Meld. St. 10 (2023–2024)

Noregs fiskeriavtalar for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Til innhaldsliste

2 Det internasjonale fiskerisamarbeidet

Noreg har teke ei aktiv rolle i internasjonalt havsamarbeid, både når det gjeld utvikling av internasjonalt regelverk og for forvalting av fiskeria og havmiljøet. Erfaring frå dei siste åra viser at Noreg har stor innverknad globalt gjennom faglege bidrag. Dette kapittelet gjer greie for viktige tema og omgrep i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det startar med ein kort omtale av ulike konvensjonar og avtalar som utgjer det rettslege rammeverket på havet (kapittel 2.1). Etter det følgjer ei innføring i dei viktigaste omgrepa i den vitskaplege rådgjevinga bak fiskeriavtalane (kapittel 2.2).

Internasjonale havmiljøprosessar set rammevilkår for forvalting av marint biologisk mangfald, og grip såleis inn i fiskeripolitikken. Vi gjer greie for desse prosessane i kapittel 2.3.

Norske styresmakter legg stor vekt på arbeidet mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Dessa temaa er difor grundig omtalte i kapittel 2.4. Til slutt omtaler vi anna internasjonalt fiskerisamarbeid, med vekt på utviklingssamarbeidet.

2.1 Det havrettslege rammeverket

Havrettskonvensjonen

FNs havrettskonvensjon frå 1982 blir kalla «havets grunnlov» og er det overordna folkerettslege rammeverket for all aktivitet som går føre seg til havs, frå fiske, mineralutvinning og oljeutvinning til miljøaktivitetar, ferdsel og landegrenser. Arbeidet som til slutt resulterte i havrettskonvensjonen vi har i dag, tok til allereie i slutten av 1940-åra. Den teknologiske og økonomiske utviklinga etter den andre verdskrigen gjorde det mogleg for statane å utnytte havet, havbotnen og ressursane der, i stadig større grad. Denne utviklinga skapte behov for rettsreglar for å avklare kva rettar og plikter statane har, mellom anna for å unngå tvistar mellom statar.

Havrettskonvensjonen slår mellom anna fast prinsippet om 200 nautiske mils økonomiske soner. Den økonomiske sona til ein kyststat er ei havsone som ligg utanfor og støyter opp til sjøterritoriet. I den økonomiske sona har kyststaten suverene rettar til å nytte naturressursane både på havbotnen og i havområda over.

Noreg oppretta si økonomiske sone i 1976, ei fiskevernsone ved Svalbard i 1977 og ei fiskerisone ved Jan Mayen i 1980. Sonene er viste i figur 2.1.

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren.

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren.

Fisken vandrar på tvers av økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Etter havrettskonvensjonen har kyststatane difor ei plikt til å samarbeide for å bevare og utvikle bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til to eller fleire slike kyststatar, eller mellom økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette kan gjerast direkte gjennom tosidige eller fleirsidige avtalar mellom kyststatane eller gjennom regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar for internasjonalt farvatn.

I daglegtale seier vi altså ofte at ein stat er kyststat til ein bestand. Dette er likevel ikkje eit rettsleg definert omgrep, men blir nytta om ein stat som har den aktuelle bestanden i si økonomiske sone. Kyststaten har då etter havrettskonvensjonen rett til å utnytte bestanden, men er samstundes pålagd ei viss plikt til å samarbeide om forvaltinga med andre kyststatar som òg har bestanden i sine økonomiske soner.

Havrettskonvensjonen inneheld òg reglar om kontinentalsokkelen. Kontinentalsokkelen er ei forlenging av landmassane ut i havet. Alle kyststatar har utan vidare ein kontinentalsokkel på 200 nautiske mil ut frå kysten, dersom denne ikkje blir avgrensa mot sokkelen til andre land. Mange kyststatar har ei forlenging av landmassane under havet som strekkjer seg lenger enn 200 nautiske mil. For å få rettar utover 200 nautiske mil, må kyststaten dokumentere utstrekninga til sokkelen for Kontinentalsokkelkommisjonen (CLCS)1 i New York.

Kontinentalsokkelkommisjonen gjev tilrådingar som i sin tur gjev kyststaten rett til å fastleggje yttergrensa på sokkelen i tråd med tilrådinga frå kommisjonen. Noreg var den første av kyststatane rundt Polhavet som i 2009 fekk endeleg tilråding om yttergrensa til kontinentalsokkelen frå Kontinentalsokkelkommisjonen. Noreg og Russland avgrensa denne sokkelen mellom seg gjennom avgrensingsavtalen frå 2010. Norsk sokkel strekkjer seg nordover frå fastlandet rundt og forbi Svalbard. Tilrådinga frå kommisjonen om yttergrensa for Noregs kontinentalsokkel ved Bouvetøya låg føre i 2019. Norsk kontinentalsokkel både i nord og i sør er no definert i § 1 i lov om Norges kontinentalsokkel av 18. juni 2021.

Etter havretten har alle kyststatar suveren rett til naturførekomstar på kontinentalsokkelen. Dette inneber ikkje berre ein rett til å utforske og vinne ut mineral og andre førekomstar på og under havbotnen, men òg retten til dei såkalla sedentære artane2, til dømes snøkrabbe. Vidare inkluderer dei suverene rettane kyststaten har til å nytte ressursane på kontinentalsokkelen sin, òg retten til å bevare slike ressursar frå negativ påverknad frå annan type aktivitet. At kyststaten har ein suveren rett, vil i denne samanhengen seie at ingen kan utforske eller vinne ut naturførekomstane på sokkelen utan uttrykkjeleg samtykke frå kyststaten.

Fiske på det opne havet

Eit veksande fiske i internasjonalt farvatn i 1980-åra viste at havrettsregimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor dei økonomiske sonene. Dette førte til forhandlinga av FN-avtalen om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement) frå 1995 som eit supplement til havrettskonvensjonen. FN-avtalen pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne havet, å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Den inneheld detaljerte reglar om oppretting av regionale organisasjonar og korleis samarbeidet i organisasjonane skal gå føre seg.

Avtalen slår vidare fast forvaltingsprinsipp som statane skal ta omsyn til for å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar. Mellom anna pålegg avtalen statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltinga og viser til kravet om å bevare biodiversitet og drive ei økosystembasert forvalting. Avtalen gjeld i hovudsak berre på det opne havet, men slår òg fast at det skal vere samsvar mellom forvaltinga av fiskeressursane på det opne havet og i dei tilgrensande nasjonale farvatna. Dette inneber at ein ved forvaltinga av det opne havet skal ta omsyn til dei forvaltingstiltaka som kyststatane har fastsett innanfor dei økonomiske sonene, og ikkje undergrave desse. Avtalen inneheld òg reglar om handheving og kontroll.

Med unntak av område i det sørlege Atlanterhavet er alt internasjonalt farvatn med relevante fiskeriområde i dag dekt av regionale fiskeriforvaltingsmekanismar som vedtek bindande reguleringar for partane om forvalting og kontroll i sine område. Noreg tek del i dette samarbeidet i relevante internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar og er i dag medlem av fire slike regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar3, i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. I kapittel 3.4 gjer vi greie for arbeidet i organisasjonane.

På enkelte område er det òg behov for å samarbeide globalt. Gjennomføringa av havrettskonvensjonen av 1982 og regulering av fiske utanfor nasjonal jurisdiksjon (FN-avtalen om fiske på det opne havet av 1995) blir difor òg følgde opp gjennom statspartsmøte og revisjonskonferansar og i to årlege resolusjonar som blir debatterte og vedtekne i Generalforsamlinga i FN. Resolusjonane gjev uttrykk for politisk semje om kva statane vil gjere for å omsetje havretten i konkret havforvalting når det gjeld miljøspørsmål, maritim sikkerheit, fiskerispørsmål, kontinentalsokkelspørsmål mv. Semje om tiltak til vern av sårbare botnhabitat mot skadar frå visse typar fiskereiskapar, som botntrål, er eit viktig bidrag til global havforvalting.

Frå 2004 har Generalforsamlinga utvikla detaljerte føresegner om stenging av område og korleis fiske skal gå føre seg for å unngå at botnfiske skader korallar og andre sårbare botnhabitat. Føresegnene, som Noreg var blant pådrivarane til å forme ut, er seinare gjennomførte i alle dei relevante regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane som Noreg er medlem av, og i norsk regelverk. Kor godt statar og dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane følgjer opp føresegnene frå Generalforsamlinga om botnfiske, blir evaluert jamleg i eigne FN-sesjonar der representantar frå statar, relevante organisasjonar og sivilt samfunn deltek. Dette er gode døme på FN-resolusjonar med stor praktisk betyding som har gjeve effektiv nasjonal og regional gjennomføring av globalt formulerte målsetjingar.

I 2023 kom ein til semje om teksten til ein ny avtale under havrettskonvensjonen om marine verneområde og konsekvensutgreiing av aktivitet i internasjonalt farvatn. Det er avklart at denne avtalen ikkje skal gjere inngrep i kompetansen til regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar, men altså verke parallelt med 1995-avtalen om fiske på det opne havet (sjå nærmare omtale i kapittel 2.3).

Fiske i Polhavet

I november 2017 vart dei fem kyststatane rundt Polhavet (Noreg, Russland, USA, Canada og Danmark/Grønland) og fjernfiskeaktørane Kina, Japan, Sør-Korea, Island og EU, samde om ein ny rettsleg bindande avtale som skal hindre uregulert fiske i Polhavet. Partane til avtalen avstår frå å la fiskefartøya sine fiske i internasjonalt farvatn i Polhavet.

