Meld. St. 16 (2011–2012)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

3 Kontroll

3.1 Intern kontroll

Alle salslaga skal revidere rekneskapane sine i samsvar med gjeldande reglar for dette.

Råfisklova § 3 fastset at fiskesalslag med einerett til omsetning av fisk osv. i første hand skal ha ei kontrollnemnd. Representantskapet vel nemnda som i perioden mellom kvart møte i representantskapet skal føre kontroll med virket til dei utøvande organa, mellom anna vedtekter og forretningsreglar.

3.2 Ekstern kontroll

Råfisklova § 3 andre ledd fastset at Fiskeri- og kystdepartementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart salslag. Det er i dag oppnemnde kontrollørar for alle salslag. Den viktigaste funksjonen er å føre kontroll med at den delen av verksemda til salslaget som er forvaltningsverksemd, vert utført i samsvar med gjeldande regelverk. Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ein instruks for kontrollørane som inneber at vedkomande skal gje årlege rapportar til departementet, som mellom anna skal innehalde merknader til årsmelding og rekneskap.

3.3 Ansvar for ressurskontroll

Salslaga har sidan 1990 hatt eit ansvar for å delta i arbeidet med den nasjonale ressurskontrollen. Salslaga har fått ei stadig viktigare rolle i dette arbeidet. Dette er naturleg fordi all omsetning av viltlevande marine ressursar i første hand skjer gjennom eller med godkjenning av salslaga. Salslaga har gjennom omsetninga av fiskeressursane og kontrollen med uttaket, tileigna seg god kunnskap om dei utfordringane styremaktene og fiskarane står overfor. God ressurskontroll og langsiktig forvaltning av ressursane er no nokre av føresetnadene for eksistensen til salslaga.

Den nye havressurslova som vart vedteken 6. juni 2008 gir salslaga eit større ansvar og vidare heimlar i høve til den nasjonale ressurskontrollen. Desse endringane er gjennomgått i Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) kapittel 8.1.9.

Eit sentralt grep i havressurslova i denne samanheng er plikta for fiskarane til å føre all fangst av fisk i land. Plikta til ilandføring gjeld også dersom fangsten er teken i strid med føresegner i eller i medhald av lova, men då er det ein føresetnad at haustarane ikkje skal få ha verdien av ulovleg fangst, jf. havressurslova § 54. Dette er bakgrunnen for forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar.

Hovudpoenget i forskrifta er at salslaga har overtatt ein del av inndragingskompetansen som tidligare låg til Fiskeridirektoratet. Dette må sjåast i samanheng med at salslaga stadig får ei viktigare rolle i ressurskontrollarbeidet. Etter kvart som tekniske løysingar utviklar seg, vil dei gjennom systema sine på enkle måtar kunne avdekkje brot på reglane.

3.4 Evaluering av salslaga sitt kontrollarbeid

Salslaga har fått eit stadig større ansvar for ressurskontrollen. Dette heng naturleg saman med verksemda til salslaga. Salslaga si organisering og grada av kontrollarbeid og kontrolltypar er likevel ulik. I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet har difor kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei ulike salslaga.

Salslaga har i dag kontrolloppgåver både for ressurskontroll etter havressurslova og omsetningskontroll etter råfisklova. Kontrollen inneber utøving av offentleg myndigheit. Ressurskontrollen er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd, som for eksempel kvotekontroll. I havressurslova er salslaga sine fullmakter utvida slik at dei no er betre i stand til å utføre operativ kontroll. Salslaga har mellom anna fått uhindra tilgang til fartøy, anlegg og rekneskapsopplysningar. Evalueringa gjenspeglar situasjonen før og etter salslaga sine utvida heimlar til å utføre kontroll.

