Meld. St. 3 (2012–2013)

Statsrekneskapen 2012

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 3 969,6 mrd. kroner ved utgangen av 2012, ein auke på 532,2 mrd. kroner frå utgangen av 2011. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

 

2011

2012

Endring

SPU

3 307 915

3 824 516

516 602

SPN

129 483

145 122

15 639

Statens pensjonsfond

3 437 398

3 969 638

532 240

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2012 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske verdipapir tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank inkludert forvaltninga av SPU.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane til fondet spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 516,6 mrd. kroner i 2012. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 395,5 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2012 vart det overført 104,6 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2012 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 225,7 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 109,7 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 18,4 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 317,1 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til eit fall i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 219,6 mrd. kroner som følgje av styrkt kronekurs i 2012. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 447,4 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2012 er netto avsetjing 290,9 mrd. kroner.3 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar til SPU (tal i mill. kroner)

Månad

Overføring

Januar

21 086

Februar

20 824

Mars

20 911

April

22 759

Mai

22 393

Juni

26 649

Juli

26 800

August

25 963

September

27 690

Oktober

29 600

November

14 900

Desember

19 300

Sum kontantoverføringar til SPU 2012*)

278 875

+ For mykje overført til SPU i 2011

1 119

– Netto avsetjing til SPU i 2012

290 933

= For lite overført til SPU i 2012

10 940

*) For 2012 vart det til saman overført 278,9 mrd. kroner til fondet. I 2011 vart det overført 1 119 mill. kroner meir frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2011. Dei kontante overføringane i 2012 vart 10 940 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane til fondet året etter.

I Meld. St. 1 (2012–2013) varsla departementet endring av reglane for omvekting av SPU. Som ein del av endringane avvikla ein ordninga med delvis rebalansering. I tråd med dette endra Finansdepartementet i oktober 2012 mandatet for Noregs Banks forvaltning av SPU. Etter endringa påverkar kontantoverføringane ikkje lenger den prosentvise aksjedelen i faktisk referanseindeks. Det vil mellom anna seia at endeleg storleik på kontantoverføringane til fondet vert fastsett av Finansdepartementet.4

Samstundes som ein gjekk bort frå delvis rebalansering, fastsette departementet at ein frå 2012 òg vil avsetja midlar til SPU i desember. I 2012 vart kontantoverføringane i november og desember såleis lågare enn overføringane i månadane føreåt.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2012 er bokført til 3 824,5 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 3 813,6 mrd. kroner og mellomrekninga på 10,9 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, aksjar notert på børs og eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtala i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2012.

Den 8. mars 2013 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2012. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 3 813,6 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 13,4 prosent for heile 2012 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 18,1 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 6,7 prosent og eigedomsinvesteringane 5,8 prosent.

Verdien av den norske krona styrkte seg 5,9 prosent mot valutakorga til SPU i 2012. Dermed vart verdien av fondet målt i norske kroner tilsvarande lågare. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2012 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,06 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,3 mrd. kroner i 2012, mot 0,5 mrd. i 2011. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 2 193 mill. kroner i 2012. Forvaltningskostnadene er nærare spesifisert i note 5 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2012, og kostnadsutviklinga er nærare omtala i Meld. St. 27 (2012–2013).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 27 (2012–2013).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2011

2012

Statens pensjonsfond utland

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

350 804

395 483

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-84 158

-104 550

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

266 646

290 933

Avkastning av plasseringane til fondet

4

- 39 583

225 669

Samla endring SPU

227 064

516 602

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Dette talet utgjer netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2011

2012

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

78 243

85 803

72

Særskatt på oljeinntekter

127 693

142 868

74

Arealavgift m.m.

1 517

1 781

Sum kap 5507

207 453

230 452

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2 189

2 251

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

36

4

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

125 820

148 446

30

Avskrivingar

16 862

19 501

80

Renter av statens kapital

6 541

6 575

85

Renter på mellomvære

-11

-22

Sum kap 5440

149 212

174 499

5685

85

Utbyte Statoil ASA

13 352

13 887

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

372 242

421 093

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

21 437

25 610

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

2

0

Sum utgifter til petroleumsverksemda

21 439

25 610

Sum netto kontantstraum

350 804

395 483

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

350 804

395 483

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2011 og 2012.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2011

