Meld. St. 16 (2011–2012)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

4 Gjennomføring av fiskeeksportlova

Fiskeeksportlova trådde i kraft 1. juli 1991 og avløyste den dåverande fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer ei rekkje spørsmål knytt til eksporten av fisk og fiskevarer. Lova var i liten grad gjenstand for endringar inntil 2005, men vart då omfattande endra ved Ot.prp. nr. 88 (2004–2005). I perioden 2009 og 2010 har det ikkje blitt gjennomført endringar i lova.

Fiskeeksportlova omfattar blant anna Noregs sjømatråd AS. Sjømatrådet er sjømatnæringa sitt felles marknadsføringsorgan og endra namn frå Eksportutvalet for fisk til Noregs sjømatråd AS 1. januar 2012. Dette vart gjort då namnet Eksportutvalet for fisk ikkje fortalde tydeleg kva verkeområda til selskapet var, og det nye namnet vert sett på som meir dekkjande.

Stortinget vedtok ved lovendring 17. juni 2005 å omdanne Sjømatrådet frå forvaltningsorgan underlagt departementet, til statleg aksjeselskap. Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005.

Før omdanninga var Sjømatrådet omfatta av skattefritaket for statlege innretningar, og ein føresetnad ved omdanninga til aksjeselskap var at selskapet framleis skulle vere friteke frå å betale skatt. Sjømatrådet AS vart først ikkje omfatta av fritaksregelen i skattelova for selskap som ikkje har inntekt til formål. For å oppfylle føresetnaden om skattefritak vart det derfor vedteke at det skulle opprettast eit utval for forvaltning av avgift på fiskeeksport, som skulle fordele kravd eksportavgift til Sjømatrådet tilpassa selskapet sine kostnader. Ordninga vart utforma av Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet i samarbeid, og vart forskriftsfesta i Forskrift om samordna innkrevjing av avgift på fiskeeksport 21. desember 2006. Utvalet for forvaltning av avgift på fiskeeksport vart formelt oppretta 18. desember 2008. Etter opprettinga av utvalet fann Finansdepartementet det likevel tvilsamt om ordninga var eigna til å vareta føresetnaden om skattefritak for Sjømatrådet. For å unngå tvil om Sjømatrådet skulle betale skatt eller ikkje, vart det ved behandlinga av Ot.prp. nr. 95 (2008–2009) likevel teke inn ein regel om skattefritak for Sjømatrådet i skattelova § 2–30. Utvalet vart som ein følgje av dette avvikla i 2009.

Sjømatrådet si verksemd vert finansiert av norske sjømateksportørar gjennom ei årleg avgift og ei marknadsavgift på eksporten av fisk og fiskevarer. Marknadsavgifta er heimla i fiskeeksportlova og vert fastsett av departementet i fiskeeksportforskrifta. Avgifta varierte tidlegare mellom 2–7,5 promille av eksportverdien, avhengig av art og produkt. I 2009 vart det bestemt at avgifta skulle harmoniserast til 7,5 promille på alle sjømatprodukt, for å styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat i inn- og utland. Dette medførte ein auke i avgifta på kvitfisk, pelagisk fisk og reker. Unnataket er hermetikkprodukt, som framleis svarer ei marknadsavgift på 2 promille. Avgifta vart auka i to omgangar, fyrst til 5 promille av fob-verdien frå og med 1. april 2010 og deretter til 7,5 promille frå og med 1. januar 2011. Auken av marknadsavgifta førde til auka inntekter for Sjømatrådet, og følgjeleg auka ressursar til marknadsføringa av norsk sjømat. Sjømatrådet sine inntekter utgjorde 316 mill. kroner i 2009 og 363 mill. kroner i 2010.

I 2009 og 2010 vart det eksportert norsk sjømat for høvesvis 44,6 og 53,6 mrd. kroner. Det vart eksportert sjømat til 140 ulike land over heile verda, men dei viktigaste marknadene er EU (særleg Frankrike, Polen og Danmark) og Russland. Noreg er ein viktig marknad på storleik med Frankrike og Russland. Laks, torsk, sild, makrell, sei og aure er dei viktigaste artane.

Tabell 4.1 Norsk eksport av fisk totalt per art. Verdi i 1 000 kr, mengd i tonn.

Verdi i 1000 NOK

Mengd i tonn

2009

2010

2009

2010

Totalt

44 597 347

53 618 134

2 581 105

2 665 047

Laks

23 623 729

31 285 004

710 433

782 790

Torsk

5 019 157

5 689 146

135 827

163 782

Sild

4 025 528

3 663 764

761 941

663 064

Makrell

2 182 780

2 972 277

198 329

276 749

Sei

1 936 755

2 094 003

107 748

101 367

Ørret

1 934 934

1 608 984

61 123

39 867

Hyse

1 063 823

1 340 154

67 635

83 218

Reker

498 297

491 677

13 279

12 596

Lodde

569 743

471 065

132 198

126 252

Andre arter

3 742 601

4 002 060

392 592

415 362

Tabell 4.2 Norsk eksport av fisk totalt per marknad. Verdi i 1000 kr, mengd i tonn.

Verdi i 1000 NOK

Mengd i tonn

2009

2010

2009

2010

Frankrike

4 687 980

5 273 089

141 669

142 489

Russland

4 543 479

5 222 964

389 543

347 538

Polen

3 120 094

4 111 669

152 106

153 820

Danmark

3 199 252

4 098 816

216 708

196 800

USA

1 797 123

2 726 193

43 894

56 764

Storbritannia

2 379 297

2 567 915

118 591

127 436

Japan

2 091 526

2 473 652

111 942

135 673

Kina

1 635 851

2 341 106

130 577

152 071

Sverige

2 013 893

2 265 240

67 542

69 692

Tyskland

1 844 225

2 115 907

94 038

99 544

Til forsida