Prop. 102 L (2009–2010)

Endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

2 Gjeldande rett

Film- og videogramlova § 2 første ledd slår i dag fast at «... omsetning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.» Kommunane har etter lova «rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld» og kan nekte eller trekkje attende løyve «dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova § 204 eller § 382». Dersom løyvehavaren til dømes omset videogram i strid med forbodet mot pornografi eller grov underhaldningsvald i straffelova, kan kommunen trekkje attende løyvet og dermed nekte vedkommande å drive videoomsetning. Forskrifta til lova gjer unntak frå løyveplikta for omsetning av videogram «i hotellrom». Det er også gjort unntak for innhaldstypar som normalt vil vere uproblematiske i høve til filmlova, til dømes «opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar», «musikk eller idrettsstoff», «dokumentar-, aktualitets- eller nyhendestoff» og «informasjon om, og reklame for, varer eller tenester».