2012

5800

50

Overføring frå fondet

84 158

104 550

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2011

2012

Renteinntekter av innskot i bankar

162

102

Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar

1004

219

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

-172 507

349 779

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

92 346

98 337

– finansielle derivat

-5 693

-269

– finansielle eigedelar eigedom

86

514

– investeringseigedommar

-130

67

Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom

-31

-250

Rentekostnad på innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

-629

-130

Andre renteinntekter og -kostnader

-286

1

Skattekostnad1)

-516

-864

Andre kostnader

-52

-80

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta3)

-86 246

447 426

Vinst/tap valuta

49 205

-219 559

Porteføljeresultat

-37 041

227 867

Forvaltningskostnad

-2 539

-2 193

Periodens resultat

-39 580

225 674

Valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd

-3

-5

Totalresultat2)

-39 583

225 669

1) Sjå note 4 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) Totalresultatet kjem fram etter omrekning av utanlandske verksemder til norske kroner på rapporteringstidspunktet. Omrekninga følgjer krava i IFRS / IAS 1 Presentasjon av finansrekneskap. Sjå note 1 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2012 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Inntekt/ kostnad

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Sum

Renteinntekter av innskot i bankar

102

102

Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar

219

219

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

63 295

2 439

-11 079

295 124

349 779

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

46 612

11

32 908

18 806

98 337

– finansielle derivat

-204

-3 395

3 330

-269

– finansielle eigedelar eigedom

170

344

514

– investeringseigedommar

244

-177

67

Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom

30

-280

-250

Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

-130

-130

Andre rentekostnader

1

1

Skattekostnad

-864

-864

Andre kostnader

0

-80

-80

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar

46 600

63 325

1 920

18 434

317 147

447 426

Summen av renteinntekter (46,6 mrd. kroner), aksjeutbyte (63,3 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (1,9 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (2,2 mrd. kroner), utgjer 109,7 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12 (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2011

2012

Mellomrekning med statskassa1)

-1 119

10 940

Konto i Noregs Bank2)

3 309 033

3 813 576

Sum eigedelar

3 307 915

3 824 516

Eigenkapital

3 307 915

3 824 516

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2012 vart 10 940 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2012 ein skyldnad for statskassa mot fondet, og vert innløyst med ein auke i overføringa til fondet i 2013. Tilsvarande tal per 31.12.2011 var eit krav på 1 119 mill. kroner som vart innløyst med ein reduksjon i overføringa i 2012.

2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU fastsett 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

2011

2012

Finansielle eigedelar

Innskot i bankar

7 276

5 864

Utlån knytte til gjensalsavtalar

79 820

61 440

Uoppgjorde handlar

2 272

1677

Aksjar og andelar

1 806 798

2 212 951

Utlånte aksjar

137 130

115 041

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

1 324 255

1 447 182

Utlånte obligasjonar

3 256

5 325

Finansielle derivat *)

2 227

1 447

Finansielle eigedelar eigedom

4 415

4 841

Felleskontrollerte verksemder eigedom

2 546

7 431

Andre finansielle eigedelar

3 244

4 411

Sum finansielle eigedelar

3 373 239

3 867 610

Ikkje-finansielle eigedelar

Investeringseigedommar

4 062

9 777

Andre ikkje-finansielle eigedelar

6

5

Sum ikkje-finansielle eigedelar

4 068

9 782

Sum eigedelar

3 377 307

3 877 392

Gjeld og eigenkapital

Kortsiktige innlån

11

202

Innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

19 280

19 013

Motteken kontantsikring

36 926

33 001

Finansielle derivat *)

5 957

2 600

Uoppgjorde handlar

3 310

4 442

Anna finansiell gjeld

251

2 365

Skuldig forvaltningskostnad

2 539

2 193

Sum finansiell gjeld

68 274

63 816

Eigenkapital SPU

3 309 033

3 813 576

Sum gjeld og eigenkapital

3 377 307

3 877 392

*) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare skildra i note 10 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2012. Delar av note 10 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivat per 31.12.2012

Eksponering

 

Verkeleg verdi

Kjøpte

Selde

 

Eigedel

Gjeld

Nettoverdi

Valutahandlar

49 729

0

88

145

-57

Børsnoterte futurekontraktar

1

9 323

221

91

130

Rentebyteavtalar

4 293

13 271

703

2 120

-1417

Kredittbyteavtalar

0

0

0

0

0

Aksjebyteavtalar

838

132

435

244

191

Sum byteavtalar

5 131

13 403

1 138

2 364

-1 226

Opsjonar

0

0

0

0

0

Sum finansielle derivat

54 861

22 726

1 447

2 600

-1 153

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 2. april 2013 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2012. I 2012 endra Folketrygdfondet rekneskapsprinsipp til International Financial Reporting Standard (IFRS).6 I denne meldinga er tala for 2011 difor på fleire stader endra eller framstilt i ny form samanlikna med Meld. St. 3 (2011–2012). Framstillinga her er i samsvar med Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN i 2012.

