Prop. 144 S (2009–2010)

Endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2010 er utrekna til 581 000 kroner. Verknad for heile året blir 1,091 mill. kroner.