Meld. St. 11 (2022–2023)

Noregs fiskeriavtalar for 2023 og fisket etter avtalane i 2021 og 2022

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

Dette kapittelet presenterer også fiskedødelegheita (for dei fleste bestandar for 2010–2019 og noverande verdi i perioden [2020–2021]) etter dagens forvaltingsplan (Fmgt), der det er på plass ein forvaltingsplan eller sist estimerte verdi av maksimalt langtidsutbyte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har blitt endra i den siste tiårsperioden for fleire av bestandane. På grunn av at ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga av bestanden seg, spesielt har det vore slik dei siste åra. Dette er illustrert i rådet frå ICES, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødelegheit og rekruttering). I tillegg til å vise effekten av nye data reflekterer desse figurane også metodeendringar.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2022 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Også hysebestanden står det greitt til med, og det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017. Bestanden minka noko att i 2018–2019, før han voks i 2020. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021 og opna igjen i 2022–2023.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Det står bra til med vågekval og grønlandssel i Barentshavet, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i dette området. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for grønlandssel er avtalt med Russland og omtalt i kapittel 3.2.1, medan kvoten for vågekval blir fastsett av Noreg basert på metodar utvikla i IWC, slik det er omtalt i kapittel 3.4.3. Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat både til lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i målingane til Havforskingsinstituttet gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Som følgje av Russlands invasjon av Ukraina vedtok ICES ein mellombels suspensjon av russiske delegatar, medlemmer og ekspertar i aktivitetane til ICES frå og med 30. mars 2022. Kvoteråda for fellesbestandar med Russland (torsk, hyse, snabeluer, lodde, reke) for 2023 vart difor utarbeidde av ei felles norsk-russisk forskargruppe (JRN-AFWG), som la til grunn eksisterande ICES-metodikk for desse bestandane. For blåkveite vart det ikkje laga noko slikt råd fordi ICES i 2021 gav kvoteråd for 2022 og 2023 for denne bestanden.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (den største torskebestanden i verda), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg speler også reker, snøkrabbe og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka sterkt i 2018–2019, men gjekk ned til eit lågare nivå i 2020–2021. Snøkrabbe breier seg vestover og nordover i Barentshavet. Det har blitt utvikla eit kommersielt fiske på denne bestanden, og fangsten er allereie tre gonger større enn fangsten av kongekrabbe.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2021. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først i 1970-åra. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet i 1960-åra gjorde at fiskeflåten som før fiska sild, no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover i 1970-åra utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2021. Totalfangst – alle land.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2021. Totalfangst – alle land.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som det viktigaste fôret sitt, har vakse seg svært stor dei seinare åra. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg lenger nord og aust enn før og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn tidlegare. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2021.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2021.

Av figur 4.4 ser vi at torsken konsumerte meir enn 8 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. I 2021 var konsumet minka til om lag 5,9 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøvar av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 2,0 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2023: 566 784 tonn

Norsk fangstverdi (2022): om lag 9,3 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Største torskebestand i verda. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 674 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unntak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden, og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av hamnestatsregimet til NEAFC frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, før han igjen har gått nedover etter 2013, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet var truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske etter 2007 enn tidlegare. Det var også svært gunstige forhold for torsken i Barentshavet tidleg på 2010-talet; høgare temperaturar gjorde det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet vart då større, og det var også generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore rimeleg bra, og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. I dei siste åra har likevel utbreiingsområdet minka, dette kjem truleg av både nedgang i bestanden og lågare sjøtemperatur.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2022 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er no gytebestanden på veg nedover. Uttaket (den faktiske fiskedødelegheita) var, etter det vi no veit, under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2018, medan det no er like over det nivået som forvaltingsplanen tilseier.

I siste bestandsvurdering klassifiserte den norsk-russiske forskargruppa gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere like over føre-var-nivået. Den norsk-russiske forskargruppa tilrådde ein kvote for 2023 på 566 784 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. Kvoterådet for 2023 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 20 prosent endring i kvoterådet frå år til år, utan denne klausulen hadde rådet blitt 477 505 tonn. Kvoten for 2023 vart sett lik kvoterådet. Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil gå litt ned frå 2023 til 2024.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av kysttorsk og vanleg uer.