Evalueringa tek mellom anna føre seg om ressursbruken er kostnadseffektiv, og kor sannsynleg det er at brot på reglane vert oppdaga ved kontroll. Vidare inneheld evalueringa ei kartlegging av kva type kontrollar dei enkelte salslaga utfører og korleis desse vert utførte, og kva det er reagert mot og korleis det er reagert. På denne bakgrunn kan gjennomgangen bidra til å belyse kontrollaktiviteten og sikre likebehandling på tvers av salslaga. Det vert i denne samanheng vist til arbeidet som er lagt ned i «Prosjekt salgslag» der Fiskeridirektoratet og salslaga har samarbeidd om å kartlegge rutinar i kontrollarbeidet og føreslå tiltak, under dette å betre datautvekslinga mellom direktoratet og salslaga.

Evalueringa vurderer verdien av salslaga sine utvida fullmakter etter havressurslova og råfisklova. Salslaga er som private organisasjonar avhengige av legitimitet i sitt kontrollarbeid. Kontrollarbeidet må innordnast slik at ein ikkje kan stille spørsmål ved misbruk av opplysningar som salslaga får tilgang til om konkurrerande verksemder.

Som grunnlag for evalueringa har departementet innhenta opplysningar og vurderingar frå Fiskeridirektoratet og salslaga. Svara er tilgjengelege på www.regjeringa.no/fkd.

3.5 Nærare om dei enkelte salslaga

3.5.1 Norges Råfisklag

Norges Råfisklag omsette i 2010 eit fanga kvantum på 741 044 tonn rund vekt til ein verdi i første hand på 5,624 milliardar kroner. Leveransane frå 4335 merkeregistrerte fartøy vart levert til 218 mottaksstasjonar og fordelt på 173 kjøparar. Totalt medførte dette at det vart skrive ut 151 102 sluttsetlar i 2010.

Norges Råfisklag har sju heile stillingar og ei 50 % stilling via til kontrollarbeid. I tillegg vert det brukt ressursar frå IT-avdelinga og økonomiavdelinga til nødvendig arbeid spesielt i samband med kvotekontrollen. Norges Råfisklag bruker også personell frå salsavdeling til informasjon og kvoteopplysning til fiskarane. Avdelinga arbeider sjølvstendig og gjennomfører lovpålagte oppgåver i samband med ressurskontroll.

3.5.1.1 Skildring av kontrollinnsatsen

Norges Råfisklag delar ressurskontrollen inn i tre hovuddelar. Første del består av kvotekontroll for alle fiskefartøy i salslaget sitt område. Andre del består av operativ kontroll hos kjøparar der både fiskefartøy og kjøpar vert kontrollert i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande føresegner. Den tredje delen består av informasjon til næringsutøvarar, Norges Råfisklag tek årleg imot ca 35 000 telefonar med mange spørsmål relatert til kvotar, forskrifter, etc.

Den operative ressurskontrollen er ein fysisk kontroll der faste prosedyrar vert følgd for gjennomføring av kontrollen.

Vektkontroll. Her vert det kontrollert om bedrifta har godkjente vekter for veging av fangstar tilgjengeleg. Det vert også kontrollert om bedrifta har gode prosedyrar for veging, mellom anna ved bruk av vasstrekk, kar-vekt, etc.

Setelkontroll. Her vert det kontrollert om bedrifta fyller ut og bruker sluttsetelen i samsvar med gjeldande forskrift. Norges Råfisklag har ofte spesielle fokusområde når det gjeld setelkontroll der dei den seinaste tida har fokusert på innsendingsplikta. Kontrollen omfattar også sjekk av bedrifta sin økonomiske status for å sikre at alt kjøp av fisk skjer innanfor godkjente garantiar. Kontroll av sluttsetelen er veldig viktig då dette er det juridiske dokumentet som knyter kjøpar/seljar saman, sørgjer for eit korrekt kvoteuttak og eit rettmessig oppgjer for fangsten.

Mottakskontroll. Dette er ein kontroll der salslaget passar på at ein veg all fisk korrekt ved landing og at det vert registrert på setel. Her vert den enkelte art kontrollert med omsyn til storleiksamansetning, minstemål etc.

Fullkontroll. Dette er ein kontroll som vert utført saman med Fiskeridirektoratet sine inspektørar. Kontrollen består i å kontrollere fysisk landa kvantum opp mot innrapportert kvantum.