Det er per i dag ikkje kommersielt fiske utanfor dei 200 nautiske mils økonomiske sonene i Polhavet som dei fem kyststatane rundt Polhavet har. Ifølgje forskinga som er gjord, er eit slikt fiske heller ikkje sannsynleg med det første. I Oslo i juli i 2015 underteikna likevel Noreg og dei fire andre kyststatane til Polhavet ei erklæring om vitskapleg samarbeid og tiltak mot uregulert fiske i internasjonal del av Polhavet for å unngå at eit eventuelt framtidig uregulert fiske skal oppstå. For å samle fleire aktørar bak desse tiltaka vart prosessen utvida hausten 2015 ved at fjernfiskeaktørane òg var inviterte til å forhandle om ein ny avtale om fiske i Polhavet. Forhandlingane varte i to år og viste naturlege motsetnader mellom kyststatane og fjernfiskeaktørane. Forhandlingane vart likevel sluttførte i november 2017, og den endelege avtalen vart signert 3. oktober 2018. Noreg ratifiserte avtalen 8. juni 2020. Avtalen vart formelt gjord gjeldande 25. juni 2021 då Kina, som den siste av signatarane, overleverte ratifikasjonsdokumenta til Canada, som er depositar til avtalen.

Hovudelementa i avtalen er at partane forpliktar seg til å avstå frå uregulert fiske i internasjonalt farvatn, ein intensjon om å bidra til vern og berekraftig bruk av fiskeriressursar i Polhavet, regulering av forsøksfiske, etablering av eit vitskapleg program, etablering av eit partsmøte med relativt omfattande vedtakskompetanse og ein intensjon om etablering av nye regionale fiskeriforvaltingsmekanismar om det skulle vere nødvendig på eit seinare tidspunkt.

Det første partsmøtet under avtalen vart halde 23.–25. november 2022 i Incheon i Sør-Korea. Partane vart mellom anna samde om prosedyrereglar, formalisering av forskingssamarbeidet og ein prosess fram mot vedtaking av reglar for forsøksfiske. Det andre partsmøtet fann òg stad i Incheon i Sør-Korea, 12.–14. juni 2023. Her vart partane samde om prosedyrereglar for vitskapsgruppa, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som, parallelt med vitskapssamarbeidet under avtalen, skal utmeisle eit forslag til regulering av forsøksfiske. Gruppa er leidd av USA.

Rammeavtalar

Sjølv om opprettinga av dei økonomiske sonene gav kyststaten suverene rettar til å fiske i si sone, ville slike reine nasjonale fiskeri skape store endringar i det tradisjonelle fiskemønsteret. Noreg valde difor å inngå langsiktige rammeavtalar som opnar for årlege avtalar om utanlandsk fiske i norske havområde og norsk fiske i havområda til andre land. Rammeavtalane er langsiktige overordna avtalar som dreg opp prinsippa for det enkelte samarbeidet. Noreg har inngått slike avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Grønland og Island.

Rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU er frå 1980 og bør moderniserast på fleire område, òg fordi forvaltinga av bestandane i Nordsjøen no ikkje lenger er ei sak berre for EU og Noreg. Det er òg under arbeid ein rammeavtale for fiskerisamarbeidet i Nordsjøen mellom Noreg, EU og Storbritannia.

Målet med rammeavtalane er å oppnå ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Avtalane med EU, Russland og Storbritannia inneheld i tillegg reglar for samarbeid om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen og Barentshavet. Noreg har i tillegg ein avtale med EU om fiske i Skagerrak, og svensk tilgang til fiske i norsk sone.

Årlege avtalar med andre land

I tråd med det rammeverket som er gjort greie for ovanfor, fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvalting og bevaring av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar og om einsidig løyve for nokre land til å fiske i norske jurisdiksjonsområde. I kapittel 3 gjer vi greie for desse avtalane.

FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO)

FAO (Food and Agriculture Organization), med hovudsete i Roma, er FN-organisasjonen for ernæring, landbruk, skogbruk, fiskeri og akvakultur.

Det øvste organet i FAO er Rådet, medan det øvste organet i fiskerispørsmål er fiskerikomiteen (Committee on Fisheries, COFI). Denne møtest annakvart år. I tillegg er det ein underkomité for akvakultur og ein underkomité for handel med sjømat under COFI. Desse held møta sine dei åra COFI ikkje møtest.

Forutan arbeidet med å utarbeide globale oversikter over fiskeriressursane i verda, akvakulturproduksjon m.m., arbeider COFI med utforminga av globale retningsliner og handlingsplanar for forvaltinga av fiskeressursar, akvakulturproduksjon og med havmiljøspørsmål generelt. I tillegg er FAO rådgjevar og fagleg bidragsytar overfor utviklingsland.

Utforminga av den globale framferdskodeksen for ansvarlege fiskeri (Code of Conduct for Responsible Fisheries) har vore særleg viktig. Denne vart sluttført i 1995 og har sidan spelt ei stor rolle for vidareutvikling og implementering av ei rekkje fiskeriforvaltingstiltak nasjonalt og internasjonalt.

Under COFI-møtet i 2022 vart det etter eit norsk initiativ i 2018, og langvarig norsk innsats sidan den gongen, bestemt å opprette ein ny underkomité for fiskeriforvalting etter modell av dei to andre underkomiteane. Målet med den nye underkomiteen er å skape ein god arena for å diskutere fiskeriforvaltingsspørsmål av meir teknisk karakter. Den nye underkomiteen møttest for første gong 15.–18. januar 2024 og har ein prøveperiode på tre møte. På det første møtet drøfta komiteen mellom anna korleis delinga av posisjonsdata mellom land kan forbetrast, korleis biologisk, økonomisk og sosial berekraft heng saman, betydninga av småskalafiske, og kva som kan vere gode rammevilkår for slik aktivitet.

Regulering av utanlandsk fiske i norske farvatn

Utover det utanlandske fisket i norske farvatn som er avtalt i dei årlege fiskeriavtalane, har Noreg fastsett eit generelt forbod mot utanlandsk fiske i norsk økonomisk sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i desse områda, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Det avtalte utanlandske fisket er vidare regulert gjennom forskrifter, og utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter.

Sjølv om det ikkje er noko rettsleg hinder for at Noreg kan vedta tilsvarande reguleringar for fiskevernsona ved Svalbard òg, har Noreg førebels ikkje gjort det generelle forbodet for utanlandske fiskarar gjeldande i fiskevernsona. Per i dag er det fastsett reguleringar av fisket etter torsk, reker, blåkveite, sild, lodde, uer og hyse i fiskevernsona ved Svalbard.

2.2 Det naturvitskaplege grunnlaget for avtalane

Noreg legg stor vekt på å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltinga. Både den nasjonale forvaltinga og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land, er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES, sjå boks 2.1). Havforskingsinstituttet deltek med store ressursar i arbeidet til ICES med bestandsvurdering og rådgjeving. Dette kapittelet presenterer sentrale omgrep i den vitskaplege rådgjevinga.

Kompensatorisk vekst

Fangstvolumet i fiskeria blir avgrensa av produksjonsevna til fiskebestandane. Når ein haustar frå bestandane, aukar produktiviteten. Dette blir kalla kompensatorisk vekst. Det som biologisk sett gjev optimal skattlegging, er å hauste overskotet av den auka produksjonen. Når det blir fastsett kvotar på fiskeslag, er det difor òg nødvendig å ikkje fiske meir enn det som gjev god og langsiktig produksjonsevne for fiskebestandane.

Som ei forenkling kan ein seie at ein uutnytta bestand reproduserer seg sjølv og held ved lag eit tal og ein biomasse som er i likevekt med produksjonsgrunnlaget i miljøet sitt. Dei fleste fiskepopulasjonane har likevel potensial til å produsere mange fleire rekruttar enn miljøvilkåra tillèt. Difor, når ein aukar dødelegheita ved å starte fiske, vil bestanden kunne kompensere for dette ved at fleire rekruttar enn tidlegare overlever. Bestanden minkar, men for eit bestemt innsatsnivå vil han kunne stabiliserast og gje eit vedvarande stabilt utbyte tilsvarande den overskotsproduksjonen som er generert. Denne kompensasjonen aukar med veksande dødelegheit, men blir det fiska for mykje, vil bestanden som er igjen, ikkje lenger makte å kompensere uttaket.

Ettersom berekapasiteten ikkje er konstant, må ein overvake bestandane nøye og hyppig for å fange opp dei store variasjonane i rekruttering som dei fleste av dei kommersielle fiskebestandane våre har.

Bestandsvurdering

Forskarane bruker vanlegvis ein kombinasjon av informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt for å vurdere bestandssituasjonen. I tillegg til å vurdere kor stor bestanden er, ser forskarane på den relative fordelinga av aldersgrupper for å vurdere reproduksjonsevna til bestanden i åra som kjem. Prøvar av mageinnhaldet til fisken fortel kva fisken har ete, og over tid gjev dette forskarane kunnskap om viktige samanhengar i økosystemet. Lange tidsseriar med data aukar presisjonen i kunnskapen år for år, slik at forskarane får betre innsyn i korleis bestandane endrar seg over tid. Likevel vil bestandsvurderingane alltid vere noko usikre, og dei siste åra i tidsserien er meir usikre enn dei lenger tilbake i tid. Artane lever i store havområde og blir påverka av mange faktorar i tillegg til fisket. Det er òg skilnader i datagrunnlaget for ulike bestandar. Sjølv for dei viktigaste kommersielle bestandane kan datagrunnlaget vere mangelfullt, særleg når det gjeld volumet og alderssamansetjinga av fangstane.

