Meld. St. 10 (2017–2018)

Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2017

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Det blei sendt ut brev om dette i byrjinga av 2017, men kontrollen gjaldt for inntektsåret 2015.

Hausten 2017 vart det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2016 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

I samband med stortingsvalet 2017 og mogleg utskifting av representantar, stod SPK fire gonger på stand på stortingstorget i løpet av året. Medlemene hadde då anledning til å spørje generelle spørsmål om ordninga.