Definisjoner og aktører

Type datasenter

Korleis identifiserast dei?

Eigarar, drift og brukarar

Hyperscale

Svært store installasjonar (100 MW+). Lang tidsramme for etablering, høg konkurranse.

Fleire interessentar hevdar å representere slike aktørar. Som regel henvender slike aktørar seg berre via offentlege aktørar som Innovasjon Noreg.

Er eigd, drifta og nytta av aktøren sjølv, eksempelvis Google, Meta, Apple.

Colocation

Mellomstore installasjonar (over 5 MW).

Aktør som tilbyr IT-driftsareal med straum og kjøling inkl. serviceavtale til flere kundar.

Er som oftast eigd av datasenter- operatøren.

Er drifta av datasenteroperatør og kunde.

Er brukt av kundar som eig eige utstyr, men som ikkje ynskjer å etablere eige datasenter.

Edge

Ofte mindre installasjonar (under 1 MW) frå containerstørrelse og oppover.

Alltid i nærleiken av brukaren som driv dataprosessering på eller i nærleiken av der dataa blir generert.

Er eigd av teleselskap, IT-operatørar og i nokre tilfelle brukaren sjølv.

Er drifta av eigar.

Er brukt av eksterne kundar eller til spesielle formål.

HPC (High Performance Computing)

Høgkapasitets prosesseringsbehov som kunstig intelligens, maskinlæring og andre tunge rekneoperasjonar.

Kan innehalde kryptomining, sjå nedanfor.

Er eigd og drifta av kunden eller ein colocation-driftsoperatør.

Er brukt av aktørar med stort behov for datakraft.

Rein kryptoutvinning («gruvedrift»)

Ofte containerbaser eller enkle bygg.

Installasjonane er forholdsvis store målt i MW, men blir drifta med få og enkle ressursar. Interessenten er hovudsakleg oppteken av pris på og tilgjengelegheit til elektrisk kraft.

Tidsramme for etablering er kort.

Eigar og selskapsstruktur er ofte uklar. Kan vere eit finanskonsern eller eit selskap utan tydeleg eierskap.