Meld. St. 11 (2022–2023)

Noregs fiskeriavtalar for 2023 og fisket etter avtalane i 2021 og 2022

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2022 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 40,1 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Vi deler rundt 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei øko-systembasert tilnærming;

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis fire typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, trepartsavtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg har òg ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærare presenterte i kapittel 3.

I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2022, er rekna ut til å vere om lag 61 milliardar kroner1. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 19,5 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2022. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane i 2022.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2022.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2022.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2022 ein verdi på om lag 8,9 milliardar kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 30 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på om lag 3,6 milliardar kroner i 2022. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 7 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for om lag 1 prosent av dei samla verdiane i 2022.

1.1 Fiskeriavtalane for 2023

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2020–2023. Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2020–2023 for viktige bestandar for Noreg (tonn).

Figur 1.3 Totalkvotar i 2020–2023 for viktige bestandar for Noreg (tonn).

1 Torsk i Barentshavet er inklusive norsk kysttorsk. Kolmule/NVG-sild/makrell: Det har ikkje vore semje om fordeling av totalkvoten i åra 2020–2023, så summen unilaterale kvotar er høgare enn totalkvoten gjeven opp i figuren.

Avtalen med Russland

Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands militære angrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar, og i tillegg suspendert all politisk kontakt med Russland. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting. Samarbeidet bidreg også til å halde ved lag stabiliteten i nord. Dette er av stor betydning, òg for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtaler med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2023 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.

Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysebestandane blir delte likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er 20 prosent lågare enn i 2022. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er redusert med om lag 5 prosent frå 2022. Noreg og Russland vedtok også kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot. Det vart bestemt å opne for eit loddefiske i 2023 innanfor ein totalkvote på 62 000 tonn, i tråd med forvaltingsregelen. Den norske delen utgjer 36 900 tonn. Dette er andre året på rad at det blir opna for eit loddefiske.

Noreg og Russland er samde om å føre vidare arbeidet i analysegruppa i 2023, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet.

Avtalen med EU og Storbritannia

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU 28. februar 2020 og frå 1. januar 2021 stod fram på nytt som ein sjølvstendig kyststat, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Noreg og EU, delte mellom tre partar. Totalkvotar (TAC) og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild blir difor fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.

Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og farvatna til EU skjer etter separate avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.

Trepartsavtalen om totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen vart underteikna 9. desember 2022.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten.

I tråd med rådgjevinga frå forskarane vart fleire kvotar auka i 2023. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.

Avtalane med EU

I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar og gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona den andre parten har i Nordsjøen.

I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord, i tillegg til lysing, reker og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande fiskemoglegheiter i eigne farvatn. Etter at Storbritannia ikkje lenger er medlem av EU, har dette bytet minska betydeleg i storleik. Frå EU bytar Noreg vanlegvis til seg kvotar på kolmule og ein del kvotar som kan fiskast i farvatna til Grønland. Dette omfattar mellom anna reker, lodde og blåkveite.

Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.

Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Noreg og EU har sidan oktober 2022 forhandla om avtalar for 2023, men desse er per 28. februar ikkje konkluderte.

Avtalen med Storbritannia

30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli samde om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). 24. november 2022 underteikna partane ein bilateral avtale om sonetilgang og kvotebyte for 2023. I denne avtalen får Noreg tilgang til å fiske noko av vår eigen nordsjøsildkvote i den økonomiske sona til Storbritannia, mot at Storbritannia får fiske norsk vårgytande sild i norsk farvatn. Partane vart også samde om å gje kvarandre gjensidig tilgang til å fiske opp til 30 000 tonn botnfisk. Partane utveksla i tillegg kvotar i Nordsjøen og i norsk sone i Barentshavet og i britisk sone utanom Nordsjøen.

Kyststatsavtalane

For tida er det ingen kyststatsavtalar om fordeling av dei store pelagiske bestandane makrell, NVG-sild og kolmule. Kyststatane vart hausten 2022 samde om å halde fram forhandlingar om fordeling for alle desse bestandane tidleg i 2023.

Makrell

Dei seinare åra har makrellen kommersielt sett vore ein av dei viktigaste bestandane for Noreg, nest etter torsken.

Makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra. Kyststatane vart hausten 2022 samde om at samla kvote for 2023 bør vere på 782 066 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES og inneber ein liten reduksjon frå kvoten for 2022.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell, som i 2018 vart forlengd ut 2020. Noreg hadde primært ønskt å føre vidare denne avtalen med fire partar etter at Storbritannia vart ein sjølvstendig kyststat i 2021. Storbritannia var ikkje villig til å føre vidare elementet om gjensidig løyve til å fiske i sonene til kvarandre, som var eitt av to hovudelement i det gamle avtaleverket og svært viktig for den norske flåten. Det var difor ikkje grunnlag for å inngå nokon ny avtale. Noreg har såleis, som dei andre partane, sett seg ein eigen einsidig kvote på 35 prosent av samla makrellkvote i 2021 og 2022. Storleiken på denne kvoten er basert på sonetilhøyrslerapportar som viser at makrellen har sonetilhøyrsle i norske farvatn. Så å seie heile denne kvoten vart fiska i norsk økonomisk sone i 2022.

Kyststatane starta forhandlingar om ei ny fordeling av makrellbestanden i februar og gjennomførte ei rekkje forhandlingsrundar, førebels utan å oppnå semje. Frå norsk side blir det lagt stor vekt på sonetilhøyrsla til makrellen, det vil seie kor lenge og kvor mykje makrellen oppheld seg i kvar økonomiske sone.

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda. Storbritannia, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til NVG-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet førte til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt, og fleire partar, mellom dei Noreg, har auka den prosentsatsen dei nyttar som grunnlag for fastsetjing av nasjonal kvote. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale. På kyststatsmøtet hausten 2022 var det, slik som i 2021, semje om å møtast igjen tidleg i 2023 for å halde fram med andelsforhandlingar.

For 2023 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 511 171 tonn. Sidan det ikkje er semje om fordelinga av andelar til statane, blir kvotane fastsette unilateralt av kvar enkelt stat. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om sonetilhøyrsla til NVG-silda har Noreg sett ein kvote for 2023 som inneber ein del på 76 prosent.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda vart oppdatert. I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å rekne ut sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten har sidan dette blitt oppdatert kvart år.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Etter initiativ frå EU utarbeidde partane for ein del år sidan ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten kravde EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del, og Island har òg dei seinare åra nytta ein høgare prosentsats. I kvotefastsetjinga si for 2023 har også Storbritannia nytta den same høgare satsen som EU.

Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men førebels har ikkje dette lykkast. På kyststatsmøtet hausten 2022 var det, på same måte som i 2021, semje om å møtast igjen tidleg i 2023 for å halde fram med andelsforhandlingar. Det var også semje om at rapporten om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden skal oppdaterast kvart år, som for sild.

I forhandlingane for 2023 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 1 359 629 tonn. TAC er basert på rådgjevinga frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES.

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Noreg er i dag medlem av fire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar i tillegg til i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partane og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2023 vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 108 226 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine internasjonalt. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 511 171 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, vart ikkje kyststatsforhandlingane fullførte i tide til årsmøtet. Makrellkvoten på 782 066 tonn vart difor vedteken ved postavrøysting i etterkant av årsmøtet. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

Forbodet mot fiske etter uer i Irmingerhavet vedteke under årsmøtet i 2021 gjeld også for 2023. Russland har reservert seg mot vedtaket, og det gjeld difor ikkje for fartøya deira. Partane vart ikkje samde om reguleringa av fisket etter uer i Norskehavet.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Mange av bestandane som blir forvalta av NAFO, er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar.

Rekefisket i område 3M er i dag regulert med eit fiskedøgnsregime, og ikkje TAC og kvotar som i andre fiskeri. Dette er ikkje lenger ein alminneleg forvaltingsmåte, og NAFO-partane har fleire gonger prøvd å bli samde om eit kvotesystem og fordeling av andelar. Dette har ein ikkje lykkast med. Partane møttest i 18. september 2022 for på ny å vurdere ein overgang til eit ordinært kvoteregime, men lykkast ikkje med å bli samde. Rekefisket i 3M er difor framleis underlagt fiskedøgnsregimet. På grunn av den dårlege tilstanden i rekebestanden i 3M, og i samsvar med vitskapleg råd om 0-fiske, vart det vedteke at rekefisket ikkje skulle gjenopnast.

Årsmøtet vedtok å auke torskekvoten til 6 100 tonn. Noreg argumenterte for ein kvote på ikkje meir enn 5 791 tonn, i tråd med kvoterådet.

Loddefisket er framleis stengt i 2023 i tråd med avgjerda til årsmøtet frå 2021.

NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 20 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. Revisjonen av NAFO-reguleringa om vern av sårbare marine økosystem vart ferdigstilt i 2021. Årsmøtet vedtok på denne bakgrunn ei vidareføring av stengde område fram til 2026 i tillegg til å stengje ytterlegare fem nye område.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har no klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd, og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Totalkvoten på austleg makrellstørje og den norske kvoteandelen har auka dei siste åra. I 2018 vedtok ICCAT ny forvaltingsplan for austleg makrellstørje. Den norske totalkvoten dei siste fire åra har vore på 300 tonn. Dette har gjeve fleire fartøy høve til å få delta i makrellstørjefiske i norske farvatn. I 2022 vart ny prosedyre for forvalting av makrellstørje i Atlanterhavet vedteken. Noreg forhandla seg fram til ein kvote på 368 tonn for 2023, som er ein auke på 68 tonn frå Noregs totalkvote i 2022. Noreg la under årsmøtet i 2022 fram forslag om å gjennomføre eit pilotprosjekt om levendelagring av makrellstørje, som vart vedteke. Dette inneber at Noreg kan gjennomføre pilotprosjektet i løpet av tre år og innanfor ein avgrensa del av den norske kvoten.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

CCAMLR fører vidare kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag skjer storparten av fisket i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og isforhold i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje kril fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av kril på mellom 230 000 og 280 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, det vil seie meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 50–60 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteken. Kvoten for 2023 blir sett i starten av året. Det vil vere mogleg å overføre eventuell ubrukt kvote frå 2022, noko som potensielt vil auke totalkvoten. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs handsaming av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangsttryggleik i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri. Det vart gjennomført eit fysisk årsmøte i NAMMCO i september 2022.

1.2 Fisket etter avtalane i 2021 og 2022

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2021 og 2022.

Utnyttingsgrad1

2021

2022

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

89 %

106 %

Hyse

86 %

98 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

91 %

106 %

Sei

68 %

92 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

101 %

102 %

Makrell

89 %

103 %

Kolmule

95 %

97 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote i det einskilde året. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.

Tilgangen til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Både Noreg og Russland nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år, medan hysekvoten ikkje er fullt utnytta av Noreg dei seinare åra. Russland fiskar ein betydeleg del av torskekvoten i norsk farvatn.

Noreg nyttar kvotane på torsk, sei og sild i Nordsjøen godt. Når det gjeld torskebestanden i Nordsjøen, var han i dårleg forfatning i 2021 og 2022, men har begynt å vekse igjen. Kvotane for 2021 og 2022 er 70 prosent lågare enn kvoten for 2018, som var den høgaste sidan 2002. Kvoten for 2023 er 63 prosent høgare enn kvoten for 2022. Ifølgje offisiell fangststatistikk har både EU og Storbritannia i dei seinare åra nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62° N.

Før Storbritannia gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. I 2021, etter brexit, vart kolmulekvoten i EU farvatn utnytta, men Noreg hadde ikkje kvotar for augepål og havbrisling i EU-farvatn. Norske linefartøy har tradisjonelt hatt eit betydeleg fiske av lange og brosme i britisk sone (som del av EU-sona), men fekk i 2021 ikkje tilgang til å fiske i dette området. For 2022 inngjekk Noreg ein avtale med Storbritannia om at kvar part får fiske opp til 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine soner. Det vart også avtalt byte av kvotar. I norsk økonomisk sone fekk Storbritannia kvotar på torsk i Barentshavet og nokre andre artar i Nordsjøen. Mot dette fekk Noreg kvotar, i hovudsak på lange og brosme, i britisk sone vest for 4° V.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. I loddefisket i Barentshavet var den norske kvoten liten, men godt utnytta. Når det gjeld loddefisket ved Grønland, Island og Jan Mayen, hadde Noreg sesongen 2021–2022 ein svært høg kvote. Førebels TAC auka frå 400 000 tonn til 904 200 tonn. 18. februar vart TAC redusert til 869 600 tonn, dette betydde ein norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar på 140 989 tonn, noko som er den høgaste kvoten sidan 1990-åra. Sesongen vart prega av mykje uvêr og dårlege fangstforhold. Med dei avgrensingane den norske flåten har i islandsk sone når det gjeld sørleg grense, avgrensingar på maksimalt tal på fartøy i sona samstundes, reiskap og siste fiskedato, greidde ikkje Noreg å utnytte den store kvoten. Det stod difor igjen 52 056 tonn lodde sesongen 2021–2022. Sesongen 2022–2023 vart fisket godt og Noreg nytta heile kvoten. Etter at det norske fisket var over blei TAC auka til 459 800 tonn.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.

Til forsida