Meld. St. 42 (2012–2013)

Noregs deltaking i den 67. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 66. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 67. generalforsamling

President

Eksellensar, mine damer og herrar

Leiarskap handlar om å ta val.

Det handlar om å ta rett avgjerd til rett tid og om å ha styrken til å levere resultat i samsvar med dette.

Det handlar om å ha viljen til å bidra til å skape ei framtid for enkeltmenneske, nasjonar og kloden. Og det handlar om å ha mot til å søkje fred med fienden, som Yitzhak Rabin ein gong lærte oss.

Leiarskap handlar òg om å leggje til rette for at folk kan velje korleis dei vil leve livet sitt. Fridom handlar om meir enn reint fråvere av fysiske eller juridiske hindringar.

President

Sjølve føremålet med FN er å styrkje fridomen for alle menneske:

  • fridom frå nød,

  • fridom frå frykt,

  • og fridom til å leve eit verdig liv.

Folk er berre verkeleg frie når dei kan velje korleis dei vil leve livet sitt.

Uavhengig av rase, kjønn eller seksuell orientering.

Ei kvinne må ha fridom til å velje når ho skal få barn, og når ho ikkje skal det.

Fridom frå inngrep, fysisk integritet og rett til å tenkje og seie det ho sjølv vil.

Fridomen som gjer at mødrer og barn overlever fødselen.

Fridomen som gjer at alle barn kan leve eit liv med god helse, få utdanning og gå til skulen utan å vere redde for landminer eller klasebomber.

Fridomen for kvar enkelt mann og kvinne til å organisere seg, ytre seg og seie si meining om samfunnsutviklinga.

Desse fridomane ligg til grunn for utvikling og velferd. Dei gjev menn og kvinner høve til å byggje ei betre framtid for seg sjølve og familiane sine.

Somme kan berre drøyme om desse fridomane.

Men der dei faktisk finst, er dei ofte eit resultat av felles innsats – i familiar, lokalsamfunn, regionar og statar, i tillegg til på globalt plan.

Når alt kjem til alt, er dette grunnen til at vi er her i denne forsamlinga.

I Syria finn det framleis stad massive overgrep. Krisa i landet starta med eit rop om fridom og menneskeverd gjennom fredelege protestar.

Hovudansvaret ligg hjå den syriske regjeringa. Privilegia for dei få kan ikkje lenger stå i vegen for draumane til dei mange.

Regimet til Bashir al-Assad har mista all legitimitet og må gje frå seg makta.

Valden i Syria må stanse.

Sjølv i krig finst det reglar. Alle partar har eit klart ansvar etter den internasjonale humanitærretten. Til alle partar som bryt desse prinsippa, har eg dette å seie:

De har alle eit personleg ansvar.

Når rettferda sigrar, vil de bli stilte til ansvar for lovbrota de har gjort. Ikkje forvent at du vert tilgjeven berre fordi motparten gjorde det same lovbrotet.

President

Då FN vart grunnlagt i San Francisco i 1945, vart det bestemt at det skulle opprettast eit tryggingsråd som kunne handle på våre vegner.

Dei faste medlemene fekk vetorett, med den tilliten det inneber.

Den norske delegasjonen var på den tida leidd av Trygve Lie, som seinare vart FNs første generalsekretær. På vegner av landet mitt stemte han for vetoretten.

Det same gjorde mange andre små og mellomstore land.

Dette gjorde dei på grunn av den rådande verdsordninga på den tida, men òg fordi dei ville sikre at Rådet skulle ha fullmakt til å ta avgjerder og handle på våre vegner.

Det var ikkje fordi dei meinte at nokre land var overordna andre.

Difor, og i lys av dei dramatiske hendingane i Syria, har eg følgjande bodskap til medlemene av Tryggingsrådet:

Folk i den arabiske verda, i Europa, i Asia, i Afrika og i Amerika ser sjokkerte på korleis historia gjentek seg.

Nok ein gong er dei faste medlemene av FNs tryggingsråd splitta og dermed ute av stand til å verne menneska på bakken. I mellomtida kan ekstremistar på alle sider fritt drepe, lemleste og valdta.

No forventar vi at medlemene av Tryggingsrådet handlar. Vi forventar at de legg vekk gamaldagse idéar om nullsumspel og maktsfærar, og at de legg vinn på å finne ei felles haldning.

