Meld. St. 42 (2012–2013)

Noregs deltaking i den 67. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 66. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Dei seks faste komitéane

5.1 Internasjonal fred og tryggleik (1. komité)

1. komité i Generalforsamlinga har ansvaret for internasjonal fred og tryggleik, unnateke saker som vert behandla i Tryggingsrådet. Komitéen har såleis særleg fokus på nedrusting og ikkje-spreiing. Arbeidet i komitéen er delt inn i tre segment med generaldebatt, tematiske debattar og realitetsbehandling av over 50 resolusjonar og vedtak. Dei fleste resolusjonane er årlege gjengangarar, men kvart år kjem det òg nye resolusjonsutkast.

Sesjonen av 1. komité i haust vart dominert av spørsmålet om å få skapt rørsle i det multilaterale kjernefysiske nedrustingsarbeidet og oppfølginga av forhandlingane om ein internasjonal avtale om våpenhandel (Arms Trade Treaty – heretter ATT) etter at diplomatkonferansen om ATT enda utan semje i FN, New York i juli 2012. I tillegg viste det seg å verte vanskelegare enn normalt å kome fram til semje om resolusjonane om kjemiske og biologiske våpen, i tillegg til resolusjonen om kvinner, nedrusting, ikkje-spreiing og rustingskontroll.

Sjølve generaldebatten i komitéen bringa lite nytt i forhold til tidlegare år. Mange vestlege land uttrykte uro over dei kjernefysiske aktivitetane til Iran, Nord-Korea og Syria. Sistnemnde land sparte ikkje på krutet då det tok replikk på Noregs oppmoding til Syria om å samarbeide med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) for å komme til botns i dei mange uteståande spørsmål knytte til dei kjernefysiske aktivitetane til Iran og Syria.

Landa i Den alliansefrie rørsla (NAM) uttrykte djup frustrasjon over manglande framdrift i å få avskaffa atomvåpen. Samtidig sa NAM klart frå at det ikkje måtte rørast ved det eksisterande formelle forhandlingsapparatet utan at dette spørsmålet først er behandla i ein eigen spesialsesjon om nedrusting under FNs generalforsamling (SSOD IV). Ein slik spesialsesjon må arbeide ut frå eit strengt konsensusprinsipp, og difor trur ingen at han vil resultere i noko særleg nytt. Dei fem etablerte kjernevåpenstatane (USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina) var òg tydelege i sine åtvaringar mot å søkje nye og alternative vegar for nedrusting av atomvåpen.

På motsett ende var det ei stor gruppe land, både vestlege og frå det globale sør, som etterlyste nye tilnærmingar for å skape ny giv i det multilaterale nedrustingsarbeidet. Noreg, Austerrike og Mexico la fram eit resolusjonsutkast om at det skal opprettast ei open arbeidsgruppe i Genève om kjernefysisk nedrusting som følgje av at nedrustingskonferansen i Genève (CD) ikkje har hatt eit arbeidsprogram sidan 1998. Som venta vart utkastet møtt med skepsis frå kjernevåpenstatane, og fire av dei stemte til slutt mot resolusjonen (Kina avsto). Det som var positivt, var at resolusjonen samla over 140 stemmer, mellom dei fleire av NATO-landa som støtta resolusjonen. Den opne arbeidsgruppa har i ettertid så vidt kome i gang, men inntil vidare har konsultasjonane vore avgrensa til prosedyrespørsmål.

Canada fekk òg brei støtte for ein resolusjon om at det skal opprettast ei eiga ekspertgruppe for å klarleggje rammene for ein framtidig avtale som forbyr framstilling av spaltbart materiale for våpenføremål (FMCT) dersom handlingslamminga i CD varar ved. NAM-landa fekk òg gjennomslag for at det skal haldast eit høgnivåmøte om kjernefysisk nedrusting i 2013, men dette møtet skal ikkje utfordre den eksisterande strukturen for nedrustingsforhandlingane i FN, som framleis skal basere seg på samrøystes vedtak, eller konsensusprinsippet.

