Prop. 152 L (2009–2010)

Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit)

Til innhaldsliste

7 Møte i rådet i parlamentarisk styrte kommunar og fylkeskommunar

7.1 Forslag i høyringsnotatet

Møta i rådet i parlamentarisk styrte kommunar blir etter § 31 nr. 6 haldne for stengde dører med mindre rådet sjølv bestemmer noko anna og det ikkje vil stride mot teieplikt fastsett ved lov eller gjeld handsaming av personalsaker.

I høyringsnotatet uttalte departementet at det ikkje er nokon grunn til å vurdere endringar i dette prinsippet. Det blei likevel føreslått ei språkleg forenkling og ei klargjering i føresegna. Departementet føreslo denne ordlyden i ny § 31 nr. 7:

Kommuneråd og fylkesråd bestemmer selv om deres møter skal være åpne for publikum så lenge dette ikke strider mot lovbestemt taushetsplikt.

7.2 Synet til høyringsinstansane

To høyringsinstansar kommenterte forslaget frå departementet. Oslo kommune slutta seg til forslaget frå departementet om ikkje å gjere endringar i retten kommunerådet har til sjølv å avgjere om møta deira skal gå for opne eller stengde dører. Norsk Presseforbund var ueinig i forslaget frå departementet:

Vi har aldri, og kan fortsatt ikke, forstå at åpne møter i den typen organer skal kunne frata kommune- og fylkesråd muligheten for å gjennomføre politiske drøftinger. Etter vårt syn burde departementet her i stedet gått i motsatt retning, og sikret størst mulig åpenhet også i parlamentarisk styrte kommuner/fylkeskommuner, slik departementet argumenterer for endringer i reglene om komitémodellen.

Vi vil derfor anbefale at departementet henter frem igjen Kommunallovutvalgets forslag i NOU 1990:13 side 371, og sørger for å gi et bidrag til å styrke offentlighet, medvirkning og innsyn også i kommuner/fylkeskommuner med parlamentarisk styre.

7.3 Vurderingane og forslaget frå departementet

Departementet har merka seg at berre to høyringsinstansar kommenterte forslaget særskilt i høyringsrunden. Slik departementet ser det, er det ingen grunn til å endre prinsippet i § 31 nr. 6. Ei slik endring vil vere eit klart avvik frå dei føresetnadene det parlamentariske systemet byggjer på. Den parlamentariske styreforma gjer at rådet har ein særleg karakter. Ved sida av å vere eit folkevalt organ er rådet etter kommuneloven § 19 den øvste leiinga av administrasjonen i kommunen eller fylkeskommunen. Det gjer at rådet har eit anna og sterkare behov for å kunne lukke møta sine enn andre folkevalde organ. I kommunar og fylkeskommunar som ikkje har eit parlamentarisk system, er det administrasjonssjefen som er den øvste leiaren for den kommunale eller fylkeskommunale administrasjonen, jamfør kommuneloven § 23 nr. 1. Møta som administrasjonssjefen held med administrasjonen sin, vil vere lukka. Slike møte fell ikkje eingong inn under bruksområdet til § 31. Det taler for at den øvste leiinga av administrasjonen (rådet) i parlamentarisk styrte kommunar og fylkeskommunar også bør ha høve til å lukke møta sine, sjølv om rådet – i motsetning til administrasjonssjefen – er eit folkevalt organ. Rådet har i utgangspunktet inga anna avgjerdsmakt enn den som følgjer av ansvaret det har som leiar av administrasjonen. Om rådet skal utøve makt, til dømes gjere enkeltvedtak, må kommunestyret delegere avgjerds­makt til rådet.

Departementet følgjer derfor opp forslaget i høyringsnotatet, og fremmar forslag om at kommunerådet eller fylkesrådet sjølv bestemmer om møta deira skal vere opne.

Til forsida