St.meld. nr. 32 (2006-2007)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2007 og fisket etter avtalane i 2005 og 2006

Til innhaldsliste

4 Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltingsplanar, rådgiving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist omtalast dei langsiktige forvaltingsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsutrekning og rådgiving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gir forskarane opplysningar om når, kva, kvar og kor mykje det blir fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg. Fiskarane kan oppnå ein kortsiktig gevinst ved å gje opp unøyaktige fangstdata. På den andre sida vil dette kunne slå tilbake på fiskarane etter ei tid i form av unødig stor reduksjon i fiskebestandane, som det tek lang tid å byggje opp att.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som er i omfattande bruk rundt om i verda. Ei evaluering av dette systemet for eit par år sidan konkluderte med at BEI ikkje ville tilfredsstille framtidige økosystemrelaterte krav, og at det etterkvart også ville vere vanskeleg å vedlikehalde. Eit nytt system – «Large scale survey system (LSSS)» – er difor utvikla, og vert i løpet av 2007 teke i bruk i all akustisk mengdemåling.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden her kan kortfatta skisserast slik: når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gir til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der storleiken på bestanden vert fastsett og utnyttingsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgiving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)

Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor mykje fisk som har dødd som følgje av fiske (s.k. fiskedød, dvs. den delen av bestanden som er hausta i fiskeria), ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.

Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg død). Når ein skal setje opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som vart fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg død. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året før. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døden reknar ein som oftast som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøden får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.

VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og vert villeiande om fangsttala ikkje er rette.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgivinga om kvotar.

For dei fleste artane og bestandane i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.1.2 Forvaltingsplanar og rådgiving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltingsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Dei forvaltingsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er derfor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltinga skal baserast på meir heilskaplege forvaltingsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltingsplan er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltingsrådgiving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Død

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, vert dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % død. I praksis er tilhøvet slik at dødsraten ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % død. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 

Dødsrate0,10,20,30,40,50,60,70,80,91,01,52,0
%9,518,125,933,039,345,150,355,159,363,277,786,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.

Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgiving om fiskekvotar

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim) som, dersom ho blir overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa) 1 må derfor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvalting, men er også knytt til om den er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.

ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES kjem derfor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.

Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedødsraten høgare enn fiskedødsraten som gir maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedødsraten som er lågare enn føre-var-grensa.

Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgiving. Frå og med hausten 1996 vart det oftare enn før argumentert mot høge fiskedødsrater også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 åtvara ICES om kva slags fangstopsjonar som ikkje vart rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 vart føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedødsraten, medan dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleiken på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifiserte innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarleg så lenge gytebestanden er på eit forsvarleg nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngiving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.

Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å « hauste på ein ikkje berekraftig måte » i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa, men under Flim, seier vi no at « det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig ». Når fiskedødsraten er under Fpa, seier vi no at « haustinga er berekraftig ». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den « god reproduksjonsevne ». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har « risiko for sviktande reproduksjonsevne », og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den « sviktande reproduksjonsevne ». Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta teikna inn (figur 4.1).

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim
 , Fpa
 , Blim
  
 og Bpa
  . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast. Gult: Tiltaksområde. Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske tiltak.

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim , Fpa , Blim og Bpa . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast. Gult: Tiltaksområde. Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske tiltak.

Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriteria innanfor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valfridom i kvotefastsetjinga. Innanfor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkeleg for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvalting, medan det i det raude feltet krevst kraftige tiltak.

Ved Havforskingsinstituttet har det ei tid blitt diskutert eit anna referansepunkt som går på talet på fisk i bestanden over ein viss (kjønnsmoden) alder. Grunngiving for dette er mellom anna:

  • vil betre sikre at vi har tilstrekkeleg med eldre fisk i bestanden

  • vil unngå uvisse knytt til vektmålingar og kjønnsmodning som er nødvendige parameter for å måle gytebestanden i biomasse (tonn)

  • vil relatere bestandsstorleik til uttaksgrad (fiskedød) på ein meir direkte måte

4.1.3 Rådgiving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgivinga frå ICES vert utarbeidd av Den rådgivande komiteen for fiskeriforvaltning (ACFM). ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACFM møtest to gonger i året, i juni og oktober. Avhengig av når dei årlege bestandsutrekningane skal gjennomførast for dei ulike fiskebestandane, vert desse utrekningane kvalitetssikra og råd til forvaltinga gitt anten om våren eller hausten. Dei siste åra har derfor dei viktigaste botnfiskbestandane nord om 62° N vore handsama av ACFM under vårmøtet, medan råda for botnfiskbestandane i Nordsjøen, i tillegg til lodde, makrell, sild og kolmule, har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgiving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på ICES si internettside www.ices.dk. Havforskingsinstituttet omset rådgivinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på Havforskingsinstituttets internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttets offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 15 milliardar kroner. I neste avsnitt skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgiving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

4.2.1 Norsk-arktisk torsk

Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. I perioden 1994–1998 var samla årleg fangst over 700.000 tonn, minka så til 415.000 tonn i 2000, og har etter det gradvis auka til omlag 640.000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Då legg vi til grunn eit russisk overfiske på 166.000 tonn, noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 % av total internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på norsk-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 % av fangsten teken med andre reiskapar.

