Meld. St. 42 (2012–2013)

Noregs deltaking i den 67. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 66. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Høgnivåveka i Generalforsamlinga

Den ordinære sesjonen i Generalforsamlinga vert innleidd av generaldebatten, der dei fleste medlemslanda deltek på høgt politisk nivå. I margen av generaldebatten vert det arrangert ei rekkje tematiske høgnivåmøte og mange tosidige politiske samtalar. Høgnivåveka vert dermed ein termostat for kva saker som opptek det internasjonale samfunnet, og bidreg til å setje dagsordenen for den multilaterale oppfølginga av desse sakene.

Nokre av høgnivåmøta er kalla saman av Generalsekretæren, medan det for andre er medlemslanda som har teke regien. Nokre av desse møta endar i framforhandla erklæringar der mykje av arbeidet er gjort på førehand. Andre møte har oppsummeringar frå møteleiaren som utfall, mens det òg vert halde møte og arrangement for å skape politisk merksemd omkring bestemte spørsmål. Noreg har sitt tradisjonelle arrangement som går under namnet Trygve Lie-symposiet.

2.1 Generaldebatten

Opninga av generaldebatten har fast regi. Debatten startar med ei utgreiing frå FNs generalsekretær, etterfølgd av innlegg frå presidentane i Brasil og USA. Deretter følgjer dei andre medlemslanda. Generalsekretær Ban innleidde med å oppmode leiarane i verda til å lytte meir til si eiga befolkning. I ei verd med stadige endringar hastar det med å finne løysingar på globale utfordringar, og tida er ikkje på vår side. Generalsekretæren understreka at han vil gjere sitt beste for å sikre eit mest mogeleg effektivt FN, og han åtvara medlemslanda mot unødig detaljstyring av FN-sekretariatet.

Brasils president Dilma Rousseff vigde stor merksemd til likestilling og styrking av stillinga til kvinner, mens innlegget til president Obama fokuserte på kampen mot ekstremisme. Begge statsleiarane kom òg inn på andre sentrale spørsmål, som utviklinga i Syria. Nettopp tragedien i Syria var ein gjengangar i dei fleste innlegga som vart haldne, og eit klart fleirtal fordømte tydeleg Assad-regimet. Det kom òg fram kritikk av Tryggingsrådet for ikkje å ha evna å følgje opp krisa på ein god måte. I det norske hovudinnlegget oppmoda utanriksminister Espen Barth Eide Tryggingsrådet til å vise nødvendig leiarskap og handlekraft. Spørsmålet om leiarskap var ein raud tråd i talen til utanriksministeren. Han peika på at leiarar som misbruker makta si og set eigne privilegium framfor rettane til folket, må stå til ansvar for dette. Utanriksminister Eide uttrykte sterk støtte til reforminitiativet frå Generalsekretær Ban og følgde opp oppmodinga frå Generalsekretæren til medlemslanda om å avstå frå utidig innblanding i drifta av FN-sekretariatet.

Utanriksministeren kom òg inn på den skøyre fredsprosessen i Midtausten og åtvara mot at tida var i ferd med å renne ut for ei tostatsløysing. Svært mange land kom inn på vanskane med å få i gang forhandlingar mellom Israel og Palestina. Israel vart gjennomgåande kritisert for busetjingspolitikken på okkuperte palestinske område. Den tydelegaste kritikken vart naturleg nok uttrykt av president Abbas og i innlegga frå arabiske land. Israels statsminister Benjamin Netanyahu tilbakeviste denne kritikken, men vigde storparten av innlegget sitt til å åtvare mot Irans kjernefysiske aktivitetar. Iran på si side retta sterk kritikk mot ein vestleg leidd verdsorden, men lét denne gongen vere å kome med ytringar som tidlegare har provosert mange land til å forlate salen. Dette skuldast delvis at Iran òg talte i eigenskap av å vere president for den alliansefrie rørsla (NAM). Land som USA, Canada og Israel hadde på førehand annonsert at dei ikkje ville vere til stades når Irans president talte.

Sjølv om generaldebatten er prega av mange og til dels motstridande ytringar, kan ikkje debatten under Generalforsamlingas 67. sesjon karakteriserast som spesielt polarisert. Utanom Syria og Midtausten vart eit breitt spekter av andre spørsmål omtalt. Mange land kom inn på forventningane til oppfølginga av Rio-konferansen om berekraftig utvikling og på at det berre sto att tre år for gjennomføringa av FNs tusenårsmål for utvikling. Fleire kom inn på klimaspørsmål, og dei små øystatane var tydelege i kritikken av at det går for treigt i kampen mot klimaendringane.

Forholdet mellom ytringsfridom og blasfemi var eit gjennomgangstema som i nokon grad òg prega resten av den ordinære sesjonen i Generalforsamlinga. Bakteppet var filmen «Innocence of Muslims» med sterk kritikk av islamske verdiar, som vart etterfølgd av kraftige demonstrasjonar i fleire muslimske land. Somme vestlege land peika på at toleranse og respekt var nært knytte opp til kvarandre, men at vald likevel ikkje kan rettferdiggjerast sjølv om ein føler seg krenkt.

Mange land talte òg om behovet for å reformere FN, mellom anna Tryggingsrådet, for å gjere verdsorganisasjonen betre rusta til å møte dagens utfordringar. Likevel er det framleis stor forskjell på kva endringar medlemslanda meiner må til for å gjere FN meir handlekraftig. Dette gjaldt særleg i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet, der haldningane til medlemslanda såg ut til å vere fastlåste. Spørsmålet om openheit omkring arbeidsmetodane til Tryggingsrådet er òg omstridt.

Fleire medlemsland kom inn på likestilling og rolla kvinner speler for fred og tryggleik, og nettopp likestilling og kjønnsperspektiv kom til å prege fleire av dei faste komitéane i Generalforsamlinga. Det same gjaldt menneskerettssituasjonen i fleire land. Oppfølging av Rio-konferansen om berekraftig utvikling og Midtausten-spørsmålet vart òg gjengangarar.