< 675

725

693

1 268

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 690

738

693

1 046

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 886

886

767

936

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 708

708

833

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 567

567

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 0,6 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2023: 170 067 tonn

Norsk fangstverdi (2022): 1,6 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 142 000 tonn, men fangstane har variert mykje: frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Den sterke årsklassen 2016 har ført til at nedgangen i bestanden i ein periode stoppa opp, men sidan dei etterfølgjande årsklassane er svake, ventar vi ein vidare nedgang i bestanden. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet det siste tiåret samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2023 er basert på den vedtekne haustingsregelen og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 170 067 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan frå og med 2018 har dødelegheita vore litt i overkant av det forvaltingsplanen tilseier. Fisket var ein god del lågare enn kvoten i 2020–2022.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 152

172

175

238

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 215

215

182

204

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 233

233

205

200

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 179

179

216

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 170

170

1 Rådet for 2023 vart gitt av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: maks 30 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 1,1 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2023: 226 784 tonn

Norsk fangstverdi (2022): om lag 2,4 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs norskekysten frå Stad til Varanger. Gyter på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2021 var på 162 000 tonn og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62° N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen teke seg opp og ser no ut til å stabilisere seg rundt 1 million tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte (Fmsy). ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2023 på 226 784 tonn, og det vart også totalkvoten fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2014–2021.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 150

150

163

560

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 172

172

169

617

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 198

198

188

716

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 197

197

746

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 227

227

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: truleg meir enn 30 år

Bestandsstorleik: ukjend

Kvote for 2023: 25 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 460 millionar kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land og i djupe område av Barentshavet. Gyter langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2021 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men den fiskbare delen av bestanden auka frå 1992 til 2013 og har sidan gått noko ned. Haustingsraten har auka jamt sidan 2009. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar. Det blir gjennomført ein metoderevisjon i 2022–2023. ICES gjev råd baserte på føre-var-basis og gav eit kvoteråd på maksimalt 19 094 tonn for 2022 og 18 494 tonn i 2023, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote for 2023 (25 000 tonn) som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand 1

2019

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

-

2020

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

-

2021

Føre-var-tilnærming

< 23

27

28

-

2022

Føre-var-tilnærming

< 19

25

2023

Føre-var-tilnærming

< 18

25

1 Sidan det er stor uvisse knytt til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje viste i figur 4.16 og tabell 4.4.

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: over 70 år

Bestandstorleik (2022): om lag 1,4 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2023: 66 779 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 530 millionar kroner (begge uerartane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2021 var på om lag 19 000 tonn, jf. figur 4.19, men har vore over 100 000 tonn i 1970–1980-åra og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne havet i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007, og har frå og med 2007 vore mellom 800 000 og 1 000 000 tonn (jf. figur 4.19). Det er ikkje vedteke nokon forvaltingsplan for snabeluer, men den norsk-russiske forskargruppa tilrådde, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2023 ikkje bør overstige 66 779 tonn, jf. tabell 4.5. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluert. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vurdert det slik at ein forvaltingsregel med fiskedødelegheit F = 0,06 og triggarpunkt Btrigger på 450 000 tonn er å føretrekkje, men har enno ikkje vedteke nokon forvaltingsregel.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES-område 1 og 2 dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand

2019

Føre-var-tilnærming

< 54

54

46

920

2020

Føre-var-tilnærming

< 56

56

55

951

2021

Føre-var-tilnærming

< 66

66

63

977

2022

Føre-var-tilnærming

< 67

67

996

2023

Føre-var-tilnærming

< 67

67

1 Rådet for 2023 vart gitt av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote lik rådet frå ICES, men det er ikkje fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Lodde

Figur 4.20 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g

Levetid: maks 5 år

Bestandstorleik (2022): om lag 2,2 millionar tonn (bestand 1 år gammal og eldre fisk målt i norsk sone)

