St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Generelle spørsmål

I 6. komité blir resolusjonane vanlegvis vedtekne med konsensus. Viktige saker på dagsordenen under den 61. generalforsamlinga var mellom anna forhandlingar om ein resolusjon om terrorisme og handsaming av rapporten frå Folkerettskommisjonen. I tillegg vedtok ein mellom anna resolusjonar om status for tilleggsprotokollane for Genèvekonvensjonane, vern av diplomatiske og konsulære stasjonar og personell, rapporten frå FNs kommisjon for internasjonal handelsrett, rapporten frå Spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonen si rolle og rapporten frå komiteen om kontaktane med vertslandet. Handsaminga av nokre saker blei utsette til våren.

I tråd med tidlegare praksis heldt ein felles nordiske innlegg om mange av punkta på dagsordenen under 6. komité. Noreg stod òg tilslutta EU sitt innlegg i ein del samanhengar.

9.2 Terrorisme

FN-toppmøtet i 2005 sende ut ei vilkårslaus fordømming av alle former for terrorisme utan omsyn til form og formål, og fastslo at terrorisme er eitt av dei alvorlegaste trugsmåla mot internasjonal fred og tryggleik. Etter norsk syn bør FN ha ei leiande og samordnande rolle i den internasjonale kampen mot terrorisme. Noreg følgjer aktivt opp resolusjonane og vedtaka frå FN, og har ratifisert 13 av FN-konvensjonane som er relevante for terrorisme. I samband med arbeidet med ny straffelov tek ein sikte på å gjennomføre innhaldet i dei instrumenta som nyleg er forhandla fram, slik at Noreg kan ratifisere dei tre avtalane som gjenstår.

Ein viktig del av FN-arbeidet mot terrorisme skjer i regi av Tryggingsrådet og rådets underkomitear, medrekna Counter-Terrorism Committee (CTC), som blei oppretta i samsvar med resolusjon 1373, som blei vedteken like etter angrepet på World Trade Center i New York. Tryggingsrådet meiner at internasjonal terrorisme er eit trugsmål mot fred og tryggleik, og rådet har på dette grunnlaget eit hovudansvar for å fastsetje tiltak som sikrar tryggleiken, særleg gjeld dette tiltak retta mot personar eller grupper som står bak eller støttar terrorhandlingar. CTC speler ei praktisk viktig rolle i kampen mot terrorisme, og har som formål å styrkje overvakinga av utviklinga på området og å gje hjelp til medlemsland som enno ikkje har gjennomført resolusjon 1373. Tryggingsrådet arbeider òg gjennom 1267-komiteen (Taliban/Al Qaida), 1540-komiteen (nukleær terrorisme) og gjennom arbeidsgruppa for resolusjon 1566 (vurdering av nye tiltak for å styrkje FN-arbeidet på dette området).

Arbeidet mot terrorisme har òg ein viktig plass i Generalforsamlinga. Deira rolle er å forhandle fram bindande regelverk i form av avtalar og tilrådingar i form av resolusjonar. Her deltek alle FNs medlemsland i ein dialog om terrorisme og utviklar stegvis felles normer for dette arbeidet. Terrorisme må nedkjempast på brei front, og Generalforsamlinga arbeider med eit breitt spekter av saksfelt som er viktige i dette perspektivet òg, slik som kampen mot fattigdom, styrking av den internasjonale rettsordenen, fred og forsoning, dialog mellom religionar og samfunn og arbeid mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Som ei oppfølging av FN-toppmøtet i 2005 lanserte Generalforsamlinga i 2006 ein strategi, vedteken med konsensus, for arbeidet mot terrorisme. Strategien representerer eit viktig framsteg og omhandlar tiltak for å handtere tilhøve som bidreg til terrorisme, tiltak for å førebyggje og nedkjempe terrorisme, tiltak for å styrkje den kapasiteten medlemslanda har i dette arbeidet og tiltak for å sikre respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa som eit fundament også i kampen mot terrorisme.

Sjølv om det i FN er ei unison fordømming av alle former for terrorisme, viste dei resolusjonsforhandlingane som følgde, at det framleis er mange ulike perspektiv og mykje ulikt som blir vektlagt når det gjeld årsakene til terrorisme og korleis dette kan nedkjempast. Noreg hevda mellom anna i sitt innlegg at terrorisme må nedkjempast med eit breitt sett av verkemiddel og at FN må ha ei leiande rolle. Ein ønskte Generalforsamlingas terrorismestrategi velkommen og viste òg til den norske terrorismestrategien. Resolusjonen om tiltak for å eliminere terrorisme blei til slutt vedteken med konsensus. Generalforsamlinga held ved lag fordømminga si av alle former for terrorisme, og understrekar i vedtaket sitt mellom anna at arbeidet til regionale organisasjonar og ulike FN-organ er viktig i kampen mot terrorisme og oppmodar både medlemsstatane og desse organisasjonane til å gjennomføre FNs terrorismestrategi og slutte seg til FN-konvensjonane mot terrorisme.

