St.meld. nr. 32 (2006-2007)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2007 og fisket etter avtalane i 2005 og 2006

Til innhaldsliste

6 Fisket etter avtalane i 2005 og 2006

I omtalen av fisket etter avtalane for 2005 og 2006 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2005 og 2006.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, dvs. styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg – Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2.

Tabell 6.1 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2005200620052006
Torsk218.700212.700221.107217.125
Hyse65.30067.65060.85069.391
Lodde----

1 Kvotetala er inneheld ikkje forskingsfangst. For åra 2005 & 2006 blei det avsett 7.000 tonn torsk til forskingsfangst.

Hysekvoten inkluderar 5.000 tonn kysthyse for kvart av åra.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 11.04.2007 og inneheld forskingsfangst.

Tabell 6.2 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
RØS:
Torsk140.000140.0001.1774.694
Hyse20.00020.0001.8226.302
Reker3.0003.0003.0052.240
Grønlandssel10.00010.00010.56610.086
Lodde----
Steinbit1.5001.5006161.030
Flyndre1.0001.000-2
Bifangstkvote500500209249

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone går fram av tabell 6.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2005 fiska Noreg 0,5 % av torskefangstane og 3,0 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2006 var 2,2 % for torsk og 9,1 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2005 deltok 13 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan 11 deltok i 2006. Noregs haneskjelkvote var ikkje talfesta i 2005 og 2006. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår vart ikkje fastlagde i 2005 eller 2006, grunna manglande interesse frå næringa.

6.1.2 Noreg – EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvalting av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 6.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 6.4.

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

ArtKvotar (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2005200620052006
Torsk4.1143.5602.8862.733
Hyse14.6797.0162.0771.798
Sei72.40061.09067.94261.365
Kviting2.8002.3801618
Raudspette1.6301.6211.6241.614
Makrell114.437116.245119.695121.993
Nordsjøsild166.152140.798165.113142.803

1 Kvotar og fangst for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa og IV.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007.

Noregs kvotar av sei, raudspette, makrell og sild vart godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i nordsjøområdet må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord om 62°N til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 8.500 tonn i 2005 og 9.000 tonn i 2006, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av den norske makrellkvoten vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Noreg fiska ikkje norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i 2005 eller 2006.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

6.1.2.2 Norske kvotar i EUs farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2005 og 2006 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane er det ein føresetnad at EU-kvoten skal utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noregs kvotar tildelte av Grønland (sjå tabell 6.6).

Tabell 6.4 Oversikt over Noregs kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EUs farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2005200620052006
EUF, Nordsjøen1 :
Torsk24.1143.560831752
Hyse214.6797.016838655
Sei272.40061.09035.58234.095
Kviting22.8002.38045
Raudspette21.6301.6211.5581.516
Makrell228.36129.9031.176848
Sild260.00050.00061.72842.627
Augepål1.0001.000228
Tobis5.000-3.612-
Brisling1.00010.000-9.807
Reker----
Hestmakrell1.6001.6009533.596
Andre artar4.7204.7206.6115.804
EUF, vest om 4°V3 :
Makrell8.5009.000--
Kolmule120.000472.631117.407457.498
Blålange2002004697
Lange6.8006.8004.8415.235
Brosme4.0004.0002.3922.573
Pigghå1009071
Håbrann----
Kombinert kvote600140107180
Blåkveite14535014579
Bifangst i fisket etter lange/brosme3.0003.000214247
EUGRL, Vest-Grønland4 :
Blåkveite800800800800
Kveite2002009514
Skolest/Isgalt o.a.3151921919
EUGRL, Aust-Grønland4 :
Reker2.7502.7502.6432.738
Blåkveite800800800669
Kveite200200188108
Uer3.5003.500670309
Lodde--
Skolest/isgalt o.a.2852856745

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå:

Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007. Fangsttala på artane blåkveite, blålange, lange og brosme inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IV og IIa.

4 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

6.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 6.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 6.000 tonn av industriartane augepål og tobis i 2005 og 1.000 tonn augepål i 2006. Dette er ein kraftig reduksjon i kvoten som var på 50.000 tonn tobis og augepål i 2004, og det viser kor dårleg bestandssituasjonen er.

Av Noregs kolmulekvote kunne opptil 120.000 tonn fiskast i EU-sona i 2005. Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 500 tonn vassild i 2005 og 2006. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS nord om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 738.599 tonn i 2005 og 642.452 tonn i 2006 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2005 og 2006. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2005 og 2006 avgrensa til 3.000 tonn, og den blei rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 11.000 tonn i 2005 og 2006.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

50 % av uerkvoten vart overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge, som norske fartøy berre kunne ha som bifangst.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærare i punkt 6.1.6.