2.2 FN-kommisjonen om livsviktige medisinar for kvinner og barn

Som eit bidrag til arbeidet for å nå tusenårsmåla la statsminister Stoltenberg under høgnivåveka fram ein rapport frå FN-kommisjonen om livsviktige medisinar for kvinner og barn, som han har leidd saman med Nigerias president Goodluck Jonathan.

Rapporten gjev ti tilrådingar for korleis det skal verte enklare og billegare å få tak i 13 livsviktige medisinar i lavinntektsland. Dersom desse råda vert følgde, kan det redde millionar av liv.

Samtidig presenterte statsminister Stoltenberg saman med Bill Clinton det første konkrete resultatet av arbeidet til kommisjonen. I samarbeid med Storbritannia, Sverige, USA, Children’s Investment Foundation Fund (CIFF) og Clinton Health Access Initiative har Noreg fått til ein avtale med medisinprodusenten Bayer om å halvere prisen for p-pinnar (prevensjonsimplantat) for kvinner i fattige land. P-pinnen er ein av dei 13 medisinane kommisjonen har omtalt. Han skal setjast inn i armen og hindrar graviditet i opptil fem år. Med m.a. norsk støtte skal tilrådingane frå kommisjonen gjennomførast i dei 49 fattigaste landa i verda. I 2013 byrjar arbeidet i sju land.

2.3 Trygve Lie: Like rettar i nye demokrati

Utanriksminister Espen Barth Eide leidde det femte årlege Trygve Lie-symposiet om grunnleggjande fridomar i New York. Temaet for møtet i år var inkludering av kvinner og minoritetar i overgangen til demokrati. Paneldeltakarane var Maria Otero (USAs viseutanriksminister), Louise Arbour (president i International Crisis Group), Vidar Helgesen (generalsekretær for International Idea), Alaa Murabit (grunnleggjar og president for Voice of Libyan Women) og Esraa Abdel Fatah (medgrunnleggjar av 6. april-rørsla i Egypt).

Utanriksminister Eide understreka at demokrati må vere meir enn fleirtalsstyre, meir enn ei teknisk øving og meir enn å gjennomføre val. Det må vere reell respekt for minoritetar og høve for kvinner til å ta del i samfunnet. Han sa at demokrati djupast sett ikkje handlar om fridomen til å stemme, men til å delta i å forme samfunnet.

Paneldeltakarane understreka kor viktig det er at lokale organisasjonar og sivilt samfunn deltek i overgangsprosessane. Internasjonale aktørar må ikkje presse fram ferdige løysingar i land i overgang. Likevel finst det òg grunnleggjande faktorar som er nødvendige for at overgangsprosessar skal lukkast. Respekt for grunnleggjande menneskerettar og inkludering av kvinner og minoritetar er noko av det viktigaste.

Panelet la òg vekt på at det er behov for kvotering av kvinner for å leggje til rette for at kvinner kan delta aktivt. Dette må likevel sjåast på som ein inngang til endring, ikkje ei løysing i seg sjølv, understreka fleire i panelet. Den grunnleggjande endringa for at kvinner kan delta, kjem først når kvinnene sjølve organiserer seg og krev sin del av makta.

2.4 Rettsstatsprinsipp. Høgnivåmøtet

FNs generalforsamling vedtok i 2011 at det skulle haldast eit høgnivåmøte om rettsstatsprinsipp (Rule of Law, RoL) under den 67. generalforsamlinga. Generalsekretær Ban sette tonen for høgnivåmøtet med å understreke at rettsstatsprinsipp er grunnleggjande for FN, og at desse må pleiast kontinuerleg. Ban understreka at ingen statar kan ta rettstryggleiken frå innbyggjarane sine. Han viste til den omfattande innsatsen FN har gjort i felt, og avslutta med at det var i alles interesse å slå ring om og styrkje desse grunnleggjande prinsippa vidare.

Sjølv om debatten langt frå vart så polarisert som frykta, reflekterte dei 76 innlegga ulike tilnærmingar til rettsstatsprinsipp. Som uttrykk for misnøye med oppfølginga av prinsippa på internasjonalt nivå vart det frå fleire land i den alliansefrie rørsla (NAM) retta kritikk mot Tryggingsrådet og innverknaden dei fem faste medlemene hadde gjennom vetoretten. Like fullt understreka dei fleste av innlegga behovet for at samfunn var bygde opp på velfungerande rettsstatsprinsipp, og mange delte sine nasjonale erfaringar, mellom andre Sør-Sudan. Det var òg positivt at mange land la vekt på kor viktige den internasjonale straffedomstolen (ICC) og kampen mot straffridom er. Dette var òg ein sentral bodskap i det nordiske innlegget som vart framført av Finlands president Sauli Ninistö. Han understreka òg at rettsstatsprinsipp var høgst relevante for dei tre hovudpilarane i FN: fred og tryggleik; internasjonal rettsorden, menneskerettar og likestilling; miljø, sosiale og økonomiske saker. Forhandlingane om slutterklæringa som vart vedteken på høgnivåmøtet, var tidkrevjande pga. usemje om innhaldet i omgrepet rettsstatsprinsipp. Det vart til slutt semje om ein tekst som m.a. legg vekt på menneskerettar og kampen mot korrupsjon. Erklæringa stadfestar at rettsstatsprinsipp må koplast til fred og tryggleik, menneskerettar og utvikling. Ikkje alle var like nøgde med teksten, noko land som Cuba, Venezuela, Nicaragua og Bolivia nytta høvet til å understreke.

I samband med høgnivåmøtet var medlemslanda inviterte til å gje tilsegn om støtte til det vidare arbeidet. Noreg har forplikta seg til å støtte opp om innsatsen FN gjer for å fremje rettsstaten. Det vert arbeidd vidare med å operasjonalisere utfallet av høgnivåmøtet i FN-samanheng. Ein stor del av denne diskusjonen fann stad i Generalforsamlingas 6. komité (folkerett), men vestlege land (mellom dei Noreg) la vekt på at rettsstatsprinsipp var eit tverrgåande tema som må løftast opp i plenum. Russland og ein del NAM-land sette seg imot – og set seg framleis imot – dette, då dei ikkje ønskjer at RoL skal vere eit prioritert område for FN. Dei hevdar at RoL på nasjonalt nivå er ei intern sak. Ei viktig prioritering for Noreg har vore å støtte opp om ulike initiativ for å sikre at FN-systemet i større grad trekkjer i same retning for å støtte opp om rettsstatsprinsipp i land som nettopp har kome seg ut av væpna konflikt.