For perioden 2002-2006 er det i følgje Havforskingsinstituttet berekna eit årleg urapportert overfiske på høvesvis 90, 115, 117, 166 og 124 tusen tonn. Fiskeridirektoratet på si side har berekna eit overfiske i dei same åra på 90, 109, 79, 101 og 77 tusen tonn. Det er såleis i 2006 berekna ein betydeleg nedgang i overfisket.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med to ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. For tida er mengda urapportert fangst truleg den største kjelda til uvisse i resultata.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, men har etter det minka litt. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950-1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette. Svakare årsklassar er no på veg inn i fisket og det er fare for vidare nedgang i bestanden om ein ikkje får stoppa overfisket.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2007

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, medan fiskepresset i 2005 er klassifisert som ikkje berekraftig.

Med bakgrunn i det urapporterte overfisket har ICES tilrådd ein kvote (309.000 tonn, Tabell 4.2) som er lågare enn kvoten frå den sameinte haustingsregelen. Denne svært låge kvotetilrådinga skuldast ICES sitt estimat av overfisket på heile 166.000 tonn. Uregistrert fiske vil undergrave dei måla som ligg bak haustingsregelen. ICES påpeika og at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet for redusert bifangst av uer.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette kvoten for 2007 til 424.000 tonn i samsvar med haustingsregelen. Kommisjonen la til grunn berekningar av overfisket gjort av Fiskeridirektoratet. Partane tok og opp problemet med urapportert fiske, og var einige om at det er eit prioritert mål å ta i bruk alle verkemiddel for å avdekke og forhindre dette.

Den sameinte fangstregelen er svært viktig for å oppretthalde ei god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd for 2005 og 2006. I heile perioden 1998–2004 var kvotane høgare enn tilrådingane frå ICES.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk torsk

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk torsk

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk- arktisk torsk sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen gevinst ved å auke F681700740500
1996Ingen gevinst ved å auke F746700732570
1997Godt under Fmed< 993850762565
1998F < Fmed514654593387
1999Minka F til under Fpa360480485256
2000Auka SSB til over Bpa i 2001110390415229
2001Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003263395426335
2002Minka F til under 0.25181395535520
2003Minka F til under Fpa305395552585
2004Minka F til under Fpa398486579714
2005Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer485485580701
2006Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer471471661
2007Minka F til under Fpa , ta omsyn til vern av kysttorsk og uer309424441

4.2.2 Norsk-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske årsfangstar har variert mellom 21.000 og 322.000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 124.000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90% av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2005 var 114.000 tonn, men det er estimert eit overfiske på vel 40.000 tonn som kjem i tillegg. I 2006 er det estimert at overfisket er redusert med 55%.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er har ein brukt same reknemodell som for norsk-arktisk torsk. I utrekningane inngår, forutan fangststatistikken, tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som torsken et. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk.

Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Undersøkingar har avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Fordi enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar, vil graden av underdekking variere. For eksempel har det vore observert lite av 1996-årsklassen på tokta i forhold til dei kommersielle fangstane. Bestandsanalysane tek noko omsyn til dette. Ting tyder på at underdekkinga er størst for nokre av dei svakare og middels årsklassane. I 2006 vart datagrunnlaget for utrekningane revidert (mellom anna vart det avgjort å inkludere kysthyse i utrekningane for norsk-arktisk hyse). Dette har ført til nokre endringar i synet på den historiske utviklinga av bestanden samanlikna med tidligare år, men trendane er dei same.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av norsk-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert minst 200 millionar 3-åringar. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er til stades, men toppen på utviklinga av bestanden ser ut til å vere nådd.

