Meld. St. 10 (2023–2024)

Noregs fiskeriavtalar for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2023 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 43 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Vi deler rundt 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis fire typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, trepartsavtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg er òg part i ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er som fjernfiskenasjon deltakar i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærmare presenterte i kapittel 3.

I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2023, er rekna ut til å vere om lag 71 milliardar kroner.1 Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 20 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av bearbeiding av fangsten. Den realiserte verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2023. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane i 2023.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2023.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2023.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2023 ein verdi på om lag 8,4 milliardar kroner. Det er grunnen til at godt over halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 35 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den klart viktigaste med ein verdi på om lag 4,4 milliardar kroner i 2023. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 9 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for om lag 1 prosent av dei samla verdiane i 2023.

1.1 Fiskeriavtalane for 2024

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2020–2024. Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2020–2024 for viktige bestandar for Noreg (tonn).1

Figur 1.3 Totalkvotar i 2020–2024 for viktige bestandar for Noreg (tonn).1

1 Torsk i Barentshavet er inklusive norsk kysttorsk. Kolmule/NVG-sild/makrell: Det har ikkje vore semje om fordelinga av totalkvoten i åra 2021–2024, så summen av unilaterale kvotar er høgare enn totalkvoten som er vist i figuren.

Avtalen med Russland

Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands fullskala militærangrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar. Det bilaterale samarbeidet vårt med Russland er nedskalert til eit minimum. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting av dei bestandane som blir forvalta av Noreg og Russland. Dette er av stor betyding, også for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtalar med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2024 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.

Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysekvotane blir delte likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er redusert med 20 prosent frå 566 784 tonn i 2023 til 453 427 tonn i 2024. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er redusert med om lag 17 prosent frå 170 067 tonn til 141 000 tonn i 2024. Noreg og Russland vedtok òg kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot. Loddekvoten for 2024 vart fastsett til 196 000 tonn. Det vart òg fastsett ein totalkvote for blåkveite på 21 250 tonn for 2024, ein nedgang på 3 750 tonn frå 2023. For snabeluer er kvoten sett til 70 164 tonn for 2024. Det er ein auke på 3 385 tonn frå 2023.

Noreg og Russland er samde om å føre vidare arbeidet i analysegruppa i 2024. Gruppa har vore sentral i kontrollsamarbeidet vårt med Russland i Barentshavet.

Avtalen med EU og Storbritannia

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU 28. februar 2020 og frå 1. januar 2021 stod fram på nytt som ein sjølvstendig kyststat, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Noreg og EU, delte mellom tre partar. Totalkvotar (TAC) og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild blir difor fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.

Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og farvatna til EU skjer etter separate avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.

Trepartsavtalen om totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen vart underteikna 8. desember 2023.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten.

I tråd med rådgjevinga frå forskarane vart fleire kvotar auka i 2024. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.

Avtalane med EU

I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar og gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona den andre parten har i Nordsjøen.

I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord, i tillegg til lysing, reker og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande fiskemoglegheiter i eigne farvatn. No som Storbritannia ikkje lenger er medlem av EU, har dette bytet minska betydeleg i storleik. Frå EU byter Noreg vanlegvis til seg kvotar på kolmule og ein del kvotar som kan fiskast i farvatna til Grønland. Desse omfattar mellom anna reker, lodde og blåkveite.

Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.

Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

8. desember 2023 vart Noreg og EU samde om avtalar for 2024 om kvotebyte og sonetilgang i Nordsjøen og Skagerrak. EU har mellom anna bytt til seg 9 983 tonn nordaustarktisk torsk, 500 tonn hyse og 550 tonn sei i Barentshavet. I motyting har Noreg mellom anna teke imot ulike kvantum reke, blåkveite og uer ved Grønland. Partane har òg bytt kvotar på botnfisk i Nordsjøen.

Dei siste to åra har Noreg redusert EUs sonetilgang i norske jurisdiksjonsområde i Nordsjøen. Tilgangen vart redusert med 10 prosent i 2022 og 7,5 prosent i 2023. Desse reduksjonane vart vidareførte for 2024. Tilsvarande reduksjonar er òg innførte for norske fartøy i EU-sona i Nordsjøen.