2.5 Rettsstatsprinsipp. Kamp mot korrupsjon

I tillegg til høgnivåmøtet om rettsstatsprinsipp vart det arrangert eit møte om forholdet mellom kampen mot korrupsjon og økonomisk vekst. Gjennomgangstonen på møtet var at jo sterkare rettsstat eit land har, jo betre rusta mot korrupsjon og andre former for økonomisk kriminalitet er det. Fleire peikte på at korrupsjon i seg sjølv undergrev demokrati og sosial og økonomisk utvikling. Det kom inga oppfølging eller slutterklæring frå møtet. FNs visegeneralsekretær Jan Eliasson la vekt på tre forhold:

  1. Korrupsjon må løftast opp på utviklingsdagsordenen.

  2. Det må utviklast etiske verdiar som gjer samfunn meir motstandsdyktige mot korrupsjon.

  3. Det må utviklast ein sterkare partnarskap mellom styresmakter og privat sektor.

2.6 Rettsstatsprinsipp. Tilgangen til rettstryggleik for kvinner

Det vart òg halde eit møte om tilgangen til rettstryggleik for kvinner. FNs generalsekretær Ban la i si innleiing stor vekt på at kvinner må delta på alle samfunnsområde, spesielt innanfor rettsvesen og politi. Han trakk fram dei gode erfaringane FN har hausta ved å ha kvinneleg politi med i fredsoperasjonane, slik som i Liberia. Nobelfredsprisvinnar Shirin Ebadi fokuserte i sitt innlegg på seksualisert vald, omskjering og menneskehandel og trakk fram behovet for å leggje meir til rette for at kvinner kan delta i det politiske livet for å kjempe mot desse plagene. Eit anna viktig element var å gje kvinner større økonomisk sjølvstende gjennom tiltak som mikrokredittar. Ho var òg svært oppteken av utdanning og av å motverke mistolking av religiøse tekstar. Vald mot kvinner og dermed behovet for å styrkje rettstryggleiken for kvinner var hovudtemaet for sluttinnlegget til leiaren for UN Women, Michelle Bachelet.

2.7 Midtausten i FN. Felles ansvar for å redde tostatsløysinga

På same måten som tidlegare år arrangerte Noreg, med FN-sekretariatet som vertskap, eit møte i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC) rett før den formelle opninga av høgnivåveka. Møtet vart leidd av utanriksminister Espen Barth Eide. Deltakarar var Palestinas finansminister Nabil Kassis, Israels viseutanriksminister Danny Ayalon, EUs høge representant for utanrikssaker Catherine Ashton, utsending for kvartetten Tony Blair og representantar frå sentrale gjevarland. På møtet kom det klart fram at etter tre år med styrking av palestinske institusjonar og sterk økonomisk vekst står palestinarane no overfor ei akutt økonomisk krise. Møtet drøfta korleis det palestinske statsbyggingsprosjektet likevel kan førast vidare. På møtet understreka utanriksminister Eide at vi har eit felles ansvar for å bidra til at tostatsløysinga vert ein realitet. Gjevarlandsgruppa oppretthaldt konklusjonen om at palestinske styresmakter er institusjonelt klare til å danne ein palestinsk stat.

Palestinas status i FN viste seg òg å verte eit av dei mest synlege spørsmåla under Generalforsamlinga. Dette synte seg under generaldebatten og ikkje minst i det historiske vedtaket i slutten av november 2012 om oppgradering av Palestinas status til observatørstat i FNs generalforsamling

2.8 Tryggingsrådet: Midtausten

Den tyske presidentskapen i Tryggingsrådet arrangerte under høgnivåveka eit utanriksministermøte om utviklinga i Midtausten og forholdet til Den arabiske ligaen. Møtet vart innleidd av generalsekretær Ban. Han var uroa over stillstanden i den israelske-palestinske fredsprosessen, der utsiktene til ei tostatsløysing er svekte. Utviklinga i Syria har etter kvart vorte ein trussel mot fred og tryggleik i regionen, som vert forsterka av uvissa omkring atomvåpen. Det er derfor viktig at FN har styrkt samarbeidet med ein regional institusjon som Den arabiske ligaen. Ban roste organisasjonen for å ha teke innover seg rekkjevidda av den arabiske våren på eit tidleg tidspunkt.

Generalsekretæren i Den arabiske ligaen Nabil Elaraby var òg oppteken av å styrkje samarbeidet med FN med regelmessige møte. Debatten etterpå kom inn på mange utfordringar for regionen og verdien av Den arabiske ligaen i den vidare oppfølginga. Utfallet av møtet var ei fråsegn som nettopp tek til orde for eit styrkt samarbeid mellom FN og ligaen, men utan å konkretisere dette nærare. Dette skuldast at nokre av dei faste medlemene i Tryggingsrådet var kritiske til måten Den arabiske ligaen hadde handtert krisa i Syria på.

2.9 Berekraftig utvikling. FNs plass i den internasjonale utviklingsdebatten

Utviklingsminister Heikki E. Holmås deltok under høgnivåveka på eit ministermøte om FNs rolle i den internasjonale utviklingsdebatten, mellom anna rolla til FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC). Fleire land, FNs generalsekretær og presidentane for både FNs generalforsamling og ECOSOC meinte at ECOSOC måtte få ei sentral rolle i oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20).