Tilrådde reguleringar

Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvotar i heile perioden sidan 1990 (tabell 4.3). Unntaka har vore 1997 og 2003. Utrekningane for 2007 er usikre på grunn av revisjonen av datagrunnlaget og store mengder ikkje-rapporterte fangstar, og det vart følgjeleg ikkje gitt prognosar for 2007. Tilrådinga for 2007 vart difor utarbeid ved å sjå på historiske fangstar og observerte trendar i bestanden og avgrensar totalfangsten av hyse til mindre enn 130.000 tonn. Den avtalte kvoten for 2007 på 150.000 tonn er ikkje i samsvar med føre-var-prinsippet, men gytebestanden reknast for å vere over føre-var-nivået på 80.000 tonn. I 2006 vart det lagt fram dokumentasjon på ikkje-rapportert fiska hyse for åra 2002-2005, rekna til å ugjere mellom 21-35% av rapportert fiska hyse.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk hyse sidan 1950

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk hyse sidan 1950

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk hyse sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen langtidsgevinst for F > Fmed122130142169
1996Ingen langtidsgevinst for F > Fmed169170178222
1997Hald F godt under Fmed<242210154205
1998Hald F under Fmed<120130101161
1999Minka F til under Fpa<747883130
2000Minka F til under Fpa<376269123
2001Minka F til under Fpa<668590158
2002Minka F til under Fpa<6485117186
2003Minka F til under Fpa< 101101135230
2004Minka F til under Fpa<120130155254
2005Minka F til under Fpa<106117154277
2006Minka F til under Fpa<112120250
2007Avgrens total fangst<130150

4.2.3 Norsk-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62°N var på 160.000 tonn i 2003, 162.000 tonn i 2004 og 176.000 tonn i 2005 (figur 4.4), medan gjennomsnittsutbyttet for 1960-2005 var på 160.000 tonn. Kvoten for 2006 vart fastsett til 193.500 tonn, men utbyttet vert ein del høgare enn dette på grunn av norsk overfiske etter overreguleringar. Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960–2005 var på 133.000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 % av dei norske landingane, not 25 %, garn 20 % og line, snurrevad og juksa 15 %.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62°N brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst per eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå eit akustisk tokt.

Bestandsgrunnlaget

I april 2006 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar (figur 4.4). Oppdaterte data over fangst ved alder og fangst per eining innsats medverka til at bestandsestimatet auka litt samanlikna med året før. Gytebestanden auka frå eit botnnivå i 1987 til opp mot dei høgaste nivåa i tidsserien i 2002-2004. Seinare er bestanden litt redusert men ligg framleis på eit relativt høgt nivå. Analysane viste at fiskedødsraten i 2005 var godt under føre-var-nivået, og at den avtalte kvoten for 2006 også ville gi ein dødsrate under dette nivået. Gytebestanden er venta å verte ein del redusert i 2007–2008 ved eit uttak på føre-var-nivå.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vere hausta berekraftig. Fiskedødsraten er stabil og har sidan 1995 vore under føre-var-nivået, og gytebestanden har sidan 1994 vore godt over føre-var-nivå (220.000 tonn). For å hauste bestanden innanfor føre-var-grenser tilrådde ICES at fiskedødsraten vart halden under føre-var-nivå, noko som tilsvarar ein kvote for 2007 på under 247.000 tonn.

Havforskingsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES og tilrådde vidare at det vart sett ein kvote ut frå den føreslegne forvaltningsstrategien som Fiskeridirektoratet har utforma, tilsvarande ein kvote for 2007 på 194.000 tonn.

Norske styresmakter fastsette totalkvoten for 2007 til 222.525 tonn (tabell 4.4). I bestandsutrekningane til ICES tilsvarar dette ein fiskedødsrate på om lag 0.31, som er litt under føre-var-grensa på 0.35. Kvoteauken på 15 % i høve til 2006 er den maksimale endringa ein kan ha frå år til år i følgje den føreslegne forvaltningsstrategien for norsk-arktisk sei.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N. Tala for 2007 og 2008 er prognosar

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N. Tala for 2007 og 2008 er prognosar

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F221165168352
1996Ingen auke i F158163171426
1997Minka F til Fmed eller lågare107125144424
1998Minka F til Fmed eller lågare1171451153492
1999Minka F under Fpa871442150499
2000Minka F under Fpa<891253136579
2001Minka F under Fpa<115135136658
2002Minka F under Fpa<1521624155760
2003Halde F under Fpa< 1684164160710
2004Halde F under Fpa< 186169162782
2005Halde F under Fpa< 215215172690
2006Halde F under Fpa<202193.5214651
2007Halde F under Fpa<249222.525581

1 TAC først sett til 125.000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152.000 tonn, auka til 162.000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 tonn følgjeleg redusert til 164.000 tonn.

4.2.4 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gir eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gir tilleggsinformasjon om rekruttering.

Frå og med 2005 vert bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet utarbeidde av ei undergruppe av «Arctic Fisheries Working Group» i ICES. Gruppa møtest etter økosystemtoktet i august–september, og estimerer storleiken på loddebestanden. Bestandsestimatet frå dette toktet brukast direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår også temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor også kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2006. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men viste ein liten auke i 2006. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, og det er no berre svake årsklassar i bestanden. Dette kjem både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt ein auka naturleg dødsrate.