Boks 2.1 ICES – Det internasjonale råd for havforsking

Det internasjonale råd for havforsking er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltinga av dei marine ressursane og det marine miljøet i konvensjonsområdet. ICES vart danna i 1902 og har i dag 20 medlemsland på begge sider av Nord-Atlanteren.1 Sekretariatet til ICES ligg i København.

ICES arbeider for å fremje den vitskaplege forståinga av dei marine økosystema. Målet er å gje styresmaktene råd baserte på den beste tilgjengelege vitskapen, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte val om berekraftig bruk av dei marine miljøa og økosystema.

ICES har eit nettverk av meir enn 6 000 forskarar frå over 700 marine forskingsinstitutt i 20 land. Det vitskaplege arbeidet blir styrt av vitskapskomiteen til organisasjonen.

Den rådgjevande komiteen ACOM gjev kvart år råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Råda er baserte på data og vitskaplege analysar frå ei rekkje ekspertgrupper. Kartet under viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i rådgjevinga si.

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES.

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES.

Råda frå ICES er offentlege, og både råd og dokumentasjon finst på nettstaden til organisasjonen. Havforskingsinstituttet presenterer òg råda frå ICES på norsk på nettstaden sin.

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område.

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område.

1 Som følgje av den russiske invasjonen i Ukraina vedtok ICES å mellombels suspendere russiske delegatar, med-lemmer og ekspertar frå aktivitetane til ICES frå og med 30. mars 2022.

Føre-var-prinsippet

Føre-var-tilnærming til forvalting av naturressursar er fastsett i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Gjennom føre-var-forvalting vil ein sikre seg mot at det blir fiska så hardt på ein bestand at det på sikt kan føre til samanbrot i bestanden.

I føre-var-forvalting blir det definert grenseverdiar, eller såkalla referansepunkt, for gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand. Storleiken til gytebestanden er ein indikator på reproduksjonsevna til bestanden, medan fiskedødsraten er ein indikator på om bestanden blir hausta berekraftig.

Maksimalt berekraftig utbyte (MSY)

Føre-var-forvalting skal sikre at ein bestand ikkje bryt saman, men denne tilnærminga legg ikkje grunnlag for å gje råd om korleis vi kan sikre det høgast moglege utbytet av ein bestand over lang tid. Omgrepet «maksimalt berekraftig utbyte» er eit uttrykk for ønsket forvaltarane har om å hauste mest mogleg innanfor berekraftige rammer. I praksis er dette bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden.

Populasjonar må haldast ved lag innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere det mogleg å få det høgaste berekraftige langtidsutbytet. Denne tilnærminga vil innanfor desse grensene finne det nivået av gytebestand og fiskedød som fremjar størst mogleg produksjon over tid.

Tilnærminga ICES har til fiskerirådgjeving

Fordi talfestinga av grenseverdiar alltid er usikker, definerer ICES både ei absolutt grense og ei føre-var-grense. Føre-var-grensa uttrykkjer ein sikkerheitsmargin. Kor stor sikkerheitsmarginen skal vere, blir bestemt av kor sikker bestandsvurderinga er, og kor mykje bestanden varierer naturleg.

Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Så lenge gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand er innanfor føre-var-verdiane, vil ICES seie at bestanden er hausta berekraftig og har god reproduksjonsevne. Om verdiane er mellom føre-var-verdiane og dei absolutte ytre grensene, vil det vere risiko for at bestanden har sviktande reproduksjonsevne eller ikkje blir hausta berekraftig. ICES vil då råde forvaltarane til å setje i verk tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. Dersom gytebestanden er lågare eller haustingsgraden høgare enn dei absolutte grenseverdiane, vil det vere stor risiko for dårleg rekruttering.

Tilnærminga ICES har til fiskerirådgjeving, integrerer føre-var-tilnærminga med målsetjinga om å oppnå eit maksimalt langtidsutbyte (MSY), dersom ikkje det er bede om noko anna. Målsetjinga er, i samsvar med heilskapen i internasjonale retningsliner, å gje råd som fører til eit høgt langtidsutbyte samstundes som ein held ved lag produktive fiskebestandar i marine økosystem som (òg) oppfyller relevante miljøkrav. MSY er eit generelt omgrep som siktar mot å oppnå høgast mogleg langtidsutbyte. ICES ser det slik at utbytet som skal maksimerast, er delane av fangsten som blir landa, målt i vekt.

FN-avtalen frå 1995 (Annex 2) inneheld retningsliner for å nytte ei føre-var-tilnærming innanfor eit MSY-rammeverk. I samsvar med ei føre-var-tilnærming må ein halde bestandane innanfor sikre biologiske grenser for å kunne oppnå MSY. Innanfor sikre biologiske grenser må ein bruke ei MSY-tilnærming for å maksimere langtidsutbytet. All ICES-rådgjeving er i samsvar med føre-var-tilnærminga, som er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for MSY.

Mange av modellane (matematiske og konseptuelle) som blir brukte til å estimere MSY og tilhøyrande storleikar, føreset at faktorar som ikkje eksplisitt inngår i modellane, anten er konstante eller varierer rundt eit langtidsgjennomsnitt. Marine økosystem er derimot dynamiske, og fiskebestandar vil endre seg ikkje berre på grunn av endringar i fiskepress og fiskemønster, men òg på grunn av endringar i predator- og byttedyrbestandar og klima. ICES ser difor på MSY-referansepunkt som gyldige berre på kort og mellomlang sikt (typisk i fem til ti år). MSY-referansepunkt bør difor revurderast med jamne mellomrom og modifiserast i samsvar med ny informasjon og forståing av prosessane i økosystemet.

Økosystembasert forvalting

Forvaltinga har dei seinare åra endra seg frå berre å sjå på éin bestand om gongen til i større grad å sjå fleire bestandar i eit økosystem i samanheng, noko som gjerne blir kalla økosystembasert forvalting. Ingen fiskebestand lever isolert frå økosystemet og andre bestandar; dei konkurrerer om same føda, eller ein bestand lever av å beite på ein annan bestand. I tillegg blir både bestandane og næringstilgangen påverka av klimaendringar. Dette må vi ta omsyn til i fiskeriforvaltinga. Ettersom dei ulike bestandane endrar storleik av naturlege årsaker, klimaendringar eller på grunn av fiskeria, vil det òg påverke kor mykje vi kan fiske av andre bestandar i same området. I bestandsvurderinga for lodde, torsk og hyse i Barentshavet tek vi omsyn til kor mykje lodde, småtorsk og småhyse den store torsken set til livs. Beitepress frå torsk og andre predatorar blir òg teke omsyn til i bestandsvurderingane for botnfisk, sild og brisling i Nordsjøen. Basert på ein rapport frå 2018 har Havforskingsinstituttet utarbeidd planar for korleis ein kan ta omsyn til fleire bestandsinteraksjonar i bestandsvurderingane. Havforskingsinstituttet har òg utvikla klimasårbarheitsanalysar for dei kommersielt viktigaste bestandane våre, der biologisk sårbarheit og eksponering for framtidige klimaendringar blir analyserte.

Sjølv om ei integrert økosystembasert forvalting har vore ein uttalt ambisjon i mange år, er det langt igjen før vi kan nå dette målet fullt ut. Dei marine økosystema er komplekse, og det er behov for auka kunnskap om samanhengane i økosystemet, ikkje minst om forholdet mellom bestandane. Ei rådgjeving som tek omsyn til alle elementa i økosystemet, inkludert klimaendringar, vil krevje kunnskap som vi ikkje har i dag, og som føreset store investeringar i både overvaking og forsking. Det er heller ikkje likefram å drive forvalting på basis av slike råd, sidan sjølve rådgjevinga i større grad då blir ulike moglege kombinasjonar av kvotar heller enn eit konkret kvoteråd for kvar art. Det at ulike land kan ha ulike prioriteringar og mål for forvaltinga av bestandar som dei deler, kompliserer biletet ytterlegare. Økosystembasert fiskeriforvalting omfattar, i tillegg til kvoteråd, tekniske reguleringar som minstemål, maskevidd og områdestenging. Ei økosystembasert forvalting av havområda våre vil femne vidare enn ei økosystembasert fiskeriforvalting. Her vil forvaltingsplanane for dei ulike havområda vere sentrale for å kunne sjå ulike typar menneskeleg aktivitet i samanheng. Det er i denne samanheng ei utfordring at fiskeriforvaltinga er internasjonal, medan forvaltingsplanane for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen så langt har vore nasjonale.

Figur 2.4 Ine Moksness sorterer fangsten på forskingstokt i Nordsjøen.

Figur 2.4 Ine Moksness sorterer fangsten på forskingstokt i Nordsjøen.

Foto: Åse Husebø, Havforskingsinstituttet.

Forvaltingsplan og haustingsreglar

Mot slutten av 1990-åra og tidleg på 2000-talet starta arbeidet med å utvikle forvaltingsplanar for mange bestandar. Dette var eit stort steg i retning av meir føreseieleg fiskeriforvalting når det gjeld både kvoterådgjeving, fastsetjing av kvotar og andre reguleringar av fisket.