Under debatten vart spørsmålet reist om FN evnar å ta opp dagsaktuelle saker, og det vart peika på at FN må betre seg på dette området viss organisasjonen skal verte oppfatta som eit interessant forum for internasjonal debatt om utviklingspolitikk. Mange meinte at det er viktig å trekkje med frivillige organisasjonar, næringslivet og forskarar i arbeidet i FN. Utviklingsminister Holmås framheva verdien av ei meir rettferdig fordeling av ressursane i verda i og mellom land. Han sa at land med høg økonomisk vekst må fordele denne veksten betre, og FN bør vere ein viktig aktør i kampen mot fattigdom og mot klimaendringar. FNs generalsekretær Ban Ki-moon la i sitt innlegg vekt på fem saker: sysselsetjing (særleg ungdomsarbeidsløyse), etterleving av bistandsforpliktingane, matvaretryggleik, inkluderande grøn vekst og handelspolitikk. Ministermøtet skal følgjast opp av ECOSOC sommaren 2013.

2.10 Generalsekretærens initiativ for berekraftig tilgang til energi

Generalsekretær Ban Ki-moon har i 2012 teke eit initiativ for å sikre berekraftig tilgang til energi (SE4ALL) der Noreg er ein aktiv støttespelar. Under høgnivåveka føretok han ei formell lansering av initiativet, som omfattar tre målsetjingar som alle skal vere oppnådde innan 2030: allmenn tilgang til moderne energi for alle, dobling av delen fornybar energi i det samla energiforbruket og dobling av forbetringa av energieffektiviteten. For å drive arbeidet vidare skal det etablerast eit rådgjevande utval leidd av FNs generalsekretær og presidenten for Verdsbanken, eit styre (utviklingsministeren deltek i dette) og eit sekretariat i Wien. Arbeidet skal leiast av den noverande generalsekretæren i FNs industrielle organisasjon UNIDO, Kandeh Yumkella, som òg er utpeikt som Generalsekretærens spesialrepresentant for berekraftig energi. Noreg vil støtte initiativet gjennom regjeringas energi- og klimainitiativ Energy+. Holmås understreka kor viktig det er å styrkje bandet mellom offentleg og privat sektor i det vidare arbeidet. Han framheva Noregs eigne erfaringar med utvikling av vasskraft. Vidare understreka han verdien av å halde dei tre måla samla, i tillegg til at det var viktig å leggje til rette for grøne investeringar for å bidra til å løyse klimautfordringane. På lanseringsmøtet vart det uttrykt brei støtte til initiativet, og mange framheva partnarskapen mellom FN og Verdsbanken som heilt unikt. FN har òg vedteke eit tiår for berekraftig energi. Noreg og Danmark har etablert ei «vennegruppe» i New York for å støtte opp om energiarbeidet innanfor FN. I sum har SE4ALL-arbeidet vore svært vellukka, og det er lagt eit godt grunnlag for vidare satsing. Under den tematiske konsultasjonen om energi og dei framtidige utviklingsmåla, som munna ut i eit høgnivåmøte i Oslo i april 2013, var deltakarane einige om at prinsippa for SE4ALL skulle leggjast til grunn for eit framtidig mål om energi på den nye utviklingsdagsordenen. I tida framover kjem regjeringa til å vidareføre arbeidet med å skape konsensus om dette.

2.11 Sjulandsinitiativet for utanrikspolitikk og global helse

I 2006 tok Noreg og Frankrike initiativet til sjulandsgruppa om utanrikspolitikk og global helse der også Brasil, Indonesia, Senegal, Sør-Afrika og Thailand deltek. Under høgnivåveka møttest representantar for dei sju landa for å drøfte kva plass helse skal ha på den internasjonale utviklingsdagsordenen etter at FNs tusenårsmål skal vere nådde innan utgangen av 2015.

Det var semje om å fokusere på å nå tusenårsmåla for helse dei tre siste åra før 2015, men òg om at det er viktig å jobbe fram nye utviklingsmål for helse. Utanriksminister Eide påpeikte at sjulandsgruppa måtte fremje helse overalt der dei nye måla for berekraftig utvikling vert drøfta. Spørsmålet om universell helsedekning og kva ansvar landa har for å tilby dette, stod her sentralt. Fleire i gruppa understreka at det er viktig med allmenn tilgang til helsetenester, ikkje berre for helsa til folk, men òg i kampen mot fattigdom og for berekraftig vekst.

Sjulandsgruppa følgde seinare hausten 2012 opp med ein resolusjon i FNs generalforsamling om universell helsedekning i eit utanrikspolitisk perspektiv. Etter kompliserte forhandlingar, særleg når det gjaldt omtalen av seksuelle og reproduktive rettar, vart resolusjonen vedteken i desember 2012 utan votering og med heile 91 land som gav si støtte (co-sponsors). Sjulandsgruppa vil òg i 2013 fremje ein resolusjon for FNs generalforsamling som tek opp samanhengen mellom utanrikspolitikk og global helse.

2.12 Utdanning først!

FNs generalsekretær Ban Ki-moon lanserte under høgnivåveka utdanningsinitiativet «Education First» som handlar om tilgang til utdanning, kvalitet og verdiformidling. Initiativet vil bidra til engasjement, politisk støtte og finansiering av utdanning. Initiativet har samla inn 1,5 milliardar amerikanske dollar, og privat sektor deltek i dette spleiselaget. Behovet er likevel enormt mykje større. Det manglar 24 milliardar amerikanske dollar kvart år i tilleggsfinansiering for å tilby barne- og ungdomsskule til alle. Ban understreka at utdanning for alle er grunnleggjande for å oppnå dei andre tusenårsmåla.

Australia, Bangladesh, Sør-Afrika, Aust-Timor og Danmark var blant landa som lova å styrkje innsatsen for utdanning. 61 millionar barn og 71 millionar unge står i dag utan skuleplass. Aung Sang Suu Kyi sa i sitt innlegg at utdanning hadde vore nedprioritert i Myanmar fordi dei militære ikkje ønskte kritisk tenking. Det befolkninga hadde mest behov for å lære no, var å stille spørsmål, meinte ho.

Holmås opna for at den delen av den humanitære støtta som går til utdanning, må aukast, og at skular i konfliktområde må sjåast på som fredssoner. Viss vi står saman og tilbyr utdanning til barn i konfliktsituasjonar, vil barna stå sterkare rusta til å vekse og utvikle seg sjølve – også når krigen er over, understreka han.

