St.meld. nr. 23 (2002-2003)

Om kraftutbygging i Hattebergvassdraget

Til innhaldsliste

7 Olje- og energidepartementet sine merknader

7.1 Bakgrunn for saka

Hattebergelva er i dag bygd ut med Muradalen kraftverk som består av ein kraftstasjon i dagen inst i Muradalen, og dei to magasina Prestavatnet og Svartavatnet.

Kvinnherad kommune fekk overdratt vassdragsrettar frå Stamhuset Rosendal i 1916. Den første kraftstasjonen sto ferdig i 1920 og vart driven av Kvinnherad Kraftverk fram til 1940 då den vart øydelagt av ein storflaum.

Noverande Muradalen kraftstasjon vart sett i drift i 1954. Ved kongeleg resolusjon 01.11.1957 vart det gjeven konsesjon til ei industriverksemd for å bruke vannfallet og konsesjon til ytterlegare regulering av Prestavatnet og Svartavatnet til det som er dagens regulering. Kvinnherad Energi AS søkte 20.11.1998 om løyve til å ruste opp og utvide Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget. Selskapet vart stifta i 1993 og tok over Kvinnherad Kraftverk med alle tilhøyrande rettar frå 01.01.1995. Reguleringskonsesjonen vart overført ved Olje- og energidepartementet sitt vedtak dagsett 28.09.1995 i uendra form og tidsbegrensa til 2007. Ved Olje- og energidepartementet sitt vedtak 28. juni 2001 vart denne reguleringskonsesjonen gjort om til evigvarande.

7.2 Om søkjaren

Kvinnherad Energi AS er eit selskap som er heleigd av Kvinnherad kommune. Selskapet driv både med produksjon og distribusjon av kraft.

7.3 Prosjektet

Kvinnherad Energi har i søknaden lagt fram 6 ulike alternativ for ei utbygging.

For alternativa 1-5 vart vassvegane planlagd i tunnel og med jordkabel i staden for den luftlina som vert nytta i dag. Alternativ 6 skulle nytte røyrgate og luftline.

7.4 NVE si innstilling - kort oppsummering

NVE rådde i si innstilling til departementet til at konsesjon vert gjeve. NVE kom til at det i samband med handsaminga av Verneplan IV vert gjort unntak for eit prosjekt for utbygging i samsvar med dei prosjekta i Samla Plan som vart handsama av Stortinget same dag som saka om Verneplan IV. NVE rådde til at ein ga løyve til alternativ 5, som NVE meinte var det som best tok vare på verneinteressene. Dette alternativet ville gje omlag 74 GWh i året. Alternativ 5 er eit prosjekt der kraftstasjonen vert lagt i fjell om lag 100 m nedanfor eksisterande kraftstasjon på om lag kote 177 med inntak i Prestavatnet. Dette alternativet var samstundes hovudalternativet i konsekvensutgreiinga.

7.5 Oppsummering av fråsegnene til NVE si innstilling

Olje- og energidepartementet har hatt NVE si innstilling på høyring. Fråsegnene er i sin heilskap tekne inn i kap. 3.

Kommunal- og regionaldepartementet hadde ingen merknader til at det vart gjeven konsesjon som NVE rådde til. Hordaland fylkeskommune rådde til at konsesjon vart gjeven i samsvar med NVE si innstilling. Kvinnherad kommune var og positive til ei kraftutbygging og gjekk inn for å gje konsesjon. Miljøverndepartementet gjekk i mot at konsesjon vart gjeven, med den grunngjevinga at alle dei søkte alternativa «berører nasjonalt viktige natur-, landskaps- og kulturminnemiljøer i en slik grad at vi vil frarå at det gis konsesjon.» Universitetet i Oslo kom med ei fråsegn om at Olje- og energidepartementet burde avvise handsaminga av konsesjonssøknaden med tilhøyrande innstilling frå NVE.

7.6 Vurderinga etter vassdragsreguleringslova § 8

Etter vassdragsreguleringslova § 8, 1. ledd bør ein normalt berre gje konsesjon til ei vassdragsregulering dersom «skader eller ulemper for allmenne eller private interesser anses for å være av mindre betydning i sammenligning med de fordeler som reguleringen vil medføre. Hensyn bør dessuten tas til andre skade- og nyttevirkninger av samfunnsmessig betydning.»

Ein skal normalt berre gje konsesjon dersom skadene eller ulempene er av mindre tyding samanlikna med fordelane som tiltaket vil føre med seg.

Ved vurderinga av fordelar og ulemper må ein ikkje berre sjå på dei nærliggjande verknadene, men og indirekte og meir fjerne følgjer.

Ei slik utbygging som NVE har rådd til, vil styrke kraftoppdekkinga med om lag 70 GWh i året.

Dei meir indirekte fordelane kan være auke i sysselsetting og i næringsverksemd i distriktet. Ved vurderinga må ein og sjå på verknaden av den økonomiske kompensasjonen som vert gjeven i form av konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og skatteinntekter.

Søknad om konsesjon for elektriske anlegg vert handsama etter energilova. Dersom ein vel ei kabelløysing vert kraftlina som er der i dag fjerna.

Skader og ulemper ved tiltaket går først og fremst på verknaden på naturverdiar og nærleiken til nasjonalparken og Baroniet. Endringar i vannføringa vil føre med seg ein reduksjon av vassdraget sin verdi for naturopplevingar og rekreasjon.

Nye steintippar og auke i trafikken i anleggsperioden er og ulemper som vil følgje med ei utbygging.

7.7 Departementet si vurdering og tilråding

Konsesjon skal normalt berre gjevast dersom skadene eller ulempene er av mindre vekt samanlikna med fordelane som tiltaket fører med seg. Noko kvalifisert overvekt vert ikkje kravd.

Ved vurderinga av søknaden fann departementet etter ei samla vurdering at omsynet til nasjonale naturverdiar i området måtte få avgjerande vekt.

Etter Olje- og energidepartementet sitt syn har ikkje Kvinnherad Energi kome med nye moment i saka som gjer at departementet vil endra si vurdering.

Alle dei nemnde momenta var kjend då departementet fatta vedtak om å avslå søknaden.

Til dei konkrete merknadene frå konsesjonssøkjaren, inntekne i kap. 5, vil departementet peika på at sjølv om eit prosjekt er plassert i Kategori I i Samla Plan, er det ikkje nokon automatikk i at ein skal få konsesjon. Ved ei slik plassering er det opna for konsesjonshandsaming. Søkjar har ikkje noko krav på å få konsesjon.

Det er opp til konsesjonsmakta sitt frie skjøn å vurdere tiltaket sine konsekvensar utifrå kriteria i vassdragsreguleringslova § 8.

Konsesjonssøkjaren peikar på at Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune går inn for ei utbygging. Det er i og for seg eit moment til fordel for utbygging, men departementet meiner at det viktigaste er dei nasjonale omsyna til landskap, natur- og kulturminnemiljøet i området. Det er viktig å verna om vassføringa i vassdraget med dei fordelar det gjev for friluftsliv og naturoppleving. Det er viktig å ta omsyn til at turgåarar og andre brukarar av området får oppleve ei kjensle av at det ikkje vert gjort nye inngrep.

Det er framleis departementet si oppfatning at skadeverknadene ved prosjektet er større enn fordelane, og at avslaget på søknaden om utbygging derfor bør oppretthaldast.