Kvote for 2023: 62 000 tonn

Norsk fangstverdi (2022): 285 millionar kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyter ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyter ved Finnmarkskysten i mars–april og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2022 er på 630 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.22. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket blitt stoppa i tre periodar på fem år kvar fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017), og fisket vart opna igjen i 2018, men vart på nytt stengt i 2019–2021, for så å bli opna igjen i 2022–2023. Loddekvoten blir delt mellom Noreg og Russland i forholdet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Hausten 2018 fann ein lite lodde, og nedgangen heldt fram i 2019, før bestanden auka igjen i 2020–2021. Hausten 2022 vart berre den delen av loddebestanden som var i norsk sone, mengdemålt. Ut frå tidlegare målingar av kor stor del av bestanden som står i norsk sone i år med liknande bestandsstruktur, saman med ei framskriving frå målingane i 2021, ekstrapolerte ein kor mykje som truleg stod i russisk sone. Dette estimatet er sjølvsagt meir usikkert enn vanleg, noko som det vart teke høgd for i kvoterådgjevinga frå den norsk-russiske forskargruppa. Ifølgje forvaltingsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gav dette rom for ein loddekvote på 62 000 tonn i 2023. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Det vart gjennomført ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

SSB = gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2019

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

302

2020

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

533

2021

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1 438

2022

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 70

70

65

8172

2023

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 62

62

1 Rådet for 2023 vart gitt av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Estimat for norsk sone i Barentshavet.

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.23. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Biomassen av alle dei tre bestandane har stabilisert seg i dei siste åra. Rekrutteringa av kolmule har vore god dei siste åra, medan ein sterk årsklasse (2016) er kommen inn i fisket på den norske vårgytande sildebestanden. Makrellen har hatt svært god rekruttering fram til 2014, men rekrutteringa har blitt dårlegare dei siste åra basert på tilgjengelege data. Etter ein historisk ekspansjon, inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har utbreiinga av makrellbestanden og mengda av han minka i vestlege område dei siste åra. I dei tre siste åra var det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn og berre heilt minimale mengder i islandske farvatn. Denne nedgangen i vest er ikkje fullt ut forstått, men fell saman med ein nedgang i gytebestanden fram til 2020 før han stabiliserte seg dei siste åra.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Figur 4.25 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2021.

Figur 4.25 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2021.

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.25. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010. Fangstane tok seg opp att fram til 2017. Sidan har fangstane gått attende. Bestandssituasjonen for alle dei tre pelagiske bestandane vart vesentleg dårlegare i perioden etter 2013, sjølv om den samla fangsten auka fram til 2017.

Etter mange år med råd om null fiske for haiartane pigghå og håbrann, gav ICES i 2022 kvoteråd for begge desse artane for åra 2023 og 2024. Råda for 2023 er 17 353 tonn for pigghå og 219 tonn for håbrann. Desse artane finst både i Norskehavet, Nordsjøen og område lenger sør og vest. Det er ikkje inngått nokon kvoteavtale for 2023 med andre land for desse artane og heller ikkje fastsett nokon norsk kvote, men det er opna for norsk fiske på begge artane i 2023.

Norskehavet er prega av varmt atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord og skaper eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er blitt varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre – eit organisk lag frå 400 til 800 meters djup. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk, som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeda. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivået som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten, viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet (som alt er nemnd i det førre delkapittelet), er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt trua». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå. Blåkveite, som gyter langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selbestandane i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Sild

Figur 4.26 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 3,9 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 511 171 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 3 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2021 er om lag 711 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.28. Når bestanden har vore på topp, har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman i 1960-åra. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket skjer på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren, og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

2016-årsklassen er forventa å dominere i fangstane i 2023, og årsklassene som rekrutterer til fisket etter 2016-årsklassen, er estimerte til å vere svake. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden er estimert til å vere over 3,184 millionar tonn, som er føre-var-grensa. Tilrådd totalkvote for 2023 er på 598 588 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i snitt så å seie på Fmgt (0,14) i perioden 2009–2020, men er i 2021 estimert til å vere 20 prosent over.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen (ny av 2018).