Det er gytt nok blod.

Historia dømmer hardt dei som vel feil side.

Ikkje lat snevre eigeninteresser stå i vegen for endringane som det store fleirtalet i denne forsamlinga helser velkomne.

Syrias president Assad var ikkje nøydd til å velje konflikt og konfrontasjon – han kunne ha gått for kompromissvilje og samarbeid.

Andre stader i verda vert det teke heilt andre val.

President

I dag, i denne forsamlinga, har vi høyrt at den reformvennlege presidenten i Myanmar, Thein Sein, opnar døra til eit fritt og demokratisk Myanmar. Eg vil få rose den myanmarske regjeringa for motet dei har vist.

Eg vil òg få rose motet til Daw Aung San Suu Kyi. Ho har valt å gå i dialog med dei same menneska som heldt ho innesperra.

I dag, i Addis Abeba, har leiarane i Sudan og Sør-Sudan valt å gjere slutt på ein blodig konflikt som har øydelagt livet til innbyggjarane der i tiår.

Sudan og Sør-Sudan har nok ein gong vore på randen av krig, men då dei underteikna avtalen i dag, valde dei fred. Vi helsar Den afrikanske unionen, som i nært samarbeid med Tryggingsrådet har bidrege til å gjere dette mogeleg.

I Colombia har regjeringa og representantar for FARC teke det kloke valet å gå inn i formelle forhandlingar for å få slutt på nok ein langvarig konflikt.

President

Som Noregs utanriksminister er eg formann i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC), som gjev støtte til dei palestinske styresmaktene. Vi møttest i førekant av denne generalforsamlinga.

Eg vil få dele den djupe uroa eg kjenner over situasjonen i forholdet mellom Israel og Palestina.

For nøyaktig eitt år sidan vart vi her i New York samde om at den palestinske statsbygginga hadde kome så langt at statsinstitusjonane no var på plass.

Det vart skapt store forventingar, som deretter vart gløymde.

Tida er i ferd med å renne ut. Fortare enn mange ser ut til å forstå.

Den palestinske befolkninga lir no under langvarig slitasje. Dei kan snart byrje å sjå seg om etter andre løysingar, løysingar som i stor grad ville skade framtidsutsiktene for både palestinarar og israelarar.

Eg ser den same typen slitasje hos dei landa som finansierer dei palestinske styresmaktene.

Tostatsløysinga er den einaste vegen mot varig fred. Men utsiktene til å få oppretta ein palestinsk stat som byggjer på tostatsløysinga, vert svekte etter kvart som dei israelske busetjingane aukar. Desse handlingane er den viktigaste hindringa for fred og må no stansast.

Dersom vi skal få fredsprosessen tilbake på sporet, må vi kome ut av blindgata vi no er inne i, og skape ny tillit til ein politisk visjon som byggjer på sluttstatusspørsmåla. Forhandlingar er nøkkelen til å lukkast her. Dei starte no.

President,

Leiarskap handlar òg om tillit.

Dersom vi skal nå måla vi har sett oss, trenger vi eit sterkt FN. Eg vil få heidre den utrøyttelege innsatsen Generalsekretæren gjer for å gjennomføre reformer av dei interne arbeidsmåtane i organisasjonen.

Vi har valt ein generalsekretær som skal leie oss. Då må vi gje han høve til å gjere nettopp det. Det finst ingen moderne organisasjonar der det ville fungere med detaljstyring av det som bør liggje hos toppleiaren. Dette gjeld òg for FN.

President, for å avslutte:

Leiarar har reelle val.

Leiarar har reelt ansvar.

Menneska skapar si eiga framtid.

Viss vi ikkje klarer å løyse dei mest kritiske utfordringane i samtida, skadar ikkje dette berre dei som allereie lever i fattigdom, krig eller undertrykking. Det tek òg frå folk trua på at dei kan forme si eiga framtid.

Og denne trua, trua på oss sjølve og kvarandre, er det som vil gjere det mogeleg for alle å oppnå fridom frå nød, fridom frå frykt og fridom til å leve eit verdig liv. Det er sjølve føremålet med leiargjerninga vår.

Takk.

Til forsida