Kva bør kommunen ta omsyn til når ein vurderer å etablere eit datasenter i kommunen?

Når kommunen sjølv ynskjer å etablere datasenter, eller kommunen får ein førespurnad frå ein interessent, er det fleire faktorar som bør vurderast før ei avgjersle blir fatta.

Her er ei oversikt over kva kommunen bør ta omsyn til når ein vurderer å etablere eit datasenter i kommunen;

Eksterne interessentar

Ulike datasenteraktører

Interne interessentar

  • Tomteutviklarar
  • Konsulentar
  • Finansielle aktørar
  • Invest In Norway
  • Nettselskap
  • Hyperscale
  • Colocation
  • Edge
  • HPC
  • Rein kryptoutvinning
  • Fylkeskommunen
  • Kommunen nærings-/teknisk-sjef
  • Grunneigar

Dersom kommunen ynskjer å legge til rette for etablering av datasenter, er dette eit tema som bør inngå når kommuneplanens arealdel blir revidert. Viktige spørsmål i vurderinga er tilgang tilkraft og infrastruktur og om ønska arealbruk kan kome i konflikt med viktige jordvern-, miljø- og samfunnsomsyn. I konsekvensutgreiinga skal relevante og realistiske alternativ vurderast. Aktuelle areal blir sett av til næring, eventuelt med føresegner som avgrensar formålet ytterlegare.

Lenke til rettleiar for kommuneplanens arealdel

Kommuneplanens arealdel skal følgast opp med ein reguleringsplan som avklarar korleis og på kva vilkår utbygginga kan gjennomførast. Område for datasenter blir regulert til «anna næring», eventuelt med føresegner om at arealet skal brukast til datasenter. For øvrig bør det vurderast om det er behov for ny infrastruktur, og planen bør eventuelt innehalde rekkefølgjekrav om dette. Moglegheita for gjenbruk av eventuell restvarme frå datasenter bør takast omsyn til både når lokalisering blir vurdert i kommuneplanens arealdel og når reguleringsplanen blir utarbeidd.

Lenke til rettleiar for reguleringsplan

Der kommunen stiller rekkjefølgekrav om infrastruktur i arealplan, kan det bli inngått ein utbyggingsavtale om at utbyggjar skal opparbeide eller finansiere heile eller deler av infrastrukturen. Dette kan for eksempel gjelde veg, vatn og avlaup, støyskjerming eller privat finansiering gjennom utbyggingsavtale. Det føreset at infrastrukturen er «nødvendig», at den skal ha ein samanheng med behov som følgjer av utbygginga. Går avtalen ut på at utbyggjar skal opparbeide eller finansiere ein veg, må altså denne vegen kunne brukast av den utbygde eigedommen. Storleiken på private bidrag skal stå i forhold til den belastninga på infrastrukturen utbygginga vil ha. Dette inneber at om fleire andre også skal bruke vegen, så skal ikkje ein utbyggjar finansiere heile.

Etablering av kraftkrevjande næringar bør vurderast i eit regionalt perspektiv. Regionale planar er eit godt verktøy for å sjå næringsareal i samanheng med blant anna energibehovet, kraftproduksjonen og kapasiteten i kraftnettet og annan infrastruktur. Dersom fylkeskommunen utarbeider ein regional plan skal denne leggast til grunn for den kommunale planlegginga.

Om kommunen er grunneigar:

Om kommunen er grunneigar av arealet der det er aktuelt å etablere eit datasenter, vil kommunen gjennom ein leigeavtale kunne stille privatrettslege krav til bruken av eigedommen i kraft av å vere eigar. Det gir større moglegheiter til å stille krav til opparbeiding av tomt, allmentas tilgang eller ikkje tilgang og så vidare. Kommunen bør tenke gjennom vilkåra i leigeavtalen og særleg kommunens mulighet til å sei opp leigeforholdet i framtida. Dersom kommunen ynskjer å omdisponere arealet til annan bruk i framtida, vil dei enkelt kunne gjere det eller vil leigeavtalen stå i vegen? Kva skjer om verksemda går konkurs, vil det vere ein risiko for at det står igjen avfall eller konstruksjonar som kommunen blir ansvarleg for å rydde opp?

Om kommunen skal ha ei rolle som (del)eigar i eit konkret prosjekt:

Om kommunen skal ha ei rolle som eigar i eit konkret prosjekt bør kommunen gjere ei vurdering av prosjektet etter økonomiregelverket i kommuneloven. Kommuneloven kapittel 14 har reglar om kva kommunen kan lånefinansiere og i kva tilfelle kommunen kan stille økonomisk garanti. Det er viktig at kommunen ikkje stiller garanti eller tek opp lån i strid med desse føresegnene.

Dersom kommunen skal vere eigar vil også organiseringa av verksemda ha betydning for kva reglar som gjeld – skal verksemda vere eit IKS eller eit AS? Kommunen bør greie ut moglege konsekvensar ulik eigarstruktur har for kommunen.

Dersom kommunen legg til rette for verksemda gjennom gunstige leigeavtalar, økonomiske fordelar/garanti eller eigarskap, kan det også vere behov for å vurdere prosjektet opp mot reglane om statsstøtte. Nærings- og fiskeridepartementet kan i så tilfelle rettleie nærmare om dette.

Støy

Datasenter har normalt vifteanlegg/kjøleanlegg som vil kunne medføre støy. Støy kan ofte føre til naboklage og konflikt, og det er difor viktig å planlegge for minst mogleg støyplagar. Kva grenseverdiar som skal brukast for vurdering av støy frå datasenter er avhengig av om det er tatt inn grenseverdiar for støy i planområdet der datasenteret skal etablerast. På Miljødirektoratets nettsider kan ein finne rettleiing om regulering av støy og rettleiar om behandling av støy i arealplanlegging. Kommunen bør sette seg inn i dette og avklare kva for støykrav som vil gjelde for datasenteret, og vurdere om støyen vil kunne føre til konflikt.