2.13 Utdanning i krise og konflikt

Utviklingsministeren leidde eit internasjonalt møte om utdanning i land som er ramma av konflikt og humanitære kriser. Generalsekretærens spesialutsending for utdanning, den tidlegare britiske statsministeren Gordon Brown, opna med å påpeike at ingen tema er viktigare enn utdanning i krise og konflikt. Difor må FNs generalforsamling ta tak i dette spørsmålet.

Verdsbanken viste til at det er tre gonger så sannsynleg at barn i krise og konfliktsituasjonar ikkje går på skule samanlikna med andre barn. Fleire kom inn på den kritiske situasjonen i Syria der skular vert brukte som flyktningmottak. Over 2000 skular er øydelagde, og skuletilsette er drepne. Liberias utdanningsminister viste til at landet opplevde å få ein «tapt generasjon» med barn som ikkje fekk utdanning.

Holmås framheva at kriser ofte er langvarige, som i Somalia og dei palestinske områda. Difor kan vi ikkje vente med å utdanne barn til krisa er over. Utviklingsministeren, med støtte av UNICEF og Redd Barna, oppmoda til å trekkje lærdom av initiativ som «Skular som fredssoner» i Nepal, der dei stridande partane vart samde om å verne både skular og skulevegar for å sikre at barna framleis skulle kunne gå på skulen. Det kom vidare fram under møtet at berre 2 prosent av den humanitære støtta går til utdanning, og at denne delen minst må fordoblast.

2.14 Kvinner, nedrusting og ikkje-spreiing

Trinidad og Tobago inviterte til toppmøte om å styrkje rolla kvinner spelar for nedrusting og ikkje-spreiing av atomvåpen. Tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik handlar om å engasjere kvinner sterkare i alle delar av tryggingspolitikken. Mykje er gjort på dette feltet, men mykje står framleis att, mellom anna på nedrustingsområdet. Utanriksminister Eide heldt eit av hovudinnlegga og støtta opp om å styrkje likestillinga på nedrustingsområdet. Han viste til viktige erfaringar frå humanitær nedrusting, der kvinner spelte ei særs aktiv rolle i å få forhandla fram minekonvensjonen og klasevåpenkonvensjonen. Andre talarar var utanriksministrane i Trinidad og Tobago, Jamaica og Australia, FNs høgrepresentant for nedrusting Angela Kane og Anna McDonald, som er ansvarleg for rustingskontroll i hjelpeorganisasjonen OXFAM. Dei underteikna ei erklæring der dei forpliktar seg til å styrkje deltakinga for kvinner i prosessar for rustingskontroll.

Trinidad og Tobago følgde opp denne erklæringa med å leggje fram ein resolusjon under generalforsamlingas 1. komité, der landet tok til orde for ein langt sterkare likestillings- og kvinneprofil innan nedrusting og ikkje-spreiing. Noreg støtta aktivt opp om denne resolusjonen, medan Iran og Syria prøvde å vatne han ut. Heldigvis fekk ikkje desse to landa gjennomslag, og ein sterk resolusjon vart til slutt vedteken utan avstemming.

2.15 Korleis hindre valdtekt i krig?

Utanriksminister Barth Eide var blant innleiarane då Storbritannias utanriksminister William Hague inviterte til høgnivåmøte om førebygging av valdtekter i krig og konfliktar og rettferd for ofra. Hague lanserte i mai 2012 «Preventing Sexual Violence Initiative». Han forplikta seg til å få med dei åtte leiande industrinasjonane i verda – Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, USA, Italia, Canada og Russland (G8)– så snart Storbritannia tok over formannskapen i G8 i 2013.

Leiaren for UN Women, Michelle Bachelet, la vekt på politisk og økonomisk deltaking for kvinner. Nobelprisvinnar Leymah Gbowee frå Liberia trakk fram grasrotorganisasjonane og kvinnene på bakken. Det er dei som kan gjere ein forskjell og få støtte frå det internasjonale samfunnet. Nok ein nobelprisvinnar, Jody Williams, snakka om si eiga erfaring med seksuelle overgrep og mana til sterkare ansvarleggjering av overgriparane. Ho viste til den globale kampanjen mot valdtekt i krig, inspirert av kampanjane mot miner og klaseammunisjon. I løpet av debatten vart det understreka at fredsbevarande militært personell må få opplæring og trening for å kunne førebyggje og beskytte mot seksualisert vald, og at fleire kvinner må inkluderast blant militært personell og politi. Bosnias utanriksminister sa at den ferske historia landet har, forplikta dei til å jobbe internasjonalt mot seksualisert vald.

Utanriksminister Eide viste til at historia frå Bosnia no gjentek seg i Syria. Han understreka at valdtekt i krig er eit brotsverk og et tryggingsspørsmål. Han la vekt på at både menn og kvinner i alle samfunn må engasjere seg for å bidra til endring. Human Rights Watch trekte fram at kvinner i liten grad deltek i fredsprosessar, og viste òg til den godt dokumenterte seksuelle valden i Syria. FNs nye spesialrepresentant mot seksualisert vald, Zainab Hawa Bangura, sa at nasjonale og lokale nivå må engasjerast i større grad, og at fordommane må flyttast frå ofra til overgriparane. Det som nok likevel best vert huska frå debatten, var orda til ein lege ved Panzi-sjukehuset i DR Kongo som oppmoda det internasjonale samfunnet om å vere modige: «Vår sivilisasjon bevegar seg bakover. Ikkje berre på grunn av valdtektene som held fram i DR Kongo og Syria, men på grunn av den vedvarande passiviteten frå det internasjonale samfunnet.»

2.16 Fredsbygging

Bangladesh leidde i 2012 FNs fredsbyggingskommisjon (PBC) og arrangerte eit høgnivåmøte som vedtok ei erklæring som understrekar kor viktig fredsbygging er for sikre varig fred og berekraftig utvikling. Eit positivt trekk ved denne erklæringa er ho legg vekt på rolla kvinner spelar for å førebyggje konfliktar og støtte opp om vanskelege fredsprosessar. Fleire land understreka at likestilling er viktig for varig fred. Det var òg den sentrale bodskapen til utviklingsminister Heikki E. Holmås. Han framheva vidare verdien av samordna FN-innsats i å hjelpe land som går gjennom vanskelege fredsprosessar. Den verkelege testen er om FN faktisk kan gjere ein forskjell for dei aktuelle landa og befolkninga der. Eit tredje poeng var å få nok ressursar til fredsbygging. Holmås annonserte at Noreg vil bidra med 30 millionar kroner til FNs fredsbyggingsfond i 2012. Generalsekretær Ban fokuserte på nasjonal eigarskap, likestilling og kamp mot korrupsjon og på at FN opptrer langt meir einsarta på landnivå.