Samanbrotet i bestanden skuldast først og fremst to faktorar: svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år), og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Dei siste åra har det vorte målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen, men no også 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er derfor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar i denne perioden kan henge saman med dette. Auka naturleg dødstate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beitar på ein sterkt minkande loddebestand.

I 2007 vil bestanden vere på eit svært lågt nivå. Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad avhengig av rekrutteringa frå 2006-årsklassen. Denne årsklassen var talrik på larve- og 0-gruppestadiet, og dersom overlevinga til eittårsstadiet har vore som normalt, vil denne årsklassen få bestanden til å vekse dei to-tre neste åra. Det meste av den sterke 2002-årsklassen av sild har no forlate Barentshavet, men det kan synast som om også 2004-årsklassen av sild kan vere stor, og denne vil vere i Barentshavet også i 2007. Om det er så, kan dette påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt også i dei komande åra.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (1000 tonn) av lodde i Barents­havet sidan 1998

ÅrRåd frå ICES SSB=gytebestandTilrådd TACAvtalt TACFangstarModnande bestand
1998Ikkje fiske001932
1999SSB> 500.000 t<79801051718
20005 % sannsyn for SSB< 200 000 t<4354354102097
20015 % sannsyn for SSB< 200 000 t<6306305752019
20025 % sannsyn for SSB< 200 000 t<6506506591291
20035 % sannsyn for SSB< 200 000 t<310310282279
2004Ikkje fiske000294
2005Ikkje fiske0211174
2006Ikkje fiske000190
2007Ikkje fiske041

1 forskingskvote

Reguleringar

Med den uvisse prognosen vil det, sjølv utan loddefiske vinteren 2007, vere stor risiko for at gytebestanden vert mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytte som Blim. Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, tilrådde ACFM hausten 2006 at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2007. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2006 å forby fiske på barentshavslodde vinteren 2007, med unnatak for ein forskingskvote på 2.000 tonn til Noreg og til Russland.

4.2.5 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 1990-talet. Dei siste tre åra har det meste av bestanden overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen og bestanden har no endra vandringsmønsteret sitt og vil truleg halde fram med å overvintre i havet. Det var lite sild att i fjordane i vinter og ein ventar at nedgangen vil halde fram hausten 2007. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild. Førebels fangst for 2006

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild. Førebels fangst for 2006

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2006 er gytebestanden rekna å vere om lag 10,2 millionar tonn og er venta å halde seg på dette nivået i 2007, då den sterke 2002-årsklassen vil rekruttere for fullt.

Dei norske fangstane (tabell 4.6) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn: på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober. Island fiskar i mai og juni i internasjonalt farvatn i Norskehavet. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I 2005 fiska Island og Færøyane òg mindre kvanta i eige område i mai-juni. I år der det har vore sildeavtale har Island, Færøyane og EU også fiska i Jan Mayen- og Svalbardsona. I 2005 avsette Noreg ein kvote på 90.000 tonn til den utanlandske flåten i Svalbardsona, sjølv om det ikkje var inngått nokon kvoteavtale mellom partane. Alle landa unnateke Noreg fiska i dette området.

I dei internasjonale sildeavtalane mellom dei fem partane i åra før 2003 er Noregs del av totalkvoten sett til 57 %. Noregs del har i praksis lege rundt 60 % med i underkant av 60 % av rapporterte fangstar i 2004 (tabell 4.6). Dei totale rapporterte fangstane har i dei fleste åra lege noko under tilrådd TAC (tabell 4.7) men denne trenden ser ut til å ha snudd i 2005.

Situasjonen våren 2007

ICES har tilrådd eit fiske på 1.280.000 tonn for 2007. Bakgrunn for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0.125). Det vart semje mellom kyststatane om ein totalkvote på 1.280.000 tonn for 2007 og ei fordeling av den totale årlege fangsten. Dei vart også samde om å føre vidare utnyttingsgraden frå tidlegare i 2007. Avtalen gir Noreg 61 % av totalkvoten, noko som tilsvarer ein norsk kvote på 780.800 tonn.

Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1995–2006

  1995199619971998199920002001200220032004200520061
Færøyane57,152,860,068,155,568,634,132,327,942,865,163,1
Island174,1165,0220,2197,8203,4186,077,7127,2117,9102,8156,5154,7
Noreg529,8699,2861,0743,9740,6713,5495,0487,2477,6477,1580,8567,2
Russland102,0119,3168,9124,0157,3163,3109,0113,8122,8115,9132,1120,9
EU40,1180,4116,489,278,576,060,047,243,255,668,859,4
Total903,11216,71426,51223,01235,31207,4775,8807,7789,4794,21003,3965.3
Fastsett kvote221500,01300,01300,01250,0850,0850,02710,02825210002

1 Førebelse tal (for EU og Russland pr. 01.11.06, for Færøyane pr. 01.012.06 og for Noreg pr. 22.03.07)

2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Ingen auke i F513Ikkje avtalt9064873
1996Hald SSB over 2,5 millionar tonn1Ikkje avtalt12176522
1997Hald SSB over 2,5 millionar tonn1150014207778
1998Ikkje gå over haustingsregelen2130012237038
1999Ikkje gå over haustingsregelen1263130012356583
2000Ikkje gå over haustingsregelen1500125012075293
2001Ikkje gå over haustingsregelen7538507704577
2002Ikkje gå over haustingsregelen?8508304594
2003Ikkje gå over haustingsregelen710Ikkje avtalt6885299
2004Ikkje gå over haustingsregelen825Ikkje avtalt8026692
2005Ikkje gå over haustingsregelen890Ikkje avtalt10046043
2006Ikkje gå over haustingsregelen732Ikkje avtalt?10200
2007Ikkje gå over haustingsregelen12801280

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn

2 Må haustast innafor haustingsregelen

4.2.6 Nordsjøsild

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Den norske kvoten vert fiska av ringnotfartøy, trålarar og kystfartøy, dels i eit direkte fiske og dels som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i fisket frå 1960 er vist i figur 4.7. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2007, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på 770.000 tonn i 1989. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 500.000-600.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert. Etter dette har fangstane auka, til 640.000 tonn i 2005. I 2006 gjekk fangsten ned til 525.000 tonn.

Noreg og EU inngjekk ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda i 1998. Denne vart revidert i 2004. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten for ungsild ikkje skal overskride 0,12, og ikkje over 0,25 for vaksen sild når gytebiomassen er over 1,3 mill tonn. Det er også avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten når gytebiomassen er under 1,3 millionar tonn. Noverande avtale har fastsett årlege endringar av TAC på +/- 15%, men kan tillate ein sterkare reduksjon om det trengst. Den oppdaterte planen gir ingen kriterium for når, og kor mykje, TAC kan reduserast utover 15%. Fem år med dårleg rekruttering etter kvarandre, er ein situasjon som ikkje er vurdert i den oppdaterte avtalen, men det gjev grunn til bekymring. ICES har i dei siste åra åtvara mot ei negativ utvikling i bestanden av nordsjøsild. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dette kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga vart bifangstane av småsild i 2000-2002 reduserte til 20.000 tonn årleg. Feilrapportering i 2006 vart estimert til ca. 13.000 tonn og utsleppa estimerte til ca. 2.000 tonn. Vi er med andre ord framleis usikre på fangststatistikken, noko som også gjer bestandsvurderinga usikker.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn (figur 4.7). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slik fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 800.000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,9 million tonn i 2004, men med ein reduksjon til langt under 1,3 millionar tonn (Bpa) i 2007.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, ventar ein at nedgangen i gytebestanden held fram i 2007. Vidare er det no fem svake årsklassar (2002-2005) på veg inn i bestanden. Dette er eit uvanleg fenomen, som krev særskild merksemd frå forvaltarane dei komande åra. Rekrutteringa er no mindre enn 50% av kva den har vore tidlegare og det krev tilsvarande reduksjon i uttaket. Førebels er ikkje kvoten redusert i same tempo som reduksjonen i gytebestanden. Det trengst no ein meir drastisk reduksjon i kvotane. Vurderinga frå 2007 viser at det er svært sannsynleg at gytebestanden i 2007 vil kome langt under 1.300.000 tonn (Bpa ). Dette er endå ikkje offisielt råd frå ICES, men signala er klåre og på line med det som har vore dei siste åra. Forvaltingsstrategien Noreg og EU er samde om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvotar som tilsvarar ein F på 0,23. I 2007 er den avtalte kvoten 341.063 tonn, som tilsvarer ein F=0,34.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Langsiktig gevinst forventa med lågare F429440566456
199650 % reduksjon av avtalt TAC200200265449
1997F = 0.2186186234536
1998F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1276276329707
1999F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1296296336815
2000F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1301301329810
2001F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013231276
2002F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013531583
2003F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.124524524501731
2004F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.14984985501892
2005F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.15855851820
2006F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.14974971593
2007Få gytebestanden tilbake til Bpa (1 300t) innan 20083413411208

4.2.7 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2002 og 2005 vart det observert teikn til vekst i nordsjøbestanden for første gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000–650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563.000 og 573.000 tonn i 1996 og 1997 (figur 4.8). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII).

