Prop. 111 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014)

Til innhaldsliste

5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda

Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.

Under kap. 2670 Alderspensjon blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 487 mill. kroner, fordelt med 1 156 mill. kroner på Post 70 Grunnpensjon, 2 188 mill. kroner på Post 71 Tilleggspensjon og 143 mill. kroner på Post 73 Særtillegg.

Under kap. 2655 Uførheit blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 532 mill. kroner, fordelt med 582 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 893 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 55 mill. kroner på post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på Post 76 Yrkesskadetrygd.

Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 55 mill. kroner, fordelt med 30 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 23 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 2 mill. kroner på post 72 Særtillegg.

Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring post 70 Arbeidsavklaringspengar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 833 mill. kroner.

Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 59 mill. kroner.

Til forsida