Meld. St. 10 (2023–2024)

Noregs fiskeriavtalar for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – gjev vi innleiingsvis ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

Dette kapittelet presenterer òg fiskedødelegheita (for dei fleste bestandar for dei siste 10–15 åra) etter dagens forvaltingsplan (Fmgt), der det er på plass ein forvaltingsplan, eller den sist estimerte verdien av maksimalt langtidsutbyte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har blitt endra i den siste tiårsperioden for fleire av bestandane. Fordi ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga til bestanden seg, spesielt har det vore slik dei siste åra. Dette er illustrert i rådet frå ICES, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødelegheit og rekruttering). I tillegg til å vise effekten av nye data reflekterer desse figurane metodeendringar.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2022 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida, men har blitt kraftig redusert frå det historiske toppnivået i 2013 og er framleis på veg nedover. Også hyse- og blåkveitebestanden er i nedgang, medan snabeluerbestanden er på eit stabilt nivå. Loddebestanden er svært variabel. Han minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017. På ny minka bestanden noko i 2018–2019, før han voks i 2020. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det opna for fiske på denne bestanden igjen. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021 og opna igjen i 2022–2024.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Det står bra til med vågekval og grønlandssel i Barentshavet, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i dette området. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for grønlandssel er avtalt med Russland og omtalt i kapittel 3.2.1, medan kvoten for vågekval blir fastsett av Noreg basert på metodar utvikla i IWC, slik det er omtalt i kapittel 3.4.3. Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore mykje varmt atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nord for Svalbard. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat til både lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i målingane til Havforskingsinstituttet gjennom dei siste 40 åra.

Noreg og Russland har i mange år hatt eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette har gjeve god kunnskap om fiskebestandane og økosystemet.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Som følgje av Russlands militære angrep på Ukraina vedtok ICES å suspendere russiske delegatar, medlemmer og ekspertar mellombels frå aktivitetane til ICES frå og med 30. mars 2022. Kvoteråda for fellesbestandar med Russland (torsk, hyse, blåkveite, lodde) for 2024 vart difor utarbeidde av ei felles norsk-russisk forskargruppe, som la til grunn eksisterande ICES-metodikk for desse bestandane. For snabeluer vart det ikkje laga noko kvoteråd i 2023 fordi den norsk-russiske forskargruppa gav samla kvoteråd for 2023 og 2024 for denne bestanden i 2022.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (den største torskebestanden i verda), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg speler reker, snøkrabbe og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket auka sterkt frå 2017 til 2018 og ser no ut til å ha stabilisert seg på eit høgare nivå enn i åra før 2018. Snøkrabbe breier seg vestover og nordover i Barentshavet. Det har blitt utvikla eit kommersielt fiske på denne bestanden, og norsk fangst av snøkrabbe er allereie fleire gonger større enn norsk fangst av kongekrabbe.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2022. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først i 1970-åra. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet i 1960-åra gjorde at fiskeflåten som før fiska sild, no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover i 1970-åra utvikla det seg eit omfattande loddefiske, som nådde ein topp i 1977 med ein fangst på om lag tre millionar tonn.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2022. Totalfangst – alle land.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2022. Totalfangst – alle land.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som det viktigaste fôret sitt, var svært stor på 2010-talet, og dessutan breier seg lenger nord og aust no enn før og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn tidlegare. Dette er vist i figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2022.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2022.

Av figur 4.4 ser vi at torsken konsumerte meir enn 8 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av konsumet. I 2022 hadde konsumet minka til om lag 4,1 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøvar frå torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og -forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 1,6 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2024: 453 427 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): om lag 8,9 milliardar kroner (kysttorsk inkludert)

Fakta om bestanden: Største torskebestand i verda. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør for Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 674 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unntak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden, og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av hamnestatsregimet til NEAFC frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, før han igjen har gått nedover etter 2013, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet var truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske etter 2007 enn tidlegare. Det var òg svært gunstige forhold for torsken i Barentshavet tidleg på 2010-talet; høgare temperaturar gjorde det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet vart då større, og det var òg generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore rimeleg bra, og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. I dei siste åra har likevel utbreiingsområdet minka. Dette kjem truleg mellom anna av nedgang i bestanden.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2022 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er gytebestanden på veg nedover. Uttaket (den faktiske fiskedødelegheita) var, etter det vi no veit, under det som forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2008–2018, medan det no er noko over det nivået som forvaltingsplanen tilseier.

