Meld. St. 16 (2018–2019)

Årsmelding 2018 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

4 Utvikling i 2018 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2018 fekk totalt 107 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2018 var det 73 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på fem personar. Per 31. desember 2018 var talet på alderspensjonistar derfor 74 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 11 944 kroner per månad. Kvinner fekk 11 598 kroner, medan menn fekk 12 151 kroner.

I 2018 tok fem personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var tre kvinner og to menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 71,3 år for kvinner og 69,5 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalder 70,6 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 75,1 år for kvinner og 79,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 77,6 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2018 var det to uførepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på éin person. Per 31. desember 2018 var talet på uførepensjonistar derfor éin person.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2018.

4.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2018 var det 26 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på éin person og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2018 var talet på ektefellepensjonistar derfor 29 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 687 kroner per månad. Kvinner fekk 9 173 kroner, medan menn fekk 5 531 kroner.

I 2018 tok fire personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 75 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 80,9 år for kvinner og 65 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 78,7 år.

Ved inngangen til 2018 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har vore ein tilgang på éin person med barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2018 var det derfor tre mottakarar av barnepensjon i ordninga.

Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 4 638 kroner per månad.

4.4 Rekneskap for 2018

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 15 723 714 kroner til pensjonar og 391 167 kroner til administrasjonskostnader. Dette er litt meir enn i 2017.