St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Generelt

Årets sesjon i 1. komité har hatt særleg interesse på grunn av norsk formannskap ved ambassadør Mona Juul. Det er første gongen i komiteen si historie at det har vore kvinneleg formannskap. Noreg hadde formannskapen i 1983 òg.

Ikkje overraskande blei den kjernefysiske prøvesprenginga til Nord-Korea eit gjennomgangstema under sesjonen. Ei lang rekkje land fordømte prøvesprenginga, noko formannskapen òg gjorde i personleg eigenskap. På ulike måtar blei denne saka òg omhandla i tre ulike resolusjonsframlegg. Det var likevel ikkje stemning for å handsame ein eigen Nord-Korea-resolusjon. Nord-Korea blei ståande heilt isolert i debatten, men klarte likevel å få moderert innlegget til Den alliansefrie rørsla (NAM) slik at det berre blei uttrykt «uro» over prøvesprenginga – og over alle andre prøvesprengingar.

Tendensen med stadig mindre konsensus i 1. komité blei vidareført i år. Det blei votert over 31 resolusjonar av i alt 55. Hovudårsaka til dette var at USA valde å røyste mot alle resolusjonar dei såg det var sjølv marginale problem med. I fleire samanhengar blei amerikanarane ståande aleine. USA røysta mot alle tre resolusjonane som inneheldt fordømmingar av den nordkoreanske prøvesprenginga. I eitt tilfelle blei USA ståande aleine saman med Nord-Korea. I år røysta amerikanarane òg mot resolusjonar som blei fremja av allierte NATO-land, til dømes resolusjonen frå Tyskland om praktiske nedrustingstiltak, resolusjonen frå Tyskland og Frankrike om overskotsammunisjon og resolusjonen frå Storbritannia om regulering av internasjonal våpenhandel.

Likevel blei ein gjennomgåande god atmosfære i komitéarbeidet berre i liten grad påverka av den strenge linja USA heldt på substansielle spørsmål, då amerikanarane stort sett berre røysta mot utan røysteforklaringar. Det blei gjennomført gode tematiske debattar der mange land engasjerte seg. Desse debattane vil på sikt kunne medverke til å skape konsensus om viktige spørsmål om nedrusting og ikkje-spreiing. I tillegg hadde ein for første gong eit NGO-segment i 1. komité der fire ikkje-statlege organisasjonar blei inviterte til å innleie om temaa kjernevåpen og handvåpen. Dette initiativet blei gjennomgåande godt motteke.

4.2 Det multilaterale nedrustingsmaskineriet

Ei rekkje land tok ordet under den tematiske debatten om det multilaterale nedrustingsmaskineriet. Fleire la vekt på at det var naudsynt å bryte ut av den fastlåste situasjonen i nedrustingskonferansen i Genève (CD), og sa seg leie for at ein framleis var langt frå konsensus om forhandlingar om eit forbod mot produksjon av spaltbart materiale for våpenformål (FMCT) i CD. Fleire understreka behovet for å sjå på mogelege nye tilnærmingar til nedrustingsspørsmål.

Noreg stod tilslutta innlegget frå EU om nedrustingsmaskineriet, men heldt òg eit eige innlegg som fokuserte på behovet for vidare forbetring av arbeidsforma i 1. komité. Hovudpunkta var eit uttrykt ønske om meir fokus i den interaktive debatten om resolusjonar og om vedtak som krev handling, ytterlegare reduksjon i talet på resolusjonar og at ein resolusjon er i kraft heilt til ein ny resolusjon om same tema er introdusert. Vidare blei behovet for å straumlinjeforme rapporteringsprosedyrane og det positive bidraget frå det sivile samfunnet til debattane i 1. komité nemnt.

Den norske formannskapen blei rost for gjennomføringa av årets sesjon. Det blei vist til det store talet på land som hadde delteke under den interaktive dialogen. Samstundes blei det vist til at det framleis var plass for forbetringar. Somme etterlyste skriftlege budsjettmessige estimat knytte til resolusjonar og vedtak. Vidare var ein uroa over at mellomstatlege ekspertgrupper (Group of Governmental Experts, GGE) tok opp ein urimeleg stor del av budsjettet til FNs nedrustingsavdeling (DDA). Nokre tok difor til orde for at opprettinga av GGE-er blei avgrensa til éi gruppe per kalenderår. I tillegg såg ein lite poeng i å opprette nye GGE-er på område som det kort tid før er lagt fram ein rapport om.

4.3 Kjernevåpen og andre masseøydeleggingsvåpen

Den nordkoreanske prøvesprenginga var eit gjennomgangstema under plenumsdebatten om kjernefysiske våpen, og ei rekkje land fordømte prøvesprenginga. Fleire land i Den alliansefrie rørsla (NAM) var òg klare i sine fråsegner. Ikkje uventa var det USA som gjekk lengst i fordømminga, og det blei skissert kva sanksjonar ein arbeidde for på amerikansk side. Dette førte til replikk frå nordkoreansk side, der ein understreka at utviklinga av kjernevåpen var eit svar på langvarige amerikanske trugsmål.

Ikkje uventa kom det fram at det er omfattande usemje om forhandlingsmandatet for ein avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale for våpenformål (FMCT) under årets sesjon av 1. komité. Det lét seg difor ikkje gjere å nå fram til ein konsensusresolusjon. USA gjentok motstanden sin mot at ein slik avtale skal omfatte verifikasjon og eksisterande lager. Andre, mellom anna Pakistan, gjorde det klart at å inkludere desse faktorane, i tillegg til eit balansert arbeidsprogram for CD, vil vere avgjerande for å få i gang forhandlingsprosessen.