Avtalen med Storbritannia

30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli samde om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). 14. desember 2023 underteikna partane ein bilateral avtale om sonetilgang og kvotebyte for 2024. I denne avtalen får Noreg tilgang til å fiske noko av vår eigen nordsjøsildkvote i den økonomiske sona til Storbritannia, mot at Storbritannia får fiske norsk vårgytande sild i norsk farvatn. Partane vart òg samde om å gje kvarandre gjensidig tilgang til å fiske opptil 30 000 tonn botnfisk. Partane utveksla i tillegg kvotar i Nordsjøen og i norsk sone i Barentshavet og i britisk sone utanom Nordsjøen.

Kyststatsavtalane

For tida er det ingen kyststatsavtalar om fordeling av dei store pelagiske bestandane makrell, NVG-sild og kolmule. Kyststatane vart hausten 2023 samde om å halde fram forhandlingar om fordeling for alle desse bestandane tidleg i 2024.

Makrell

Dei seinare åra har makrellen kommersielt sett vore ein av dei viktigaste bestandane for Noreg, nest etter torsken.

Sjølv om makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra, er bestanden på veg nedover. Hausten 2023 vart kyststatane samde om ein totalkvote (TAC) på 739 386 tonn for 2024. Dette er i samsvar med rådet frå ICES og inneber ein reduksjon frå rådet for 2023 på omlag 5,5 prosent.

I mangel av kyststatsavtalar sette Noreg, til liks med dei andre partane, ein eigen einsidig kvote i 2021 og 2022. Noreg sin einsidige kvote desse åra svarte til 35 prosent av den totale kvoten. Storleiken på den norske kvoten er basert på sonetilhøyrslerapportar som viser at makrellen har sonetilhøyrsle i norske farvatn. Så å seie heile kvoten (høvesvis 97,6 og 99,7 prosent) vart fiska i norsk økonomisk sone i 2021 og 2022.

Trass i ei rekkje forhandlingsrundar vart kyststatane til makrell ikkje einige om fordeling av makrellbestanden i 2023. I fråvær av ei fullstendig avtale, inngjekk Noreg og Storbritannia, som er dei to største «makrellnasjonane», ei tosidig avtale om forvaltning av makrellen for 2023. Avtalen sikra mellom anna den norske flåten høve til å fiske om lag 60 prosent av Noregs makrellkvote i britiske farvatn og bidrog også til at det samla fiskepresset på makrellen vart noko redusert. Avtalen var meint å være ein første byggestein i ei meir omfattande avtale med fleire kyststatar.

For 2024 er det sett ein førebels kvote på 100 000 tonn. Denne kvoten vil bli justert når forhandlingane som går føre seg no, blir ferdigstilte på vårparten.

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda. Storbritannia, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til NVG-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt, og fleire partar, mellom dei Noreg, har auka den prosentsatsen dei nyttar som grunnlag for fastsetjing av nasjonal kvote. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire rundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale. Kyststatane er einige om å halde fram med andelsforhandlingane i 2024, med mål om ein heilskapleg avtale.

For 2024 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 390 010 tonn. Sidan det ikkje er semje om fordelinga av delar til statane, blir kvotane fastsette unilateralt av kvar enkelt stat. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om sonetilhøyrsla til NVG-silda og forhandlingssituasjonen samla sett, og for å bidra til å få ned overfisket på bestanden, har Noreg sett ein kvote for 2024 som inneber ein del på 65,6 prosent.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda vart oppdatert. I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å rekne ut sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten har sidan dette blitt oppdatert kvart år.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Etter initiativ frå EU utarbeidde partane for ein del år sidan ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten kravde EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev òg ein større del, og i tillegg har Island nytta ein høgare prosentsats dei seinare åra. I kvotefastsetjinga si for 2023 har dessutan Storbritannia nytta den same høgare satsen som EU.

Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men førebels har ikkje dette lykkast. Kyststatane held fram forhandlingane om fordelinga i 2024 med mål om ei heilskapleg avtale. Det er òg semje om at rapporten om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden skal oppdaterast kvart år, som for NVG-sild.