6.1.3 Noreg – Færøyane

Tabell 6.5 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Lange/blålange2.3072.4572.1861.144
Brosme1.9071.8001.7811.128
Sei1501008735
Blåkveite75-28-
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb25-4-
Makrell4.3211.577--
Hestmakrell230230--
Kolmule36.20020.80034.0255.842
Andre artar910910552178

1 Kvotekontrollen på Færøyane pr 22.02.2007

6.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 6.5.

Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 4.606 tonn botnfisk i færøysk sone i 2005, tilsvarande tal for 2006 var 2.485 tonn botnfisk. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

I 2005 hadde norske fartøy høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Ingen fartøy var lisensierte for dette fisket i 2005. I 2005 vart det fiska 28 tonn blåkveite. Norske fartøy fiska 4 tonn breiflabb som bifangst 2005. Det vart heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra, slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy pleier å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 34.025 tonn i 2005 og 5.842 tonn i 2006.

Noreg hadde låg utnytting av kvotane i færøysk sone i 2006 samanlikna med tidlegare år. Ei årsak er at store deler av kolmulekvoten vart teken i internasjonalt farvatn før fisken gikk nord til færøysk sone. Årsaka til låg utnytting av botnfiskkvotane er meir usikker. Tilbakemelding frå næringa er at banklinefiske ved Færøyane pleier å starte allereie rett over nyttår, og på grunn av at fiskeriavtalen mellom Færøyane og Noreg for 2006 ikkje vart underskriven før i januar 2006, hadde denne fartøygruppa allereie valt andre alternativ.

6.1.4 Noreg – Grønland

Tabell 6.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Vest-Grønland:
Blåkveite650650515612
Aust-Grønland:
Blåkveite425425478-
Kveite350335--
Uer825700--
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk600625620737

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

6.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2005 og 2006 går fram av tabell 6.6. Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64°30"" N eller nord om 68°N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 5 trålarar i fisket i 2005 og 2006. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok 6 linefartøy og 5 trålarar i 2005, medan 3 linefartøy og 5 trålarar deltok i 2006.

I 2005 var det 18 fartøy og i 2006 var det 17 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 12 fartøy deltok i rekefisket i 2005, medan 9 fartøy deltok i 2006.

I 2005 vart det fiska 670 tonn uer av ein kvote på til saman 4.325 tonn. I 2006 vart det fiska 309 tonn uer av ein kvote på til saman 4.200 tonn. Heile kvoten frå Grønland kunne fiskast i internasjonalt farvatn, medan halve kvoten frå EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn (sjå punkt 6.1.9).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 2005 og i 2006 deltok 3 linefartøy og dei kunne i begge åra fiske fritt innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. Både i 2005 og 2006 vart desse kvotene godt utnytta.

6.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Tabell 6.7 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Brosme, lange, blålange500500503483
Kveite--69
Uer--1317
Anna--8584
Lodde22.56139.0452.04739.1912

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

2 Tall frå Norges Sildesalgslag pr 11.04.2007

6.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 6.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2005 og 2006.

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Tabell 6.8 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2005/2006 og 2006/2007

  Kvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
Art2005/20062006/20072005/20062006/2007
Lodde33.48158.2852.04739.1912

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

2 Tall frå Norges Sildesalgslag pr 11.04.2007

6.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2005/2006 og 2006/2007 går fram av tabell 6.8.

I sesongen 2005/2006 vart det ikkje opna for fiske 20. juni slik avtalen føreset, fordi ein hadde problem med å berekne storleiken på bestanden. Først i januar 2006 vart det funne lodde som gav grunnlag for eit kommersielt fiske. Den 1. februar 2006 vart Island, Grønland og Noreg samde om å opne for eit fiske innanfor ein førebels TAC på 100.000 tonn, og Noreg fekk ein førebels kvote på 24.681 tonn. 3. februar 2006 vart TAC auka til 210.000 tonn. Norsk kvote vart då 33.481 tonn, og av dette kunne 22.561 tonn fiskast i Island si sone. Norske fiskarar fekk frå og med 10. februar 2006 lov til å fiske sør til 64°N.

