefartøy og 2 trålarar i 2008, medan berre eit linefartøy og ein trålar deltok i 2009.

I 2008 var det 17 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland, mens det i 2009 var 16 (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 5 fartøy deltok i rekefisket i 2008, medan berre to deltok i 2009.

I 2008 vart det fiska 31 tonn uer av ein kvote på til saman 4100 tonn. Kvoten vart altså dårleg utnytta, noko som også var tilfellet i 2009 da det vart fiska 89 tonn uer av ein kvote på til saman 3 700 tonn. Heile kvoten frå Grønland kunne fiskast i internasjonalt farvatn, medan halve kvoten frå EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn.

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 2008 deltok 2 linefartøy, medan i 2009 berre eit. I begge åra kunne dei fiske fritt innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. I 2008 og 2009 vart desse kvotene godt utnytta.

Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Brosme, lange, blålange500500491386
Kveite-42
Uer-2119
Anna-65141
Lodde-30 031-28 252

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 09.03.2010.

Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2008 og 2009.

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Noreg – Grønland – Island: lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2008/2009 og 2009/2010

  Kvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
Art2008/20092009/20102008/20092009/2010
Lodde-30 031-28 252

1 Noregs Sildesalslag per 11.03.2010.

Noreg sine kvoter og fangstar på lodde i sesongane 2007/2008 og 2008/2009 går fram av tabell 5.8.

På grunn av låg gytebestand vart det ikkje opna for loddefiske i 2008/2009. I følgje avtalen mellom Noreg og Island om fiske i Barentshavet skulle Noreg fiske 14 592 tonn lodde av Islands kvote for sesongen 2008/2009. Sidan endeleg TAC vart satt lågare enn foreløpig TAC, fiska norske fartøy 4704 tonn over kvote sesongen 2007/2008. Dette kvantumet skulle trekkjast frå Noregs kvote neste sesong. Etter forhandlinga mellom Noreg og Island våren 2009 vart denne differansen kompensert ved at Noreg fekk tildelt Islands kvote på 334 tonn reke i NAFO-område 3L i 2009.

På grunn av at 2007-årsklassa vart estimert til å vere svært låg, tilrådde ikkje ICES at det vart opna for eit loddefiske sesongen 2009/2010. På bakgrunn av bestandsmålingar gjort vinteren 2009/2010 fant det islandske havforskingsinstituttet det likevel tilrådeleg å anbefale ei opning av loddefiske den 29. januar 2010.

Det blei fastsett ein TAC på 130 000 tonn lodde og det norske loddefisket vart opna 29. januar 2010. Noreg hadde ein førebels kvote på totalt 28 431 tonn og heile kvoten kunne fiskast i Island si økonomiske sone (IØS).

Førebels TAC for 2009/2010 vart 21. februar auka til 150 000 tonn lodde. Den norske totalkvoten vart då auka med 1600 tonn. Kvoten var samansett av 12 000 tonn frå trepartsavtalen og 18 031 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Heile kvoten kunne fiskast i IØS.

Til saman vart det fiska 28 252 tonn lodde i sesongen 2009/2010 av totalt 31 ringnotfartøy. Manglande fiskemoglegheit som fylgje av at TAC blei auka etter 15. februar 2010 vil verte kompensert neste sesong.

Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Torsk10213328178
Hyse120109170121
Kviting19191410
Raudspette1871877960
Sild26892503240243296
Makrell--6251406
Brisling39003900895672
Reker5415541557444268

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 02.03.2010.

2 Inntil 30 % (20 %) av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i 2008 (2009).

Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2008 vart det fiska 494 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2009 var 343 tonn.

For sild og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2008 og 2009 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.

I 2008 vart sildekvoten delt med 3000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2009. Kystbrislingflåten fiska om lag 23 % i 2008 og 17 % i 2009 av brislingkvoten. Kystreketrålarane tok rekekvoten i 2008, medan dei i 2009 har utnytta 79 % av kvoten.

Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Torsk----
Lodde----
Uer----
Reker 3M--261-
Reker 3L284668345672

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 02.03.2010.

Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 90-tallet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Både i 2008 og 2009 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. Norske fartøy hadde i tillegg høve til å fiske 284 tonn i 2008. I 2009 var den norske kvoten i 2L i utgangspunktet satt til 334 tonn, men som kompensasjon for manglande loddekvote frå Island blei Noreg i tillegg tildelt den islandske rekekvoten i 3L på 334. Den totale norske kvoten i 3L i 2009 vart dermed på 668 tonn.