< 589

7741

777

3 934

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 526

6941

721

3 393

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 651

8811

852

3 930

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 599

8281

3 867

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 511

< 511

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordeling av TAC.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 3,8 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 782 066 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 3,8 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyter sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad også gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Sommaren og hausten 2021 vart det for første gong registrert tette stimar av makrellyngel (0-gruppe) langs norskekysten heilt nord til 64° N, medan hausten 2022 vart det fanga makrellyngel så langt nord som nordaust av Nordkapp. Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I åra 2020–2022 vart det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og mengda og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert i perioden 2017 til 2022. Samstundes auka mengda frå 2018 til 2022 i dei sentrale og nordlege delane av Norskehavet, inkludert fiskerisona ved Jan Mayen og fiskevernsona ved Svalbard.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2022 var 786 000 tonn, og uttaket har vore høgt dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1,4 millionar tonn, jf. figur 4.31. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. Brexit og situasjonen med at norske fiskarar ikkje kunne fiske makrellen i britiske farvatn, førte til at Noreg fiska nesten all makrellen i norsk økonomisk sone både i 2021 og 2022. I seinare år, spesielt frå 2010 til 2017, har makrellen vandra langt mot nord og vest, og nokre fangstar har vore tekne utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Storbritannia, Island, Færøyane, Russland og dei seinaste åra også Grønland.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.31.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå på litt under 6 millionar tonn i 2014–2015, men har sidan minka årleg før han stabiliserte seg på rundt 3,8 millionar tonn i 2021–2022. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødelegheita har minka sidan 2003 og var no lågare enn Fmsy frå 2003 til 2019. Fiskedødelegheita auka deretter i åra 2020–2022 og er no høgare enn Fmsy. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, der årsklassane frå og med 2011 er estimerte til å vere over gjennomsnittet. Samstundes er rekrutteringsestimata ved alder 0 veldig usikre, og årsklassestyrken blir først tydeleg når fisken kjem inn i det kommersielle fiskeriet ved alder 2 til 3. Rådet frå ICES om fiske i 2023 er å følgje ei MSY-tilnærming, tilsvarande ein fangst på 782 066 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, om lag 11 prosent under Fmsy (0,26) i perioden 2009–2019, medan dødelegheita i 2020–2021 vart estimert til å vere om lag 15 prosent over.

Island, Grønland og Russland har gjeve seg sjølve større kvotar enn det kyststatsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane frå 2014–2020 la opp til. I 2022 vart det difor ikkje inngått nokon kyststatsavtale for forvalting av makrellbestanden i 2023.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 7702

864

840

3 945

2020

MSY-tilnærming

< 922

1 091

1 040

3 570

2021

MSY-tilnærming

< 852

1 199

1 082

3 892

2022

MSY-tilnærming

< 795

1 131

3 769

2023

MSY-tilnærming

< 782

1 Det var ikkje oppnådd internasjonal semje om totalkvote. Tala er summen av unilaterale kvotar (inkludert kvotar og overføringar). Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

2 ICES-rådet vart korrigert frå 318 000 tonn i oktober 2018 til 770 000 tonn i mai 2019.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g

Levetid: sjeldan over 10 år, opptil 20 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 5,0 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 1 359 629 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2022): om lag 520 millionar kroner

Fakta om bestanden: Kolmulen et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Han oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmulen har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorane til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Arten gyter vest av Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2021 er 1 031 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.34. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmulen samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende (21 prosent i 2021), og Island, EU, Storbritannia, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.34. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var attende på om lag same nivået som tidleg på 2000-talet. I åra etter har bestanden gått attende. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Rekrutteringa etter dette er estimert til å vere under gjennomsnittet igjen. Den låge rekrutteringa saman med auka fiskepress i perioden etter 2016 førte til ein nedgang i bestanden.

Rådet frå ICES om fiske i 2023 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarer til ein fangst på 1 359 629 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, rundt 50 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2009–2013, medan dødelegheita etter 2013 har lege om lag 30 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 144

1 4831

1 512

5 284

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 162

1 4781

1 461

4 481

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 929

1 1581

1 140

4 440

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 753

753

4 956

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 359

1 359

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.35. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.36.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste fem åra har totalfangsten av pelagisk fisk og botnfisk i Nordsjøen vore kring 1,2–1,9 millionar tonn. Av dette har fangstar av artar som sild, makrell, augepål, tobis, brisling og kolmule vore 0,9–1,5 millionar tonn. Fiskedødelegheita har gått nedover dei siste åra både for torsk, hyse, kviting og raudspette og er no på det lågaste nivået i tidsserien for alle desse fire botnfiskbestandane. I år er reker i Skagerrak også omtalte sidan dette er ein viktig bestand for det norske fiskeriet i Nordsjøen/Skagerrak og har den tredje største verdien av norsk fangst i dette området, etter sild og sei. Både i 1970- og 1980-åra var rekrutteringa til fleire artar av torskefisk (gadoid) svært god, og det vart hausta rundt 1 million tonn botnfisk aleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen ein har sett for fleire artar dei siste tiåra, men både overfiske og utkast har utan tvil hatt mykje av skulda, i tillegg til klimaendringar. Mange av bestandane i Nordsjøen har dessutan i ei årrekkje hatt dårleg rekruttering, anten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2021.