Ein forvaltingsplan er ei konkretisering av målsetjingane forvaltingsstyresmaktene har for forvaltinga av ein bestand, uttrykt gjennom haustingsreglar. Det er forvaltarane som har ansvaret for å vedta haustingsreglar, men reglane blir laga i samarbeid mellom forvaltarar og forskarar. Før nye haustingsreglar blir endeleg vedtekne, sender kyststatane dei gjerne til ICES som vurderer om reglane er i tråd med føre-var-tilnærminga og faktisk fører til at forvaltarane kan nå dei måla som er sette. Når det ligg føre vedtekne haustingsreglar, startar ICES med å gje sine råd i tråd med desse reglane.

I byrjinga skulle haustingsreglane i all hovudsak berre tilfredsstille føre-var-tilnærminga; dei skulle kort sagt ta vare på berekraftsprinsippet. Etter kvart har målsetjinga i fiskeriforvaltinga endra seg meir i retning av maksimalt langtidsutbyte av bestandane. Andre generasjons haustingsreglar varetek begge desse formåla.

Vi har no fått på plass planar for dei fleste viktige bestandane i Barentshavet og Norskehavet, og det er ei målsetjing å ha ei regelmessig oppdatering av desse planane. Vi skal òg starte arbeidet med forvaltingsplanar for nokre av bestandane i Nordsjøen. I dette området har råda for dei aller fleste bestandane blitt gjevne som MSY-råd dei siste åra.

2.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Sidan starten på 2000-talet har havmiljøspørsmål vekt aukande interesse i Generalforsamlinga i FN, i globale miljøkonvensjonar og i opinionen. Havretten utviklar òg nye prinsipp for å sikre biologisk mangfald, og berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane er innført i internasjonale instrument og i norsk rett.

Utfordringar

Kunnskapen om den samla verknaden av alle typar påverknader på det marine miljø aukar. Miljøutfordringane i havet spenner frå tradisjonell forureining som næringssalt og helse- og miljøfarlege kjemikaliar, den stadig aukande mengda av plastavfall og mikroplast som kan bli eten av plankton, fisk, kval og sjøfugl, til verknadane som dei aukande klimaendringane har på havforsuring, temperaturauke og etterfølgjande endringar i bestandsutbreiinga. Fiskeri påverkar økosystemet og etterlèt seg eit fotavtrykk på line med andre næringsaktivitetar. Globalt er ein tredel av kommersielle fiskebestandar overfiska, og trenden er svakt aukande.

Globale forpliktingar

Dei internasjonale havmiljøprosessane, mellom anna dei årlege FN-resolusjonane om havmiljø og fiskerispørsmål, set rammevilkår for global, regional og statleg forvalting av marint biologisk mangfald. Dei påverkar dermed handlingsrommet for utforminga av norsk havressursforvalting, og igjen lønnsemda i norsk fiskerinæring. Noreg deltek difor breitt og koordinert i dei globale avgjerdsprosessane for havmiljøspørsmål. I fiskeriresolusjonen vart det i 2022 forhandla særskilt om nye botnfiskereglar etter at FN hadde gått gjennom oppfølginga frå statar og regionale fiskeriorganisasjonar (RFMO-ar) tilbake til 2006. Fiskeriresolusjonen i 2023 styrkte samanhengane mellom fiskeri, klimaendringar, arealtiltak etter målsetjingane til CBD (såkalla OECM-tiltak) og behovet for betre kontroll på det opne hav. Det vart samstundes gjort nye forsøk på å greie ut om forholdet mellom fiskeriforvalting og andre globale avtalar, mellom anna det nye rammeverket til CBD med mål om bevaring innan 2030 og den nye havavtalen i FN (sjå avsnitta Andre arealtiltak og Miljøavtalar). FN stadfesta samstundes FAO si rolle for oppfølging av CBD-rammeverket.

Det er stor skilnad i oppfølginga i dei ulike verdshava, noko som mellom anna kjem av ulik tilgang til administrative og finansielle ressursar. Vi vil halde fram arbeidet for at meir av sjøarealet skal kunne nyttast berekraftig til matproduksjon, innan både fiskeri og havbruk. Med ei veksande verdsbefolkning trengst meir mat, og mykje av den auka matproduksjonen må hentast der det største potensialet finst – frå havet. Men det føreset at ein globalt kan forbetre etterlevinga av internasjonale reglar, handsame den aukande forureininga og aktivt tilpassar seg til eit endra klima.

I 2015 fastsette Generalforsamlinga i FN 17 mål (Sustainable Development Goals – SDG-ane) for ei berekraftig utvikling fram mot 2030. Sjømatproduksjon er relevant for fleire av måla, men særleg mål 2 om matsikkerheit, ernæring og berekraftig matproduksjon, mål 3 om helse, delmål 12.3 om redusert matsvinn og mål 14, som omfattar havmiljøspørsmål: «bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling». Under dei tilhøyrande delmåla skal det utviklast indikatorar for rapportering nasjonalt og internasjonalt (sjå kapittel 2.5). Under førre regjering vart det lagt fram ein nasjonal handlingsplan, som vart revidert av noverande regjering og handsama i Stortinget vinteren 2022. Meldinga tok føre seg oppfølging av mellom anna dei måla som er rekna som mest krevjande for norsk forvalting. Norsk oppfølging av berekraftsmål 2 og 14 avheng òg av korleis nabokyststatar følgjer opp krava til mindre forureining og felles forvalting av artar som migrerer mellom ulike økonomiske soner. Havforskingsinstituttet har rekna ut at i alt 44 prosent av Noregs økonomiske sone har fiskeritiltak som bidreg til å bevare marine ressursar.

I mai 2023 opna FN opp igjen den såkalla review-konferansen under FN-avtalen om fiske på det opne hav (UNFSA). Sist gong konferansen vart halden, var i 2016. Der vestlege land var relativt samstemte om behovet for forbetringar innan internasjonalt fiskeri, klarte nokre få statar å blokkere semje. Det kom tydlegast fram i spørsmål knytte til behovet for å sjå fiskeriforvalting i samanheng med annan påverknad på havet, andre næringar og nye globale avtalar og forpliktingar, og særskilt i omtalar av det nye rammeverket til CBD (frå 2022, om globale mål for bevaring) og den nye etterlevingsavtalen under havrettskonvensjonen (den såkalla BBNJ-avtalen, sjå nedanfor). FN-avtalen om fiske er den eine av dei to eksisterande etterlevingsavtalane under havrettskonvensjonen, og review-konferansen er det nærmaste ein kjem eit partsmøte. Konferansen gjer vedtak som gjeld for statar og RFMO-ar.

Figur 2.5 Stor artsrikdom i fangsten på tokt utanfor Nordvest-Afrika.

Figur 2.5 Stor artsrikdom i fangsten på tokt utanfor Nordvest-Afrika.

Foto: Erik Olsen, Havforskingsinstituttet.

Statsminister Jonas Gahr Støre leier, saman med presidenten i Palau, det internasjonale Havpanelet, som vart oppretta i 2018. Fram til 2025 er panelet i ein implementeringsfase. Hovudmålet i Havpanelet er å få til berekraftig forvalting av dei økonomiske sonene til kyststatane. Havpanelet støttar målet om 30 prosent vern og bevaring av hav- og kystområde, eit mål som konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) òg vedtok i partsmøtet i desember 2022. Her utgjer fiskeritiltaka framleis viktige bidrag til bevaring.

Fiskeriaktivitet og miljøpåverknad

Fiskeriaktivitet får mykje negativ merksemd i ulike internasjonale samanhengar, iblant med rette. Men når det gjeld Noreg, er vi blant dei fremste i å utvikle berekraftig fiskeri, skjerme sårbare botnhabitat og setje kvoteråd baserte på vitskaplege råd. FAOs statistikk viser framleis ein svak auke i globalt overfiske. Internasjonal kritikk er dels ein kompetansestrid om kva verkemiddel som eignar seg best til bevaring og bruk. Trass i mange internasjonale vedtak og avtalar dei siste tiåra, er etterlevinga av avtalane framleis svært ujamn mellom statane. Når statar og sektorar ikkje evnar å etterleve, foreslår andre at løysinga må bli vern av sjø- og havareal mot mellom anna fiske og klimaendringar.

Noreg nyttar kunnskap og erfaring for å arbeide for ei betre regional og statleg fiskeriforvalting nær der utfordringane oppstår, og der løysingane òg ligg. Etter mykje merksemd kring skadar frå fiske på havbotnen, har ei rekkje FN-resolusjonar bede FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) og dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane redusere skadeverknader på sårbare botnhabitat. Revisjonen FN gjorde av dette i 2022, viste gode resultat for dei områda norske fartøy fiskar i. Globalt er det tillate botnfiske i berre 1 prosent av arealet utanfor nasjonal jurisdiksjon. Meir enn 19 internasjonale avtalar og instrument regulerer djuphavsfiske utanfor nasjonal jurisdiksjon. I tillegg har fiskeriforvaltingsorganisasjonane som Noreg er medlem i, vedteke arealbaserte stengingar mot botnfiskeri for å verne sårbare marine økosystem på havbotnen, der den viktigaste for Noreg er Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC, sjå kapittel 3.4.1).

