Meld. St. 16 (2018–2019)

Årsmelding 2018 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2018

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontroll på dei ni som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei utført i byrjinga av 2018. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2016.

Hausten 2018 vart det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2017 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.