St.meld. nr. 9 (2003-2004)

Om utviding av Trollfjord I kraftverk i Trollfjordvassdraget

Til innhaldsliste

7 Merknader frå Olje- og energidepartementet

7.1 Bakgrunn for saka

Hadsel kommunale Kraftverk, seinare Hadsel Energiverk AS, nå Trollfjord Kraft AS, fekk ved kongeleg resolusjon av 28. januar 1949 løyve til å regulere Trollfjordvassdraget og å overføre vatn fra eit nabofelt. Løyvet gav rett til å regulere vassdraget ved å senke vatnet 19,3 m. Det er to kraftverk i Trollfjord, Trollfjord I og II. Trollfjord I nyttar fallet mellom Trollfjordvatnet og fjorden, mens Trollfjord II nyttar fallet mellom Botnvatn og fjorden. Trollfjord I har ein installasjon på 2,6 MW og ein årleg middelproduksjon på 11 GWh.

7.2 Om søkjaren

Trollfjord Kraft AS er fullt ut eigd av Hadsel kommune. Selskapet eig og driv tre kraftstasjonar med ein samla årleg produksjon på ca. 19 GWh.

7.3 Prosjektet

Det er framlagt 3 ulike alternativ for utbygging. Søkjaren gjev alternativ A førerang. Alternativet går ut på å utvide reguleringa av Trollfjordvatnet ved å heve vatnet med 4,7m, og å overføre Blåskavlelva. Dette vil auke produksjonen med maksimalt 2,7 GWh/år.

7.4 Innstillinga frå NVE - kort oppsummering

NVE rådde i si innstilling til departementet til at løyve vert gjeve etter alternativ A. NVE peikar på at utbygginga vil auke produksjonen og betre utnyttinga av kapasiteten, men at den er liten i nasjonal samanheng. Prosjektet har høge produksjonskostnader i høve til produksjonsgevinsten. Dei fysiske inngrepa synest isolert sett relativt små i høve til dei tekniske inngrepa som allerede er etablert ved Trollfjordvatnet og Isvatnet. Det faktum at eit område som Blåskavlen vert rørt ved fører likevel til eit høgt konfliktnivå i saka. NVE rår til at det vert gjeve løyve til å utvide Trollfjord I kraftverk ved auka regulering av Trollfjordvatnet og overføring av Blåskavlelva.

7.5 Oppsummering av fråsegnene til innstillinga frå NVE

Olje- og energidepartementet har hatt innstillinga frå NVE på høyring. Fråsegnene er i sin heilskap tekne inn i kap. 3.

Kommunal- og regionaldepartementet har ikkje merknader til innstillinga frå NVE. Hadsel kommune og Nordland fylkeskommune kommune har ikkje merknader til innstillinga og rår til at det vert gjeve løyve til utvida regulering av Trollfjordvatnet og overføring av Blåskavlelva (alt. A).

Miljøverndepartementet peikar på omsynet til Blåskavlen og Blåskavleelva som eit eineståande naturdokument og urørt naturområde. Departementet held frem at det er særs sjeldsynt at skadane og ulempene så klart er større enn fordelane tiltaket vil føre med seg, og rår sterkt frå at det vert gjeve løyve til alternativa A og C.

7.6 Vurderinga etter vassdragsreguleringslova § 8

Etter vassdragsreguleringslova § 8, 1. ledd bør styresmaktene normalt berre gje løyve til vassdragsregulering når «skader eller ulemper for allmenne eller private interesser anses for å være av mindre betydning i sammenligning med de fordeler reguleringen vil medføre. Hensyn bør dessuten tas til andre skade- og nyttevirkninger av samfunnsmessig betydning.»

Ein skal normalt berre gje konsesjon dersom skadene eller ulempene er av mindre tyding samanlikna med fordelane som tiltaket vil føre med seg.

Ved vurderinga av fordeler og ulemper må ein ikkje berre må sjå hen til dei nærliggjande verknadene, men og indirekte og meir fjerne følgjer. Vurderinga om løyve skal gjevast, ligg innafor det frie skjønn til konsesjonsstyresmaktene.

Ei utviding av Trollfjord I kraftverk i samsvar med tilrådinga frå NVE vil auke den årlege kraftproduksjonen med 2,7 GWh.

Dei tekniske inngrepa vert isolert sett relativt små i høve til dei inngrepa som alt er etablert i Trollfjordvassdraget.

Ei overføring av Blåskavlelva vil føre til sterkt redusert vassføring i Blåskavlelva ned mot fjorden.

Blåskavlen er eit av få kystnære breområde i regionen, og vert rekna som eit viktig naturdokument. Visse om at dette området vert rørt ved er den største ulempa og eit sterkt argument mot ei utviding slik det er søkt om.

7.7 Vurdering og tilråding frå departementet

Konsesjon skal normalt berre gjevast dersom skadene eller ulempene er av mindre vekt samanlikna med fordelane som tiltaket fører med seg. Noko kvalifisert overvekt vert ikkje kravd.

Ved vurderinga av søknaden fann Olje- og energidepartementet etter ei samla vurdering at omsynet til natur og miljø måtte få avgjerande vekt i saka. Omsynet til Blåskavlen som eit urørt naturområde står her sentralt.

Ei utviding av Trollfjord I kraftverk som omsøkt vil kun gje eit heilt begrensa bidrag til kraftproduksjonen.

Olje- og energidepartementet kan ikkje sjå at det har kome fram med nye moment i saka som gjer at departementet finn grunn til å endra si vurdering. Departementet vil i denne samanheng peike på at opprettinga av Møysalen nasjonalpark ikkje kan vere avgjerande for spørsmålet om konsesjon skal gjevast.

Dei momenta som Hadsel Energiverk AS held fram i klagen, og som har vore av avgjørande tyding for vedtaket, var kjende då departementet gjorde vedtak om å avslå søknaden.

Det er framleis departementet si oppfatning at skadeverknadene ved prosjektet er større enn fordelane, og at avslaget på søknaden om utviding av Trollfjord I anlegget derfor bør oppretthaldast.