Norges Råfisklag opplyser at ca 30 % av all operativ ressurskontroll vert gjort i samarbeid med lokale inspektørar i Fiskeridirektoratet.

Råfisklaget har nærma seg dei same kontrollmetodane som Fiskeridirektoratet bruker. Dette er eit resultat av den nye havressurslova der Fiskeridirektoratet er gitt instruksjonsmyndigheit overfor salslaga i ressurskontroll.

Norges Råfisklag opplyser at dei i 2010 gjennomførte 146 setelkontrollar, 247 mottakskontrollar, 145 vektkontrollar og 144 fullkontrollar, totalt 707 kontrollar. For same år var det totalt 395 inndragingssaker, det vart gitt 12 skriftlege åtvaringar og 3 saker vart melde til politiet.

3.5.1.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

Norges Råfisklag har i 2011 58,74 fast tilsette, av dei 7,5 i kontrollavdelinga (12,8 %). Kostnader for ressurskontrollen var 5 900 147 kroner i 2010.

3.5.2 Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi)

Surofi utferda i 2010 18 236 sluttsetlar og 741 landingssetlar. Omsett kvantum i 2010 var 209 665 tonn, rekna i rundvekt. Faktisk landa kvantum i produktvekt var 155 000 tonn.

83 % (ca 175 000 tonn rundvekt) av omsett kvantum vart i 2010 landa ved nøytrale fryselager, medan 17 % (ca 35 000 tonn rundvekt) vart landa direkte ved kjøpar si kai.

Talet på ordinære kjøparar i 2010 var 112. Eigenovertaking er då ikkje medrekna. Kjøparkorpset består i hovudsak av ca 20 klippfiskprodusentar, vel 60 traderar og knapt 20 reine ferskfiskmottak. Det er berre ca. 40 kjøparar i distriktet som har eiga mottakskai. Det er 10 nøytrale mottaksanlegg (fryselager) i Surofi sitt distrikt, der som nemnt ovanfor mesteparten av landingane (målt i kvantum/verdi) skjer.

Surofi opplyser at det er avsett tilstrekkelege og kompetente bemanningsressursar i eigen organisasjon til å ta vare på kvotekontroll og dei utvidingar av kontrolloppgåver som vart overført til salslaga pr. 1.5.2010 (bifangst, fredingsføresegner m.m.). Surofi har berre administrativ kontroll. Surofi driv ikkje kaikontroll, men dei har eit svært tett og godt samarbeid med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor. Dei held til i same hus, og har full tilgang til Surofi sin innmeldingsdatabase. Surofi er eitt av få salslag som har innmeldingsplikt for fiskar, og det er ikkje mogleg å skrive sluttsetel utan at fangsten er innmeld. Det er relativt få landingsstader i Surofi sitt distrikt, avstandane er korte og ein svært stor del av landingane skjer ved nøytrale fryselager og vert seld først i ettertid.

3.5.2.1 Skildring av kontrollinnsatsen

Surofi sine eigne kontrollressursar vert først og fremst nytta for å ivareta inndragingsforskrifta (forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar).

I 2010 vart det gjort inndragingar etter havressurslova § 54 for totalt kroner 826 855. Dei nye fullmaktene som gjer det mogleg med større innsyn i fiskar/kjøpar sin rekneskap m.v. har ikkje i seg sjølv endra kontrollaktiviteten i Surofi. Når kontrollane avdekkjer avvik/brot som kan føre til inndraging, vert det gjort ein ekstra kontroll av kvotestatus før varsel vert sendt.

Det er krav om innmelding av all fangst i Surofi. Dette gjeld såleis både landingar direkte på kjøpar si kai og på fryselager. Innmeldingsdatabasen er tilgjengeleg i sanntid for Fiskeridirektoratet og Kystvakta og gir opplysningar om fangst, pris, fangstfelt, reiskap, lossestad, forventa innkomst. Det er ikkje mogleg å skrive setel (landings- eller sluttsetel) i Surofi sitt elektroniske setelsystem utan at det ligg føre innmelding frå fiskar.