Nettopp spørsmålet om konsensusprinsippet sto sentralt i konsultasjonane om ATT-resolusjonen. Heile juli 2012 var vigd til ein diplomatkonferanse i New York om å få plass ein ATT-avtale. Trass i framgang enda konferansen utan semje om ein ny avtale. USA, som vart følgd av m.a. Russland, Kina, India og fleire arabiske land, kunne ikkje akseptere avtaleutkastet frå formannen og bad om meir tid. Diskusjonane i 1. komité hausten 2012 munna ut i brei semje om å gjennomføre ein ny og siste konferanse i mars 2013. Det var semje om at avtaleutkastet frå formannen frå 26. juli 2012 skulle utgjere grunnlaget for forhandlingane. Vidare vart det vedteke at prosedyrereglane frå konferansen i juli 2012 skulle leggjast til grunn, mellom anna konsensusprinsippet, sjølv om dette vart kritisert av fleire land, deriblant Noreg. Noreg, Mexico og New Zealand fekk som motvekt mot dette inn ei fråsegn i resolusjonen om at resultatet av konferansen skulle rapporterast så snart som mogeleg til inneverande sesjon av Generalforsamlinga, implisitt med høve til votering over eit avtaleutkast.

I ettertid kan vi slå fast at skepsisen til konsensus var velfundert. Iran, Nord-Korea og Syria blokkerte i mars 2013 konsensus om det nye avtaleutkastet frå formannen. Ei gruppe land, mellom andre Noreg, fremja deretter med det same ein resolusjon om vedtaking av avtaleutkastet i Generalforsamlinga, der avtalen vart vedteken med stort fleirtal 2. april i år. Handteringa av ATT viste at det er mogeleg å omgå konsensuskravet dersom det er tilstrekkeleg politisk vilje til å gjere dette.

Noreg støtta igjen aktivt opp om det karibiske initiativet, leidd av Trinidad og Tobago, om å rette større merksemd mot at kvinner må få delta i nedrustings- og ikkje-spreiingsarbeidet. Resolusjonen er ei naturleg oppfølging av tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik, og nettopp koplinga til en tryggingsrådsresolusjon gjorde Iran, Syria og til dels Cuba svært skeptiske. Iran og Syria prøvde vidare å vatne ut bodskapen og bringe inn språk som ikkje høyrte heime i ein slik resolusjon. Trinidad og Tobago valde til slutt å stå løpet ut og kome skeptikarane minimalt i møte. Dette viste seg å vere en god strategi, då desse landa til slutt vart isolerte og valde å ikkje be om votering over resolusjonen.

Same erfaringa vart hausta på resolusjonane om FNs handlingsprogram for kamp mot ulovleg omsetning av handvåpen, kjemivåpenkonvensjonen og biologivåpenkonvensjonen. Det var knytt spesiell interesse til behandlinga av kjemivåpenkonvensjonen på grunn av frykta for at Assad-regimet kunne ty til kjemiske stridsmiddel i borgarkrigen. Både Iran og Syria insisterte på språk i resolusjonen om kjemivåpenkonvensjonen som kritiserte særleg USA for ikkje å gjennomføre forpliktingane om destruksjon av lagra av kjemiske våpen raskt nok. Dette vart avvist av det store fleirtalet, og verken Iran eller Syria såg seg då tente med å be om avstemming over denne resolusjonen.

For Iran var sesjonen av 1. komité forhåpentlegvis eit tankekors, all den tid landet er president i NAM. Når det kjem til stykket, får dei likevel ikkje særleg støtte frå denne gruppa i saker som er viktige for Teheran.

5.2 Økonomiske og sosiale spørsmål (2. komité)

Generalforsamlingas 2. komité har ansvaret for globale økonomiske spørsmål, berekraftig utvikling og andre utviklingspolitiske spørsmål. Dette inkluderer organisasjonane som driv bistandsverksemda til FN. Som følgje av dei klare norske prioriteringane vart det oppnådd tilfredsstillande resultat på desse områda. Hovudsakene var oppfølging av Rio-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20), rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN og finansiering for utvikling inkludert makroøkonomiske spørsmål. Det var viktig å verne om, fremje og følgje opp vedtaka frå Rio. Eit meir samkøyrt, resultatorientert og effektivt FN var målet for forhandlingane om rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN. Sett med norske auge er det viktig at «Eitt FN» vart etablert som ei fast ordning, og at det også elles vart gjeve klare signal om vidare reform i utviklingssystemet i FN. I forhandlingane om finansiering for utvikling var tema som tradisjonelle bistandsmidlar (ODA), ansvaret utviklingslanda sjølve har for ressursmobilisering, utviklingseffektivitet og mangfald av finansieringskjelder til utvikling (inkludert innovativ finansiering) ein vanskeleg balansegang. Innanfor makroøkonomiske spørsmål vart Noregs progressive rolle i arbeidet med nye gjeldsmekanismar godt teken imot av gruppa av utviklingsland (G77). Fordelingsspørsmål og kvinnerettar og likestilling vart fremja på tvers. Gjennom samarbeid med mellom andre UN Women vart det teke inn omtale av likestilling i fleire resolusjonar som tidlegare ikkje sa noko om dette. Nordisk samarbeid er framleis viktig, men samarbeid med likesinna på tvers av regionar var òg ein styrke. 2. komité vedtok 36 resolusjonar.

