Meld. St. 19 (2022–2023)

Årsmelding 2022 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2022

I samsvar med lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, § 3-4 kan alderspensjonen for stortingsrepresentantar takast ut før fylte 65 år når summen av alder og oppteningstid i den tidlegare ordninga fram til 1. januar 2012 er minst 75 år (75-årsregelen). Dette gjeld berre dei som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar. For å sikre at ingen har hatt inntekt som overstig inntektsgrensa blir det årleg utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Inntektsgrensa svarar til full pensjon berekna etter § 3-6 i lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer. Man har ikkje rett på pensjon etter 75-årsregelen når inntekta overstig inntektsgrensa.

Inntektskontrollen på dei som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei utført i byrjinga av 2022. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2020. Alle som blei kontrollert var innanfor inntektsgrensa.

I samsvar med lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer § 5-2 følger stortingsrepresentantar og statsrådar reglar om midlertidig uførepensjon og uførepensjon som gjeld i lov om Statens pensjonskasse, kapittel 6. I lov om Statens pensjonskasse, § 30, tredje ledd, kjem det fram at det skal gjennomførast eit etteroppgjer for dei som mottar uførepensjon. Det gjerast eit etteroppgjer for å sikre at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig med uførepensjon. Etteroppgjer for uføre er altså berre ein justering av pensjonen i forhold til inntekt.

Hausten 2022 vart det difor, ut frå skatteoppgjeret for 2021, gjennomført etteroppgjer for alle uførepensjonistar i ordninga.

Alderspensjon under utbetaling blir årleg regulert i samsvar med snittet av lønns- og prisveksten. Verknadstidspunktet for reguleringa er 1. mai. Mellombels uførepensjon og pensjon til attlevande ektefelle blir frå same tidspunkt regulert i samsvar med lønnsveksten. Etter fylte 67 år blir pensjonen til attlevande ektefelle regulert i samsvar med snittet av lønns- og prisveksten.