Noreg har i dei siste åra vore med i styret (organisasjonskomitéen) for PBC og fokusert landinnsatsen mot Burundi og Liberia. Desse to landa ser ut til å bevege seg i rett retning, sjølv om det framleis står att store utfordringar. I organisasjonskomitéen har Noreg argumentert for eit sterkare engasjement for å få kvinner involvert i fredsbygging og for at fredsbyggingskommisjonen må verte endå flinkare til å spele på lag med resten av FN-systemet. Vi har òg lagt vekt på kor viktig det er å gå nye vegar i ressursmobilisering, og på at land som er på veg ut av konflikt, må ta eit krafttak for å skaffe seg eigne inntekter gjennom mellom anna skattlegging.

2.17 Toppmøte om Sahel1

Utviklingsminister Heikki E. Holmås representerte Noreg på toppmøtet om Sahel som vart leidd av FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Møtet samla regjeringssjefar, statsrådar og representantar for landa i den afrikanske Sahel-regionen, internasjonale og regionale organisasjonar og gjevarar. Ban Ki-moon lanserte FNs integrerte strategi for Sahel, ein strategi som tek mål av seg til å koordinere og styrkje innsatsen for tryggleik og stabilitet i regionen. Det står framleis att å formulere og konkretisere innhaldet i strategien.

Sahel er prega av ei rekkje utfordringar knytte til klimaendringar og matvarekriser, fattigdom og skøyre statar, politisk uro og organisert kriminalitet. Gjevarland som USA, EU og Noreg gav si fulle støtte til ein slik FN-strategi, lova bistand og helste vedtaket frå Ban Ki-moon om å utnemne ein spesialrepresentant for Sahel velkome. Utviklingsminister Holmås la i innlegget sitt vekt på rolla kvinner spelar i utviklingssamanheng og vigde òg situasjonen i Mali stor merksemd. Han understreka at krisa i Mali var symptomatisk for utfordringane og trua stabiliteten i regionen.

Frankrikes president Hollande og USAs utanriksminister Clinton peikte begge på faren for spreiing av terrorisme. Situasjonen kravde engasjement frå nabolanda i regionen og det internasjonale samfunnet. Førespurnaden frå Mali til Den økonomiske samarbeidsorganisasjonen for vestafrikanske statar (ECOWAS) om å sende ein militær stabiliseringsstyrke for å sikre Bamako og hjelpe den maliske hæren med å vinne tilbake dei nordlege områda frå islamistgrupper vart møtt med brei støtte frå det internasjonale samfunnet. Utviklinga i Mali stod sentralt i Tryggingsrådet hausten 2012 og våren 2013. I desember vedtok Tryggingsrådet å opprette den afrikanske innsatsstyrken AFISMA, som skulle ha til oppgåve å hjelpe maliske styrkar i kampen mot terrorgrupper i den nordlege delen av landet. Dette viste seg likevel at dette ikkje var tilstrekkeleg for å demme opp for ekstremistoffensiven sørover, noko som i januar 2013 førte til ein fransk militær intervensjon på oppmoding frå maliske styresmakter. Tryggingsrådet støtta intervensjonen, som var meint å vere kortvarig. Denne utviklinga resulterte samtidig i ei kraftig akselerering av utplasseringa av AFISMA. I lys av dei vedvarande utfordringane i landet arbeidde Tryggingsrådet våren 2013 med å få plass ein FN-leidd stabiliserings – og fredsbevaringsstyrke i landet. Den mest aktuelle modellen ser ut til å vere ein integrert FN-leidd fredsoperasjon, støtta av ein parallell separat styrke leidd av Frankrike. Kapittel VII-mandat er venta innan utgangen av april, med påfølgjande gjennomføring så snart situasjonen tillèt det.

2.18 Minitoppmøte om Somalia

Somalia har i 2012 teke viktige skritt for å skape fred og stabilitet i landet gjennom ei ny grunnlov, val av nytt parlament og utpeiking av en ny president. Trass i desse positive skritta er den politiske overgangsprosessen framleis i ein kritisk fase. Generalsekretær Ban kalla difor saman fleire ministrar til eit minitoppmøte under høgnivåveka om vegen vidare for Somalia.

Møtet vedtok ei erklæring som støttar opp om den lovande prosessen. Samtidig stiller erklæringa klare krav til somaliske styresmakter om å utvikle ein rettsstat, sikre demokrati og respekt for menneskerettar og ikkje minst styrkje kvinners rettar. Somalias president var sjølv med via videolink frå Mogadishu og forplikta seg eintydig til å skape ei betre framtid for Somalia og eit nytt politisk klima i landet. Dei påfølgjande innlegga spegla bodskapen i erklæringa og vilje frå fleire til å auke støtta til Somalia.

Utviklingsminister Holmås la vekt på den historiske sjansen til å skape fred og utvikling i landet og utfordra Somalias nye president til å auke talet på kvinner i den nye regjeringa til minst 30 prosent.

I løpet av hausten 2012 gjennomførte FN-systemet ein grundig gjennomgang av engasjementet i landet, og konklusjonane av gjennomgangen vart drøfta av Tryggingsrådet i mars 2013. Det er no fatta vedtak om å forlengje mandatet til den afrikanske innsatsstyrken AMISOM for å kjempe mot terrororganisasjonen Al-shabbab. Det vert vidare lagt opp til å etablere ein brei politisk operasjon i landet. Med dette vil FN styrkje nærværet sitt, sjølv om det inntil vidare ikkje er aktuelt med ein FN-leidd fredsbevarande operasjon. Noreg har engasjert seg aktivt med sentrale gjevarland, Verdsbanken og FN for å opprette eit internasjonalt fleirgjevarfond som vil kunne hjelpe den nye somaliske regjeringa med å løyse kritiske gjenreisingsoppgåver. Dette vil vere heilt avgjerande for at den nye somaliske leiinga skal kunne oppretthalde brei støtte og legitimitet i befolkninga og dermed kunne skape nødvendig stabilitet i landet.