2. komité er ein utfordrande arena for å diskutere framtidig utviklingspolitikk. Mykje av arbeidet i 2. komité er framleis dominert av enkelte G77-land som fremjar synspunkt om økonomi og utvikling som er lite nytenkjande. Det er òg eit vedvarande reaksjonært press frå enkelte til dels tonegjevande land i alle spørsmål om menneskerettar, inkludert kvinners rettar. Det har vore vanskeleg å effektivisere og rasjonalisere arbeidet i komitéen, mellom anna gjennom ei betre arbeidsdeling med ECOSOC.

5.2.1 Oppfølging av Rio-konferansen

Dei viktigaste vedtaka frå Rio i juni 2012 vart tekne vidare under Generalforsamlinga. Dette gjaldt mellom anna oppretting av eit høgnivåforum for berekraftig utvikling, etablering av ei mellomstatleg arbeidsgruppe for utarbeiding av berekraftsmål og etablering av ein ekspertkomité for finansiering av berekraftig utvikling. Dette vart hovudsakeleg gjort gjennom forhandlingar i Agenda 21-resolusjonen og resolusjonen om FNs miljøprogram (UNEP). I sistnemnde resolusjon fekk styret i UNEP mandat til å setje Rio-vedtaket om styrking og oppgradering av UNEP ut i praksis. I Agenda 21-resolusjonen vart det vedteke å starte opp forhandlingane om eit høgnivåforum for berekraftig utvikling i januar 2013, som skal erstatte kommisjonen for berekraftig utvikling. Målsetjinga var å verte samde om retningslinjene for arbeidet i forumet innan mai 2013. Med omsyn til arbeidsgruppa for berekraftsmål lukkast det å etablere ei kopling til det nye forumet og til møtet om tusenårsmåla som finn stad i september 2013. Det substansielle arbeidet vil finne stad under den 68. generalforsamlinga, både gjennom forhandlingane om høgnivåforumet for berekraftig utvikling, i arbeidsgruppa om berekraftsmål og i ekspertkomitéen om finansiering av berekraftig utvikling.

Rio-konferansen noterte seg initiativet frå Generalsekretæren for berekraftig energi for alle (SE4ALL), eit initiativ der Noreg har vore blant dei sterkaste støttespelarane for sidan starten. Noreg bidrog til å styrkje handlingsrommet til generalsekretæren framover gjennom å foreslå eit FN-tiår for SE4ALL frå 2014 til 2024, noko som vart vedteke.

5.2.2 Rammeresolusjon om utviklingsaktivitetane i FN

Kvart fjerde år vert det framforhandla ein plan for utviklingsaktivitetane i FN dei neste fire åra. Planen vert vedteken i form av ein rammeresolusjon. Rammeresolusjonen er retningsgjevande for korleis utviklingssystemet i FN skal fungere, både som heilskap og dei enkelte organisasjonane. Forhandlingane var krevjande, men sluttresultatet gjev viktige framsteg i samsvar med norske prioriteringar, som òg er sentrale i oppfølginga av stortingsmeldinga om norsk FN-politikk (Meld. St. 33 2011–2012). Tilrådingane og styringssignala til utviklingssystemet i FN og til medlemslanda er meir konkrete enn i den førre rammeresolusjonen. Mellom anna oppmodar den nye resolusjonen til auka kjernebidrag og vedtek at det skal finne stad ein dialog i fond og program om finansiering. Betre resultatrapportering og resultatorientert leiing vert framheva som føresetnader for effektiv bruk av ressursar. Det vart òg semje om saker som er relevante for oppfølging av rapporten frå Stoltenberg-panelet, mellom anna ein sterk tekst om FN på landnivå, inkludert Eitt FN, klar støtte til UN Women, konkrete tiltak for å fremje kvinnerettar og likestilling i FN-arbeidet på landnivå, styrkt FN-koordinering i alle programland og tiltak for å løyse viktige praktiske og tekniske forordningar. Dessverre vart det ikkje semje om referansar til utviklingseffektivitet. Noreg bidrog til eit positivt resultat ved målretta innspel og samarbeid med ei rekkje delegasjonar frå fleire regionar.