Dersom ein kunne bli samde om ein heilskapleg FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme og korleis ein skulle avgrense bruksområdet for ein slik konvensjon, som har vore under forhandling sidan 1996, ville dette kunne bidra til å effektivisere det mellomstatlege samarbeidet for å nedkjempe terrorisme, mellom anna gjennom straffeforfølging av dei som gjer seg skuldige i terrorhandlingar. Men det var inga rørsle på dette området under hovudsesjonen for den 61. generalforsamlinga. Drøftingane blir vidareførte i adhockomiteen som er oppretta av Generalforsamlinga for å forhandle fram ein generell konvensjon mot terrorisme.

Noreg ønskjer å styrkje kampen mot terrorisme, same kvar den finn stad, kven som har gjort seg skuldig i handlinga og ut frå kva motiv, og søkjer i forhandlingane å unngå løysingar som kan bidra til å legitimere handlingar ut frå at dei har ein særskilt motivasjon (t.d. kamp mot ulovleg okkupasjon). Ein er frå norsk side òg av den oppfatninga at statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten enn den internasjonale strafferetten.

9.3 Folkerettskommisjonen

Folkerettskommisjonens rapport frå kommisjonens 58. sesjon

Folkerettskommisjonen blei oppretta i 1947 for å sikre den plikta Generalforsamlinga etter artikkel 13 i FN-pakta har til å få i stand utvikling og kodifisering av folkeretten. Kommisjonen har utarbeidd utkast til traktatar på ei rekkje sentrale område, og har i nært samspel med 6. komité spelt ei nøkkelrolle i utviklinga av folkeretten. Kommisjonen legg på årleg basis fram ein rapport for Generalforsamlinga. Sentrale spørsmål i rapporten frå kommisjonens 58. sesjon omhandla mellom anna diplomatisk vern (det vil seie den retten statane har til å intervenere og fremje krav på vegner av sine eigne borgarar ved brot på folkeretten), einsidige statshandlingar, det ansvaret statane har for grenseoverskridande skadevaldande handlingar som ikkje er i strid med folkeretten, det ansvaret internasjonale organisasjonar har, delte naturressursar, fragmentering av folkeretten, utvising av utlendingar, den verknaden væpna konfliktar har på traktatar, plikt til å utlevere eller straffeforfølgje og reservasjonar til traktatar.

Folkerettskommisjonen vedtok på sin 58. sesjon endeleg utkast til artiklar om diplomatisk vern og endeleg utkast til prinsipp om det ansvar statane har for grenseoverskridande skadevaldande handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. I tillegg vedtok kommisjonen eit sett av rettleiande prinsipp (guiding principles) for einsidige statshandlingar. Noreg heldt på vegner av dei nordiske landa innlegg om diplomatisk vern og det ansvar statane har for grenseoverskridande skadevaldande handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Dei nordiske landa er i hovudsak nøgde med utkastet til artiklar om diplomatisk vern og utkastet til prinsipp om det ansvar statane har for grenseoverskridande skadevaldande handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Utkastet til artiklar om diplomatisk vern er meint å regulere vilkåra og framgangsmåten når ein stat ønskjer å setje fram krav ved folkerettsstridige handlingar som ein annan stat har påført statens borgarar. Utkastet til prinsipp om det ansvar statar har for grenseoverskridande skadevaldande handlingar framhever den plikta ureinar har til å betale ved skadar. Dei nordiske landa understrekar at det er viktig at operatøransvaret kjem i tillegg til det ansvaret dei einskilde statane har i samsvar med folkeretten. Prinsippa er eit supplement til resten av det internasjonale regelverket om det ansvar statar har særleg når det gjeld miljøskadar i område utanfor nasjonal jurisdiksjon og for å førebyggje slike skadar.

I tillegg til dei norske innlegga blei det på vegner av dei nordiske landa halde innlegg om fragmentering av folkeretten (Sverige), reservasjonar til traktatar (Sverige) og det ansvar internasjonale organisasjonar har (Danmark).

Til forsida