Tapte fiskereiskapar kan halde fram med å fiske i mange år etter at dei er tapte. Dette blir kalla «spøkjelsesfiske» og fører til skjulte og uønskte uttak av fiskeressursar og skaldyr. Tapte reiskapar er òg ei av dei største kjeldene til plastforureining frå fiskeria. Yrkesfiskarar er forplikta til å sokne etter tapt reiskap. Dersom dei ikkje finn igjen reiskapen, må dette rapporterast. Fiskeridirektoratet har sidan tidleg i 1980-åra gjennomført årlege oppryddingstokt langs Norskekysten, og tokta blir stadig utvida, til dømes til også å omfatte snøkrabbefiske i Svalbardsona. Nyare kunnskap viser at områda innanfor grunnlina har større mengder tapte fiskereiskapar enn ein tidlegare trudde. I 2021 vart det gjennomført ei oppreinsking av tapte og attståande fiskereiskapar innanfor strekninga Ålesund–Kirkenes. Totalt var det teke opp 1 029 garn, cirka 78 600 meter line, om lag 15 400 meter med tauverk, om lag 3 000 meter med trålwire, diverse komponentdelar frå trål, snurrevad og snurpenot, og dessutan betydelege mengder med bøyer og anker. Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet har foreslått å innføre eit generelt avfallsgebyr i alle hamner for å finansiere kostnader til å handtere oppfiska avfall. Tanken er at gebyret skal erstatte ordninga med miljøprosjektet Fishing for Litter, som tidlegare har fått støtte frå fiskeriforvaltinga.

Miljøavtalar

Under konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) vart det ved partsmøtet COP15 i desember 2022 vedteke eit nytt globalt rammeverk med ulike handlingsmål fram mot 2030. Rammeverket, som òg blir kalla naturavtalen, inneheld mellom anna 30 prosent marin bevaring gjennom verneområde og dessutan andre arealmessige tiltak som skal ha som verknad å hegne om naturverdiar og økologisk mangfald (såkalla OECM-tiltak). Noreg har stadfesta mange slike arealbaserte tiltak for bevaring gjennom fiskerilovgjevinga. Departementet arbeider for å gjere dei synlege i det internasjonale arbeidet med å ta vare på det marine miljøet.

CBD, konvensjonen om internasjonal handel med trua plante- og dyreartar (CITES) og konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen), er alle døme på globale miljøavtalar som får verknad for forvaltinga av kommersielle fiskeartar. Mellom anna har konvensjonane verna seintveksande migrerande artar som haiar og skater. Både FNs klimakonvensjon og EUs nye biodiversitetsstrategi under «Green Deal» kan få innverknad på hav- og fiskeriforvalting. Det same gjeld arbeidet EU gjer med å utvikle ein taksonomi. Taksonomiforordninga er EØS-relevant og blir gjennomført i norsk rett, jf. lov 22. desember 2021 om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer. Lova tok til å gjelde 1. januar 2023. Taksonomien etablerer rammeverket for eit klassifiseringssystem (ein taksonomi) for berekraftig økonomisk aktivitet og vil òg omfatte fiskeri- og havbruksnæringa.

Generalforsamlinga i FN vart i 2023 samd om ein ny juridisk bindande havmiljøavtale for internasjonale havområde (etterlevingsavtale) under havrettskonvensjonen (kalla BBNJ). Avtalen vil regulere utnytting av marine genetiske ressursar, etablering av marine verneområde, konsekvensutgreiingar og kapasitetsbygging i utviklingsland. Avtalen skal komplettere eksisterande avtalar, til dømes under FNs internasjonale maritime organisasjon (IMO), og dei eksisterande implementeringsavtalane under havrettskonvensjonen, medrekna FN-avtalen om fiske på det opne havet (UNFSA) og regelverk under den internasjonale havbotnmyndigheita (mineralressursar). Avtalen set òg krav til utgreiing av konsekvensar frå tiltak i nasjonale soner som kan gje negativ påverknad ut i internasjonale farvatn. Han trer i kraft etter at 60 partar har ratifisert. Med den nye avtalen er det von om eit forbetra samarbeid på tvers av sektorar.

Regionale løysingar

NEAFC og konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet (OSPAR) har oppretta beskytta område (engelsk: Marine Protected Areas) i internasjonalt farvatn. NEAFC har sidan 2004 stengt stadig nye område for fiske, og desse områda dekkjer no eit areal større enn Storbritannia og Irland til saman. I 2008 oppretta dei to organisasjonane eit formelt samarbeid, og til saman regulerer dei ei rekkje ulike aktivitetar. Samarbeidet utgjer ein modell for andre regionar og syner at mange utfordringar må og kan løysast på regionalt nivå. Men ein del andre statar tek til orde for globale løysingar med mellom anna utpeiking av verneområde frå FN sentralt, slik det mellom anna har komme fram i forhandlingane om ein ny havavtale.

Andre arealtiltak

Fiskeriforvaltinga har gjennom eit par tiår sett i verk andre tiltak for å beskytte ressursane, til dømes forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og stenging av fiskefelt og arealbaserte reguleringar (som korallvern og forbod mot botnfiske). Til saman medverkar alle dei nemnde tiltaka til eit viktig vern eller bevaring for sårbare marine område og økosystem. Havforskingsinstituttet evaluerte i 2023 alle reguleringar basert på CBD sine «OECM-kriterium», og dermed har Noreg beskytta om lag 44 prosent av dei norske havområda med såkalla effektive arealbaserte tiltak frå fiskeriforvaltinga. Det er få eller ingen andre sektoraktivitetar i desse områda. I tillegg har Noreg innført andre tiltak enn dei som er nemnde ovanfor. Til dømes har Noreg òg stengt 14 gytefelt i Oslofjorden for alt fiske av omsyn til kysttorsken i tida då fisken gyter. Både i media og gjennom enkelte fagartiklar kan ein få inntrykk av at fiske på det opne havet er uregulert, og at det er fritt fram for fiskarane å gjere som dei vil. Dette er ikkje tilfellet. Havrettskonvensjonen og underliggjande avtalar gjev klare reglar for utøvinga av fiskeriaktivitet på det opne havet. God forvalting er likevel avhengig av at alle statane gjer dei pliktene dei har teke på seg internasjonalt, og gjennom deltaking i internasjonale forum jobbar Noreg kontinuerleg med å oppmode til dette.

2.4 Kontroll og handheving

2.4.1 Internasjonalt samarbeid om kontroll og kamp mot fiskerikriminalitet

Ei berekraftig hausting av fiskeressursane krev at ein kan regulere den totale fiskeriaktiviteten, at ein har kontroll med det faktiske fisket, og at manglande etterleving handhevast. Å styrkje etterlevinga av fiskeriregelverket og førebyggje og kjempe mot fiskerikriminalitet er utfordrande og krev stor grad av internasjonalt samarbeid fordi fiskefartøya opererer innanfor jurisdiksjonsområda til mange ulike land og på det opne havet.

Det viser seg at ulovleg fiske i ein del tilfelle har bindeledd til anna organisert kriminell verksemd, som menneskehandel, kvitvask av pengar, skattesvik, korrupsjon og annan økonomisk kriminalitet. Det har dei seinare åra vore klart at den omfattande fiskerikriminaliteten må takast på alvor og handsamast på same viset som annan grensekryssande organisert kriminalitet. Internasjonalt arbeider Noreg hovudsakleg med FN-kontoret mot narkotika og kriminalitet og FN sitt utviklingsprogram på dette området, og Noreg støttar arbeidet begge organisasjonane gjer mot fiskerikriminalitet.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for fiskerikontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Saman utarbeider dei nasjonale strategiske og operative risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane blir sette inn der behova er størst. Ein arbeider òg tverretatleg med Skatteetaten, Tolletaten, Justervesenet og fleire andre etatar. Politiet og påtalemakta har ansvar for å etterforske og straffeforfølgje fiskerikriminalitet. For forhold utanfor territorialgrensa har statsadvokatane i Rogaland og Troms og Finnmark eit overordna påtaleansvar. Økokrim har i 2023 styrkt innsatsen mot fiskerikriminalitet.

Figur 2.6 Fiskeridirektoratet har kvart år øvingar i frigjering av kval som går i fiskereiskapar. Her under ei øving der både Kystvakta og Tromsø Brannvesen er med.

Figur 2.6 Fiskeridirektoratet har kvart år øvingar i frigjering av kval som går i fiskereiskapar. Her under ei øving der både Kystvakta og Tromsø Brannvesen er med.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet.

Kontrollsamarbeid med andre land

Kontrollsamarbeid er ein integrert del av fiskeriavtalane mellom Noreg, EU og Storbritannia og fiskeriavtalen med Russland. Formålet med kontrollsamarbeidet er å sikre like konkurransevilkår ved at kontrolltiltaka så langt som mogleg er samordna mellom landa. Det finst mellom anna ei eige arbeidsgruppe for samordning av kontrolltiltak i Nordsjøen.

Noreg har tosidige avtalar om kontrollsamarbeid med alle land som har interesser i norske havområde. Kontrollavtalane inneber at partane skal samarbeide om å redusere ulovleg fiske, og omfattar mellom anna rapportering av landingar av fisk frå fartøy frå tredjeland.

I kombinasjon med hamnestatskontrollavtalen har dei tosidige kontrollavtalane vore viktige for nedgangen i UUU-fiske i Nordaust-Atlanteren (sjå kapittel 2.4.2). Ikkje minst har det norsk-russiske kontrollsamarbeidet vore viktig for å få bukt med det ulovlege fisket i Barentshavet. Noreg og Russland utvekslar mellom anna kvoteoversikter og landingsstatistikk gjennom året. Kring årsskiftet gjennomfører partane felles analysar av totaluttaket og uttak knytte til enkeltfartøy. Noreg og Russland utvekslar òg inspektørar som observatørar ved kontrollar på havet.