I 2008 fiska ein reketrålarar i 3M til saman 261 tonn, medan ingen fartøy fiska i 3M i 2009. I 2008 fiska to norske fartøy 345 tonn i 3L, medan eitt norsk fartøy fiska 672 tonn i same område i 2009.

Norsk fiske i Irmingerhavet

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)1
  2008200920082009
Uer41415291486-

1 Inkluderer også fangstar under kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.6

Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.11. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Norske fangstar gjekk drastisk ned frå 486 tonn i 2008 til inga fangst i 2009. Årsaka til dette var redusert deltaking på grunn av høge drivstoffprisar, og at det vart funne lite uer.

Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde II (Smotthavet), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2007 rapporterte norske fartøy 1813 tonn og i 2008 778 tonn frå dette området.

Norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.12 og 5.13.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2008

STATKvoteOverføringKvote etter overføringFangstBalanse
EU98 822 98 822101 399-2 577
Færøyane78 32978 32976 3721 957
Island220 262220 262222 800-2 538
Noreg925 980925 980963 983-38 003
Russland194 607194 607193 1191 488
Totalt1 518 0001 518 0001 557 673 

1 Fangsttala er førebelse og innrapporterte frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

Tabell 5.13 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2009

STATKvoteBalanse 2008OverføringerKvote etter overføring og fleksiblitetFangst 2009Balanse 2010
EU106 959-2577-104 382109 736-5354
Færøyane84 7791957195786 73691 066-4330
Island238 399-2538-235 861265 480-29 619
Noreg1 002 230-38 003-964 2271 016 671-52 444
Russland210 63314881488212 121204 0498072
Totalt1 643 000  1 603 3271 687 002 

1 Fangsttala er førebelse og innrapporterte frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2008

  Fangst fordelt på soner (tonn) 
STATKvote etter overføringerINTEUFROIØSNØSJMVSRØSTotaltBalanse 2009
EU98 82220 355---71 2819763--101 399-2577
Færøyane78 32919 368-5768849335 0977646--76 3721957
Island220 26219 277-4536130 44742 60425 936--222 800-2538
Noreg925 98012 532---948 7642687--963 983-38 003
Russland194 60723 118-793-134 138933425 70927193 1191488
Totalt1 518 00094 650-11 097138 9401 231 88455 36625 709271 557 673 

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

Tabell 5.15 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2009

  Fangst fordelt på soner (tonn) 
STATKvote etter overf./ balanseINTEUFROIØSNØSJMVSRØSTotaltBalanse 2010
EU104 3823904---89 956-15 876-109 736- 5354
Færøyane86 73625958-1570592161 9822188313 752-91 066-4330
Island235 86115 100-3780207 02435 9463630--265 480-29 619
Noreg964 22753 406---963 146119--1 016 671-52 444
Russland212 12130 545-717-112 929399455 864-204 0498072
Totalt1 603 327108 913-6067212 9451 263 959962685 492-1 687 002 

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 9. mars 2010 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

2 Inkludert kvote og fangst tatt av Grønland

Kommentarar til oversikta (tabellane 5.12, 5.13, 5.14 og 5.15)

12. november 2008 vart det underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2009. Kyststatsavtalen gav ein totalkvote på 1 518 000 tonn. Kyststatane vart også einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 % av ubrukt kvote til neste år. Det vart også høve til å forskottere inntil 10 % på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år.

Noreg fiska i 2008 heile 38 003 tonn meir enn den norske kvoten på 925 980 tonn. Dette kvantumet ble trekt frå norsk kvote for 2009. Både i 2008 og 2009 vart kvoten fiska i NØS, internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2009 fiska Noreg heile 53 406 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 12 532 tonn i 2008.

I 2008 og 2009 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn og i vernesona rundt Svalbard. Det russiske hovudfisket føregjekk i NØS nord for 62.

Islendingane fiska i 2008 og 2009 heile 130 447 tonn og 207 024 tonn sild i si eiga sone. I 2008 nytta dei heile sonetilgangen til NØS nord for 62°N, norske styresmakter stoppa derfor det islandske fisket 1. desember 2008. I 2009 vart sonetilgangen til NØS ikkje fullt nytta.

Alle landa med unntak av Russland har i 2009 fiska på forskot på 2010-kvoten. Noreg og Island fiska heile 52 444 tonn og 29 619 tonn over kvotane sine (etter overføringar/balanse) i 2009. Dette kvantumet trekkjast frå Noregs og Islands kvote i 2010.

5.3 Utanlandsk hausting av kvotar i norske havområde i 2008 og 2009

Russland – Noreg

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2008 og 2009 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.16). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 5.16 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2008200920082009
Torsk158 650201 100190 225229 360
Hyse65 50084 05068 79285 612

Kvotetala inneheld ikkje murmansktorsk og kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål. For åra 2008 og 2009 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk. Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norsk styresmakter og inkluderar fangst av murmansktorsk.