5.2.3 Finansiering for utvikling og makroøkonomiske spørsmål

Dei tradisjonelle kontroversane mellom «Vesten» og G77-land har vore førande også i forhandlingane i år om finansiering for utvikling og makroøkonomiske spørsmål (gjeld, handel og finansieringsinstitusjonane). Det vart små bevegelsar og lite nytenking. Nok ein gong var tolking av konsekvensane av finans- og økonomikrisa for utviklingsland ein kontroversiell del av forhandlingane. I resolusjonsforhandlingane om finansiering for utvikling vart det oppnådd ein relativt god balanse med omtale av breidda i finansieringsmekanismar (mellom anna innovativ finansiering), kamp mot korrupsjon og generering i ulike land av eiga inntekt for utviklingsføremål. Prinsippa frå Busan-konferansen om utviklingseffektivitet vart òg tekne inn. Noreg fekk gjennomslag for omtale av lik fordeling og styrkt kvinneprofil. Noreg samarbeidde med G77 for å få inn tekst om nye gjeldsmekanismar i dei makroøkonomiske forhandlingane.

5.2.4 Andre saker

Fleire utviklingsland ønskte at enkeltstatar skulle kunne blokkere tilgangen til større FN-møte for frivillige organisasjonar og sivilsamfunnsrepresentantar. Vestlege land aksepterte ikkje dette og kravde avstemming over resolusjonen som definerer rammene for høgnivåmøtet om migrasjon og utvikling hausten 2013. Den same problematikken kom opp i resolusjonsforhandlingane om ein spesialsesjon for oppfølging av konferansen om befolkning og utvikling (Kairo-konferansen frå 1994). Konklusjonen vart ei ordning der eventuelle innvendingar mot at enkeltorganisasjonar får delta, skal synleggjerast for alle.

5.3 Menneskerettar (3. komité)

3. komité i Generalforsamlinga vedtok rundt 60 resolusjonar og vedtak. Som tidlegare år var dagsordenpunktet om menneskerettar det mest omfattande med flest resolusjonar, forhandlingar og politiserte diskusjonar.

3. komité vedtok fire resolusjonar om menneskerettssituasjonen i spesifikke land, nemleg Myanmar, Nord-Korea (DPRK), Iran og Syria. Hovudmålsetjinga om å oppnå konsensus om Myanmar-resolusjonen vart tydeleggjord av Noreg og fleire andre likesinna land, som òg heldt tett kontakt med delegasjonen frå Myanmar. Delegasjonen frå Nord-Korea fordømte den tradisjonelle landspesifikke resolusjonen som årleg vert fremja mot landet ved å fjerne seg frå resolusjonen i sin heilskap. For første gang i 3. komité tok likevel Nord-Korea ikkje resolusjonen til votering, noko som førte til at han vart vedteken ved konsensus. Resolusjonen i 3. komité om menneskerettssituasjonen i Syria var òg for første gong ein landspesifikk resolusjon som vart introdusert av ikkje-vestlege land i 3. komité (Qatar, Saudi-Arabia og Marokko). Resolusjonen vart vedteken med eit sterkare fleirtal enn første gongen han vart introdusert i 2011, noko som speglar den auka isolasjonen av det syriske regimet i det internasjonale samfunnet. Den landspesifikke resolusjonen om Iran, som årleg vert fremja av Canada, vart vedteken med eit noko svakare fleirtal enn den rekordstore oppslutning i 2011. Iran unnlét for første gang å fremje et ikkje-behandlingsforslag («no action motion»). Den viktigaste trenden i 2012 var at nokre av landa som i 2011 hadde ei meir positiv stemmegjeving, som Egypt og Tunisia, sklei tilbake til det gamle stemmemønsteret sitt.

I kjølvatnet av dei valdelege protestane og reaksjonane i andre halvdel av september 2012, som var relaterte til Youtube-videoar som «Innocence of Muslims», vart hatprovokasjonar baserte på religion og tru godt plasserte på dagsordenen i FN under høgnivåveka for den 67. generalforsamlinga. Som følgje av dette låg forhandlingane i 3. komité om dei to resolusjonane som omhandlar desse temaa – EU-resolusjonen om religionsfridom og OIC-resolusjonen om religiøs intoleranse – an til å verte særdeles vanskelege. Den skøyre semja som vart oppnådd for første gong i 2011 for begge resolusjonane, var i faresona. Gjennom intense og konstruktive forhandlingar vart begge resolusjonane vedtekne ved konsensus. 3. komité sende dermed ein bodskap om toleranse på eit tema som framleis skapar splid i FN.