I den siste bestandsvurderinga klassifiserte den norsk-russiske forskargruppa både gytebestanden og fiskepresset til å vere over føre-var-nivået. Den norsk-russiske forskargruppa tilrådde ein kvote for 2024 på 453 427 tonn i tråd med gjeldande forvaltingsplan. Kvoterådet for 2024 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsplanen om maksimalt 20 prosent endring i kvoterådet frå år til år. Utan denne klausulen hadde rådet blitt 355 655 tonn. Kvoten for 2024 vart sett lik kvoterådet. Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil gå litt ned frå 2024 til 2025.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 690

738

693

965

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 886

886

767

836

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 708

708

719

712

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 567

567

719

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

<453

453

1 Rådet for 2023 og 2024 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 0,45 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2024: 141 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): 1,4 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 142 000 tonn, men fangstane har variert mykje: frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men line og snurrevad er òg viktige reiskapar. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Den sterke 2016-årsklassen førte til at nedgangen i bestanden i ein periode stoppa opp, men sidan årsklassane 2018–2020 er svake, ventar vi ein vidare nedgang i bestanden fram til 2021-årsklassen kjem inn i bestanden. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet det siste tiåret samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2024 er basert på den vedtekne haustingsregelen og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 127 550 tonn, jf. tabell 4.2. Kvoten er fastsett til 141 000 tonn. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan i 2018-2021 var dødelegheita litt i overkant av det forvaltingsplanen tilseier og i 2022 var den på nivå med forvaltingsplanen. Fisket var ein god del lågare enn kvoten i 2020–2021.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 215

215

182

197

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 233

233

205

189

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 179

179

177

196

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 170

170

210

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 128

141

1 Rådet for 2023 og 2024 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: maks 30 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 1,0 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2024: 223 123 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): om lag 2,6 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs norskekysten frå Stad til Varanger. Gyter på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2022 var på 162 000 tonn og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for om lag 40 prosent av dei norske landingane, not har stått for 25 prosent, garn for 20 prosent og line, snurrevad og jukse for 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62° N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen teke seg opp og ser no ut til å stabilisere seg rundt 1 million tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i forvaltingsplanen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte (Fmsy). ICES tilrådde, i tråd med denne planen, ein maksimalkvote for 2024 på 223 123 tonn, og det vart òg totalkvoten fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2014–2022.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 172

172

169

598

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 198

198

188

701

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 197

197

206

741

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 227

227

728

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 223

223

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: truleg meir enn 30 år

Bestandsstorleik: 123 000 tonn (2023) (total bestand som kan fiskast, dvs. fisk > = 45 cm)

Kvote for 2024: 21 250 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): om lag 620 millionar kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land og i djupe område av Barentshavet. Gyter langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2022 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022–2023. Etter denne revisjonen vart bestandsnivået justert kraftig ned, men trendane i bestandsutvikling er uendra. Haustingsraten har auka jamt sidan 2009 og er no godt over føre-var-nivået, og gytebestanden vil i 2024 vere like under føre-var-nivået. Råda frå den norsk-russiske forskargruppa er baserte på ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming, og for 2024 gav gruppa råd om ein kvote på maksimalt 15 560 tonn, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote for 2024 (21 250 tonn) som er høgare enn tilrådd.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og  fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand2

2020

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

73

2021

Føre-var-tilnærming

< 23

27

28

66

2022

Føre-var-tilnærming

< 19

25

27

59

2023

Føre-var-tilnærming

< 18

25

52

20241

Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming

< 16

21

1 Rådet for 2024 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Gytebestand av hofisk.

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: over 70 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 1,4 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2024: 70 164 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): om lag 660 millionar kroner (begge uerartane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2022 var på om lag 21 000 tonn, jf. figur 4.19, men har vore over 100 000 tonn i 1970–1980-åra og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne havet i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007, og har frå og med 2007 vore mellom 800 000 og 1 000 000 tonn (jf. figur 4.19). Det er ikkje vedteke nokon forvaltingsplan for snabeluer, men den norsk-russiske forskargruppa tilrådde, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2024 ikkje bør overstige 70 164 tonn, jf. tabell 4.5. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluerte.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES-område 1 og 2 dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand

2020

Føre-var-tilnærming

< 56

56

55

951

2021

Føre-var-tilnærming

< 66

66

63

977

2022

Føre-var-tilnærming

< 67

67

62

996

2023

Føre-var-tilnærming

< 67

67

1 018

2024

Føre-var-tilnærming

<70

70

1 Rådet for 2023 og for 2024 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote som svarer til den vitskaplege rådgjevinga, og i tråd med dette er det no fastsett regulering av snabeluerfisket i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Lodde

Figur 4.20 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g

Levetid: maks 5 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 3,0 millionar tonn (bestand 1 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2024: 196 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): 346 millionar kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyter ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyter ved Finnmarkskysten i mars–april og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2022 er på 629 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.22. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket blitt stoppa i tre periodar på fem år kvar fordi bestanden av naturlege årsaker nærmast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017), og fisket vart opna igjen i 2018, men vart på nytt stengt i 2019–2021, for så å bli opna igjen i 2022–2024. Loddekvoten blir delt mellom Noreg og Russland i forholdet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Hausten 2018 fann ein lite lodde, og nedgangen heldt fram i 2019, før bestanden auka igjen. Ifølgje forvaltingsplanen for lodde1 gav bestandsmålinga rom for ein loddekvote på 196 000 tonn i 2024. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Det vart gjennomført ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

SSB = gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2020

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

542

2021

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1 459

2022

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 70

70

65

8172

2023

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 62

62

61

1 286

2024

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 196

196

1 Rådet for 2023 og for 2024 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Estimat for norsk sone i Barentshavet.

1 TAC skal setjast slik at det er maksimalt 5 prosent sannsyn for at gytebestanden (SSB) er mindre enn 200 000 tonn ved gyting).

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.23. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Etter ein historisk ekspansjon av makrellbestanden, inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har utbreiinga av makrellbestanden og mengda av han minka i vestlege område dei siste åra. Dei tre siste åra har det ikkje vore registrert makrell i grønlandske farvatn og berre heilt minimale mengder i islandske farvatn. Denne nedgangen i vest har ikkje forskarane forstått fullt ut, men han fell saman med ein nedgang i gytebestanden dei siste åra.

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.25. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010. Fangstane tok seg opp igjen fram til 2017 til litt over 3 millionar tonn. Sidan har fangstane gått litt tilbake og er no under 3 millionar tonn. Makrell- og sildebestanden er begge på veg nedover, medan kolmulebestanden er i vekst.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Etter mange år med råd om null fiske for haiartane pigghå og håbrann gav ICES i 2022 kvoteråd for begge desse artane for åra 2023 og 2024. Råda for 2024 er 17 855 tonn for pigghå og 231 tonn for håbrann. Desse artane finst både i Norskehavet, i Nordsjøen og i område lenger sør og vest. Det er ikkje inngått nokon kvoteavtale for 2024 med andre land for desse artane og heller ikkje fastsett nokon norsk kvote, men det vart opna for norsk fiske på begge artane frå og med 2023.

Figur 4.25 Fisket av norsk vårgytande sild, makrell og kolmule frå 1980 til 2022.1

Figur 4.25 Fisket av norsk vårgytande sild, makrell og kolmule frå 1980 til 2022.1

1 Fangstar tekne utanfor Norskehavet er inkluderte.

Norskehavet er prega av varmt atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord og skaper eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er blitt varmare det siste tiåret, og dette påverkar òg livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre – eit organisk lag frå 400 til 800 meters djup. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk, som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeda. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivået som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten, viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet (og som alt er nemnd i det førre delkapittelet), er stabil på eit høgt nivå, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt trua». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå, sjølv om det har vore ein svak nedgang dei siste åra. Blåkveite, som gyter langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selbestandane i Norskehavet har òg hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Sild

Figur 4.26 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 3,7 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 390 010 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): om lag 3,7 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2022 er om lag 784 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytte til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.28. Når bestanden har vore på topp, har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman i 1960-åra. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket skjer på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren, og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

2016-årsklassen vil venteleg dominere i fangstane i 2024, og årsklassane som har rekruttert til fisket etter 2016-årsklassen, er estimerte til å vere svake. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden er estimert til å vere over 3,184 millionar tonn, som er føre-var-grensa, i 2023, men like under føre-var-grensa i 2024. Tilrådd totalkvote for 2024 er på 390 010 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i snitt så å seie på Fmgt (0,14) i perioden 2009–2021, men er i 2022 estimert til å vere 30 prosent over.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 526