Tabell 5.17 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
NØS N 62°N:
Torsk140 000140 00052 82357 608
Hyse20 00020 00014 00020 124
Sei15 00015 00011 12510 923
Blåkveite-5291099
Steinbit2000300021461926
Uer1000100012191327
Snabeluer100010001098950
Kolmule21 75510 26813642800
Norsk vår­gytende sild194 607210 633136 077112 929
Lodde-152 000-276
Andre artar30003000771233
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild--10 3323994
Kolmule--786387

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.17. Av torskekvoten i NØS i 2008 vart 38 % fiska. Tilsvarande tal for 2009 var 41 %. Russland hadde ei utnytting av si kvote av hyse i NØS på 70 % i 2008. I 2009 fiska Russland opp heile hysekvoten si.

Snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2008 og 2009, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. I 2008 kunne russiske fartøy fiske 5000 tonn sei innanfor kvoten på 15 000 tonn i eit direktefiske. I 2009 kunne dei fiske inntil 7000 tonn av kvoten på 15 000 tonn sei i eit direktefiske, dette fisket vart stoppa 28. august 2009. Kolmulekvoten kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland si sildekvote i NØS nord om 62°N kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2008 og 2009 er ikkje spesifisert.

EU – Noreg

Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.19. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2008 og 2009, går fram av tabell 5.18.

Tabell 5.18 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Torsk18 38623 90215 06317 681
Hyse38 36233 42520 50024 479
Sei65 23260 44843 14936 927
Kviting16 06513 656988010 049
Raudspette47 87552 61534 25438 016
Makrell17 43222 51817 62516 188
Nordsjøsild142 871121 410107 48094 735

1 Fangsttala for heile 2008 og 2009 per 31. oktober 2009 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2009. Fangsttala for makrell i 2009 er per 15. oktober 2009

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. Med omsyn til makrell er EU og Noreg samde om ei fleksibel ordning som gjer det mogleg for EU å fiske 105 000 tonn av makrellkvoten i EU-sona i Nordsjøen i staden for vest av 4°V.

Tabell 5.19 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
NØS, N 62°N:
Torsk17 05720 07416 98719 753
Hyse2500250023122155
Sei3852300032872872
Blåkveite50501630
Uer75075017296
Snabeluer750750187226
Kolmule228 089114 78111550
Makrell930012 300--
Sild88 93996 26379 92789 956
Andre artar350350228149
NØS, Nordsjøen2 :
Torsk316 36221 15750496658
Hyse329 24225 57092607087
Sei366 11261 32822 81726 117
Kviting311 0749442742678
Raudspette319 65321 59021352224
Makrell317 67422 76013 1166457
Nordsjøsild350 84650 84617402055
Augepål5 0001000245
Kolmule236 889115 5817014
Tobis20 000-4675603
Reker664664206373
Andre artar8880878077087666
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild----
Kolmule----

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2008 og 2009 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 5.2.7.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Kommentarar til oversikta

EU si kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.19. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14 % av TAC for nordaustarktisk torsk. I åra 2008 og 2009 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62°N godt.

EU si sildekvote nord om 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

EU si makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2008 og 2009. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU si kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EU si kolmulekvote bestod av kvantum gjennom EU-avtalen og kolmuleavtalen. I 2008 kunne EU fiske 228 089 tonn gjennom kolmuleavtalen i hele NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU fiske 8800 tonn sør for 62°N. I 2009 kunne EU fiske 4000 tonn gjennom EU-avtalen og 110 781 tonn gjennom kolmuleavtalen. Kvotene kunne fiskast i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.

EU sine fangstar i NØS sør om 62°N som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2008 og 2009 desse prosentane: for torsk 31 % og 32 %, for hyse 32 % og 28 %, for sei 35 % og 43 %, for kviting 7 % og 7 % og for raudspette 11 % og 10 %.

EU utnytta 87 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2008 og i 2009.