Mesteparten av landingane (83 % i 2010 målt i verdi) skjer ved nøytrale lager. Dette gjeld i praksis alle landingar frå havfiskeflåten, med unntak av noko garnsei om vinteren som vert levert fersk. Alle dei nøytrale lagera ligg i eller nær Ålesund. Landingane frå kystflåten skjer ved eit avgrensa tal på mottak som inspeksjonspersonell frå Fiskeridirektoratet sitt regionkontor kan nå innanfor kort reiseavstand. Etter Surofi si vurdering bidreg rutinane i omsetningssystemet i vesentleg grad til å styrke kontrollregimet.

3.5.2.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

Av totalt 12,6 årsverk bruker Surofi 1,5 årsverk på kontroll. Dette utgjer 11,9 %. I rekneskapen for 2010 utgjer kontrollverksemda kostnader på kr. 1 269 785 av salslaget sine totale kostnader på 16 575 878. Dette tilsvarer ein del på 7,7 %.

3.5.3 Vest-Norges Fiskesalslag (VNF)

Det vart levert 25 701 tonn i 2010 frå 19 konvensjonelle havfiskefartøy og 845 fartøy i kystgruppa inkl. fritidsfiskarar. Det er 101 kjøparar og talet på sluttsetlar i 2010 var 11 308.

3.5.3.1 Skildring av kontrollinnsatsen

VNF meiner dei har tilfredsstillande kontroll med aktivitetane i sitt distrikt. Det er forsøkt å ha jamlege møte med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor Vest for om mogleg å avdekke felles problemstillingar i samsvar med kontrolltiltaka. Slikt samarbeid har også utløyst avdekking av brot som har gått vidare til rettsvesenet. Ved å vere eit etter måten lite salslag, er det meir «gjennomsiktig» og lovbrot vil lettare verte oppdaga.

VNF prøver å ha månadlege fysiske stikkontrollar på fryseterminalen i VNF sitt distrikt. Vidare har dei sporadiske fysiske kontrollar ved lokale kystmottak. VNF har dokumentkontroll ved at alle sluttsetlar vert og sende inn til salslaget, diverse kontrollar vert gjennomgått før sluttsetlane vert endeleg godkjent.

Saman med Fiskeridirektoratet har dei kome fram til kontrollpunkt der dei kvar for seg har fått signal om lovbrot. Det vil alltid vere ei vurdering om kvar ein skal setje inn kontrolltiltak for å få størst nytte av dei. Det er likevel ikkje alltid ein kan måle nytte i resultat, då kontrollar også skal ha ein preventiv effekt.

Dersom regelbrot vert avdekka vert det først sendt varsel, deretter vedtak og til sist oppfølging av vedtaka.

3.5.3.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

VNF har rekna ressursinnsatsen til ca. eitt årsverk i timeforbruk til fysiske kontrollar og datakøyring i kontrollformål. I tillegg kjem nokre kostnader til teknisk utstyr. Dette utgjer ca. 10 % av administrasjonskostnadene.

3.5.4 Rogaland Fiskesalgslag

Salslaget skreiv ut 8047 sluttsetlar og 5 landingssetlar i 2010 til 222 kystfartøy, 10 trålarar, 64 reketrålarar, 4 utanlandske fartøy og 165 fritidsfiskarar. Fangstvolum var 8662 tonn rund vekt. Av dette var 2122 tonn landa direkte i utlandet, 315 tonn dispensasjonssal og resten er levert fersk til 15 godkjente kjøparar/mottaksanlegg.

På generelt grunnlag meiner Rogaland Fiskesalgslag at dei har ei god evne til å utføre kontroll. Med berre tre tilsette er det klart at fysiske kontrollar vil vere av avgrensa omfang.

3.5.4.1 Skildring av kontrollinnsatsen

Rogaland Fiskesalgslag har i eigen regi gjort 30 fysiske kontrollar av fiskarar som har dispensasjon for kaisalg direkte til forbrukar. Dessutan har dei hjelpt Fiskeridirektoratet i nokre tilfelle ved inspeksjon av kaisalg. I tillegg har dei i 6 tilfelle rykka ut ved varsling/mistanke om ulovleg sal. Salslaget sitt datasystem er slik at dei kvar veke kan køyre ut lister over for eksempel ulovleg bifangst av torsk i reketrål.