6941

721

3 393

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 651

8811

852

3 930

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 599

8281

814

3 867

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 511

5111

3 664

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 390

3901

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 3,7 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 739 386 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): 3,8 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyter sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad også gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I åra 2020–2023 vart det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert i perioden 2017 til 2023. Makrellen er framleis vidt utbreidd i Norskehavet om sommaren, men utbreiinga har blitt merkbart mindre i løpet av det siste tiåret. Dette gjeld først og fremst dei vestlege områda, men også i dei nordlegaste havområda i Norskehavet. Makrellen stod meir austleg og nordaustleg fordelt på toktet i 2023 samanlikna med 2022.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2023 var 786 000 tonn, og uttaket har vore rekordhøgt dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1,4 millionar tonn, jf. figur 4.31. I snitt har dei årlege totalfangstane vore meir enn 1 million tonn dei siste 10 åra. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år, spesielt frå 2018 til 2023, har makrellen i stadig mindre grad vandra langt mot nord og vest. Nokre fangstar blir kvart år, og også i 2023, tekne utanfor Nord-Noreg.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.31.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå på 6,4 millionar tonn i 2015, men har sidan minka årleg før han stabiliserte seg på rundt 3,7 millionar tonn i 2023. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødelegheita har minka sidan 2003 og var lågare enn Fmsy frå 2003 til 2020. Fiskedødelegheita auka deretter i åra 2021–2023 og er no høgare enn Fmsy. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, og årsklassane frå og med 2011 er estimerte til å vere over gjennomsnittet. Samstundes er rekrutteringsestimata ved alder 0 veldig usikre, og årsklassestyrken blir først tydeleg når fisken kjem inn i det kommersielle fiskeriet ved alder 2 til 3. Rekrutteringsindeksen for makrellbestanden blir no estimert ved alder 2 i ICES. Rådet frå ICES for fisket i 2024 er å følgje ei MSY-tilnærming, tilsvarande ein fangst på 739 386 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, under Fmsy (0,26) i perioden 2009–2020, medan dødelegheita i 2021–2023 var høgare enn Fmsy.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 922

1 091

1 040

3 570

2021

MSY-tilnærming

< 852

1 199

1 082

3 892

2022

MSY-tilnærming

< 795

1 131

1 046

3 769

2023

MSY-tilnærming

< 782

782

1 075

3 681

2024

MSY-tilnærming

< 739

739

Det var ikkje oppnådd internasjonal semje om totalkvote. Tala er summen av unilaterale kvotar (inkludert kvotar og overføringar). Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g

Levetid: sjeldan over 10 år, opptil 20 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 6,0 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 1 529 754 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2023): om lag 1,3 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Kolmulen et for det meste stort dyreplankton, men store individ et òg fiskeyngel. Han oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djupner frå 100 til 600 meter. Kolmulen har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorane til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Arten gyter vest for Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2022 er 1 030 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.34. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmulen samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått tilbake (19 prosent i 2022), og Island, EU, Storbritannia, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig fram til 2009, jf. figur 4.34. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var då tilbake på om lag same nivået som tidleg på 2000-talet. I åra etter har bestanden gått tilbake. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre, og ho var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Den låge rekrutteringa saman med auka fiskepress i perioden etter 2016 førte til ein nedgang i bestanden. Sterke årsklassar i 2020 og 2021 har snudd denne trenden, bestandsstorleiken har auka igjen etter 2021 og er no tilbake på historiske nivå.

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Rådet frå ICES for fisket i 2024 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarer til ein fangst på 1 529 754 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, rundt 50 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2009–2013, medan dødelegheita etter 2013 har lege om lag 30 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 162