Posisjonsrapportering og elektronisk fangstrapportering er viktige element i kampen mot ulovleg fiske og organisert kriminalitet i fiskerisektoren. Det ligg føre avtalar om posisjonsrapportering mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren. Desse avtalane reviderer ein no for å gå over på ein ny global standard for utveksling av data (UN CEFACT/FLUX). Noreg fekk i 2022 gjennomslag i FAOs fiskeriorganisasjon COFI for å setje i verk eit arbeid for globale krav om posisjonsrapportering. Første trinn i arbeidet er at det skal gjennomførast ein global studie for å avdekkje statusen for eksisterande krav om posisjonsrapportering verda over.

Noreg har avtalar om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata med EU, Island og Færøyane ved fiske i kvarandre sine soner. Det er inngått tilsvarande avtale med Russland, men det er førebels ikkje bestemt når avtalen med Russland vil tre i kraft.

Noreg var òg ein pådrivar for den nye kontrollavtalen for pelagisk fiske i Nordaust-Atlanteren som kom på plass hausten 2022. Gjennom avtalen mellom Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og UK forpliktar partane seg til å innføre ei rekkje felles kontrolltiltak og harmonisere dei nasjonale regelverka for å sikre ei felles, korrekt registrering av fangstar og landingar av makrell, NVG-sild, kolmule og hestemakrell innan 1. januar 2026.

Noreg er òg ein aktiv part i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar) der utvikling av harmoniserte kontrolltiltak er sentralt, mellom anna utvikling av regulering og kontroll av omlastingsaktivitet basert på FNs nye frivillige retningsliner for regulering og kontroll av omlastingsaktivitet.

Figur 2.7 Fiskeridirektoratets fartøy «Fjorgyn» på kontroll på snurrevadfisket i Lofoten.

Figur 2.7 Fiskeridirektoratets fartøy «Fjorgyn» på kontroll på snurrevadfisket i Lofoten.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet.

Internasjonale erklæringar mot fiskerikriminalitet

Alle fiskeriresolusjonar frå Generalforsamlinga i FN frå 2008 peiker på at det kan vere sambandsliner mellom ulovleg fiske og annan grensekryssande organisert kriminalitet.

Blå rettferd-initiativet

I 2017 tok Noreg initiativ til den første regionale ministererklæringa mot organisert kriminalitet i fiskerinæringa i verda. Erklæringa vart vedteken av alle dei nordiske ministrane i Ålesund same året. Noreg og Norden har hausta anerkjenning frå ei rekkje land og internasjonale organisasjonar for å gå føre og vere pådrivar på dette feltet. Inspirert av den nordiske erklæringa tok Noreg initiativ til ei internasjonal ministererklæring om same temaet under ein konferanse om fiskerikriminalitet som vart arrangert i København i 2018.

Då erklæringa vart vedteken, vart ho støtta av ni land, som òg oppmoda andre land om å støtte henne. I 2023 fekk erklæringa 10 nye tilslutningar og er no støtta av 60 land.

Figur 2.8 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim taler under Blue Justice-konferansen.

Figur 2.8 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim taler under Blue Justice-konferansen.

Foto: FNs utviklingsprogram.

Som ei vidareføring av Noregs internasjonale arbeid mot fiskerikriminalitet lanserte Noreg Blå rettferd-initiativet (Blue Justice Initiative), som mellom anna skal følgje opp og styrkje utviklingslanda i kampen deira mot grensekryssande organisert fiskerikriminalitet. Blå rettferd-initiativet er eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet.

Gjennom Blå rettferd-initiativet hjelper Noreg utviklingsland med å handtere fiskerikriminalitet og koordinere ein felles innsats mot denne aktiviteten. Nærings- og fiskeridepartementet har gjeve tilskot til prosjekt i FNs utviklingsprogram i 2023 til å støtte opp om initiativet.

Nordisk ministerråd støtter òg NA-FIG (North Atlantic Fisheries Intelligence Group) ved å finansiere prosjektet Blue Justice Nordic for perioden 2024–2026, som skal følgje opp den nordiske fiskekrimerklæringa for å styrkje tverretatleg samarbeid mellom dei nordiske landa.

Basert på den norske løysinga i den lukka delen av BarentsWatch har Noreg utvikla «Blue Justice Community», ei sikker, digital plattform for samhandling i arbeidet mot grensekryssande fiskerikriminalitet. FNs utviklingsprogram (UNDP) bidreg med å administrere plattforma. I 2021 vart det oppretta ei internasjonal sporingseining som Fiskeridirektoratet driv i samarbeid med Kystverket. Eininga er ein del av analyseeininga til Fiskeridirektoratet og Kystverket og er lokalisert ved Sjøtrafikksentralen i Vardø. Formålet med eininga er å drive med fartøysporing og å dele denne informasjon med utviklingsland gjennom den digitale samhandlingsplattforma «Blue Justice Community».

Boks 2.2 Lansering av globalt havovervakingsprogram

I 2023 lanserte regjering eit globalt havovervakingsprogram mot fiskerikriminalitet i Blue Justice-initiativet. Over ein tredel av alle kyststatane i verda skal no få tilgang til satellittdata og kompetanse frå Noreg som dei kan bruke til å overvake eigne havområde og avdekkje fiskerikriminalitet. Noreg vil i 2024 dele overvakingsdata frå norske satellittar med alle landa som deltek i samarbeidet. Landa får informasjonen kostnadsfritt og kan dermed gjennomføre analysar sjølve og avdekkje fiskerikriminalitet. Dei kan òg få gratis hjelp frå den norske sporingseininga i Vardø, som er bemanna med analytikarar frå Kystverket og Fiskeridirektoratet.

Figur 2.9 Norsat-3 er ein av dei norske satellittane som blir brukt i det nye havovervakings- programmet.

Figur 2.9 Norsat-3 er ein av dei norske satellittane som blir brukt i det nye havovervakings- programmet.

Foto: Norsk Romsenter.

2.4.2 Samarbeid for at statane skal oppfylle dei internasjonale fiskeripliktene sine (kampen mot UUU-fiske)

FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) estimerer at om lag 15 prosent av all fangst er fiska ulovleg, noko som dermed er eit alvorleg trugsmål mot fiskeressursane. Arbeidet med å fremje fiskeriplikter flaggstatane har på det opne havet og i dei økonomiske sonene til andre kyststatar, og arbeidet med å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) står difor høgt på dagsordenen i kontrollsamarbeidet Noreg har med andre land, i FAO og i dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane.

Svartelister og hamnestatskontroll

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane er viktige aktørar i arbeidet med å hindre UUU-fiske av fartøy registrerte i flaggstatar som ikkje oppfyller dei internasjonale fiskeripliktene sine. Noreg har vore ein pådrivar for å få organisasjonane vi er medlem av, til å opprette svartelister over fartøya til desse flaggstatane som driv UUU-fiske.

Fordi fartøy som driv UUU-fiske er fjernfiskefartøy som opererer globalt, og fangsten gjerne blir landa utanfor området der fangsten vart teken, har Noreg òg arbeidd for at ulike RFMO-ar skal godta kvarandre sine UUU-lister. NEAFC fører til dømes i dag fartøy på svartelista si dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske.

Den internasjonale avtalen om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske (hamnestatsavtalen), skal bidra til betre kontroll med fisket gjennom mellom anna eit meir aktivt samarbeid med flaggstaten ved landing av fisk i hamn. Avtalen vart vedteken 22. november 2009 og vart gjeldande 16. juni 2016. Noreg er ein av 74 statar og organisasjonar (inkludert EU på vegner av dei 27 medlemslanda) som har ratifisert avtalen, og arbeider for at fleire statar skal slutte seg til.

Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir send til hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske. I NEAFC blir det òg kravd at flaggstaten stadfestar opplysningane frå fartøyet.

Noreg har arbeidd aktivt for at RFMO-ane skal vedta reglar om hamnestatskontroll, og for at desse reglane skal utvidast i samsvar med den globale avtalen. Både NEAFC, NAFO, CCAMLR og ICCAT har vedteke reguleringar om hamnestatskontroll.

Globale retningsliner om flaggstatsansvar

Som eit viktig ledd i kampen mot UUU-fiske vedtok FAO sin fiskerikomité (COFI) globale retningsliner for flaggstatsansvar i juni 2014. Retningslinene inneheld mellom anna kriterium for evaluering av flaggstaten og eit kapittel om samarbeid mellom flaggstatar og kyststatar.

Retningslinene er ikkje folkerettsleg bindande og skaper dermed ikkje nye plikter for statane, men konkretiserer korleis ansvarlege flaggstatar bør opptre. Dei kan vere til hjelp for statar som ønskjer å ta ansvar som flaggstat, og bidra til å identifisere statar som ikkje opptrer ansvarleg. Noreg gjennomførte i 2018 ei slik sjølvevaluering. Evalueringa viste at Noreg i hovudsak har oppfylt dei krava som vi har bunde oss til.

Globale retningsliner om omlasting

FAOs fiskerikomité (COFI) vedtok i 2022 globale retningsliner for omlasting. Retningslinene er ein av fleire delar under FAOs arbeid med vidareutvikling av FAOs Code of Conduct for Responsible Fisheries. Retningslinene omhandlar regulering, overvaking og kontroll av omlasting av fisk og andre marine ressursar. Formålet er å leggje til rette for at enkeltland, regionale fiskerisamskipnader og andre typar mellomstatlege organisasjonar med kompetanse til å fastsetje omlastingsregelverk, kan gjere det i tråd med ein akseptert internasjonal standard.