Det norske innlegget om kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting blei godt motteke både frå amerikansk side og av Ny agenda-koalisjonen (NAC, samansett av Sverige, Irland, New Zealand, Mexico, Brasil, Sør-Afrika og Egypt), særleg på grunn av den balanserte tilnærminga i innlegget.

Under debatten om andre masseøydeleggingsvåpen (kjemi- og biologivåpen) stod Noreg tilslutta innlegget frå EU, men heldt eit eige innlegg med særskilt fokus på biologivåpen i samband med den 6. tilsynskonferansen for Biologivåpenkonvensjonen (BTWC) seinare hausten 2006. Debatten la klare føringar for behovet for ein vellukka tilsynskonferanse for BTWC. Dette hadde ein viss verknad, for fem veker etter at 1. komité blei avslutta, makta ein å bli samde i BTWC om det vidare arbeidet. Debatten om kjemivåpen blei i stor grad fokusert på at USA og Russland må gjennomføre sine forpliktingar om å øydeleggje lagera sine av kjemiske stridsmiddel.

Ein potensielt viktig resolusjon om å opprette ei kjernevåpenfri sone i Sentral-Asia blei send til votering av Kasakhstan. Dei tre vestlege kjernevåpenmaktene røysta mot fordi traktaten som nyleg var forhandla ferdig, ikkje har presedens over andre tryggingsavtalar i regionen (til dømes med Russland). Innhaldet i traktaten og voteringa over resolusjonen kan føre til at den vidare prosessen i denne saka blir komplisert. Noreg avstod og stod tilslutta ei røysteforklaring med likesinna EU- og NATO-land. Hovudbodskapen var å støtte kjernevåpenfrie soner som prinsipp og å oppmode dei sentralasiatiske landa og kjernevåpenmaktene om å halde fram med konsultasjonane sine.

4.4 Handvåpen og andre konvensjonelle våpen

Under den generelle debatten om konvensjonelle våpen kom det fram ein utstrekt frustrasjon over den mislukka tilsynskonferansen for handvåpen. Det viste seg at det heller ikkje lét seg gjere å bli samde om den generelle handvåpenresolusjonen.

Den viktigaste saka som vil bli ståande frå årets sesjon, var det britisk-initierte framlegget om å setje i gang ein prosess for å forhandle fram ein avtale for å regulere internasjonal våpenhandel. Etter eit svært omfattande forarbeid blei resolusjonen til slutt vedteken i komiteen med 139 røyster for og 1 mot (USA) og 26 avståingar (153 for, 1 mot og 24 avståingar i plenum). På britisk side var ein særs nøgd med dette sluttresultatet – også av sterke innanrikspolitiske årsaker. Noreg støtta aktivt opp om ATT-resolusjonen.

Den breie støtta til Minekonvensjonen blei òg gjenteken. Noreg reiste i sitt innlegg spørsmålet om klaseammunisjon, og somme andre land bidrog òg til at temaet fekk auka merksemd. Fleire andre land (som EU og Canada) knytte i sine innlegg internasjonal humanitær rett opp til dei eksplosive leivningane etter krigen.

4.5 Reform

For tre år sidan var Noreg med på å starte ein debatt om reform av 1. komité. I årets arbeid var ei effektivisering av arbeidsmetodane i komiteen og auka tilgang for ekstern ekspertise og det sivile samfunnet ein sentral prioritet for den norske formannskapen.

Som tidlegare år blei ei mengd resolusjonar av repeterande karakter handsama av 1. komité også på denne sesjonen. Mange av desse resolusjonane går attende til 1980-talet, og det er nok mange som no forstår ønsket om å biannualisere eller triannualisere resolusjonsframlegg, men det vil ta tid for å få verkeleg framgang på dette feltet.

Organisatorisk sett var årets sesjon i 1. komité vellukka. Det var monaleg større interesse for å delta i debattane enn tidlegare år, ikkje minst fordi det i år var lagt opp til at fleire ekspertar, representantar for ulike rustingskontrollregime og frivillige organisasjonar skulle delta. Møta blei organiserte og gjennomførte slik at ein ikkje sløste med verken tid eller andre ressursar. Nytt av året var det òg at formannskapen innførte eit NGO-segment der fire ikkje-statlege organisasjonar blei inviterte til å innleie om temaa kjernevåpen og handvåpen. Tilbakemeldingane til formannskapen frå andre delegasjonar var berre positive. Tilbakemeldingane frå det sivile samfunnet når det gjaldt tilgang til og deltaking under sesjonen og kontakt med formannen var òg svært positive. For første gong på mange år blei 1. komité avvikla utan at det oppstod alvorlege prosedyreproblem.

Konklusjonen er difor noko blanda. Ein må konstatere at det framleis er langt fram til konsensus i det multilaterale rustingskontrolldiplomatiet. Samtidig er det positivt å kunne registrere aukande interesse for å delta i saklege diskusjonar om alle saker på nedrustings- og ikkje-spreiingsagendaen. Det er òg positivt å konstatere at stemninga var god og at 1. komité – når det gjeld organisering og det å vere ryddig – etter kvart er blitt eit organ som fungerer langt betre enn Nedrustingskonferansen og FNs nedrustingskommisjon.

Til forsida