1 4781

1 461

4 147

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 929

1 1581

1 140

3 964

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 753

753

1 036

4 580

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 359

1 359

6 236

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 529

1 529

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått tilbake med fangsten av botnfisk. Dei siste fem åra har totalfangsten av pelagisk fisk og botnfisk i Nordsjøen vore rundt 1,2–1,9 millionar tonn. Av dette har fangstar av artar som sild, makrell, augepål, tobis, brisling og kolmule vore 0,7–1,2 millionar tonn. Fiskedødelegheita har gått nedover dei siste åra for både torsk, hyse, sei, kviting og raudspette og er no på det lågaste nivået i tidsserien for alle desse fem botnfiskbestandane. Både i 1970- og i 1980-åra var rekrutteringa til fleire artar av torskefisk (gadoid) svært god, og det vart hausta rundt 1 million tonn botnfisk berre frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen ein har sett for fleire artar dei siste tiåra, men både overfiske og utkast har utan tvil hatt mykje av skulda, i tillegg til klimaendringar. I ei årrekkje hadde dessutan mange av bestandane i Nordsjøen dårleg rekruttering anten gytebestanden var stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette. Men no er alle bestandane av torskefisk i vekst. Det kjem både av at rekrutteringa har blitt noko betre, og av betre overleving. At overlevinga har blitt betre, kan, i tillegg til lågare fiskepress, òg komme av mindre beiting frå predatorar.Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med eit maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nord for Dei britiske øyane, jf. figur 4.35. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.36.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2022.

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2022.

Figur 4.37 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.37 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.38 Sild

Figur 4.38 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 1,65 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 510 323 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): 1 056 millionar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2022 er kring 488 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten null på slutten av 1970-åra til toppar på 1,2 millionar tonn før og 0,9 og 0,6 etter, jf. figur 4.40. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom null og 605 000 tonn, og gjennomsnittet ligg på 118 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produktivitet, og rekrutteringa har etter 2001 stort sett vore lågare enn langtidsgjennomsnittet. Men fiskepresset er redusert, og gytebestanden har sidan midten av 1990-åra vore over føre-var-grensa. ICES gav i 2023 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 532 166 tonn i 2024, jf. tabell 4.10. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, heile 73 prosent under Fmsy (0,31) i perioden 2009–2011. I 2013–2019 låg dødelegheita i snitt 33 prosent under, medan ho i 2022 er estimert til å vere rundt 36 prosent lågare. Årsaka til at fiskedødelegheita ligg langt under, er ein kombinasjon av at Fmsy vart oppjustert frå 0,26 til 0,31 i 2021, at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er med i utrekninga av Fmsy (2–6), og ein tendens til å underestimere storleiken på gytebestanden.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand3

2020

MSY-tilnærming

< 431

385

427

1 569

2021

MSY-tilnærming

< 366

356

365

1 477

2022

MSY-tilnærming

< 532

428

462

1 652

2023

MSY-tilnærming

< 415

396

2024

MSY-tilnærming

< 532

510

1 Alle flåtar (A–D).

2 Direktefisket i Nordsjøen (A-flåten).

3 På gytetidspunktet (september).

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.41 Sei

Figur 4.41 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 160 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 73 815 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 66 876 tonn, vest for Skottland: 6 939 tonn

Norsk fangstverdi (2023): om lag 380 millionar kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2022 er kring 153 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og var langt høgare fram til midten av 1980-åra, jf. figur 4.43. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og av Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklare bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest for Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klare trendar og har vore over føre-var-grensa frå og med 1996, bortsett frå i 2021, då han var like under føre-var-grensa. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2024 er basert på maksimalt langtidsutbyte og gjev ein totalfangst på 73 815 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest for Skottland. EU, Noreg og Storbritannia har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, gjennomsnittleg 15 prosent over Fmsy (0,363) i perioden 2009–2020, men ho har gått nedover frå ein topp i 2019 og var i 2021 og 2022 under Fmsy.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 88

80

77

164

2021

MSY-tilnærming

< 66

65

51

145

2022

MSY-tilnærming

< 50

50

54

149

2023

MSY-tilnærming

< 59

59

161

2024

MSY-tilnærming

<74

74

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Torsk

Figur 4.44 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 89 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 31 301 tonn (TAC), av desse 24 900 tonn i Nordsjøen, 3 559 tonn i Skagerrak, 1 392 tonn vest for Skottland og 1 450 tonn i austdelen av Den engelske kanalen

Norsk fangstverdi (2023): om lag 134 millionar kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Etter metoderevisjonen i 2023 vart nordsjøtorsken delt inn i tre underbestandar med eigne gytefelt (sjå figur 4.45). Utanom gytetida blandar desse underbestandane seg. Metoderevisjonen førte òg med seg at torsken vest for Skottland, som tidlegare vart behandla som ein eigen bestand i rådgjevingssamanheng, vart slått saman med bestanden i Nordsjøen, Skagerrak og den austre delen av Den engelske kanalen. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2022 er kring 185 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.47. Fram til 1980-åra var fangsten på eit nivå rundt 250 000–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn og låg på dette nivået fram til 2019. I 2020–2022 var fangstane på mellom 20 000 og 25 000 tonn. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.46 Områdeinndeling for underbestandar av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i austdelen av Den engelske kanalen og vest for Skottland.

