Meld. St. 22 (2022–2023)

Kunstnarkår

Til innhaldsliste

Del 1
Bakgrunn og skildring av feltet

2 Kunstfelt og kunstnarkår

Figur 2.1 

Figur 2.1

Mykje av dagens kunstnarpolitikk vart utvikla i ei tid då det som i dag kan kallast ei tradisjonell inndeling av kunstfelt, la premissane. Verkemiddel har i stor grad vakse fram med tanke på kunstfelta musikk, visuell kunst, litteratur, scenekunst og audiovisuell kunst, og nye tiltak har funne sin plass ut frå denne inndelinga. Den same inndelinga finn vi att i dei aller fleste kulturpolitiske innretningane, anten det er kapittelinndelingar i statsbudsjettet, ordningar og fagutval i Kulturrådet, stipendheimlar i Statens kunstnarstipend, linjer ved kunsthøgskular eller tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Ei slik inndeling har mykje for seg, og vi finn refleksjonar over dei særeigne karaktertrekka ved dei ulike kunstuttrykka i kunst- og estetikkteoretiske arbeid langt attande. Også framover vil det nok vere logisk å leggje den tradisjonelle inndelinga til grunn for kunstnarpolitikken, sjølv om det finst ei rekkje uttrykk og arbeidsformer som er tverrkunstnarlege og ikkje så lett lèt seg plassere. Ikkje minst følgjer etablerte infrastrukturar, organisering av aktørar, fagmiljø og kompetanse ei slik inndeling og utgjer både historikken og identiteten til dei ulike felta. Men fleire problemstillingar må drøftast på tvers. Ei rekkje nye uttrykk og praksisar er under utvikling og veks fram i kjølvatnet av den digitale transformasjonen, og desse må òg inkluderast i politikken på ein god måte. Dette fordrar ein kunstnarpolitikk som er fleksibel i verkemiddel og forvaltning, om ein vil unngå sementerte strukturar og faste posisjonar.

2.1 Tidlegare kunstnarmeldingar

Denne kunstnarmeldinga er den tredje stortingsmeldinga om kunstnarpolitikk. St.meld. nr. 41 (1975–76) Kunstnerne og samfunnet vart lagd fram av regjeringa Bratteli i januar 1976, og St.meld. nr. 47 (1996–97) Kunstnarane vart lagd fram av regjeringa Jagland i mai 1997. I tillegg er kunstnarpolitiske spørsmål i varierande grad behandla i generelle kulturmeldingar og i meir sektorspesifikke stortingsmeldingar på kulturområdet.

Dei to tidlegare stortingsmeldingane skisserer samfunnsforhold og haldningar til kunst og kunstnarar som vi kan kjenne att når det gjeld både kva rolle kunsten har i samfunnet, og kva rolle staten har overfor kunstnaren.

Etter år 2000 kom ei rekkje særmeldingar på kulturområdet. Av desse er Meld. St. 23 (2011–2012) Visuell kunst den meldinga som omtaler kunstnarpolitiske vilkår breiast. Utgreiingar som NOU 2013: 4 Kulturutredningen 2014 og rapporten Kunstens autonomi og kunstens økonomi (2015) har vore referansedokument for utviklinga av kunstnarpolitikken. Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft er den siste kulturmeldinga som Stortinget har behandla, og ho varsla fleire fagspesifikke meldingar og strategiar, mellom anna denne meldinga om kunstnarpolitikken.

2.2 Kva som er kunst, og kven som er kunstnar

Det er ingen eintydige definisjonar av eller allmenne kriterium for kva som er kunst, eller kven som er kunstnar, men kunstnaromgrepet heng tett saman med kunstomgrepet. Kva vi forstår som kunst, legg grunnlaget for kven vi oppfattar som kunstnarar. Det er likevel litt ulike parametrar som legitimerer kven som kan kalle seg kunstnar på dei ulike områda. På nokre felt er høgare kunstfagleg utdanning eit viktig kriterium. På andre felt handlar det meir om produksjon og om mottakinga på feltet eller i ein marknad.