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2021.

Figur 4.37 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.37 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.38 Sild

Figur 4.38 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 1,35 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 396 556 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 823 millionar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2021 er kring 488 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten null på slutten av 1970-åra til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.40. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom null og 605 tusen tonn, og er i gjennomsnitt på 117 tusen tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert, og gytebestanden har sidan midten av 1990-åra vore over føre-var-grensa. ICES gav i 2022 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 396 556 tonn i 2023, jf. tabell 4.10. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, heile 73 prosent under Fmsy (0,31) i perioden 2009–2011. I 2013–2019 låg dødelegheita i snitt 32 prosent under, medan ho no er rundt 36 prosent lågare. Årsaka til at fiskedødelegheita ligg langt under, er ein kombinasjon av at Fmsy vart oppjustert frå 0,26 til 0,31 i 2021, at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er med i utrekninga av Fmsy (2-6), og ein tendens til å underestimere storleiken på gytebestanden.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand3

2019

MSY-tilnærming

< 312

385

443

1 590

2020

MSY-tilnærming

< 431

385

427

1 500

2021

MSY-tilnærming

< 366

356

365

1 353

2022

MSY-tilnærming

< 532

428

2023

MSY-tilnærming

< 415

39

1 Alle flåtar (A–D).

2 Direktefisket i Nordsjøen (A-flåten).

3 På gytetidspunktet (september).

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.41 Sei

Figur 4.41 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 130 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 58 912 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 53 374 tonn, vestom Skottland: 4 538 tonn

Norsk fangstverdi (2022): om lag 310 millionar kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2021 er kring 155 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og var langt høgare fram til midten av 1980-åra, jf. figur 4.43. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklare bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klare trendar og var over føre-var-grensa frå 1996 til 2019, men er no rekna ut til å liggje noko under føre-var-grensa. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2023 er basert på maksimalt langtidsutbyte, og gjev ein totalfangst på 58 912 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest av Skottland. EU og Noreg har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, gjennomsnittleg 14 prosent over Fmsy (0,363) i perioden 2009–2021, men gjekk ned frå ein topp på 0,49 i 2019 til 0,39 i 2021.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 103

94

96

186

2020

MSY-tilnærming

< 88

80

77

160

2021

MSY-tilnærming

< 66

65

51

137

2022

MSY-tilnærming

< 50

50

130

2023

MSY-tilnærming

< 59

59

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Torsk

Figur 4.44 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 54 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 26 008 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 84 millionar kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klare skiljeliner mellom stammane. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2021 er kring 177 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.46. Fram til 1980-åra var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn og låg på dette nivået fram til 2019. I 2020 var fangstane på rundt 24 000 tonn, og i 2021 minka dei til 18 000 tonn. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teken med gsarn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen, fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege delen av Den engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som éin bestand i forvaltingssamanheng. Etter i ein periode å ha auka noko frå det kritiske låge nivået i 2006, vurderer ICES no på ny gytebestanden til å vere under det kritiske nivået. Tilrådd kvote for 2023 er maksimalt 26 008 tonn, jf. tabell 4.12. Fiskedødelegheita i 2021 var, etter det vi no veit, 0,26 som er like under Fmsy (0,28). Dette er det klart lågaste nivået i tidsserien som går tilbake til 1963, og første gong fiskedødelegheita er under Fmsy.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.46 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.46 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 29

35

36

59

2020

MSY-tilnærming

< 14

18

24

44

2021

MSY-tilnærming

< 15

16

18

44

2022

MSY-tilnærming

< 15

16

54

2023

MSY-tilnærming

< 26

26

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Hyse

Figur 4.47 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 257 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 68 498 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 18 millionar kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2020 er vel 153 000 tonn. Fangsten er gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.49. Dei siste åra har fangsten lege på 30 000 til 40 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019-årsklassen er vurdert til å vere den største sidan 2005. Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 137 058 tonn i 2023, jf. tabell 4.13. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i 2021 på 0,21 som er like over Fmsy (0,194) og den lågaste verdien i tidsserien som går tilbake til 1972.