Marknadstiltak – fangstsertifikat

Stadig fleire myndigheiter stiller krav om at importert villfanga fisk skal følgjast av eit offentleg utferda fangstsertifikat. Ansvaret for utferding av fangstsertifikat er i Noreg lagt til fiskesalslaga som ein del av kontrolloppgåvene deira. Det er oppretta eit felles selskap, Catch Certificate SA, som løyser oppgåva på vegner av salslaga. Selskapet utferdar om lag 40 000 sertifikat om året.

EU har hatt krav om fangstsertifikat for importert villfisk sidan 2010, og det er seinare inngått avtalar på myndigheitsnivå med Ukraina, Serbia og Storbritannia. Japan har i fleire år kravd fangstsertifikat ved import av krabbar, og frå 2023 vart den japanske ordninga utvida til å omfatte fleire artar, mellom anna makrell.

Tunfiskorganisasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. CCAMLR har òg eit system for elektroniske fangstsertifikat for tannfisk.

Fiskeridirektoratet er ansvarleg for å verifisere opplysningane på sertifikata, på førespurnad frå importland som krev sertifikat.

2.5 Anna internasjonalt fiskerisamarbeid

2.5.1 Fisk er mat

Tilgang til mat er ein viktig menneskerett, og fattigdom, matmangel og svolt er uløyseleg knytte saman. Det er òg reflektert i FNs berekraftsmål.

Etter berekraftsmål nummer 2 er alle land forplikta til å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig matproduksjon›.4 Generalforsamlinga i FN har peikt på at global matsikkerheit er den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Alle berekraftsmåla til FN heng saman og går over i kvarandre, og utfordrar difor forvaltinga på tvers av sektorar. Arbeidet med målet om matsikkerheit og ernæring (mål 2) heng òg saman med andre mål, som måla om helse og livskvalitet (mål 3), reduksjon i matsvinn (mål 12), livet under vatn (mål 14) og å utrydde fattigdom (mål 1).

Noreg har lagt særleg vekt på havet som matfat i relevante globale forum dei seinare åra. Dette har vore eit langsiktig arbeid som smått om senn har byrja å gje resultat. Debatten om hav, fiskeri og akvakultur har tradisjonelt handla om økonomi eller miljø, medan bidraget til matsikkerheit og ernæring har vore mindre vektlagt. Dette har òg FN-komiteen for global matsikkerheit peikt på, og dei tilrår at mat frå havet må vere med i utforminga av ernærings- og matpolitikk, og at matsikkerheit og ernæring må vere del av fiskeri- og akvakulturpolitikken. FNs fiskeriresolusjon peikte seinast i 2023 på den aukande betydinga sjømaten har for ernæring og helse og i kampen mot fattigdom. Rapporten frå Havpanelet, The Future food from the sea (2019), understreka òg potensialet som ligg i havet med omsyn til betre ernæring og redusert klimabelastning. Fisk inneheld ei rekkje viktige næringsstoff som kan hindre mangel på viktige mineral og vitamin, og mange av desse er det lite av i annan mat. Den merksemda Noreg har retta mot mat frå havet og kva han har å seie for matsikkerheit og ernæring, har bidrege til at datakvalitet i matvaredatabasar har blitt sterkare vektlagd, til dømes gjennom samarbeid med FAO for å oppdatere dataa om næringsinnhald i akvatisk mat i INFOODS (International Network of Food Data Systems).

I tillegg til at norsk fiskeri- og havbruksnæring bidreg direkte med mat, bidreg Noreg med kompetanse og kunnskap om teknologi, berekraftig forvalting, kontroll, produksjon og kunnskap om samanhengen mellom sjømat, ernæring og helse.

Potensialet for produksjon frå havet er undervurdert og underutnytta. Utfordringa har vore å få etablert ei politisk erkjenning av at auka produksjon av fisk er eit viktig bidrag i arbeidet for matsikkerheit og ernæring. Det har òg vore eit mål å få fram kunnskap om verdien av mat frå havet i eit sunt kosthald, og at forvaltinga av havet må ta omsyn til havet som matfat.

Figur 2.10 Den marokkanske PhD-studenten Chaimaa Jamal med interessant fangst.

Figur 2.10 Den marokkanske PhD-studenten Chaimaa Jamal med interessant fangst.

Foto: Erik Olsen, Havforskingsinstituttet.

Generalforsamlinga i FN har erklært at tiåret 2016–2025 skal vere FNs ernæringstiår. WHO og FAO leier arbeidet, og eit av handlingsområda er «berekraftige og robuste matsystem for sunt kosthald». Under FNs havkonferanse i 2017 lovde Noreg å initiere eit globalt handlingsnettverk for den rolla berekraftig fiskeri- og akvakultur har for matsikkerheit og ernæring under FNs ernæringstiår. Under havkonferansen i 2022 lovde Noreg å halde fram med det globale handlingsnettverket til 2030 og sjå arbeidet med FNs ernæringstiår i samanheng med FN-tiåret for havforsking (2025–2030). Nettverket er etablert og har som mål å skape handling slik at akvatisk mat blir ein viktig nøkkel til matsikkerheit og ernæring under FNs ernæringstiår og i tråd med berekraftsmåla. Nettverket deler kunnskap om korleis ein kan sikre dei ulike elementa som må på plass for at fiskeri og akvakultur og mat frå blå sektor skal bidra til å tryggje matsikkerheita. Desse elementa er tilgang til mat (fysisk, økonomisk), nok mat (rike hav, berekraftig hausting og produksjon, matsvinn), trygg mat (reine hav, hygiene, framandstoff), sunn mat (næringsstoff, fôr), ernæringsmessige behov (sunt kosthald) og preferansar (kvalitet, produktutvikling, matvanar, kultur, omdømme). Nettverket har òg drøfta tema som behovet for meir kunnskap om hausting av mesopelagiske artar, og korleis produksjon av mat på hav og land kan sjåast i samanheng. Nettverket rapporterer aktiviteten sin til Generalforsamlinga i FN.

FN-toppmøtet om berekraftige matsystem5 (2021) understreka at for å sikre berekraft trengst ei total omlegging av måten vi produserer og konsumerer mat på. Under den oppfølgjande konferansen til FNs matsystemtoppmøte (UNFSS+2) i juli 2023 stod Norge og FAO med fleire for eit spesialarrangement om berekraftige akvatiske matsystem. Noreg arrangerte òg eit arrangement om berekraftige sjømatsystem i den nordiske paviljongen under FNs klimatoppmøte i Dubai i desember 2023. Det trengst ei heilskapleg tilnærming og samarbeid mellom ulike sektorar og aktørar som har ansvar for, og som påverkar dei ulike elementa for matsikkerheit. Det handlar om å vareta akvatiske matsystem – frå hausting og produksjon i reine, rike hav – fram til sunn og trygg mat frå havet blir seld og eten som del av eit sunt og klimavennleg kosthald (figur 2.11). Regjeringa vil fremje havet som eit viktig matfat og leggje til grunn og omtale at mat frå havet er ein viktig bidragsytar til berekraftige matsystem og matsikkerheit, inkludert i nasjonalt og internasjonalt arbeid om berekraftig forvalting av hav, akvakultur og fiskeri, matsikkerheit og ernæring.

Figur 2.11 Mat frå havet og matsikkerheitsarbeid.

Figur 2.11 Mat frå havet og matsikkerheitsarbeid.

Å redusere matsvinn er viktig for matsikkerheita. Frå norsk side har ein retta meir merksemd mot matsvinn (delmål 12.3). Det hjelper lite å produsere meir mat om ikkje maten når fram til forbrukarane eller er bederva på marknadsplassen. FAO har rekna ut at 35 prosent av all fisk som blir fiska og alt opp, går tapt. Det utgjer om lag 50 millionar tonn mat. Blå sektor tek del i bransjeavtalen mellom norske myndigheiter og næringsaktørane om halvering av matsvinn, i tråd med FNs berekraftsmål.

2.5.2 Utviklingssamarbeid

I norsk utviklingssamarbeid er fiskeri- og havressursforvalting eit prioritert tema. Eit reint og sunt hav er ein føresetnad for å oppnå betre levekår i kystsamfunn og ein inkluderande havøkonomi, og havet speler ei nøkkelrolle for å nå fleire av berekraftsmåla som er relevante i samband med dette.

For å nå berekraftsmåla jobbar vi saman med partnarlanda våre, multilaterale organisasjonar, sivilsamfunnsorganisasjonar og privat næringsliv.

Norsk havressursforvalting nyt stor respekt internasjonalt og har spelt ei sentral rolle i utforminga av internasjonale fiskeri- og havforvaltingsregelverk, inkludert avtalar og regelverk knytte til havrettslege tema som utvinning av mineral på havbotnen, botnfiske, hamnestatskontroll, utkast og bifangst. Noreg får difor mange førespurnader frå utviklingsland om å bidra til å utvikle fiskeri- og havbruksnæringa deira, og fleire norske institusjonar bidreg i utviklingssamarbeidet med andre land innanfor fiskeri- og havbistand.

I tillegg har Noreg vore ein pådrivar innanfor arbeidet mot marin forsøpling og har sidan 2014 vore leiande i det internasjonale arbeidet under FNs miljøprogram for å få fram ein ny global avtale for å motverke marin plastforsøpling og mikroplast.

«Fisk for utvikling»

Fiskeri- og oppdrettssektoren bidreg direkte til matsikkerheit, sysselsetjing, eksportinntekter og skatteinntekter. Ein styrkt sektor vil difor kunne gje betra tilgang til mat og kjempe mot fattigdom.