Til dømes er ikkje forfattarar avhengige av å vise til ei høgare kunstfagleg utdanning, noko som derimot er viktig på det visuelle kunstfeltet. Dimed vil det alltid vere ein diskusjon om kven som er kunstnar, kva som er kunst, kvar grensa mellom kunst og andre uttrykk går, og om kva som skal omfattast av kunstnarpolitikken. Nokre grupper er til dømes inkludert i kunstnarpolitikken fordi det finst stipend og søkbare midlar retta mot desse gruppene. Det gjeld til dømes kritikarar, arkitektar og faglitterære forfattarar og omsetjarar. Mange i desse gruppene jobbar på måtar som ligg tett på kunstnarlege praksisar, men identifiserer seg i mange tilfelle ikkje med kunstnaromgrepet. I kunstnarpolitikken vert desse gjerne omtalte som randsonegrupper.

Anerkjenning frå eit fagfellesskap er likevel viktig på tvers av felta. Ein person kan meine at hen er kunstnar og skaper kunst, utan at fellesskapet anerkjenner personen som kunstnar eller det hen skaper, som kunst. Likeins kan eit fellesskap vere samd om at noko er kunst, utan at personen eller personane som har skapt kunstverket, vil identifisere seg med kunstnaromgrepet. Slike mekanismar heng mellom anna saman med forståinga av kvalitet som eit kriterium for å definere kunst. Til dømes vart fleire av bileta til Edvard Munch – no verdskjende verk – karakteriserte som halvferdige skisser og «smørjeri» då kunstnaren levde. Kvalitetsvurderingar av kunst er slik ein kontinuerleg samtale i og rundt felta.

Fleire av dei etablerte og sentrale verkemidla i kunstnarpolitikken anerkjenner at fagfelta sjølve best definerer grensene for kva kriterium som er viktige for kvalitets- og profesjonalitetsvurderingar av kunst. Både Norsk kulturfond og Statens kunstnarstipend er til dømes forvalta gjennom prinsippa for fagfellevurderingar av kvalitet på dei enkelte områda. Dette sikrar ei fagleg forankra forståing av både kunst og kunstnarkår som bidreg til treffsikre ordningar med relevans for kunstnarane. Regjeringa vurderer at dette er den beste innretninga for søkbare, frie midlar til kunst. Samtidig må ein revidere etablerte ordningar i takt med tida, mellom anna for å inkludere fleire eller nye uttrykk og praksisar og nye behov frå nye kunstnargrupper.

I kunstnarpolitikken har det vore tradisjon for å skilje mellom utøvande og skapande kunstnarar. Dels viser dette til skilnaden mellom det å skape og det å framføre eit kunstnarleg verk. Dels har dette skiljet reflektert ulike arbeidsmarknader og økonomiske vilkår for dei som skapar eit verk og for dei som framfører det. Arbeidsmarknaden for utøvande kunstnarar, som musikarar og skodespelarar, gir oftare moglegheit for tilsetjing ved kunst- og kulturinstitusjonar eller andre verksemder, med tariffavtalar og dei sosiale rettane som følgjer med ein tilsetjingskontrakt. Utøvande kunstnarar kan ha fast stilling på heiltid, mellombelse eller deltidstilsetjingar.

Dei skapande kunstnarane, slik som visuelle kunstnarar, forfattarar, koreografar, komponistar og regissørar, har stort sett måtte innstille seg på å vere sjølvstendig næringsdrivande. Det skapande arbeidet og inntektene vil ofte vere sykliske, med produksjonsfasar som kan strekkje seg over kortare eller lengre periodar, etterfølgd av arbeid med lansering, formidling og visning. Det kan vere vanskeleg å på førehand vite kva for inntekter eit verk kan gje, og for den skapande kunstnaren inneber det ein økonomisk risiko, som kunstnaren ofte ber åleine.