Ei tverregional kjernegruppe la på vegner av 76 medforslagsstillarar fram den toårige resolusjonen om eit moratorium for bruk av dødsstraff. Resolusjonsteksten var eit resultat av nærare seks månaders arbeid der balansen mellom å sikre auka oppslutning om resolusjonen og å styrkje det substansielle innhaldet i resolusjonen dominerte diskusjonane internt i co-sponsor-gruppa. Kjernegruppa enda med å fremje ei rekkje substansielle element i teksten, mellom dei ei oppmoding til statar som framleis gjennomfører dødsstraff, om ikkje å avrette personar under 18 år eller gravide kvinner, i tillegg til å offentleggjere mørketal om talet på avrettingar / dødsdommar / personar som er fengsla og ventar på avretting («death row»), som eit bidrag til ein meir informert nasjonal og internasjonal debatt om dødsstraff. Resolusjonen inneheldt òg ei oppmoding om at statar må vurdere å slutte seg til den andre tilleggsprotokollen til ICCPR om avskaffing av dødsstraff. Medforslagsstillarar, leidd an av kjernegruppa som Noreg var ein aktiv del av, deltok i inngåande konsultasjonar med dei mange medlemslanda i FN og klarte å halde konsultasjonar i ein generelt konstruktiv atmosfære. Dette forhindra likevel ikkje at fleire endringsforslag vart fremja. Krevjande lobbyverksemd og solid beredskapsplanlegging frå kjernegruppa førte til at alle endringsforslaga vart nedstemde med relativt god margin, prosedyrekampar vart vunne, og resolusjonen vart til slutt vedteken med rekordstor oppslutning.

Den nordiske resolusjonen leidd av Sverige om utanomrettslege, summariske eller vilkårlege avrettingar vart som venta ein av dei vanskelegaste resolusjonane under sesjonen. Dette var delvis på grunn av sterkt språk om dødsstraff, seksuell orientering og kjønnsidentitet (SOGI), som begge vart drøfta i lange diskusjonar under forhandlingane.

Totalt fem resolusjonar vart vedtekne ved konsensus på ulike aspekt ved fremjing og vern av menneskerettane til kvinner og jenter: vald mot kvinner (Frankrike og Nederland), kvinneleg kjønnslemlesting (den afrikanske gruppa), fistlar (fødselsskader i underliv)(den afrikanske gruppa), menneskehandel med kvinner (Filippinene) og oppfølging av Beijing-erklæringa (teksten frå formannen, tilrettelagd av Montenegro). Intense diskusjonar vart haldne om referansar til seksuelle og reproduktive rettar, og desse referansane vart til slutt innlemma i resolusjonane om vald mot kvinner og fistlar.

Den årlege omnibusresolusjonen om barns rettar, som vert fremja av gruppa av latinamerikanske og karibiske land (GRULAC) og EU, fokuserte i år på rettane til urfolksbarn. Resolusjonen forlenga i tillegg mandatet til spesialrapportøren for vald mot barn med tre år og sette i verk nødvendige skritt for å sikre finansieringa av mandatet innanfor det regulære FN-budsjettet (til no finansiert av frivillige midlar m.a. frå Noreg).

Det strategiske rammeverket for høgkommissæren for menneskerettar(«Program 20») for 2013-14 vart i år overført frå Generalforsamlingas tekniske komité (CPC) til 3. komité. Ved å vedta det strategiske rammeverket varetok komitéen dei institusjonelle arrangementa mellom høgkommissæren, Generalforsamlinga og MR-rådet, og avstemminga fekk det best mogelege resultatet. Voteringa illustrerer på nytt kor uheldig det er at det strategiske rammeverket vert behandla i ein politisk komité (3. komité) framfor ein teknisk komité som CPC.

Dei nordiske landa har i ei årrekkje koordinert forhandlingane om resolusjonen for FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Noreg leidde forhandlingane i 2012. Det vart forhandla fram eit konsensusutkast i Genève, som det deretter vart semje og vedtak om i Generalforsamlinga. Fødselsregistrering, varetekt og redning til sjøs var nye tema. Når det gjeld førstnemnde, er betre system for registrering og ID-fastsetjing viktig for Noreg. Dette vert følgt opp i UNHCR-samanheng ved å bidra til ein konklusjon som gjev normativ retning og praktisk rettleiing til medlemslanda om «Civil registration» på UNHCRs eksekutivkomité hausten 2013.