Eigenkapitalen i SPN var 145,1 mrd. kroner ved utgangen av 2012, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 90,5 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 53,3 mrd. kroner. Bokført verdi av finansielle derivat var 2,4 mrd. kroner. SPN har òg 8,8 mrd. kroner plassert som bankinnskot.7 Dette er i hovudsak motsvara av gjeld for motteken kontantsikring på 8,2 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til gjenkjøpsavtalar.

I 2012 syner resultatet til SPN eit overskot på 15,6 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.8 Renteinntekter utgjorde 2,6 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 3,5 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 10 mrd. kroner, med 8,2 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar og 1,8 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar. Netto andre inntekter var negative med 0,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 127 mill. kroner, som er 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2012. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtala i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 27 (2012–2013).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2012. Avkastninga av fondet i 2012 var på 12,2 prosent. Avkastninga av plasseringane i norske renteinstrument var på 9,1 prosent, medan avkastninga av norske aksjar var på 14,7 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 2,3 og 15,7 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2012 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2011

2012

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

-12 824

8 203

– obligasjonar og andre renteberande papir

276

729

– finansielle derivat

1 212

1 072

Renteinntekter

2 959

2 607

Aksjeutbyte

3 437

3 463

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-319

-288

Transaksjonskostnader

-30

-20

Porteføljeresultat

-5 289

15 766

Forvaltningskostnader

110

127

Totalresultat SPN1)

-5 399

15 639

1) Summen av renteinntekter (2 607 mill. kroner), aksjeutbyte (3 463 mill. kroner) og netto andre inntekter (-288 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (127 mill. kroner), utgjer 5 655 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12 (tal i mill. kroner)

2011

2012

Eigedelar

Aksjar

75 016

81 617

Utlånte aksjar

3 326

8 821

Uoppgjorde handlar

10

58

Obligasjonar og andre renteberande papir

51 104

53 273

Finansielle derivat

1 747

2 395

Krav

5

0

Bankinnskot

5 456

8 759

Sum eigedelar

136 664

154 923

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital SPN

129 483

145 122

Motteken kontantsikring

4 814

8 218

Finansielle derivat

242

661

Innlån knytt til gjenkjøpsavtalar

2 024

862

Uoppgjorde handlar

79

35

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

21

24

Andre plikter og avsetjingar

1

1

Sum gjeld og eigenkapital

136 664

154 923

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 109,7 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

3.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til fondet for 2012 (290 933 mill. kroner) er netto kontantstraum (395 483 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (104 550 mill. kroner).

4.

Tidlegare overførte departementet ei overføringsportefølje av aksjar og obligasjonar der endelig storleik på dei månadlege kontantoverføringane varierte med variasjonane i marknaden i perioden etter at overføringa vart bestemt og fram til tidspunktet for overføringa.

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i note 1 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Folketrygdfondet har i 2012 nytta IFRS 1 First-time adoption of International Financial Reporting Standards. IFRS 1 inneheld krav til fyrstegongs bruk av IFRS og krev med somme unntak at IFRS skal nyttast med tilbakeverkande kraft. Dei historiske 2011-tala i Folketrygdfondets rekneskap for 2012 er difor på fleire stader endra eller framstilt i ny form. Eigenkapitalinnskotet i SPN er ikkje endra samanlikna med 2011-tala. Meir om retningsliner for Folketrygdfondets årsrekneskap og tilpassing til IFRS står i note 1 i Folketrygdfondets årsrekneskap for 2012.

7.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er ført til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPU. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2012 omtalar styret verdien av høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen noko annleis enn i tabell 3.6. Dette kjem av at Folketrygdfondet i si omtale òg har teke omsyn til bankinnskota for dei ulike porteføljeområda. Sjå Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN note 9 Porteføljeområde for meir informasjon.

8.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.2 i kapittel 1.

Til forsida