Når det gjeld brot på bifangstreglar i leveransar som er ei dellevering, har Rogaland Fiskesalgslag ei utfordring og er avhengige av opplysningar frå andre salslag og/eller Fiskeridirektoratet. Dei nye fullmaktene har ikkje gitt noko vesentleg endring i kontrollaktiviteten. Når dei oppdagar brot vert det sendt først varsel om inndraging, før salslaget eventuelt fattar vedtak om inndraging.

3.5.4.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

Rogaland Fiskesalgslag har ingen eigne tilsette som berre er engasjert med kontrollarbeid. Dei har heller ikkje innført eit stringent regime der dei loggfører timearbeid på forskjellige arbeidsoppgåver. Med eit forsiktig overslag av timeforbruk til kontrollarbeid og datautvikling/køyring for kontrollomsyn, reknar dei kostnader til kontrollarbeid til å vere ca. 350 000 kr. Dette utgjer ca. 9 % av laget sine driftskostnader.

3.5.5 Skagerakfisk

Salslaget skreiv ut 20 000 sluttsetlar i 2010. Desse fordelar seg på 509 fartøy/reiskapar i ulike reiskapsgrupper; 7 not, 249 garn, 60 krok, 234 trål, 12 snurrevad og 2 anna (eit fartøy kan gjennom året delta med fleire reiskapar). Fangstvolum på 8728 tonn innvegd vekt vart fordelt på 27 kjøparar/mottak.

Skagerakfisk opplyser at dei har ein generelt god kontroll av opplysningane på sluttsetel mot regelverket. Dei har også eit system som til ei viss grad fangar opp uriktige sluttsetelførte data. Denne type kontroll vart betre gjennom den utvida heimelen frå 2009 ved at dei fekk tilgang til fiskar og kjøpar sine underliggande dokument.

Laget deltar sjeldan i fysisk kaikontroll og har ikkje eigne tilsette for slik verksemd. Ved mistanke om lovbrot vert Fiskeridirektoratet sitt regionkontor kontakta, og dei utfører den fysiske kaikontrollen i deira distrikt.

3.5.5.1 Skildring av kontrollinnsatsen

Salslaget sin kontroll består av maskinell kontroll av opplysningar på sluttsetel ved mottak av setel frå kjøpar. Dette medfører at alle sluttsetlar vert underlagt ein logisk feltkontroll før dei vert godkjente og behandla vidare, og oversendt Catch Certificate og Fiskeridirektoratet. Utvida heimel har hatt lite å seie for denne kontrollen.

Det er vidare ein maskinell og manuell kontroll av opplysningane på sluttsetel mot kvoterettar og bifangstreglar. Utvida heimel har gitt tilgang til innhenting av fangstdagbok/rekneskapsdata frå fiskar og rekneskapsdata frå kjøpar. Saman med resten av Skagerakfisk sitt system gjer det mogleg å kontrollere mot ilandført/sluttsetelført kvantum. Heimelen vert brukt ved mistanke om lovbrot og har stor preventiv verknad. Når det vert avdekka brot på regelverket, vert det reagert i samsvar med reglane i forvaltningslova.

3.5.5.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

Skagerakfisk har ingen eigne tilsette som berre er engasjerte i kontrollarbeid. Kontrollarbeidet er dels integrert i dei ordinære forretningssystema og dels gjennomført med eigenutvikla system. Skagerakfisk reknar kontrollinnsatsen til å vere 0,5 årsverk, noko som tilsvarer 10 % av samla årsverksforbruk. I tillegg kjem ressursar til programmering og drift av IT-system.

3.5.6 Norges Sildesalgslag

I 2010 vart det registrert 11 419 sluttsetlar og 221 landingssetlar for fangst omsett gjennom Norges Sildesalgslag (NSS). Talet på landingssetlar representerer både sjølvproduksjon (landing før omsetning) og låsfangstar ført med brønnbåt (landing etter omsetning).