5.4 Politiske spørsmål (4. komité)

Det formelle namnet på denne komitéen er Spesialkomitéen for politiske spørsmål. Den fangar i aukande grad opp spørsmål som ikkje vert dekte i dei andre faste komitéane. I 4. komité vert det òg gjennomført ein årleg debatt om FNs fredsbevarande operasjonar der utfordringar knytte til planlegging og gjennomføring av operasjonane står i sentrum. Sentrale tema i 2012-debatten gjaldt mellom anna behovet for vidare reform og effektivisering, deriblant tiltak for å heve kvaliteten på FN-innsatsen i felt, m.a. for å styrkje evna til å verne sivile. Mange var opptekne av tettare samarbeid mellom landa som deltek i operasjonane, Tryggingsrådet og FN-sekretariatet. Tryggleiken til personellet stod òg sentralt. Fleire etterlyste auka bruk av moderne overvakingsteknologi for betre å kunne møte stadig meir krevjande tryggingsutfordringar som rammar både sivilbefolkninga og personellet. Noreg uttrykte støtte til FNs reformagenda, ei støtte som speglar det løpande og tette samarbeidet vi har med FN-sekretariatet. Vi etterlyste meir informasjon om planprosessane i FN for lettare å kunne planleggje for eigne bidrag. Vi var òg opptekne av at det må vere samsvar mellom oppgåvene Tryggingsrådet legg på operasjonane, og ressursane som vert stilte til rådvelde. Dette poenget var med i mange innlegg. Noreg framheva kor viktig det er å sikre at kjønnsperspektivet vert vareteke på ein god måte. Vi uttrykte òg støtte til den kontinuerlege arbeidet i FN for å utnytte sivile ressursar i medlemslanda på ein betre måte, dvs. vert betre til raskt å skaffe rett type personell til internasjonale operasjonar, trekkje på kompetansen som allereie finnes i det globale sør og, ikkje minst, leggje att kompetanse når operasjonen er avslutta. I denne prosessen er Noreg ein aktiv medspelar for FN-sekretariatet.

Debatten i 4. komité er basert på ein rapport frå Spesialkomitéen for fredsbevarande operasjonar, som har sin årlege sesjon i februar/mars. Begge fora er prega av aukande motsetjingar mellom vestlege land og troppebidragsytande land frå det globale sør. Motsetjingane er mellom anna knytte til ulikt syn på kor offensive mandata skal vere, både når det gjeld bruk av makt og f.eks. engasjement i reform av tryggingssektoren i vertslandet. Usemje om nivået på økonomisk kompensasjon for deltaking i operasjonane er òg eit underliggjande tema som har prega debatten dei siste åra, sjølv om denne tematikken høyrer heime i budsjettkomitéen i FN.

Den aukande polariseringa av debatten omkring FNs fredsbevarande operasjoner har ført til at det vert stadig vanskelegare å oppnå semje om rapporten frå spesialkomitéen. I 2012 vart det først oppnådd semje rett før 67. sesjon av Generalforsamlinga vart innleidd. I 2013 gjekk forhandlingane fullstendig i stå. Det går føre seg samtalar om ei mogeleg teknisk oppdatering av 2013-rapporten. Samtidig forsøkjer vi å leggje til rette for ein prosess for vidare diskusjon av arbeidsmetodane i komitéen.

4. komité behandlar kvart år ei rekkje resolusjonar knytte til avkolonialisering, og stemmemønsteret på desse resolusjonane endrar seg lite frå år til år. Avkolonialiseringsspørsmålet kan etter kvart få eit meir politisk tilsnitt, sidan motsetjinga mellom Storbritannia og Argentina om Falklandsøyane er i ferd med å kome opp att på den internasjonale dagsordenen. Eit anna spørsmål som kan skape bølgjer, gjeld innsatsen til Fransk Polynesia om å verte anerkjent som eit ikkje-sjølvstyrande område, trass i iherdige franske protestar.

Endeleg vart det òg vedteke regulære resolusjonar om Palestina-spørsmålet. Stemmemønsteret spegla i år det faktum at Palestina ikkje hadde gjennomført substansielle endringar i tekstane. Talet på medlemsland som stemmer ja, mellom dei Noreg, er framleis høgt (i snitt ca. 160 ja-stemmer). Desse resolusjonane vart vedtekne før Palestina-oppgraderinga.

5.5 FN-budsjettet (5. komité)

FNs kjernebudsjett, administrative spørsmål og FN-reform vert behandla i 5. komité.

Dei viktigaste avgjerdene i haust var vedtak av nye bidragsskalaer (byrdefordeling, pliktige bidrag) for FNs kjernebudsjett og budsjettet for dei fredsbevarande operasjonane, i tillegg til delvis gjennomslag for personalreforminitiativet frå Generalsekretæren som skal sikre meir mobilitet og samarbeid på tvers blant FN-tilsette. Det vart òg vedteke omfattande kutt for neste budsjettperiode.