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst i 2006 er estimert til 429.000 tonn

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst i 2006 er estimert til 429.000 tonn

I 2005 hadde Noreg ein disponibel kvote på 114.437 tonn makrell. Totalt vart det fiska 119.500 tonn, og over 99 % av landingane gjekk til konsum. Fangstfordelinga gjennom året fordelte seg på vanleg måte med mindre enn 0,5 % første halvår, 64 % i tredje kvartal og resten i fjerde kvartal. I 2006 var den norske kvoten på 116.245 tonn. Førebels norsk fangststatistikk viser at kvoten vart teken og over 99% vart levert til konsum. Den internasjonale fangststatistikken for 2006 er enno ikkje klar.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje giast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60% høgare enn oppgitt. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei to siste åra.

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde: 1) Nordsjøen, 2) sør og vest av Irland og 3) utanfor Portugal og Spania. Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart inn til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Derfor vert makrellen forvalta som ein bestand: den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.8.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2004 i dei vestelege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2005. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har gått ned sidan 1998, medan dei innmelde fangstane ikkje er store nok til å gi ein slik reduksjon. Gytebestanden vert no berekna slik at ein nyttar trenden i gytebestanden gitt i eggtokta, slik at utrekningane passar med fangstane. Dette gir ei annan oppfatning av bestandsnivået. Gytebestanden i 2003 og 2004 vart rekna til 1,7 og 1,9 millionar tonn, som er 40 % lågare enn det 2003 og 2004-gytebestanden vart rekna til når eggtokta vart nytta som absolutte verdiar. Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 %, og nordsjøkomponenten har vore låg (1–5 %) heilt sidan den vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av dei nemnde problema med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikker. Gytebestanden vart vurdert til 2,4 millionar tonn i 2006.

Noreg, EU og Færøyane har sidan 1999 vore einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15–0,2 som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18% av gytebestanden. ICES tilrår ein kvote for 2007 på inntil 509.000 tonn som tilsvarar

F = 0,20 og er noko høgare enn Fpa = 0,17, men innanfor Noreg–EU-avtalen. Gytebestanden er med dette uttaket venta å verte 2,4 millionar tonn i 2007. I forhandlingane mellom dei tre partane vart totalkvoten sett til 500.000 tonn, og Noreg disponerer om lag 132.000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stenge den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Råd gitt for kvar gytekomponent6457562402
1996Betydeleg reduksjon av F4525642365
1997Betydeleg reduksjon av F4705702425
1998F = 0,15-0,2 (Noreg-EU- avtalen)4985496672334
1999F = 0,154375626162383
2000Fpa = 0,176426126752175
2001Fpa = 0,176656706872145
2002Fpa = 0,176946837271731
2003Fpa = 0,175425936171713
2004Fpa = 0,175455326111884
2005F = 0,204204225432352
2006F=0,20487444429 (estimat)2449
2007F=0,20509500

4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn, bortsett frå i 2000 og 2001, då landingane var rundt 95.000 tonn. (figur 4.9). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2005 er 112.000 tonn, som er 33.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av låge kvotar og utkastpåbodet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med at det var eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Førebels oppgåver for 200 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 68.000 tonn. Dette er om lag 7.000 tonn meir enn kvoten på 61.090 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2005 og 2006 er prognosar

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2005 og 2006 er prognosar

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Nordsjøbestanden er i alle høve svært stor i forhold til bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar blir styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema ved bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna og det vert no starta eit tokt på kysten som skal undersøkje to- og treåringar.

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland på nesten 1,3 millionar tonn. Bestanden vart redusert til ca. 586.000 tonn i 1998, for så å auke til vel 700.000 tonn i 2002 (figur 4.9). Gytebestanden, som i 1974 var på 555.000 tonn, nådde eit minimum på 92.000 tonn i 1991, men er no utrekna til 290.000 tonn i byrjinga av 2007. 1998- og 1999-årsklassen ser ut til å vere over middels, medan førebels data indikerer at årsklassane etter 1999 er rundt eller under middels. Fiskedødsraten har gått ned sidan 1986, og er utrekna til 0,26 (23 %) i 2005.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200.000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40 (33 %). Gytebestanden har sidan 1997 hatt god reproduksjonsevne.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand**
1995Ingen auke i F107107113134
1996Ingen auke i F111111110155
1997Ingen auke i F113115103194
1998Reduser F med 20 %9797100193
1999Reduser F til Fpa104110107202
2000Reduser F med 30 %758587190
2001Reduser F med 20 %878790212
2002F < Fpa135135117201
2003F < Fpa<176165102221
2004F < Fpa<211*190100260
2005F < Fpa<150*145112244
2006F < Fpa<123,3*123,25235
2007I samsvar med forvaltingsplanen<123.8*123,25290

* Forvaltninga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.

** Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

ACFM tilrår å følgje forvaltningsplanen som EU og Noreg er samde om (F=0,30). Dette tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 123.800 tonn. Noreg og EU vart einige om ein totalkvote på 123.250 tonn for 2007. Av dette kan Noreg disponere 64.090 tonn, og alt kan fiskast i EU-sona (sjå tabell 4.10).

4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek dei ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til auka dødsrate, særleg for dei yngre årsklassane.

Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca. 24.000 tonn i 2005 (figur 4.10). Det er berekna at totalfangsten, inkludert utkast og «svarte landingar», var ca. 55.000 tonn i 2005. Norsk fiske i 2005 var på 2.800 tonn, og landingane i 2006 ser ut til å verte tilsvarande. Dette er om lag det same som den norske kvoten på 3.900 tonn. Noreg disponerer 17 % av total TAC.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 200.000 tonn i åra 1980–1987 og fall gradvis til 86.700 tonn i 1990 (figur 4.10). I 2004 vart det fanga 65.000 tonn, der 17.200 tonn vart kasta ut, medan det i 2005 vart fanga 57.300 tonn, der 9.500 tonn vart kasta ut. Norsk fangst i 2005 var 2.200 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for 2006 er omlag 2.800 tonn, medan den norske kvoten er 7.016 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.

Utbyttet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra, men er monaleg lågare enn i perioden 1960–1980 (figur 4.10). Skottland tek om lag ein tredjedel av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 2.380 tonn i 2006. Førebels fangsttal indikerer at fangsten vert rundt 58 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.

Bestandsutrekningane er baserte på ein kombinasjon av fiskeriavhengige data og toktdata. Noreg medverkar med totalfangst og toktdata. Frå og med 1996 vart det laga ei sams utrekning for torskebestandane i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen, for hysebestandane i Nordsjøen og Skagerrak og for kvitingbestandane i Nordsjøen og Kanalen. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Bestandane i Nordsjøen er i alle høve svært store i høve til dei to andre områda, slik at alle utrekningar vert styrte av data frå Nordsjøen.

Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 277.000 tonn i 1970 til langt under Blim , som er 70.000 tonn, i 2001. ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150.000 tonn. Dagens fiskemønster medfører høg dødsrate på eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har den ikkje fått bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002 og 2006 er dei svakaste som er registrerte. Vi kan derfor ikkje vente at gytebestanden når opp til 150.000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig reduserte.

Trass i stort fiskepress har hysebestanden produsert fleire gode årsklassar sidan 1990, og særleg 1999-årsklassen er svært sterk. Gytebestanden er i 2006 vurdert til å vere omlag 231.000 tonn, og såleis over Bpa på 140.000 tonn. Fiskepressnivået i 2005 vart vurdert til 0.32 (27 %). Alle årsklassane etter 1999, bortsett frå 2005, er under middels, og årsklassane 2001–2004 og 2006 ser ut til å vere svært svake. Dersom fiskepresset ikkje minkar, vil gytebestanden derfor ganske snart hamne under Bpa .

Det finst ikkje nok informasjon om kvitingbestanden til å vurdere gytebestand og fiskedødsraten. Om lag alle analysar indikerer at bestanden er på eit svært lågt nivå.

ACFM tilrår at fisket etter torsk vert stoppa. Fordi torsken vert fanga i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri der torsk er inkludert, vert stoppa eller regulerte, slik at det vert minimale bifangstar av torsk. Vidare bør det lagast og iverksetjast ein gjenreisingsplan for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa. Det er ikkje råd å nå den naudsynte reduksjonen i fiskedødsraten berre ved å redusere TAC. Gjenreisingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Den vedtekne forvaltningsplanen for hyse (F=0,3) gir ein fangst på omlag 88.000 tonn, der 55.400 tonn av dette er konsumlanding og 32.500 tonn er utkast. For kviting bør fangsten ikkje vere høgare enn gjennomsnittet for 2003-2005 på 15.100 tonn.