Figur 4.46 Områdeinndeling for underbestandar av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i austdelen av Den engelske kanalen og vest for Skottland.

I det norske fisket blir litt over halvparten teken med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen, fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

ICES vurderer no at gytebestanden i det vestlege området («Northwestern» i figur 4.45) er over føre-var-grensa, medan han er mellom føre-var-grensa og det kritiske nivået i «Viking»-området og under det kritiske nivået i det sørlege området. ICES har difor tilrådd å bruke ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming for den sørlege bestanden og å bruke ei føre-var-tilnærming for å gje råd for underbestandane «Northwestern» og «Viking». Tilrådd kvote for 2024 er maksimalt 22 691 tonn, jf. tabell 4.12. Dette talet er summen av kvoteråda for dei tre underbestandane – 13 529 tonn for «Northwestern», 5 240 tonn for «Viking» og 3 922 tonn for den sørlege bestanden. ICES seier òg at kvoteråda for kvar av underbestandane ikkje må takast som områdevise råd. Fiskedødelegheita er for alle underbestandane den lågaste i tidsserien, som går tilbake til 1983, og mellom Fmsy og føre-var-nivået for alle dei tre underbestandane. Kvoten vart fastsett til 31 301 tonn, noko som er ein auke på 15 prosent frå 2023-kvoten.

Figur 4.47 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.47 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i Den engelske kanalen og vest for Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 14

18

25

46

2021

MSY-tilnærming

< 15

16

20

49

2022

MSY-tilnærming

< 15

16

23

71

2023

MSY-tilnærming

< 26

26

89

2024

MSY- og føre-var-tilnærming

< 23

31

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Hyse

Figur 4.48 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 529 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 118 955 tonn (TAC), av desse 101 421 tonn i Nordsjøen, 6 233 tonn i Skagerrak og 11 301 tonn vest for Skottland

Norsk fangstverdi (2023): om lag 18 millionar kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står òg på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen og Skagerrak og vest for Skottland i perioden 1972–2022 er vel 151 000 tonn. Fangsten har gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.50. Sidan 2008 har fangsten lege mellom 30 000 og 60 000 tonn. Fangsten i 2022 var den høgaste sidan 2007. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir òg fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019- og 2020-årsklassane er vurderte til å vere dei største sidan 2000. Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 149 024 tonn i 2024, jf. tabell 4.13. I 2022 var fiskedødelegheita, etter det vi no veit, på 0,12. Det er under Fmsy (0,194) og den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1972.

Figur 4.49 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.49 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.50 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.50 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 42

42

39

111

2021

MSY-tilnærming

< 69

50

44

225

2022

MSY-tilnærming

< 129

53

57

396

2023

MSY-tilnærming

< 127

68

529

2024

MSY-tilnærming

<149

119

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Kviting

Figur 4.51 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: maks 12 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 284 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 95 596 tonn (TAC), av desse 76 607 tonn i Nordsjøen og 18 899 tonn i den austre delen av Den engelske kanalen

Norsk fangstverdi (2023): om lag 4,8 millionar kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 meters djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt i både den sørlege og den nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1978–2022 er kring 76 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 25 000 og 35 000 tonn, jf. figur 4.53. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane er anten torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka dei seinare åra, ettersom meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia er den viktigaste aktøren i fisket, den norske fangsten har dei siste åra vore rundt 1 000 tonn.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har jamt over vore låg sidan 2003, men 2019- og 2020-årsklassane er sterke. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 128 290 tonn i 2024. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 0,10 i 2022, noko som er den lågaste i tidsserien frå 1978 til i dag og langt under Fmsy (0,393).