Heller ikkje i sesongen 2006/2007 vart det opna for loddefiske sommaren 2006 grunna problem med å estimere storleiken på bestanden. I januar 2007 vart det funne lodde, og Island, Grønland og Noreg vart samde om å opne for eit fiske innanfor ein førebels TAC på 180.000 tonn. Det norske fisket opna 17. januar 2007, og frå starten av sesongen hadde Noreg dermed ein førebels kvote på 30.585 tonn. Av denne kvoten kunne Noreg fiske maksimalt 21.225 tonn i Island si sone. TAC vart 1. februar 2007 auka til 370.000 tonn. I tillegg fekk Noreg 12.500 tonn i kompensasjon frå Island for sesongen 2005/2006 som kunne fiskast i Island si sone, og den sørlege grensa vart flytta til 64°N. Noregs totalkvote av lodde for sesongen 2006/2007 utgjorde 58.285 tonn; 8 % av 370.000 tonn + 16.185 tonn (Smottholsavtalen) + 12.500 tonn, og inntil 39.045 tonn kunne fiskast i Island si sone.

Til saman vart det fiska 2.047 tonn lodde i sesongen 2005/2006 av totalt 6 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for sesongen 2006/2007 var 39.191 tonn fiska av 47 ringnotfartøy.

Til og med 2004 har eit element i den årlege kvoteavtalen mellom Noreg og EU vore ei overføring av lodde i grønlandsk sone til Noreg. EU hadde ikkje nok loddekvote i 2004 til å oppfylle sin avtale overfor Noreg. Noreg har dermed 7.965 tonn lodde til gode frå 2004. Dersom EU igjen får tilgjengeleg loddekvote, skal det leggjast til rette for at norske fartøy kan fisk denne ved første høve.

6.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.9 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Torsk12710812299
Hyse16913493113
Kviting27271311
Raudspette152154116142
Sild212.80410.8834.3954.702
Makrell--6581.059
Brisling3.7503.900713303
Reker4.9915.2194.4195.281

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007

2 Inntil 50 % av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i 2005 og 2006.

6.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2005 vart det fiska 638 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2006 var 525 tonn.

For sild og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2005 og 2006 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak.

I 2005 vart sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2006. Kystbrislingflåten fiska brislingen, og kystreketrålarane tok rekekvoten.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 6.10 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Torsk----
Lodde----
Uer----
Reker 3M--184433
Reker 3L145244144239

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007.

6.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 6.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Både i 2005 og 2006 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I 2005 og 2006 hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske høvesvis 145 tonn og 244 tonn i område 3L.

I 2005 fiska 2 reketrålarar i 3M med til saman 17 fangstdøgn. Totalfangsten vart då 184 tonn. Tilsvarande tal for 2006 var eitt fartøy som fiska til saman 433 tonn i løpet av 32 døgn. Årsaka til nedgangen i rekefisket ved Flemish Cap dei siste åra er auka pris på drivstoff, lågare rekeprisar og styrka kronekurs. I 2005 fiska to norsk fartøy heile kvoten på 145 tonn i 3L og i 2006 fiska eitt norsk fartøy 239 tonn.

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 6.11 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2005200620052006
Uer7.1576.3313.7825.876

6.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 6.11. Talla inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. I 2005 og 2006 tok høvesvis 6 fartøy og 5 fartøy del i uerfisket. Nedgangen i fangst dei siste åra skuldast i hovudsak ein kombinasjon av høge prisar på drivstoff og dårlegare fiske.

6.1.10 Norsk vårgytande sild

Frå og med 1997 vart firepartsavtalen frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ein fempartsavtale ved at EU også kom med i prosessen med å fastsetje totalkvote og fordele den, i tillegg til at EU fekk delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 etter overføringar

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
  2005200620052006
EU89.53762.00087.99461.812
Færøyane68.00066.06764.97563.136
Island157.700153.818153.337157.474
Noreg578.500564.200583.021566.612
Russland121.218118.221132.327122.687
Totalt1.014.955964.3061.021.654971.721

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007.

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2005

Nasjon/ SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU70.4833.7731.40611.2701.06287.994
Færøyane28.13813.3345.27018.23364.975
Island84.8124.94639.85623.723153.337
Noreg1.5762.018941578.486583.021
Russland8.1491.94747035.93585.826132.327
Totalt193.1583.77321.63345.1262.48890.102665.3741.021.654

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007.