Figur 4.48 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.48 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.49 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.49 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 34

34

36

85

2020

MSY-tilnærming

< 42

42

41

107

2021

MSY-tilnærming

< 69

50

44

207

2022

MSY-tilnærming

< 129

53

412

2023

MSY-tilnærming

< 137

68

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Kviting

Figur 4.50 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: maks 12 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 284 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 42 744 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 3,9 millionar kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 m djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2021 er kring 54 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 25 000 og 35 000 tonn, jf. figur 4.52. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane anten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia er den viktigaste aktøren i fisket, den norske fangsten har i dei siste åra vore rundt 1 000 tonn.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men 2016- og 2019-årsklassen var over snittet for dei siste åra. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 110 172 tonn i 2023. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 0,163 i 2021 som er den lågaste i tidsserien frå 1978 til i dag og langt under Fmsy (0,371).

Figur 4.51 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.51 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.52 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Figur 4.52 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 25

19

31

154

2020

MSY-tilnærming

< 22

22

35

196

2021

MSY-tilnærming

< 27

26

33

248

2022

MSY-tilnærming

< 89

33

284

2023

MSY-tilnærming

< 110

43

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Raudspette

Figur 4.53 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2022): om lag 930 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2023: 150 705 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2022): om lag 0,5 millionar kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2021 var den norske fangsten på 2 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet – og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klare skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1957–2020 er kring 162 000 tonn og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.55. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidd og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden er på eit høgt nivå, som vist i figur 4.55. Det vart gjort ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til under nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2023 ikkje bør overstige 150 705 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, under Fmsy (0,152) heilt sidan 2007 og er i 2021 nede på 0,080 som er den lågaste verdien i tidsserien tilbake til 1957.

Figur 4.54 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.54 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.55 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.55 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

MSY-tilnærming

< 143

142

86

825

2020

MSY-tilnærming

< 166

166

79

743

2021

MSY-tilnærming

< 163

162

73

835

2022

MSY-tilnærming

< 143

143

930

2023

MSY-tilnærming

< 151

151

Boks 4.16 Reker

Figur 4.56 Reke

Figur 4.56 Reke

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: Pandalus borealis

Maksimal storleik: 16 cm/20 g

Levetid: 5 år, men dei fleste lever berre i 3 år

Bestandsstorleik (2022): 0,60 (median gytebiomasse relativt til MSY Btrigger). I starten av 2022 låg bestanden på Blim.

Kvote for første halvdel av 2023: 5882 tonn

Norsk fangstverdi (2022): 307 millionar kroner

Fakta om bestanden: Reke finst på kontinentalsoklane og i fjordar og kyststrok på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Det er den kommersielt viktigaste skaldyrarten i Nord-Atlanteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av reker i Skagerrak i perioden 1971–2021 er kring 11 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.58. Rekene blir fiska med trål, både av Noreg, Sverige og Danmark. Fisket er kvoteregulert, og Noreg har 59 prosent av totalkvoten.

Status og råd

Denne bestanden blir dekt av eit norsk forskingstokt i januar/februar kvart år, og deretter blir kvoterådet for inneverande kalenderår oppdatert, og det blir gjeve eit førebels råd for første halvdelen av neste kalenderår. Ein arbeider no for å gå bort frå dette og gjere kvoteåret ulikt kalenderåret.

  • Tilrådd og avtalt endeleg kvote 2022 (fangstar): 7 712 tonn.

  • Tilrådd og avtalt mellombels kvote første halvdel av 2023 (fangstar): 5 882 tonn.

  • Endeleg kvote for 2022 og tilrådd kvote for 2023 er basert på maksimalt langtidsutbyte.

  • Bestanden gjennomgjekk ein metoderevisjon (benchmark) i 2022, og dette resulterte i ein ny bestandsmodell og nye referansepunkt. Bestandsstorleiken og fiskedødelegheita blir no rekna ut som relative og ikkje absolutte verdiar.

Figur 4.57 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak.

Figur 4.57 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak.