Figur 4.52 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.52 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.53 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.53 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 22

22

35

214

2021

MSY-tilnærming

< 27

26

33

281

2022

MSY-tilnærming

< 89

33

28

334

2023

MSY-tilnærming

< 110

43

348

2024

MSY-tilnærming

<128

96

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Raudspette

Figur 4.54 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 930 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2024: 154 663 tonn, av desse 136 413 tonn i Nordsjøen og 18 250 tonn i Skagerrak

Norsk fangstverdi (2023): om lag 18 millionar kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2023 var den norske fangsten på 927 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet – og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meters djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klare skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1957–2022 er kring 158 000 tonn og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.56. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men òg i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidd og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent av kvoten i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden er på eit høgt nivå, som vist i figur 4.56. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til under nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2024 ikkje bør overstige 155 015 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødelegheita har, etter det vi no veit, vore under Fmsy (0,152) heilt sidan 2007 og var i 2022 nede på 0,085. Det er den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1957.

Figur 4.55 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.55 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.56 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.56 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

MSY-tilnærming

< 166

166

79

726

2021

MSY-tilnærming

< 168

163

73

763

2022

MSY-tilnærming

< 143

143

65

726

2023

MSY-tilnærming

< 150

151

893

2024

MSY-tilnærming

<155

155

Boks 4.16 Reker

Figur 4.57 Reke

Figur 4.57 Reke

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: Pandalus borealis

Maksimal storleik: 16 cm og 20 g

Levetid: 5 år, men dei fleste lever berre i 3 år

Bestandsstorleik (2023): 0,45 (median gytebiomasse relativt til MSY Btrigger). I starten av 2023 låg bestanden under Blim. Gytebiomasseestimatet vart nedjustert for heile tidsserien etter ei evaluering av forvaltingsplanar (MSE) og justering av bestandsmodellen i 2023.

Kvote for kvoteåret 1. juli 2023–30. juni 2024: 6 076 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2023): 289 millionar kroner

Fakta om bestanden: Reke finst på kontinentalsoklane og i fjordar og kyststrøk på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Det er den kommersielt viktigaste skaldyrarten i Nord-Atlanteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av reker i Skagerrak i perioden 1971–2022 er kring 11 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.59. Rekene blir fiska med trål, av både Noreg, Sverige og Danmark. Fisket er kvoteregulert, og Noreg har 59 prosent av totalkvoten.

Status og råd

Denne bestanden blir dekt av eit norsk forskingstokt i januar kvart år. Tidlegare vart kvoterådet for inneverande kalenderår oppdatert rett etter toktet, og det vart gjeve eit førebels råd for første halvdelen av neste kalenderår. I 2023 vart EU og Noreg samde om ein ny forvaltingsplan, der kvoteåret er ulikt kalenderåret og no går frå 1. juli til 30. juni året etter. Endringa vart gjort for å unngå å gje både førebelse og endelege råd.

Den tilrådde endelege kvoten (fangstar) for perioden 1. juli 2023–30. juni 2024 var på 5 125 tonn, medan den avtalte endelege kvoten (fangstar) for denne perioden vart 6 076 tonn. Den endelege kvoten er ikkje basert på maksimalt langtidsutbyte, men på eit alternativt scenario frå rekearbeidsgruppa i ICES, der ein la til grunn at ikkje heile kvoten for perioden 1. juli 2022–30. juni 2023 vart oppfiska.

Bestanden gjennomgjekk ein metoderevisjon (benchmark) i 2022, og det resulterte i ein ny bestandsmodell og nye referansepunkt. Bestandsstorleiken og fiskedødelegheita blir no rekna ut som relative og ikkje absolutte verdiar. Bestanden gjennomgjekk òg ei evaluering av forvaltingsplanar (MSE) i 2023, og dette resulterte i eit endra assessment- og kvoteår (1. juli–30. juni) i tillegg til nokre endringar i bestandsmodellen.

Figur 4.58 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak.

Figur 4.58 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak.

Figur 4.59 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak.

Figur 4.59 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak.

Tabell 4.16 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand av reker i Skagerrak dei siste fem åra. Gytebestanden er gjeven relativt til MSY Btrigger.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 8,7

8,7

9,3

0,29

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 7,2

7,2

7,5

0,25

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen / MSY-tilnærming

< 7,7

7,7

8,6

0,25

2023

MSY-tilnærming

< 5,9 (første halvår)

5,9 (første halvår)

0,45

2023/2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 5,1

6,1

Boks 4.17 Kysttorsk

Sør for 62° N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk på Sør- og Austlandet har over tid blitt dårlegare, spesielt frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlina frå Telemark til svenskegrensa. Det vart òg forbode å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket har dispensasjon frå tiltaka, men ikkje frå forbodet mot garnfiske grunnare enn 25 meter i perioden 15. juni–15. mars. I gyteområda til torsken er det fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og annan anadrom fisk og undervassjakt. Havforskingsinstituttet vurderte effekten av tiltaka i 2022. Det var ingen teikn til at bestandssituasjonen er endra i Skagerrak eller Ytre og Indre Oslofjord sidan tiltaka vart innførte i 2019.