2.19 Toppmøte om Sudan og Sør-Sudan

Under høgnivådelen av FNs 67. generalforsamling vart det halde eit toppmøte om Sudan og Sør-Sudan. I juli 2011 vart Sør-Sudan erklært som eigen stat, men det var framleis mange uavklarte spørsmål mellom dei to nabolanda. FNs tryggingsråd har pressa på for å finne ei løysing, og Den afrikanske unionen har bidrege i dette vanskelege arbeidet.

Toppmøtet fann stad parallelt med at Sudan og Sør-Sudan underteikna eit sett avtalar for normalisering av dei bilaterale relasjonane, der viktige spørsmål om olje, statsborgarskap, tryggleik og grenser vart avklara. Generalsekretær Ban Ki-moon heidra begge partane og særleg innsatsen til Den afrikanske unionen. Han oppmoda landa til å finne ei løysing på dei uteståande spørsmåla i Abyei og var svært uroleg over den humanitære krisa i delstatane Sør-Kordofan og Blånilen i Sudan. Ban var også svært bekymra over pågåande valdshandlingar i Sør-Sudan. Oppmodinga var at nødhjelp må nå ut til alle som har behov for det, og at menneskerettar er fundamentalt for ein varig fred. Utanriksminister Eide gav begge partar ros for motet dei har vist, og viljen til å løyse vanskelege spørsmål.

I etterkant av toppmøtet vart det raskt usemje mellom partane om korleis avtalane skulle gjennomførast, og motsetningane mellom Sudan og Sør-Sudan tilspissa seg. Det var store meiningsforskjellar i Tryggingsrådet, særleg mellom Russland og USA, om korleis krisa skulle handterast. Dette gjorde arbeidet vanskeleg med å presse partane til fleksibilitet og ikkje minst sikre humanitær tilgang i Blånilen og Sør-Kordofan. Gjennom innsatsen frå AU og internasjonalt press vart dei to landa i mars 2013 samde om ein timeplan for gjennomføring av avtalane, og gjennomføringa er i gang. Endeleg status for Abyei er likevel ikkje avklart, og den humanitære situasjonen i Blånilen og Sør-Kordofan er framleis kritisk.

2.20 Fredsmekling: ein god og billig investering

I 2010 tok Finland og Tyrkia initiativet til «vennegruppa for fredsmekling» der Noreg har vore aktive frå første stund. Eit konkret resultat av arbeidet er ein banebrytande FN-resolusjon om verdien av både å førebyggje og å avslutte væpna konfliktar gjennom mekling. FN-sekretariatet har utforma eit sett retningslinjer for meir effektiv fredsmekling, mellom anna basert på medlemslandas eigne erfaringar og kunnskap, der også Noreg har spelt inn erfaringar frå fredsmeklingsprosessar. Stadig fleire land ber om å få slutte seg til vennegruppa, ikkje minst land som sjølve har vore gjennom valdelege motsetningar.

Under høgnivåveka arrangerte Finland og Tyrkia nok eit ministermøte som vart opna av Finlands president. Spesialutsendingen til Syria, Lakhdar Brahimi, understreka at ein meklar må forstå underliggjande faktorar bak ein konflikt før han kan håpe på å bidra til ei løysing. Møtet stadfesta nok ein gong den sterke støtta til fredsmekling. Bosnias utanriksminister sa at landet hans sto i takkskuld til fredsmeklarar for at landet til slutt kom ut av borgarkrigen.

Statssekretær Gry Larsen gjorde greie for konkrete norske erfaringar med å gå nye vegar for å skape rørsle i fastlåste konfliktar. Eit døme på dette var Noregs samarbeid med Cuba for å leggje forholda til rette for nye forhandlingar i Colombia. Ho slo fast at dei nye retningslinjene frå FN er nyttige fordi dei òg gjev meklarar nødvendig fleksibilitet. Ho gjorde eit poeng av at samtalar i seg sjølv har ein verdi, at det sivile samfunnet må takast med, og at kvinner alltid må spele ei sentral rolle. Fleire ministrar trekte òg fram verdien av at kvinner deltek.

Rett etter møtet i vennegruppa heldt Finland og Tyrkia eit ope møte der FNs nye retningslinjer for effektiv fredsmekling vart formelt lanserte. Ei rekkje ministrar var til stades, og opningsinnlegget vart halde av FNs visegeneralsekretær Jan Eliasson. Han trekte spesielt fram dei norskfinansierte standby-teama som ei svært verdifull teneste. Desse teama vert forvalta av Flyktninghjelpen og er samansette av anerkjende ekspertar frå heile verda.

2.21 Kjernevåpen og prøvestansavtalen

Også under den 67. sesjonen i Generalforsamlinga vart det halde ministermøte for å støtte traktaten om totalforbud mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT). Framleis har verken USA, Kina, Israel, Egypt, India, Pakistan, Iran eller Nord-Korea ratifisert han, noko som må til for at avtalen skal tre i kraft.

Møtet munna ut i ei erklæring om kor viktig prøvestansavtalen er, og om at denne avtalen snarleg bør verte eit folkerettsleg bindande instrument. Det vart slått fast at avtalen utgjer ei viktig brikke i arbeidet med å nå målet om ei verd fri for atomvåpen. Årets møte var kort, og det var på førehand avtalt kva land som skulle få høve til å ta ordet. Indonesia, Irak og Thailand vart valde ut fordi dei nyleg har gjennomført ratifikasjonsprosessen eller er i ferd med å gjere det. Noreg slutta seg til EUs innlegg om verdien av prøvestansavtalen.