Norske prioriteringar for haustsesjonen var å støtte opp om reformtiltaka til Generalsekretæren, mellom anna personalreform. Dette er ein del av arbeidet for å fremje effektivitet og styrkt resultatbasert leiing i FN. Det var òg ein prioritet å leggje til rette for ei berekraftig byrdefordeling for pliktige bidrag til FN, der dei pliktige bidraga for kvart enkelt land står i forhold til den økonomiske stillinga til landet.

Som følgje av økonomiske krisetider har forhandlingsklimaet i komitéen vorte dårlegare, og det er krevjande å verte samde i fleire spørsmål. Store vestlege bidragsytande land (EU-landa, Japan og USA står for om lag 70 % av pliktige bidrag) har behov for å sikre omfattande budsjettinnsparingar. Forsøka frå Generalsekretæren på å høyre på dette presset, m.a. gjennom reformgrep og forsøk på minst mogeleg smertefulle kutt, vert møtte med skepsis frå utviklingslanda. Dei nyttar høvet til å overprøve og mikrostyre både budsjettforslag og reforminitiativ. Dermed vert det svært krevjande å oppnå resultat på desse felta. På denne bakgrunnen må vi sjå på det som ein siger at komitéen klarte å samle seg om eit vedtak som gjev delvis klarsignal for den høgt prioriterte personalreforma til generalsekretæren. Haustsesjonen enda likevel med at behandlinga av fleire viktige spørsmål vart utsett. Dette er ein negativ trend og eit klart uttrykk for det krevjande forhandlingsklimaet.

Før behandlinga av nye bidragsskalaer hadde m.a. EU-land håp om at det i år kunne vedtakast bidragsskalaer som står betre i forhold til den globale økonomiske utviklinga, dvs. auka kjernebidrag frå land som Kina, India og Brasil. FNs bidragsskala er basert på prinsippet om betalingsevne, men inneheld fleire unntak som gjev skeiv fordeling. Mellom anna får svært folkerike land ein eigen rabatt, og USA har ein maksimalrate for bidragsdelen sin på 22 %. Reell politisk behandling av bidragsskalaene er svært sensitivt og eit nullsumspel. Forhandlingane i haust førte til ei vidareføring av eksisterande tekniske grunnlag for utrekning. Dette gav fleire justeringar som speglar den økonomiske utviklinga. Mellom anna gjekk fleire EU-land vesentleg ned, medan land som Russland, Brasil og Tyrkia gjekk kraftig opp. Trass i at fleire land var engasjerte på høgt nivå undervegs i forhandlingane, var det liten reell politisk vilje til store endringar i denne omgangen, særleg sidan eksisterande oppsett gav fleire viktige justeringar i byrdefordelinga. Noreg leidde forhandlingane om bidragsskalaen for dei fredsbevarande operasjonane. Generalforsamlinga vedtek rutinemessig bidragsskalaer kvart tredje år.

Andre vedtekne resolusjonar som bør nemnast, var vedtak om finansiering av høvesvis spesialdomstolen i Sierra Leone, oppfølginga av vedtaka frå Rio-konferansen om berekraftig utvikling, utvida møtetid for FNs torturkomité og forhandlingane om ein våpenhandelsavtale (ATT).

Blant dei utsette sakene var personalspørsmål i sin heilskap (konsensus oppnådd i mars 2013), publisering av interne revisjonsrapportar (konsensus oppnådd i mars 2013) og spørsmålet om finansiering av FNs politiske misjonar/operasjonar (utsett for andre gong sidan hausten 2011 til hausten 2013).

FNs kjernebudsjett vert vedteke på toårig basis og vart ikkje behandla denne hausten. Det er tradisjon for at 5. komité gjer vedtak ved konsensus. Delegasjonen vidareførte arbeidet med å arbeide på tvers av tradisjonelle, geografiske skiljelinjer, og m.a. når det gjeld finansiering av menneskerettsarbeidet i FN, har vi klare felles interesser med fleire land frå sør. Trass i at Noregs kjernebidrag til FN er lite (0,851 % frå 2013), kan det gje resultat å ta ei aktiv rolle i m.a. reformspørsmål. Aktiv innsats frå Noreg og berre nokre få andre land i spørsmålet om personalreform bidrog klart til at komitéen vart samd i dette spørsmålet.

5.6 Juridiske spørsmål (6. komité)

6. komité har ansvaret for å behandle folkerettslege spørsmål, mellom anna den årlege rapporten frå Folkerettskommisjonen. Komitéen vedtek vanlegvis resolusjonane sine ved konsensus, noko som til ein viss grad kan forklarast med at vanskelege spørsmål ikkje vert sette på spissen. Viktige tema under denne sesjonen var mellom anna kampen mot terrorisme, universaljurisdiksjon, rettsstatsprinsipp (rule of law) og rapporten frå Folkerettskommisjonen.