Noreg har sidan 1952 hjelpt utviklingsland innanfor fiskeri og akvakultur, og i 2017 vart programmet «Fisk for utvikling» etablert for å auke effekten av bistand knytt til berekraftig bruk av levande marine ressursar.

Programmet skal setje all norsk bistand til fiskeri- og akvakultur i samanheng, og bidra til berekraftig utvikling av fiskeri- og akvakultur i utviklingsland.

«Fisk for utvikling» er innretta i tre hovudkomponentar: 1) fiskeriforvalting, inkludert kampen mot ulovleg fiske, 2) utdanning og forsking, inkludert EAF-Nansenprogrammet, og 3) næringsutvikling, inkludert akvakultur.

EAF-Nansenprogrammet er sentralt i «Fisk for utvikling». I tillegg til dette har Noreg etablert fleire bilaterale samarbeid mellom anna i Colombia, Ghana og Sri Lanka, og har dessutan gjeve støtte til multilaterale organisasjonar og sivilsamfunnsorganisasjonar for å bidra til å styrkje utviklinga av fiskeri og akvakultur i utviklingsland.

«Hav for utvikling»

I 2019 vart bistandsprogrammet «Hav for utvikling» lansert som ei av dei norske forpliktingane under Our Ocean-konferansen i Oslo. Programmet skal bidra til at partnarlanda utviklar og styrkjer rammeverket sitt for berekraftig og heilskapleg havforvalting innanfor ramma av havretten.

«Hav for utvikling» er eit kunnskapsprogram med hovudvekt på fagleg samarbeid innan heilskapleg havforvalting og tverrsektoriell koordinering, men samstundes òg ei tematisk satsing som støttar prosjekt som bidreg til måla for programmet. Vidare skal programmet leggje til rette for samordning og felles formidling av Noregs havinnsats i utviklingssamarbeidet.

Noreg har inngått samarbeid om bilaterale program under «Hav for utvikling» mellom anna i Indonesia og Mosambik. Programma inneheld tema som havforvalting, forsking innanfor fiskeri, akvakultur og miljø og statistikk. I tillegg har Noreg inngått avtalar med sivilsamfunn og multilaterale organisasjonar for å styrkje kapasiteten til utviklingsland når det gjeld havforvalting.

Boks 2.3 EAF-Nansenprogrammet

Nansenprogrammet (seinare EAF-Nansenprogrammet) har vore ein hjørnestein i norsk fiskeriutviklingssamarbeid heilt sidan 1970-åra. Programmet er tufta på ein avtale inngått med FAO om at Noreg skulle stille til disposisjon og drifte eit fiskeriforskingsfartøy. Skipet, som fører både norsk flagg og FN-flagg, utgjer hovudverktøyet for ressursprogrammet. Sidan 1975 har over 60 land i Afrika, Asia, Mellom-Amerika og Sør-Amerika fått assistanse til kartlegging og overvaking av fiskeressursar og med opplæring og utdanning. For mange land har slik kartlegging gjeve eit særs viktig datagrunnlag for berekraftig fiskeriforvalting og investeringsplanar i flåte og industri. Ressurskartlegginga frå EAF-Nansenprogrammet er i fleire område dei einaste bestandsoversiktene som eksisterer.

I tråd med moderne krav til fiskeriforvalting har programmet endra seg og utvikla seg i retning av ei økosystembasert fiskeriforvalting (engelsk: Ecosystem Approach to Fisheries, EAF). I desember 2023 vart det signert eit addendum for ein ny fase i programmet 2024–2028 med ei total ramme på nesten 1 milliard kroner. I den nye fasen blir det lagt opp til å styrkje innsatsen som er direkte relatert til mattryggleik og fiskeriforvalting. Eksterne faktorar for havmiljøet er framheva, inkludert korleis klimaendringar påverkar fiskeria. I tillegg blir fiskeria sette inn i ein breiare havforvaltingskontekst.

Hovudoppgåvene til EAF-Nansenprogrammet er

  • å auke kunnskapen om dei marine økosystema og korleis negative drivkrefter som dårleg fiskeriforvalting, forureining og klimaendringar påverkar økosystema

  • å styrkje evnene samarbeidslanda har til å forvalte dei marine ressursane og økosystema for å snu negative trendar og auke fiskeproduksjonen, og samstundes betre handtere utfordringar som kjem av klimaendringar og forureining

  • å utvikle den institusjonelle og menneskelege kapasiteten samarbeidslanda har i fiskeriforsking og -forvalting, inkludert effektiv deltaking frå kvinner i alle programaktivitetar

  • styrkje kapasiteten landa har til sjølve å handsame, analysere og bruke data som blir innhenta frå tokt med «F/F Dr. Fridtjof Nansen»

  • hjelpe samarbeidslanda med utforming av politikk og institusjonelle og forvaltingsmessige rammeverk for å fremje berekrafta i dei marine økosystema

  • betre samarbeidet mellom ulike sider av forvaltinga for samsvar i eigen politikk som fremjar iverksetjing av forvaltingstiltak

  • regionalt samarbeid om felles havområde og ressursar

Ansvaret for planlegging, økonomi, gjennomføring og rapportering under EAF-Nansenprogrammet ligg hos FAO. Havforskingsinstituttet i Noreg er ansvarleg for drifta av forskingsfartøyet og hovudansvarleg for den vitskaplege delen av programmet, medan Fiskeridirektoratet bidreg med kapasitetsbygging på fiskeriforvaltingsområdet. Det første fartøyet, «F/F Dr. Fridtjof Nansen», vart bygd i 1974. Fartøyet vart erstatta av eit nytt i 1993. I 2016 vart dette skipet overteke av Nærings- og fiskeridepartementet og etter ei omfattande oppussing innlemma i den norske forskingsflåten. Det tredje «Dr. Fridtjof Nansen» vart bygd i Spania og levert i januar 2017.

Figur 2.12 Forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen» er det tredje fartøyet i rekkja som er bygd for bistandsprosjekt i Afrika og Asia.

Figur 2.12 Forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen» er det tredje fartøyet i rekkja som er bygd for bistandsprosjekt i Afrika og Asia.

Foto: Ove Remme, Havforskingsinstituttet.

Bistandsprogrammet mot marin forsøpling og mikroplast

I 2018 lanserte norske styresmakter bistandsprogrammet mot marin forsøpling og mikroplast, som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål 14.1 – som er at verda innan 2025 skal forhindre, og i betydeleg grad redusere, alle former for havforureining. Programmet har som formål å førebyggje og kraftig redusere omfanget av marin forsøpling frå store kjelder i utviklingsland.

Programmet har støtta ei rekkje ulike tiltak i folkerike og økonomisk raskt veksande asiatiske land med lange kystliner, og dessutan veksande afrikanske økonomiar og små øystatar. Prosjekta har mellom anna fokusert på betring av avfallshandtering, styrking av globale forpliktingar og nasjonale og regionale verkemiddel og å styrkje eigeninnsatsen til næringslivet.

Programmet har òg støtta tiltak mot marin forsøpling frå skipsfart og fiskeri, særleg gjennom GloLitter-prosjektet med FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO).

2.5.3 Anna tosidig fiskerisamarbeid

Norske fiskeristyresmakter har tosidige samarbeidsavtalar med fleire land, såkalla MoU-ar (engelsk: Memorandum of Understanding). Avtalane med USA og Canada er dei med mest aktivitet.

Basert på MoU-ane har Noreg årlege møte med fiskeristyresmaktene i USA og Canada. Møta gjev høve til å drøfte saker der det er usemje, og til å diskutere initiativ og samarbeid i internasjonale fora som FAO, OECD og WTO og i aktuelle RFMO-ar. Dei siste åra har det vore avgrensa høve til å gjennomføre fysiske MoU-møte som følgje av covid-19.

I det tosidige forholdet med USA er det særleg spørsmål om UUU-fiske og oppfølging av vedtak i internasjonale forum som FAO og forskingssamarbeid som står sentralt. Dei siste åra har amerikanske styresmakter innført regelverk som kan påverke tilgangen andre land har til marknaden for sjømat. Dette er dels motivert av ønske om å kjempe mot UUU-fiske, dels for å få andre land til å redusere bifangsten av sjøpattedyr i kommersielt fiske. Frå norsk side har ein innvendingar mot måten USA har gått fram på i desse sakene.

I det bilaterale samarbeidet med Canada blir det mellom anna fokusert på å følgje opp vedtak i internasjonale forum av gjensidig interesse. Begge statar har geografisk nærleik til arktiske strøk, og problemstillingar knytte til ressursutnytting i Arktis er difor nokre av sakene som blir drøfta jamleg i dei bilaterale møta.

Fotnotar

1.

CLCS – Commission on the Limits of the Continental Shelf.

2.

Artar som på stadiet då dei kan utnyttast, anten er urørlege på eller under havbotnen, eller som ikkje kan røre på seg utan å konstant ha kontakt med havbotnen.

3.

NEAFC, NAFO, ICCAT og CCAMLR.

4.

Landbruk inkluderer i denne samanhengen fiskeri og akvakultur.

5.

Berekraftige matsystem skal sørgje for matsikkerheit og god ernæring for alle og sikre det økonomiske, sosiale og miljømessige grunnlaget for matsikkerheit og ernæring for framtidige generasjonar. Det omfattar alle aktørar. Matsystem knyter faktorar som klima, miljø, infrastruktur og institusjonar saman med verdikjeda for mat. Det omfattar matproduksjon, vidareforedling, distribusjon, sal og konsum, i tillegg til den sosioøkonomiske og miljømessige effekten systemet har på omgjevnadene.

Til forsida