Prop. 152 L (2009–2010)

Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit)

Til innhaldsliste

4 Regelendringar som er blitt vedtekne etter høyringa

4.1 Innleiing

Fram til 1. juli 2009 hadde folkevalde organ inga uttrykkeleg plikt til å oppgi heimelen for vedtaka om å lukke møte. Kommuneloven gav heller ikkje nokon heimel for å få kontrollert lovlegheita av vedtak om å lukke møte, utan at det skjedde som eit ledd i ein seinare lovlegkontroll av eit realitetsvedtak.

1. juli 2009 tredde nye reglar i kommuneloven i kraft. Det inneber for det første at folkevalde organ er pålagde å protokollere og oppgi heimel for lukkingsvedtak etter ny § 30 nr. 4. For det andre har tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre eller fylkesting rett til å bringe avgjerder om møte skal haldast for opne eller stengde dører, inn for departementet til kontroll av om avgjerda er lovleg, jamfør § 59 nr. 1 andre punktum.

Lovendringane byggjer på forslag i Ot.prp. nr. 17 (2008–2009), om tillitsskapande forvaltning. Departementet fremma der forslag til fleire endringar i kommuneloven, med bakgrunn i etikkarbeidet i departementet.

Departementet hadde allereie i eit høyringsnotat av 15. september 2005 føreslått å innføre ei plikt til å protokollere heimel for lukkingsvedtaket og å gi publikum høve til å krevje lovlegkontroll av vedtak om å lukke møte. Forslaget i 2005 gjekk lenger når det gjaldt kven som har rett til å klage, enn endringa som tredde i kraft 1. juli 2009.

Departementet gjer i dette kapitlet kort greie for endringane i kommuneloven §§ 30 nr. 4 og 59 nr. 1 andre punktum, som blei vedtekne 28. mai 2009, og som tredde i kraft 1. juli 2009.

4.2 Krav om protokollering av avgjerda og heimelsgrunnlaget for vedtak om å lukke møte

Det følgjer av kommuneloven § 30 nr. 3 at det skal førast møtebok over forhandlingane i alle folkevalde organ. I Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) viste departementet til at når eit organ har avgjort om eit møte skal haldast for opne eller stengde dører, vil denne avgjerda tre fram som sjølvstendig og bør derfor førast i møteboka. Departementet meinte i den same proposisjonen at det skal vere eit krav at møteboka skal oppgi kva lovføresegn som heimlar avgjerda om at eit møte skal haldast for stengde dører. Departementet føreslo å ta inn eit nytt nr. 4 i kommuneloven § 30 om at det skal protokollførast kva lovføresegn avgjerda byggjer på.

Departementet grunngav forslaget med at protokolleringsplikta vil medverke til å styrkje den regelorienterte sakshandsaminga av spørsmålet om lukking, og at spørsmålet dermed blir handsama på ein betre måte. Vidare kan protokolleringsplikta vere nyttig med tanke på klarleik og kontroll. Dersom det blir sett fram krav om statleg lovlegkontroll, vil det vere klargjerande for det statlege kontrollorganet at det går fram av møteboka kva lovføresegn det folkevalde organet har basert avgjerda si på.

Ny § 30 nr. 4 lyder:

Dersom det treffes avgjørelse om at et møte skal holdes for lukkede dører, skal avgjørelsen føres i møteboken og hjemmelen for avgjørelsen skal framgå. Det samme gjelder for avgjørelse om at et medlem av organet er inhabilt.

4.3 Rett til å krevje kontroll av om ei avgjerd om opne eller lukka møte er lovleg

Etter kommuneloven § 59 nr. 1 kan tre eller fleire medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget bringe ei avgjerd som er gjord av eit folkevalt organ eller administrasjonen, inn for departementet til kontroll av om avgjerda er lovleg. I tillegg har departementet heimel i § 59 nr. 5 til å ta avgjerder opp til kontroll av eige tiltak. Departementet har delegert fullmakt til fylkesmannen når det gjeld kommunale avgjerder. Fylkeskommunale avgjerder blir derimot kontrollerte av departementet.

Fram til 1. juli 2009 opna ikkje kommuneloven § 59 for å lovlegkontrollere prosessleiande avgjerder. Det blei vist til at vedtak om å lukke møte ikkje kan prøvast sjølvstendig, og at slike avgjerder berre kunne prøvast som ein del av den endelege avgjerda.

Forslag i høyringsnotatet 9. september 2005

I høyringsnotatet av 9. september 2005 blei det fremma forslag om å innføre rett til å krevje kontroll med lovlegheita av lukkingsvedtak. Departementet føreslo å ta inn ei føresegn i kommuneloven § 31 som slår fast at alle som ønskjer det, kan krevje lovlegkontroll av eit vedtak om å lukke møte.

Forslag i Ot.prp. nr. 17 (2008–2009)

I samband med arbeidet med å leggje til rette for ei meir tillitsskapande forvaltning tok departementet opp igjen spørsmålet om å lovfeste at avgjerder om opne og lukka møte skal kunne lovlegkontrollerast. Departementet gjekk inn for at avgjerder om å halde møte for opne eller stengde dører kan lovlegkontrollerast etter § 59. Departementet gjekk likevel ikkje like langt som i høyringsnotatet av 9. september 2005 1 når det gjaldt kven som kan klage på ei avgjerd om lukking. Departementet fall i forslaget sitt ned på at det på same måten som med lovlegkontroll generelt, berre er tre eller fleire medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget som saman kan bringe ei avgjerd om opne eller lukka møte inn til departementet eller fylkesmannen for kontroll.

I tråd med forslag i Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) er det vedteke nytt andre punktum i § 59 nr. 1, som lyder:

Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelser truffet av folkevalgt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av avgjørelsens lovlighet. Det samme gjelder avgjørelser om møter skal holdes for åpne eller lukkede dører, jf. § 31, og avgjørelser om habilitet. Avgjørelser om ansettelse, oppsigelse eller avskjed er ikke gjenstand for lovlighetskontroll.

Fotnotar

1.

Utløyst av høyringsnotat 3. oktober 2007.

Til forsida