Det vart levert totalt 1 985 727 tonn fisk gjennom NSS i 2010. Av dette vart 1 783 498 tonn landa i Noreg frå norske og utanlandske fartøy. Det vart gjennomført 502 fysiske kontrollar. Kontrollane utgjorde 9,75 % av landa kvantum.

På generelt grunnlag vurderer NSS at evna til å utføre kontroll er svært god. I tillegg til ei operativ kontrollavdeling der det vert utført fysiske kontrollar viser NSS til at følgjande faktorar bidreg til det heilskaplege kontrollarbeidet:

  • NSS si arbeidsform der det er lagt opp til å vere oppdatert til ei kvar tid. Det at dei opererer i «notid» aukar moglegheita for og evna til kontroll.

  • Det at alle fangstar vert omsett gjennom laget og tilhøyrande kontantstraum gir NSS ei unik moglegheit til kontroll og oppfølging av denne.

  • Like datasystem for behandling av alle data eliminerer moglege feilkjelder.

  • Store mengder historisk datamateriale gjer det mogleg å køyre analysar og gå inn og sjå på trendar i fiskeri og omsetning.

Med den nye havressurslova i kraft meiner NSS at dei har dei hjelpemidla som trengst for å utføre kontroll. Geografi/spreidd anleggsstruktur medfører avgrensingar i frekvens på dei fysiske kontrollane.

3.5.6.1 Skildring av kontrollinnsatsen

Kontrollane i NSS vert utført i samsvar med «Instruks og veiledning i gjennomføring av kontroll for kontrollører ansatt i Norges Sildesalgslag». Denne handlar mellom anna om utvelging av kontrollobjekt, førebuing og gjennomføring av kontroll, tvistar og etterarbeid/oppfølging.

Den operative kontrollen har funne stad sidan 80-tallet, så dei nye fullmaktene har medført små endringar i den fysiske kontrollaktiviteten. NSS opplyser at deira kontrollørar er svært synlege ved landing, noko som gir ein preventiv effekt. I dei tilfella der noko vert avdekt, vert dette påtalt på staden av NSS sine kontrollørar og notert ned i kontrollrapportskjema. Av kontrollørane sin instruks går det fram at dei skal kontakte offentleg styresmakt dersom det er behov for det. Dette vil vanlegvis vere Fiskeridirektoratet, Justervesenet eller Mattilsynet. Rapporterte forhold vert følgd opp av kontrollsjef og/eller andre i NSS si leiing.

Alle fangstar, med unntak av fangstar tatt med garn/snøre, vert meldt inn til NSS før landing. Det vert laga eit utkast til elektronisk sluttsetel som vert presentert på mottakar/kjøpar si eiga nettside hos NSS. Mottakar/kjøpar kontrollerer opplysningane, tastar inn korrekt kvantum og sender inn elektronisk. Faktura- og avrekningsavdelinga gjer ein 100 % dokumentkontroll av både innmeldte og ikkje innmeldte fangstar. Kontrollen vert utførd ved å sjå gjennom sluttseteldata, samanhalde desse med innmeldte data og å kontrollere og evt. reagere på forhold som er omfatta av salslaga sin vedtakskompetanse. Dette betyr i hovudsak kvantum over kvote og ulovleg bifangst. Kontrollen vert støtta av ei rekkje automatiske, førehandsdefinerte varsel.

Forhold som vert omfatta av salslaga sin vedtakskompetanse vert behandla vidare i samsvar med havressurslova § 54. Dersom det ved sluttsetelkontroll kjem fram andre forhold som tilseier at heile eller delar av ein fangst kan vere ulovleg, vil ein ta kontakt med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor, evt. sende over saka til regionkontoret.

3.5.6.2 Salslaget si vurdering av ressursbruk på kontrollarbeid

NSS har ei eiga kontrollavdeling med 6 årsverk. Kontrollørane er fordelte langs heile kysten og har basar i Harstad, Bodø, Kristiansund, Askøy, Bergen og Haugesund. I tillegg har NSS 4,24 årsverk via til interne kontrollar. Desse årsverka er fordelt på Salsavdelinga, Faktura- og avregningsavdelinga og IT-avdelinga.