Skiljet mellom skapande og utøvande kunstnarar har mellom anna vore grunngjevinga for fordeling av stipenda i Statens kunstnarstipend. Fleire stipend har vore fordelte til dei skapande kunstnargruppene, som i mindre grad har moglegheit for tilsetjingar og faste inntekter. Men utviklinga i kunstnarleg praksis har endra seg dei sista åra og fleire kunstnarar er både skapande og utøvande. Dessutan har tilstrøyminga til kunstnaryrka auka utan at etterspurnaden i arbeidsmarknaden eller moglegheitene for tilsetjing har halde tritt. Dette inneber at det er større konkurranse om arbeid og oppdrag, og at òg fleire utøvande kunstnarar må skape eigne arbeidsplassar. Slikt sett har skiljet mellom skapande og utøvande kunstnarar blitt mindre. Dette er ei utvikling som òg må reflekterast i kunstnarpolitikken framover.

Kunstnarpolitikken femnar breitt og skal vere open både for det etablerte og for det nye som kjem. Skaping og utøving, produksjon og distribusjon er svært ulike på dei ulike kunstfelta. Det same gjeld for økonomien, for innretninga på statlege tiltak og for utfordringane felta møter. Felles for dei alle er at kunst av høg kvalitet evnar å gripe, engasjere, utfordre, underhalde og sprengje grenser. Velfungerande kunstfelt er viktige arenaer for meiningsbryting og samfunnskritikk, og er slik ein del av føresetnadane for demokratiet og den offentlege samtalen. Omtalen av kunstfelta nedanfor tek føre seg det som er særprega for kvart felt, med særleg vekt på kunstnarøkonomien, økonomiske strukturar og konsekvensar av digitaliseringa.

Boks 2.1 Kunstnarnettverket

Kunstnarnettverket samlar 19 landsomfattande organisasjonar som representerer skapande og utøvande kunstnarar i Noreg. Samla har desse organisasjonane over 30 000 medlemer (ein kunstnar kan vere medlem i fleire organisasjonar). Nettverket arbeider med kunstnarpolitikk, med spesiell vekt på inntektsforhold, sosiale rettar, stipend, vederlag og opphavsrett for kunstnarar. Desse organisasjonane er knytte til forumet:

Norske Billedkunstnere, Norske Kunsthåndverkere, Forbundet Frie Fotografer, GRAFILL, Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Dramatikerforbundet, Norsk Oversetterforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, GramArt, Creo – forbundet for kunst og kultur, Norsk Komponistforening, NOPA – Norsk forening for komponister og tekstforfattere, Norsk Skuespillerforbund, Norsk Sceneinstruktørforening, Norske Dansekunstnere, Norsk filmforbund, Norske Filmregissører og NAViO – Norsk audiovisuell oversetterforening.

2.3 Kunnskapsgrunnlag

Kunstnarpolitikken er i stor grad innretta med økonomiske verkemiddel som kompenserer for at marknaden ikkje kan finansiere eit tilstrekkeleg mangfaldig kunstliv åleine. Mellom anna difor har jamlege kunstnarundersøkingar vore viktige for å følgje inntektsutviklinga og dei økonomiske kunstnarkåra over tid. Også i forkant av denne meldinga vart det gjennomført ei kunstnarundersøking for å få oppdaterte opplysningar både om kor mange kunstnarar vi har i Noreg, om sosiodemografiske kjenneteikn og om korleis den økonomiske situasjonen for kunstnarane ser ut.

Telemarksforsking gjennomførte undersøkinga basert på registerdata og ei spørjeundersøking, og resultata er publiserte i Kunstnerundersøkelsen 2019. Respondentane omfatta kunstnarar med medlemskap i kunstnarorganisasjonar og personar registrerte med enkeltpersonføretak innanfor kunstnarleg arbeid. Undersøkinga møtte utfordringar fordi fleire organisasjonar tolka GDPR-regelverket slik at dei ikkje kunne dele medlemslistene sine med forskarane i denne undersøkinga, av omsyn til personvernet. Nokre av organisasjonane endra personvernfråsegnene sine slik at lister kunne sendast ut, men fem organisasjonar enda med ikkje å kunne bidra med medlemslister til undersøkinga. Store kunstnargrupper, som skodespelarar og dei fleste musikarar, vart difor ikkje ein del av undersøkinga, og den ferdige studien kan difor ikkje vise til overordna tal for heile kunstnarpopulasjonen. Heller ikkje Samisk Kunstnerråd ønskte å delta i undersøkinga, og det manglar difor òg komparative data for samiske kunstnarar.

