Meld. St. 19 (2022–2023)

Årsmelding 2022 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utvikling i 2022 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 386 personar fekk ved utgangen av 2022 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2022 var det 282 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på 21 personar. Per 31. desember 2022 var talet på alderspensjonistar derfor 294 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 16 695 kroner per månad. Kvinner fekk 16 336 kroner, medan menn fekk 16 884 kroner.

I 2022 tok 21 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var seks kvinner og 15 menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67,6 år for kvinner og 67,2 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 67,3 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 77 år for kvinner og 76,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,5 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2022 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang og ein tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var talet på uførepensjonistar derfor to personar.

Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 10 732 kroner per månad

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2022.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2022 var det 97 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på åtte personar og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2022 var talet på ektefellepensjonistar derfor 91 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 934 kroner per månad. Kvinner fekk 8 795 kroner, medan menn fekk 10 339 kroner.

I 2022 blei to personar innvilga ektefellepensjon. Gjennomsnittleg uttaksalder var 87,2 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,7 år for kvinner og 83,3 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,6 år.

Per 31. desember 2022 var det ingen som tok i mot barnepensjon i ordninga.

3.4 Rekneskap for 2022

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 72 068 050 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2021. Administrasjonskostnadene var i sum 1 394 402 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2021.