Rekneskapstal for 2010 viser at kostnader til kontroll utgjorde 9,6 mill. (16 %) av totale kostnader på 59,6 mill. kroner.

3.6 Vurdering av salslaga sitt kontrollarbeid

Fiskeri- og kystdepartementet ser ikkje grunn til å utdjupe svara frå dei ulike salslaga, men lar salslaga sine utsegn med vedlegg tale for seg.

Gjennomgangen av salslaga sitt kontrollarbeid har avdekka til dels store ulikskapar salslaga i mellom med omsyn til kontroll. Årsakene til dette kan vere ulik organisering, ulik bemanning og ulikt fokus på dei ulike oppgåvene.

Departementet fastsette 26. november 2010 ein ny instruks om salslaga si kontrollplikt. Denne er i hovudsak ei vidareføring av den førre instruksen frå 1991, men med oppdateringar i høve til havressurslova.

Kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga vert samordna i ei årleg nasjonal strategisk risikovurdering. I dette dokumentet vert det gjort ei samla vurdering av risiko for ulovlege handlingar innanfor ulike område, grunna på erfaring, reguleringane for dette året, kontrollhistorikk, tilhøva i marknaden og lokal kunnskap. I vurderinga for 2012 vert det mellom anna fokusert på svart omsetning av både fisk og skaldyr, innanfor og utanfor dei formelle omsetningskanalane. Dette er eit døme på eit område som er relevant for salslaga, og som krev samarbeid, ikkje berre med Fiskeridirektoratet, men også med toll- og avgiftsstyresmaktene og skatteetaten.

Svarte landingar og svart omsetning er såleis av dei områda som har høg prioritet i 2012, og i analysen vert det peika på at auka samarbeid mellom salslaga og regionkontora til Fiskeridirektoratet skal prioriterast høgt dette året.

Departementet legg til grunn at dei to største salslaga har best evne til kontroll ut frå tilgjengelege ressursar. Gjennomgangen viser at det er ulik evne og vilje for tilrettelegging og utøving av kontroll på staden. Dokumentkontroll i ettertid er eit viktig element i kontrollarbeidet, men departementet ønskjer at salslaga også er meir tilstades med fysisk kontroll på kaikanten.

Dei minste salslaga har få ressursar til å oppfylle sine plikter etter havressurslova, og dei ulike salslaga oppfyller sine plikter i ulik grad. Det ser mellom anna ut til at nokre lag manglar både evne og vilje til å gjennomføre fysiske kontrollar.

På same måten som i proposisjonen til havressurslova, vil departementet understreke at sjølv om ressurskontroll ikkje er salslaga si primære oppgåve, har dei ei svært viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet. Departementet vil også understreke at dei har eit større potensial for å utføre ressurskontrolloppgåver enn det som vert utnytta i dag.

Salslaga har ofte minst like god informasjon om mange viktige opplysningar i sann tid som styresmaktene, og kan peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Gjennom samarbeidet med Fiskeridirektoratet har ein kome langt i å utnytte denne informasjonen.

Det kan likevel vere meir å hente gjennom samarbeid, både mellom Fiskeridirektoratet og salslaga og mellom salslaga sjølve. Slikt samarbeid er viktig både for å utnytte ressursane best mogleg, og for å utnytte den informasjonen som er tilgjengeleg i ulike system best mogleg. Det er også viktig for å sikre lik grad av kontroll mellom ulike distrikt. Betre samordning kan særleg vere ein avgjerande reiskap for at kontrolloppgåvene i distrikta til dei små salslaga skal kunne løysast på ein god nok måte. Det vil ikkje vere akseptabelt, verken for styresmaktene eller for fiskarane, at graden av kontroll er ulik etter kva for distrikt fangsten vert landa i.

På denne bakgrunn vil det verte arbeidd vidare med salslaga si rolle i den nasjonale ressurskontrollen, både i den årlege strategiske risikovurderinga og på andre måtar. Målet vil vere ein adekvat og lik kontroll, basert på overordna risikovurderingar.

Til forsida