I forhandlingane for 2024 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 1 529 754 tonn. TAC er basert på rådgjevinga frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES.

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Noreg er i dag medlem av fire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar i tillegg til i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partane og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Kyststatsforhandlingane for kolmule for 2024 vart ikkje fullførte før årsmøtet. Avgrensinga på 121 767 tonn for fiske i internasjonalt farvatn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland, vart difor vedteken ved postavrøysting i etterkant av årsmøtet. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 390 010 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. I tråd med kyststatsavtalen for makrell for 2024 vedtok årsmøtet òg ein totalkvote på 739 386 tonn. Partane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld òg ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå forskarane og kvoten som er sett av i avtalen mellom Noreg og Russland, la Noreg fram eit forslag om ei NEAFC-regulering for 2024. Forslaget til regulering med ein kvote på 4 139 tonn for fiske på det opne hav i Norskehavet fekk fleirtal og vart dermed vedteke. Berre EU røysta imot, og dei har seinare reservert seg mot vedtaket.

Forbodet mot fiske etter uer i Irmingerhavet vedteke under årsmøtet i 2021 vart revidert under årsmøtet i 2023. Forslaget inneber ein nullkvote og forbod mot å tilby omlastings-, forsynings- og støttetenester til fartøy i internasjonalt farvatn med fangstar av bestand om bord. NEAFC-forbodet mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet er i tråd med tilrådinga frå forskarane. Russland har i etterkant av årsmøtet reservert seg mot vedtaket, og forbodet gjeld difor ikkje for fartøya deira.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Mange av bestandane som blir forvalta av NAFO, er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar.

Rekefisket i område 3M er i dag regulert med eit fiskedøgnsregime, og ikkje TAC og kvotar som i andre fiskeri. Dette er ikkje lenger ein alminneleg forvaltingsmåte, og NAFO-partane har fleire gonger prøvd å bli samde om eit kvotesystem og fordeling av andelar. Dette har ein ikkje lykkast med. Partane møttest i 17. september 2023 for på ny å vurdere ein overgang til eit ordinært kvoteregime, men lykkast ikkje med å bli samde. Rekefisket i 3M er difor framleis underlagt fiskedøgnsregimet. På grunn av den dårlege tilstanden i rekebestanden i 3M, og i samsvar med vitskapleg råd om 0-fiske, vart det vedteke at rekefisket ikkje skulle gjenopnast.

Årsmøtet vedtok å auke torskekvoten frå 6 100 tonn til 11 708 tonn. Dette er i tråd med det vitskaplege kvoterådet, som Noreg argumenterte for.

Loddefisket er framleis stengt i 2024, i tråd med avgjerda til årsmøtet frå 2021.

Også fisket etter uer lengst aust i reguleringsområdet til NAFO er stengt, i tråd med tilrådinga om nullkvote frå det vitskaplege rådgjevingsorganet ICES. Noreg fiskar ikkje på denne bestanden i NAFO, men stenginga svarer til vedtak i NEAFC om same bestand som Noreg har interesser i.

NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 27 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem (VME-ar). Stengingane gjeld òg fleire område med undersjøiske fjell. Alle dei 27 områda er stengde ut 2026.