Spørsmålet om å få framdrift i multilaterale kjernefysiske nedrustingsforhandlingar kom til å prege mye av den 67. sesjonens 1. komité, som har ansvar for rustingskontroll og internasjonal tryggleik. Saman med Austerrike og Mexico fekk Noreg vedteke at det skulle opprettast ei open arbeidsgruppe på området kjernefysisk nedrusting dersom nedrustingskonferansen i Genève framleis var like handlingslamma. Det vart vidare vedteke at det i 2013 skal haldast eit ministermøte om kjernefysisk nedrusting.

2.22 Kampen mot kjernefysisk terrorisme

Sjølv om det er lite sannsynleg at terroristar får tak i atomvåpen og faktisk bruker dei, vil likevel dei katastrofale verknadene vere så enorme at spørsmålet om kjernefysisk terrorisme har kome høgare opp på den internasjonale dagsordenen. I løpet av dei siste åra er det utvikla ulike typar konvensjonar og handlingsprogram for å hindre at følsamt materiale som opprika uran eller plutonium kjem på avvegar.

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) står sentralt i dette arbeidet, og USAs president Barack Obama har definert atomtryggleik som eit viktig utanrikspolitisk satsingsområde. FNs generalsekretær Ban Ki-moon er òg svært oppteken av dette spørsmålet og kalla saman til et toppmøte for å sikre tiltreding til og gjennomføring av relevante internasjonale avtalar, i tillegg til å oppmuntre til auka samarbeid om desse spørsmål blant medlemslanda. Møtet viste òg brei oppslutning frå medlemslanda om arbeidet.

Statssekretær Gry Larsen gjorde greie for det norske engasjementet innanfor kjernefysisk tryggleik og oppmoda sterkt dei landa som ikkje har slutta seg til FN-konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme og den reviderte konvensjonen om vern av kjernefysisk materiale, til å gjere det snarast råd. Larsen understreka den sentrale rolla IAEA speler, og at dei må få tilført nødvendige ressursar til å utføre oppgåvene sine. Larsen gjorde eit poeng av at kjernefysisk nedrusting er den beste måten å hindre at terrorister får tak i atomvåpen på. Ho opplyste at Noreg vil organisere ein konferanse i mars 2013 om dei katastrofale humanitære verknadene ved bruk av kjernevåpen.

2.23 Dødsstraff: frå utsetjing til avskaffing

Frankrike og Benin hadde eit fellesarrangement om dødsstraff under høgnivådelen av generalforsamlinga som hadde som føremål å overtale land som har hatt dødsstraffmoratorium i meir enn ti år, til å ta steget vidare og avskaffe dødsstraff. Ei tverregional gruppe land deltok – mellom anna delte fleire afrikanske og latinamerikanske land sine erfaringar. Frankrikes utanriksminister Laurent Fabius og den beninske kollegaen hans Nassirou Arifari Bako leidde arrangementet.

Høgkommissæren for menneskerettar Navi Pillay, direktør Kenneth Roth i Human Rights Watch og direktør Raphaël Cheneuil-Hazan i «Ensemble contre la peine de mort» satt òg i panelet. Politisk vilje og mot hos politikarar vart trekt fram som viktig for å avskaffe dødsstraff i land der folket er for dødsstraff. Fleire delegasjonar trakk fram kor viktig det er å auke oppslutninga om FN-resolusjonen for eit moratorium på dødsstraff som skal leggjast fram til hausten.

Statssekretær Gry Larsen heldt eit innlegg der ho framheva Noregs engasjement i kampen mot dødsstraff. Forhandlingane i 3. komité (med ansvar for menneskerettar og vern) om den toårige resolusjonen om eit moratorium for bruk av dødsstraff viste seg å verte vanskelege. Resolusjonen om summariske eller vilkårlege avrettingar vart ein av dei vanskelegaste under sesjonen, særleg på grunn av det sterke språket i resolusjonen om dødsstraff og seksuell orientering og kjønnsidentitet.

2.24 Kontinentalsokkelinitiativet

Saman med Kapp Verdes utanriksminister Jorge Borges var utviklingsminister Holmås vert for eit møte om det norske kontinentalsokkelinitiativet. Noreg har gjennom dette initiativet hjelpt ei rekkje afrikanske kyststatar i arbeidet med å fastsetje yttergrenser for kontinentalsokkelen. Dersom ein kyststat ønskjer å fastsetje yttergrensene utanfor 200 nautiske mil, må han leggje fram dokumentasjon for Kontinentalsokkelkommisjonen i New York saman med tekniske og vitskaplege data.

På grunnlag av dette skal kommisjonen gje tilrådingar som dannar grunnlaget for den nasjonale fastsetjinga av endelege og bindande yttergrenser for desse landa. I dag er denne innsatsen i hovudsak konsentrert om eit større samarbeidsprosjekt i Vest-Afrika. Dei afrikanske deltakarane i prosjektet har vore Kapp Verde, Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Mauritania og Senegal. Hovudføremålet med møtet var å underteikne to avtalar om tilslutning frå Sierra Leone til prosjektet.

Holmås viste til kor viktig FNs havrettskonvensjon har vore for den økonomiske og sosiale utviklinga i Noreg og for dagens norske velferdssamfunn. «Eit viktig siktemål med det norske kontinentalsokkelinitiativet er å sikre afrikanske kyststatar tilgang til naturressursar i samsvar med fråsegnene i Havrettskonvensjonen,» sa Holmås, og han understreka at dette er eit viktig bidrag til økonomisk og sosial framgang.

Kapp Verdes utanriksminister Jorge Borges takka Noreg på vegner av dei deltakande afrikanske kyststatane ved å vise til at «det felles prosjektet vårt byggjer på afrikansk eigarskap, afrikansk samarbeid og norsk støtte». Han ønskte Sierra Leone velkomen som deltakar i dette samarbeidet.

Fotnotar

1.

Historisk omfattar Sahel-landa Senegal, Mauritania, Mali, Burkina Faso, Niger, Nigeria, Tsjad, Sudan, Etiopia, Eritrea, Djibouti og Somalia. I denne samanhengen meiner vi først og fremst Mauritania, Mali, Burkina Faso, Niger og Tsjad.
Til forsida