Meld. St. 10 (2017–2018)

Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utvikling i 2017 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2017 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2017 var det 270 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 12 personar og ein tilgang på 13 personar. Per 31. desember 2017 var talet på alderspensjonistar derfor 271 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 16 285 kroner per månad. Kvinner fekk 17 206 kroner, medan menn fekk 15 780 kroner.

I 2017 tok 13 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fem kvinner og åtte menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 70,4 år for kvinner og 66,3 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 67,8 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 74,9 år for kvinner og 75,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 75,1 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2017 var det éin uførepensjonist i ordninga. I løpet av året har det vore ein tilgang på to uførepensjonistar. Per 31. desember 2017 var derfor talet på uførepensjonistar tre personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2017.

Gjennomsnittleg utbetaling av uførepensjon var 14 560 kroner per månad, og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 59,3 år.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2017 var det 119 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på sju personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2017 var talet på ektefellepensjonistar derfor 115 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 500 kroner per månad. Kvinner fekk 8 432 kroner, medan menn fekk 9 355 kroner.

I 2017 blei tre personar innvilga ektefellepensjon. Gjennomsnittsalderen deira var 89 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,5 år for kvinner og 82,9 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,5 år.

Ved inngangen til 2017 tok tre personar imot barnepensjon. I løpet av året har det vore ein avgang på to personar og ingen tilgang av personar med barnepensjon. Per 31. desember 2017 var det derfor éin mottakar av barnepensjon i ordninga.

3.4 Rekneskap for 2017

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 68 507 718 kroner til pensjonar og 1 662 215 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som i 2016.