Det er semje om at ein generell FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme vil kunne effektivisere samarbeidet for å kjempe mot terrorisme ytterlegare. Trass i dette var det heller ikkje i år nokon framgang i arbeidet som har stått på dagsordenen til komitéen i ei årrekkje.

Det viktigaste stridsspørsmålet gjeld definisjonen av terrorisme. Den substansielle usemja går ut på at arabiske land held fast ved å halde handlingar som er utførte i kamp mot ei okkupasjonsmakt, utanfor definisjonen. Samtidig vil dei at definisjonen skal omfatte såkalla statsterrorisme, dvs. valdshandlingar som er utførte av ein stat. Vestlege land kan ikkje akseptere dette. Diskusjonen om terrorismedefinisjonen er openbert nært knytt til konflikten i Midtausten.

Noreg ønskjer å styrkje kampen mot terrorisme uansett kvar han finn stad, kven handlinga er utført av, og ut frå kva motiv. Frå norsk side går vi imot løysingar som rettferdiggjer handlingar ut frå at dei har ein særskilt motivasjon (f.eks. kamp mot ulovleg okkupasjon). Vi er òg av den oppfatninga at behandlinga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten.

For tida står terrorisme på dagsordenen i plenum annakvart år (den heilskaplege antiterrorstrategien), medan diskusjonen om kampen mot terrorisme og den heilskaplege antiterrorkonvensjonen står på dagsordenen i 6. komité kvart år. Det er fremja forslag om at sistnemnde tema òg skal behandlast annakvart år, slik at det alternerer mellom plenum og 6. komité. På grunn av forseinkingar som skuldast stormen Sandy, vart diskusjonen av framlegget utsett til neste års generalforsamling.

Universaljurisdiksjon er eit strafferettsleg konsept som går ut på om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Noreg meiner universaljurisdiksjon er eit viktig verkemiddel i kampen mot straffridom, samtidig som det ikkje må misbrukast for politiske føremål. Det vart for andre gong oppretta ei arbeidsgruppe for å diskutere temaet. Det er usemje både om Generalforsamlinga er det rette forumet for å diskutere konseptet, og om det er føremålstenleg å diskutere det nærare innhaldet i konseptet, dvs. kva brotsverk som er omfatta av universaljurisdiksjon, då dette stadig er under utvikling. Når det gjeld temaet rettsstatsprinsipp (rule of law), er det ei brei godkjenning av grunnleggjande rettslege normer, slik som kunngjering av lover, likskap for lova og fråvær av vilkårlegheit. Førebuingane til høgnivåmøtet om dette spørsmålet bar preg av at statar har forskjellige prioriteringar. Det går eit skilje mellom de som fokuserer på «rule of law» på internasjonalt nivå, m.a. Tryggingsrådets ansvar for sjølv å overhalde rettsstatsprinsippa. På den andre sida finn vi statane som fokuserer på bygging av nasjonale rettsstatar og styrking av justissektoren på nasjonalt plan.

Diskusjonen i 6. komité i år bar preg av stor usemje om korleis statane ønskjer å følgje opp temaet etter høgnivåmøtet. Statar som ønskjer å fokusere på «rule of law» på nasjonalt nivå, tok til orde for at høgnivåmøtet skulle vise at temaet er altomfattande og har innverknad på og samanheng med både fremjing av fred og tryggleik, menneskerettar og utvikling. Desse statane meiner at temaet frå no av bør behandlast i plenum i Generalforsamlinga og ikkje i 6. komité.

Statane som ønskjer å fokusere på «rule of law» på internasjonalt nivå, går imot diskusjonen om «rule of law» på nasjonalt nivå, som dei meiner er ei intern sak for ein stat. Dei ser ikkje noko behov for og ønskjer ikkje å flytte diskusjonen ut av 6. komité. Frå norsk side ønskjer vi å bidra til at FN og medlemsstatane kan bidra til å styrkje rettsstatsprinsippa på alle nivå.

Viktige spørsmål i rapporten frå Folkerettskommisjonen var m.a. immunitet for statstilsette, utvising av utlendingar, kva verknader væpna konfliktar har på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje, reservasjonar til traktatar og vern av individ ved katastrofar. Det vart halde fleire fellesnordiske innlegg under dagsordenpunktet om rapporten frå Folkerettskommisjonen.

Til forsida