Færøyane – Noreg

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.20 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2008200920082009
NØS, N 62°N:
Torsk4634425146863964
Hyse1340146013401455
Sei1550355015421501
Blåkveite-92
Sild34 39267 22434 42260 495
Kolmule-12 10744398
Makrell14 81424 973--
Andre artar3450450143186
NØS, Nordsjøen:
Sei48750115911
Nordsjøsild442442637710
Kolmule23 01012 1072510
Brisling500500-0
Makrell14 81424 97357711360
Hestmakrell1000200750
Håbrann/pigghå----
Andre artar10010068152
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Makrell13 68023 468-
Kolmule-12 10790-
Sild46 25250 06173701792

1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

3 Inkludert kvote på snabeluer på 150 tonn.

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20. Færøyane sine kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62°N er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2008 utgjorde kvotane frå Noreg 1854 tonn torsk, 1340 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2009 var på 1951 tonn torsk, 1460 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar. Færøyane fekk hausten 2009 auka seikvota si frå 1550 til 3550 tonn, tilleggskvota kunne også fiskast sør om 62°N. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone. I 2008 fiska Færøyane kvotane av torsk, hyse og sei i NØS nord om 62°N. I 2009 utnytta dei kvotane på torsk og hyse godt. Færøyane utnytta ikkje tilleggskvoten på 2000 tonn sei nord om 62°N i 2009.

Færøyane kunne fiske totalt 46 252 tonn norsk vårgytande sild i norsk havområde i 2008, av desse kunne 34 392 tonn fiskast nord for 62°N. I 2009 kunne Færøyane kunne fiske totalt 50.061 tonn i norsk havområde i 2009, av desse kunne maksimalt 37 224 tonn fiskast nord for 62°N. I tillegg fekk Færøyane gjennom kolmuleavtalen og kyststatsavtalen for norsk vårgytende sild 11. februar 2009 lov til å fiske ytterligare 30 000 tonn sild i NØS.

I 2008 og 2009 kunne 23 010 tonn og 12 107 tonn av kolmulekvoten fiskast nord for 62°N og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Makrellkvota til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICESs område IVa). I 2008 og 2009 kunne 13 680 tonn og 23 468 tonn av makrellkvota også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I praksis har fisket dei siste åra vore i Nordsjøen.

Færøyane si seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. I 2008 utnytta Færøyane 24 % av kvoten. I 2009 fekk Færøyane auka seikvoten nord om 62°N, frå 1550 tonn til 3550 tonn, tilleggskvoten kunne også fiskast sør om 62°N. Færøyane fiska 911 tonn sei sør for 62°N i 2009.

Kvoten på hestmakrell kan også fiskast nord om 62°N.

Grønland – Noreg

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.21 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
NØS, N 62°N:
Torsk4025507532304977
Hyse1060141010101407
Sei800730511697
Sild-4000-2920
Andre artar1501509284
NØS, Nordsjøen:
Torsk-1710
Sei925925864933
Andre artar1101101423

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.21. Grønland har nytta torske- og hysekvotane godt i 2008 og 2009. Grønland fiska 64 % og 95 % av seikvoten i 2008 og 2009.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande 3100 tonn og 4500 tonn i 2009.

I 2008 og 2009 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62N på 3820 tonn i 2008 og 4720 tonn i 2009 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.22.

Tabell 5.22 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2008 og 2009 i NØS nord for 62°N

ArtKvoter (tonn) 2008 2009Fangst1 (tonn) 2008 2009
Torsk3820472038274493
Hyse2-412302
Sei2-13167
Sild40 98644 36141 69938 715
Anna2114614166098
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild220 262238 39929 9704672
Kolmule---
Annet-405-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

2 Bifangst inntil 30 %.

Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 220 262 tonn og 238 399 tonn sild i 2008 og 2009 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 40 986 tonn og 44 361 tonn fiskast i NØS nord av 62°N.

EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.23 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
Torsk3063398124512850
Hyse2736248112441317
Kviting103110319193
Raudspette9163916369225677
Nordsjøsild44 78132 69039 08226 768
Brisling48 10048 10060976955
Reker6205620535583250

1 Fangsttala for heile 2008 og 2009 per 31. oktober 2009 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2009.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.23. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 5.23 syner at EU nyttar kvotane på torsk og nordsjøsild best. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, skolest, lysing og sjøkreps.

Sverige – Noreg

Kommentarar til oversikta

Tabell 5.24 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2008200920082009
NØS, Nordsjøen:
Torsk382382382345
Hyse70770776140
Sei880880880675
Kviting1901904432
Industrifisk800800756621
Makrell242242242242
Nordsjøsild846846782846
Reker164164122164
Andre artar--266104

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.24. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2008 fiska svenske fartøy 756 tonn industrifisk, medan dei i 2009 fiska 621 tonn.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.

Tabell 5.25 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard

  Fangstar1 (tonn)Maksimalt tilletne fiskedøgn
Land2008200920082009
EU31566210801080
Færøyane278388922922
Grønland--450450
Noreg3951803457955795
Island--7070
Russland--32563256
Canada--108108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2010.

Til forsida