Prop. 111 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014)

Til innhaldsliste

4 Skattereglane for pensjonistar i 2014

Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

AFP- og alderspensjonistar betaler mindre i skatt enn lønnstakarar. Det skuldast fyrst og fremst at dei har rett til eit særleg skattefrådrag som reduserer skatten på pensjonsinntekt og sikrar at pensjonistar med pensjon noko over minste pensjonsnivå etter høg sats (einslege) ikkje betaler skatt av pensjonen. I 2014 utgjer skattefrådraget maksimalt 30 000 kroner og blir trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 175 900 kroner. Frådraget blir trappa ned med ein sats på 15,3 prosent av pensjonsinntekt mellom 175 900 kroner og 266 900 kroner, og med ein sats på 6 prosent av pensjonsinntekt over 266 900 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 535 000 kroner.

Særskilde reglar for uførepensjonistar

Skattytarar som får uførepensjon fordi arbeidsevna er satt ned med minst to tredelar, og som ikkje samstundes får arbeidsavklaringspengar frå folketrygda, skal i 2014 ha eit særfrådrag i inntekta på 2 667 kroner per månad, dvs. 32 004 kroner for heile året. Er arbeidsevna satt ned med mindre enn to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag.

Uførepensjonistar kan skattleggast etter ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at dei med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt. Denne regelen inneber at skattytarar som får uførepensjon fordi arbeidsevna er satt ned med minst to tredelar, ikkje skal betale skatt når nettoinntekta eller «alminnelig inntekt» (bruttoinntekt minus minstefrådrag m.a.) pluss formuestillegg er under 131 400 kroner for einslege og 120 800 kroner for gifte. Ved utrekninga av nettoinntekta skal ein leggje til 1,5 prosent av nettoformue over 200 000 kroner for einslege og 100 000 kroner for kvar ektefelle.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta. Dette skjer ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 prosent av den alminnelege inntekta som overstig dei skattefrie grensene. I motsetnad til skattefrådraget for AFP- og alderspensjonistar, trappast fordelen ved skatteavgrensingsregelen ned mot all inntekt, og ikkje berre mot pensjonsinntekt. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Regelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt og skatt på formue.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønnsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2014 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 27 prosent av inntekta, men maksimalt 70 400 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter på 43 prosent av inntekta og maksimalt 84 150 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2014 er 5,1 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt 8,2 prosent.

Til forsida