Dei siste åra har NAFO arbeidd med å utvikle ein indikator for økosystemoverfiske. I indikatoren, som heiter Total Catch Index (TCI), er det berekna referansepunkt for ulike økosystem som mellom anna seier noko om sannsynet for at totaluttaket er for høgt. Dersom til dømes det totale fangstvolumet av ein bestand overstig nivået 2TCI, indikerer dette stort sannsyn for økosystemoverfiske. Nytt for 2023 var at TCI-verktøyet vart teke inn i bestandsvurderingane frå det vitskaplege rådgjevingsorganet til NAFO. Dette, saman med bestandsråd, skal bidra til å rettleie kontraktspartane i NAFO når mellom anna avgjerder om totalkvotar skal takast. Bruken av TCI som indikator er likevel på eit svært tidleg stadium, og det er førebels ikkje bestemt korleis eller i kva grad eit eventuelt økosystemoverfiske bør utløyse tiltak, og heller ikkje kva for tiltak som bør brukast. Per i dag er bestandsuttaka i NAFO-området ikkje på slike nivå at dei utgjer nokon risiko for overskriding av 2TCI.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har sidan fått kontroll på forvaltinga av makrellstørjebestanden. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. I 2022 vedtok ICCAT ein ny forvaltingsprosedyre, og totalkvoten på austleg makrellstørje vart sett til 40 570 tonn for forvaltingsperioden 2023–2025. Den norske kvotedelen har auka dei siste åra, og i 2024 er den norske kvoten på 368 tonn. Noreg har fått løyve til å gjennomføre eit treårig pilotprosjekt på levandelagring av makrellstørje innanfor ein avgrensa del av den norske kvoten. På årsmøtet i 2023 la Noreg fram for kommisjonen ein rapport frå det første året med pilotprosjektet.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

CCAMLR fører vidare kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag skjer storparten av fisket i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og isforhold i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje kril fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av kril på mellom 230 000 og 420 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, det vil seie meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 50–70 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen sin vitskapskomité. 2024-kvoten er sett til 1 157 vågekval. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, eit område som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det òg kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs handsaming av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangsttryggleik i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri.

1.2 Fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2022 og 2023.

Utnyttingsgrad1

2022

2023

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

106 %

109 %

Hyse

98 %

106 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

106 %

97 %

Sei

92 %

101 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

98 %

100 %

Makrell

103 %

92 %

Kolmule

97 %

101 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote i det einskilde året. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.

Tilgangen til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Både Noreg og Russland nyttar kvoten på torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år. Noreg har ikkje utnytta hysekvoten fullt ut dei seinare åra, medan kvoten vart fullt utnytta i 2023. Russland fiskar ein betydeleg del av torskekvoten i norsk farvatn.

Noreg nyttar kvotane på torsk, sei og sild i Nordsjøen godt. Bortsett frå når det gjeld raudspette, har både EU og Storbritannia nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt dei seinare åra. Det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62° N.

Når det gjeld torskebestanden i Nordsjøen, er han i dårleg forfatning. Den seinare tida har bestandssituasjonen betra seg noko og resultert i ein auking i råda frå forskarane. Kvoten for 2023 vart difor 63 prosent høgare samanlikna med kvoten i 2022.

Før Storbritannia gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane på dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Etter at Storbritannia forlét EU, har kolmule vore den arten norske fartøy har fiska mest av i EU-sona. Kvoten har vore godt utnytta. Dei fleste andre artar som Noreg bytte til seg frå EU medan Storbritannia var medlem, vart fiska i britiske farvatn. Noreg har fått tilgang til nokre av desse kvotane i avtalar med Storbritannia. Norske linefartøy har tradisjonelt hatt eit betydeleg fiske av lange og brosme i britisk sone (som del av EU-sona), men fekk i 2021 ikkje tilgang til å fiske i dette området. For 2022 og 2023 inngjekk Noreg ein avtale med Storbritannia om at kvar part får fiske opptil 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine soner i Nordsjøen. Det vart òg avtalt byte av kvotar. I norsk økonomisk sone fekk Storbritannia kvotar på torsk i Barentshavet og nokre andre artar i Nordsjøen. Mot dette fekk Noreg kvotar, i hovudsak på lange og brosme, i britisk sone vest for 4° V.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine på dei pelagiske artane kolmule og makrell godt. Det same har dei med kvoten på norsk vårgytande sild, med unntak av Færøyene, som dei siste åra har overført meir enn 10 prosent ubrukt sildekvote til neste år. I loddefisket i Barentshavet var den norske kvoten liten, men godt utnytta. Når det gjeld loddefisket ved Grønland, Island og Jan Mayen i sesongen 2022–2023, vart fisket godt, og Noreg nytta heile kvoten innanfor dei norske rammene for fisket på Island. Etter at det norske fisket var over, vart TAC auka til 459 800 tonn.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.

Til forsida