At store kunstnargrupper ikkje inngår i undersøkinga, har fått fleire konsekvensar for arbeidet med denne meldinga. Éin konsekvens er at departementet ikkje har sikker kunnskap om kor mange kunstnarar som verkar i Noreg i dag. I Kunstnerundersøkelsen 2013 vart dette talet rekna ut til 23 745, men korleis det eventuelt har endra seg dei siste ti åra, veit ein ikkje sikkert. Det har heller ikkje vore mogleg å leggje til grunn samla tal for alle kunstnarar i Noreg når det gjeld sosiodemografiske kjenneteikn eller økonomi. For dei kunstnargruppene som deltok i undersøkinga, har kombinasjonen av registerdata og surveyundersøking likevel gjort at det kan teiknast eit godt bilete av både dei sosiodemografiske kjenneteikna og inntektssituasjonen for dei enkelte gruppene. Det er dette materialet som ligg til grunn for gjennomgangen nedanfor.

Kultur- og likestillingsdepartementet vil òg framover ta medansvar for kunnskapsutvikling og datainnhenting som kan synleggjere kva økonomi og arbeidskår kunstnarane har. Breie kunstnarundersøkingar utgjer eit viktig grunnlag for politiske avgjerder knytte til kunstnarpolitiske problemstillingar. Departementet meiner det er uheldig når heile kunstnargrupper ikkje medverkar i slike undersøkingar, og vil understreke at undersøkingar av enkeltgrupper gjennomført av ulike interesseaktørar ikkje kan erstatte breie undersøkingar frå eksterne forskingsmiljø der utviklingstrekk kan sjåast for heile kunstnarbefolkninga over tid.

2.4 Forfattarar

Som alle kunstnargrupper fordeler forfattarane seg over mange sjangrar og uttrykksformer og arbeider med litteratur på ulike måtar, mot ulike målgrupper og basert på ulik grad av offentleg støtte. Nokre forfattarar lever godt av kunsten sin i ein kommersiell marknad, medan andre har stor hjelp av offentlege støtteordningar til å kunne skape litteratur. Brei tilgang til god litteratur på norsk har vore eit kulturpolitisk mål lenge, og fleire sentrale verkemiddel er innretta etter det. Det har medverka til at Noreg i dag har ei brei forfattarstamme, og at mange får moglegheit til å prøve ut forfattarambisjonar. Like fullt er det få forunnt å kunne leve eit heilt yrkesliv som forfattar, og konkurransen er stor både om publikum og om offentleg støtte.

2.4.1 Sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi

I Kunstnerundersøkelsen 2019 er det identifisert at om lag 5 400 personar arbeider som forfattarar i Noreg i dag. Dei fordeler seg på kategoriane skjønnlitterære forfattarar (931), skjønnlitterære barne- og ungdomsbokforfattarar (260), faglitterære forfattarar og omsetjarar (4 022) og dramatikarar og manusforfattarar (193). Legg ein til skjønnlitterære omsetjarar (229), vert talet drygt 5 600. Dei faglitterære forfattarane og omsetjarane er ei gruppe som kan seiast å liggje i randsona av kunstnaromgrepet, og som i mindre grad reknar seg sjølve som kunstnarar. Mellom anna difor er denne gruppa ikkje rekna inn i talgrunnlaget i det følgjande.

I alle forfattarkategoriane er det litt fleire kvinner enn menn, og kvinnedelen har vore aukande frå 2006 til i dag. Alle forfattargruppene har relativt høg gjennomsnittsalder, men blant dei skjønnlitterære forfattarane er rundt halvparten 50 år eller yngre.