Noreg og EU er einige om desse totalkvotane for 2007: 19.957 tonn torsk, 54.640 tonn hyse og 23.800 tonn kviting (sjå tabellane 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 3.393 tonn torsk, 12.567 tonn hyse og 2.380 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsatsen12012073
199680 % av F(94) = 0.714113010777
199780 % av F(95) = 0.6513511510283
1998F(98) burde ikkje overstige F(96)15314012272
1999F = 0.60 for å byggje opp att SSB1251327859
2000F mindre enn 0.55< 79815945
2001Lågast mogleg fangst048,64133
2002Lågast mogleg fangst049,344,239
2003Ikkje fiske027,327,443
2004Ikkje fiske027,323,4Under Blim
2005Ikkje fiske027,354,7Under Blim
2006Ikkje fiske023,205Under Blim
2007Ikkje fiske019,957

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri120140147
1996Må ta omsyn til blanda fiskeri120154176
1997Må ta omsyn til blanda fiskeri114138190
1998Ingen auke i F100,3115128160
1999Reduser F(95–97) med 10 %7288,6111112
2000F mindre enn Fpa< 51,77310088
2001F mindre enn Fpa< 5861165241
2002F mindre enn Fpa< 94104101399
2003Ingen fangst av torsk0 torsk5276250-380
2004Ingen fangst av torsk0 torsk8565289
2005Ingen fangst av torsk0 torsk6658266
2006Ingen fangst av torskF<0.351,85232
2007Ingen fangst av torskF<0.354,64262

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri8198249
1996Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk6769222
1997Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk7454194
1998Ingen auke frå 1996-nivået546040163
1999Minst 20 % reduksjon av F(95–97)40,44455162
2000Lågast mogleg fangst03055200
200160 % reduksjon av F(97–99)19,43043218
2002F ikkje større enn 0.37<333240210
2003Ingen fangst av torsk0 torsk1638
2004Ingen fangst av torsk0 torsk1625
2005Ingen fangst av torsk0 torsk28,522
2006Ingen fangst av torsk< snitt 2002-2004 = 17,323,8
2007Ingen fangst av torsk< snitt 2003-2005 = 15,123,8
Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen

Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen

4.2.10 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar: ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, derfor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgivinga i ICES. Fisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, også då med flytetrål. Elles tek industritrålflåten kolmulen gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2006 er enno ikkje ferdig, men det er ventar at totalfangsten er om lag 20% lågare enn i rekordåret 2004: rundt 2,0 millionar tonn, om lag som i 2005 (figur 4.11). Året 2006 var dermed det niande i rekkja med fangstar på over ein million tonn. Høg utnyttingsgrad har vore mogleg fordi alle årsklassene 1995–2004 har vore mykje større enn vanleg.

Den norske flåten fiska om lag 638.000 tonn kolmule i 2006. Kolmuletrålarane tok den største delen av fangsten: 78%, resten vart fiska av industritrålarane i Nordsjøen og langs kysten nordover. Noregs del av totalfangsten i 2006 var om lag 30 %, det vil seie litt lågare enn gjennomsnittsandelen (40 %) frå 1978 til i dag.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kysstatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltning og fordeling av kolmule frå 2006 og framover. Dette gav ein totalkvote på 2,0 millionar tonn i 2006. Målet er at gytebestanden skal vere større enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn) og at fiskedødsraten skal verte mindre enn føre-var-grensa (0,32). Inntil desse måla er nådde, skal totalkvoten reduserast med minst 100.000 tonn kvart år.

Prosentdelen til Noreg er ca. 26 %. Noregs reelle prosentdel vil nok vere litt lågare fordi kyststatsavtalen ikkje tek omsyn til det russiske kolmulefisket.

For 2007 har kyststatane avtalt totalkvote på 1,7 million tonn. Gjennom NEAFC har Russland og Grønland fått ein kvote på høvesvis 137.000 og 10.000 tonn kolmule som kjem i tillegg. Totalkvoten i 2007 er dermed 1.847.000 tonn.

Via kyststatsavtalen kan Noreg fiske 437.665 tonn kolmule i 2007. I tillegg kjem kolmule frå bilaterale avtalar. Totalt kan Noreg fiske 550.670 tonn kolmule, av dette 412.161 tonn i EU-farvatn. I færøysk sone kan Noreg fiske 79.150 tonn. Ringnotflåten kan fiske 421.800 tonn, mesteparten i EU-farvatn. Industritrålarane kan fiske 118.970 tonn kolmule, av dette 45.000 tonn i EU-sona.

Tilrådinga frå ACFM for 2007 var eit samla uttak på maksimalt 980.000 tonn, slik at fiskedødsraten ikkje overstig føre-var-grensa (Fpa = 0,32). Fangsten i 2007 vert større enn tilrådinga, og venteleg kjem fiskedødsraten over grenseverdien. Berre god rekruttering kan halde oppe bestanden og fisket. Slik det ser ut no er årsklassene 2005 og 2006 svake. Det er uråd å unngå nedgang dersom rekrutteringa ikkje vert høgare og uttaket held fram med å overstige tilrådingane frå ICES. Det vil føre til sterke avgrensingar i det framtidige kolmulefisket.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangsten i 2006 er framleis usikker

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangsten i 2006 er framleis usikker

Fotnotar

1.

pa = «precautionary approach» = «føre-var»

Til forsida