Figur 4.58 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak.a

Figur 4.58 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak.a

Tabell 4.16 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand av reker i Skagerrak dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 6,2

6,2

8,0

0,59

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 8,7

8,7

9,3

0,58

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 7,2

7,2

7,5

0,64

2022

MSY-tilnærming

< 7,7

7,7

0,60

2023

MSY-tilnærming

< 5,9 (første halvår)

5,9 (første halvår)

Boks 4.17 Kysttorsk

Sør for 62° N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk på Sør- og Austlandet har over tid blitt dårlegare, spesielt frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlina frå Telemark til svenskegrensa, og forbod mot å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket har dispensasjon frå tiltaka, men ikkje frå forbodet mot garnfiske grunnare enn 25 meter i perioden 15. juni –15. mars. I gyteområda til torsken er det fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og annan anadrom fisk og undervassjakt. Havforskingsinstituttet vurderte effekten av tiltaka i 2022. Det var ingen teikn til at bestandssituasjonen er endra i Skagerrak, Ytre og Indre Oslofjord sidan tiltaka vart innførte i 2019.

Langs skagerrakkysten finst to sameksisterande genetiske variantar av torsk. Den eine varianten dominerer inst i fjordane, medan den andre er meir vanleg i dei litt meir eksponerte ytre områda og er genetisk svært lik nordsjøtorsken. Desse variantane er genetisk relativt ulike kvarandre, meir enn kva kysttorsk og skrei er i nord, og har mellom anna ulik vekst og vandringsmønster. Yngel av begge variantar rekrutterer til og veks opp i fjordar og kystnære område.

Både Havforskingsinstituttets strandnotserie (1919–) og garnserie (1980–1990, 2001–) stadfestar at torskebestandane har blitt ytterlegare reduserte dei siste tiåra, og klart mest i austlege Skagerrak. Forskinga viser at det er fritidsfisket som står for det største uttaket av kysttorsk i Oslofjorden, og tiltaka som vart innførte i 2019, er innretta mot å redusere dette fisket.

Sidan 2005 har fiskeinnsatsen i yrkesfisket på Vestlandet og i Skagerrak blitt redusert med om lag 30 prosent, medan torskefangstane har gått ned med over 70 prosent.

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget vesentleg dårlegare, då ein lenge har mangla standardisert overvaking. På Vestlandet har utviklinga av fiskeressursane ofte blitt vurdert ut frå utviklinga av offisiell landingsstatistikk. Det har likevel vore betydeleg relevant forskingsinnsats av meir sporadisk karakter gjennom fleire tiår.

Bestandssituasjonen for torsk på vestlandskysten er betre enn på Sørlandet og betydeleg betre enn i Oslofjorden. Fangstratane til garnfartøya i kystreferanseflåten har i tidsserien halde seg nokolunde stabile på Vestlandet, men blitt halvert på Sørlandet. Tidsserien med garn og ruser vil bli analysert i løpet av 2023.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvakt med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober–november og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaustarktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skaper problem for fisket etter nordaustarktisk torsk.

Etter råd frå ICES om ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord, bestilte Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 ein rapport frå Havforskingsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatus, med forslag til forvaltingstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Havforskingsinstituttet publiserte i 2020 rapporten Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Basert på denne rapporten og påfølgjande innspel frå Havforskingsinstituttet, har Fiskeridirektoratet lagt ut ei rekkje forvaltingstiltak på høyring. Desse tiltaka handlar både om havdeling og om endringar i tekniske reguleringar.

Etter ein metoderevisjon i ICES av bestandsvurderinga for nordaustarktisk torsk og kysttorsk, vart det i 2021 bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord for 67° N og mellom 62 og 67° N. For kysttorsk nord for 67-graden er det godt nok datagrunnlag for å utvikle ei analytisk bestandsvurdering, medan bestanden mellom 62 og 67° N vil bli vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Basert på den nye metodikken vart det gjeve separate kvoteråd for dei to bestandane for 2023. For bestanden nord for 67° N var kvoterådet for 2023 29 347 tonn, dette er basert på den nye forvaltingsplanen som er godkjend av ICES. For bestanden mellom 62 og 67° N var rådet på 9 136 tonn. Botntrålindeksen hausten 2021 var nær gjennomsnittet for perioden 2017–2020, medan indeksen for 2022 enno ikkje er rekna ut.

Til forsida