Langs Skagerrakkysten finst to sameksisterande genetiske variantar av torsk. Den eine varianten dominerer inst i fjordane, medan den andre er vanlegare i dei litt meir eksponerte ytre områda og er genetisk svært lik nordsjøtorsken. Desse variantane er genetisk relativt ulike kvarandre, meir enn kva kysttorsk og skrei er i nord, og har mellom anna ulik vekst og ulikt vandringsmønster. Yngel av begge variantar rekrutterer til og veks opp i fjordar og kystnære område.

Både strandnotserien (1919–) og garnserien (1984–1990, 2001–) til Havforskingsinstituttet stadfestar at torskebestandane har blitt ytterlegare reduserte dei siste tiåra, og klart mest i det austlege Skagerrak. Forskinga viser at det er fritidsfisket som står for det største uttaket av kysttorsk i Oslofjorden, og tiltaka som vart innførte i 2019, er innretta mot å redusere dette fisket.

Det var ein kraftig nedgang i torskefangstane i begge områda frå midt i 1990-åra fram til 2006. Etter 2006 har fangstane i begge områda lege stabilt på rundt ein tredel av nivået i 1990-åra.

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget vesentleg dårlegare, ettersom ein lenge har mangla standardisert overvaking. På Vestlandet har utviklinga av fiskeressursane ofte blitt vurdert ut frå utviklinga av offisiell landingsstatistikk. Det har likevel vore betydeleg relevant forskingsinnsats av meir sporadisk karakter gjennom fleire tiår. Eksisterande tidsseriar for Vestlandet og Skagerrak vil bli oppdatert og analyserte på nytt i 2024.

Tidsserien med fangstratar for garn og ruser frå Havforskingsinstituttet sine tokt på Vestlandet vil bli publisert i første kvartal av 2024. Førebels resultat viser at desse fangstratane har vore stabile i perioden då tokta har blitt gjennomførte (2015–2023), og at fangstratane er høgare di lenger nord på Vestlandet ein kjem.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvakt med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober–november og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaustarktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skaper problem for fisket etter nordaustarktisk torsk.

Etter råd frå ICES om ein ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord bestilte Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 ein rapport frå Havforskingsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatusen, med forslag til forvaltingstiltak og ein ny gjenoppbyggingsplan. Havforskingsinstituttet publiserte i 2020 rapporten Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltingstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Basert på denne rapporten, gjennomført metoderevisjon for kysttorsk i ICES og fleire innspel frå Havforskingsinstituttet har Fiskeridirektoratet gjennomført ei høyring om ei rekkje forvaltingstiltak. Desse tiltaka handlar både om havdeling og om endringar i tekniske reguleringar. Fleire tiltak er innførte eller vil bli innførte i løpet av 2024–2025. Mellom anna er minstemålet for torsk innanfor 4 nautiske mil frå grunnlina auka frå 44 til 55 cm (frå 1. januar 2024).

Etter ein metoderevisjon i ICES av bestandsvurderinga for nordaustarktisk torsk og kysttorsk vart det i 2021 bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord for 67° N og mellom 62 og 67° N. For kysttorsk nord for 67-graden er det godt nok datagrunnlag til å utvikle ei analytisk bestandsvurdering, medan bestanden mellom 62 og 67° N vil bli vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Basert på den nye metodikken vart det gjeve separate kvoteråd for dei to bestandane for 2024. For bestanden nord for 67° N var 2024-kvoterådet 26 612 tonn, dette er basert på den nye forvaltingsplanen som er godkjend av ICES. For bestanden mellom 62 og 67° N vart 2023-rådet på 9 136 tonn vidareført for 2024. I området mellom 62 og 67° N var botntrålindeksen dei tre siste åra (2021–2023) den lågaste i heile tidsserien frå 2003. Dessutan var gjennomsnittet av den kommersielle fangsten i 2019–2022 lågare enn i alle år før denne perioden.

Til forsida