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2006

Nasjon/ SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU20.0498661.4091.53437.95461.812
Færøyane31.18520.40911.54263.136
Island79.33838.07340.01053157.474
Noreg327160566.125566.612
Russland7.1172.6231126.420106.415122.687
Totalt138.01686662.51451.5521128.167710.494971.721

1 Fangsttala førebelse og er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2007.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 6.12, 6.13 og 6.14)

Det kom ikkje i stand nokon fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2005 eller 2006. Dette endra seg i 2007 (sjå kap. 3.2.8).

Noreg inngjekk ein førebels tosidig avtale med Russland i 2005 og 2006. Noreg hadde også ein avtale med EU for 2006 som innebar at EU kunne fiske 62.000 tonn norsk vårgytande sild nord for 62°N i NØS og i fiskerisona rundt Jan Mayen.

Noreg opna for eit fiske i Svalbardsona på inntil 90.000 tonn i 2005 og 85.000 tonn i 2006.

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Både i 2005 og 2006 vart kvoten stort sett fiska i NØS, medan små kvantum vart fiska i internasjonalt farvatn, Jan Mayen sona og i Svalbardsona.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2005 og 2006. I tillegg fiska Russland ein del sild i færøysk sone, i internasjonalt farvatn, i Jan Mayen-sona og i Svalbardsona.

Island utnytta kvotane sine godt både i 2005 og i 2006. Islendingane fiska om lag 40.000 tonn i si eiga sone i begge åra.

Færøyane fiska 96 % av kvoten i både i 2005 og 2006, medan EU utnytta 98 % av kvoten i 2005 og 99 % av kvoten i 2006.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2005 og 2006

6.2.1 Russland – Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2005 og 2006 viser Russlands kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 6.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2005200620052006
Torsk185.700179.700193.397194.295
Hyse51.30053.65046.69550.022
Lodde----

1 Kvotetala inneheld ikkje murmansktorsk. For åra 2005 & 2006 vart det avsett ein kvote på 21.000 tonn murmansktorsk.

2 Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norsk styresmakter og inkluderar fangst av murmansktorsk.

Tabell 6.16 Oversikt over Russlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00044.46450.833
Hyse20.00020.00010.8279.020
Sei10.00010.0007.0348.364
Blåkveite--269282
Steinbit2.0002.0002.1902.119
Uer1.0001.000502644
Snabeluer1.0001.000744667
Kolmule50.00037.81512.5476.908
Lodde----
Andre artar3.0003.000356362
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker----
Sild--476111
Kolmule--1652

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006

6.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.16. Av torskekvoten i NØS i 2005 vart 32 % fiska. Tilsvarande tal for 2006 var 36 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 54 % i 2005 og på 45 % i 2006.

Sei-, snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2005 og 2006, medan steinbitkvotane skulle dekke både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland fiska berre 16 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen i 2005, medan dei fiska 52 tonn i 2006.

Kvoten av andre artar for 2005 og 2006 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU – Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EUs kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EUs kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2005 og 2006, går fram av tabell 6.17.

Tabell 6.17 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Torsk22.65919.26020.48019.064
Hyse51.32144.83544.88534.638
Sei69.60059.16042.60151.450
Kviting25.20021.42010.24315.102
Raudspette57.37055.82053.45653.990
Makrell16.20316.95419.39256.124
Nordsjøsild379.850322.875370.564316.899

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. Dei fleste kvotane vart godt utnytta i begge åra. Med omsyn til makrell er EU og Noreg samde om ei fleksibel ordning som gjer det mogeleg for EU å fiske 108.000 tonn av makrellkvoten i Nordsjøen i staden for vest av 4°V.

Tabell 6.18 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
NØS, N 62°N:
Torsk19.17918.91919.49918.853
Hyse2.2602.7602.2072.725
Sei3.6003.6003.0723.517
Blåkveite100754120
Uer750750165153
Snabeluer750750177187
Kolmule-367.000-154
Makrell8.5009.000--
Sild-62.000-37.954
Andre artar45045078150
NØS, Nordsjøen2 :
Torsk320.10517.1225.0424.235
Hyse338.93634.05711.1518.561
Sei370.54760.04014.88015.468
Kviting317.26314.702387526
Raudspette330.00022.9052.7162.294
Makrell314.65315.36421.15422.661
Nordsjøsild351.10250.96310.22913.546
Augepål5.8005.0002485
Kolmule19.00019.8007.8201.998
Tobis10.000-3.85030
Reker1.0511.058645440
Andre artar11.00011.2507.7407.410
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000-10

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006

2 EUs kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2005 og 2006 sett saman av to kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg og avtalen mellom Sverige og Noreg. Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 6.2.7.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14 % av TAC for norsk arktisk torsk. I åra 2005 og 2006 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62° N svært godt.

EUs makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2005 og 2006. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EUs kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EUs fangstar i NØS sør om 62°N som del av EUs samla fangstar utgjer i 2005 og 2006 desse prosentane: for torsk 25 % og 22 %, for hyse 25 % og 25 %, for sei 35 % og 30 %, for kviting 4 % og 3 % og for raudspette 5 % og 4 %.

EU utnytta 70 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2005 og 66 % i 2006.

6.2.3 Færøyane – Noreg

Tabell 6.19 Oversikt over Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
NØS, N 62°N:
Torsk4.5374.8884.5374.880
Hyse675963675884
Sei8921.0701.1921.139
Blåkveite--911
Uer15015055102
Kolmule500---
Lodde----
Makrell8.51414.360--
Andre artar200150-4
NØS, Nordsjøen:
Sei1.41560047248
Nordsjøsild7001.0007561.362
Augepål--24-
Kolmule16.8002.0003.875382
Tobis----
Brisling500500--
Makrell--8.61211.850
Hestmakrell1.0001.00035-
Håbrann/pigghå300300--
Andre artar2802802559
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule100---
Reker5050--

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006

6.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.19. Færøyanes kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62°N er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyanes kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2005 utgjorde kvotane frå Noreg 2.108 tonn torsk, 693 tonn hyse, 892 tonn sei og 50 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2006 var på 2.108 tonn torsk, 963 tonn hyse, 1.070 tonn sei og 100 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES-område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyanes seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord om 62°N.

Både i 2005 og 2006 har Færøyane fiska kvotane av torsk, hyse og sei i NØS nord om 62°N. Utnyttinga av makrellkvoten var på 101 % i 2005 og 83 % i 2006. Det stod att ein stor del av seikvoten sør for 62°N både i 2005 og 2006.

6.2.4 Grønland – Noreg

Tabell 6.20 Oversikt over Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
NØS, N 62°N:
Torsk5.3405.3004.8194.681
Hyse1.1201.1201.0881.012
Sei925850817777
Andre artar150150109128
NØS, Nordsjøen:
Torsk--5023
Sei1.000925897924
Andre artar1001004924

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006

6.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.20. Grønland har nytta torske, hyse- og seikvotane godt i 2005 og 2006. I 2005 og 2006 overførte Grønland torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS på høvesvis 3.500 tonn og 820 tonn.

I 2005 og 2006 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

6.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62°N på 4.367 tonn i 2005 og 4.237 tonn i 2006 som eit resultat av «Smottholsavtalen». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Islands kvotar og fangstar i 2004 og 2005

ArtKvotar (tonn)Fangst1 (tonn)
  2005200620052006
Torsk4.3674.2374.1443.949
Hyse2--392325
Sei2--365248
Anna2--3043

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006

2 Bifangst inntil 30 %

6.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.22 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
Torsk3.7733.2073.6473.073
Hyse3.8493.0558831.438
Kviting1.4731.473117143
Raudspette7.4487.5265.4887.651
Nordsjøsild83.19670.71780.98068.498
Brisling46.25048.10042.54519.735
Reker5.7195.9814.3384.903

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU.

6.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, skolest, lysing og sjøkreps.

6.2.7 Sverige – Noreg

Tabell 6.23 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard

  Fangstar1 (tonn)Maksimalt tilletne fiskedøgn
Land2005200620052006
EU1.7911.2461.5431.080
Færøyane2.5289031.317922
Grønland--643450
Noreg29.59421.7228.2795.795
Island--10070
Russland426-46523.256
Canada--154108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006.

Kommentarar til oversikta

Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.23. Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2005 fiska svenske fartøy 798 tonn industrifisk, medan dei i 2006 fiska berre 34 tonn. I 2005 og 2006 vart det ikkje fiska hestmakrell i NØS.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EUs kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sveriges kvotar tildelte av EU forklarer kvifor det ser ut som om Sverige har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 6.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

6.2.8 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tall tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.

Tabell 6.24 Oversikt over Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2005200620052006
NØS, Nordsjøen:
Torsk411382261256
Hyse76170713672
Sei9478801.377788
Kviting190190-1
Industrifisk80080079834
Makrell3152751.4992.285
Nordsjøsild1.1029633.6113.253
Reker151158143190
Andre artar--13973

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 01.04.2006.

Til forsida