Dei fleste forfattarane bur i Stor-Oslo. Av dei litterære kunstnargruppene er det dei skjønnlitterære forfattarane som har spreidd seg mest utover landet. Berre ein tredel av desse bur likevel andre stader enn på Austlandet. Forfattargruppene rekrutterer i mindre grad enn befolkninga elles frå befolkninga med innvandrarbakgrunn. Berre 6 prosent av dei skjønnlitterære forfattarane har innvandrarbakgrunn.

Til liks med dei fleste kunstnarar livnærer forfattarar seg gjennom ein samansett økonomi med inntekter både frå kunstnarleg arbeid, frå arbeid tilknytt kunst og frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Langt dei fleste forfattarane oppgjev at dei har inntekter frå det kunstnarlege arbeidet sitt. Skjønnlitterære forfattarar er den forfattargruppa som i størst grad òg har inntekter frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Både dramatikarar og manusforfattarar og skjønnlitterære barne- og ungdomsbokforfattarar hadde mesteparten av inntekta si frå kunstnarleg arbeid i 2019. Likevel brukte forfattarane mindre tid på kunstnarleg arbeid i 2019 enn i 2006, og for skjønnlitterære forfattarar var nedgangen på 34 prosent.

Dei skjønnlitterære forfattarane hadde den gjennomsnittleg lågaste samla inntekta av forfattargruppene i 2019 – med 588 000 kroner. Barne- og ungdomsbokforfattarar og dramatikarar og manusforfattarar låg noko høgare med høvesvis 627 000 og 605 000 kroner.1 Mellom 20 og 30 prosent av dei kunstnarlege inntektene til forfattarane var ei eller anna form for stipend i 2019. Mellom 27 prosent (skjønnlitterære forfattarar) og 56 prosent (dramatikarar og manusforfattarar) hadde vederlagsinntekter dette året, og mellom 10 prosent (barne- og ungdomsbokforfattarar) og 19 prosent (dramatikarar og manusforfattarar) hadde inntekter frå utlandet. Mindre enn 15 prosent av forfattarane låg under låginntektsgrensa i 2019. Forfattarane er vidare ei kunstnargruppe med inntekter som varierer ein god del frå år til år, og for mange bøter den samla hushaldsinntekta på låge inntekter frå forfattarverksemda. Dei som har hatt størst vekst i yrkesinntekta blant forfattarane i perioden 2016–2019, er dramatikarar og skjønnlitterære forfattarar – med ein vekst på høvesvis 7,5 og 6,3 prosent.

2.4.2 Infrastrukturen rundt forfattarane

Bibliotek, forlag, bokhandlarar, Den kulturelle skulesekken og ulike arenaer som arrangerer forfattarmøte og formidlar litteratur, mellom anna festivalar, kulturhus og litteraturhus, er dei mest sentrale aktørane rundt den kunstnarlege verksemda til forfattarane og møtet mellom litteraturen og publikum.

Mykje av denne infrastrukturen får offentleg støtte frå ulike forvaltningsnivå og er omfatta av den generelle kulturpolitikken og dei politiske prioriteringane her. Men utviklinga i litteraturmarknaden har òg noko å seie for arbeidskåra til forfattarane. Rapporten Kunst i tall 2021 viser at den samla omsetninga av litteratur i Noreg og frå utlandet var om lag 7,1 milliardar kroner i 2021. Tala viser at den samla omsetninga i snitt minka med 2 prosent årleg frå 2013 til 2019, men auka med 13 prosent i pandemiåra 2020 og 2021. Tala viser òg at den norske litteraturbransjen i hovudsak er orientert mot den norske marknaden, der omsetninga fall med i alt 8 prosent frå 2017 til 2019. Samtidig som talet på utgjevne boktitlar auka med 2 prosent frå 2016 til 2017, fall talet på selde bøker med 14 prosent same året.2 Fleire norske forfattarar som sel mykje internasjonalt, har internasjonale agentar. I og med at det berre er tal frå to internasjonale agentur som er med i rapporten, er det grunn til å tru at inntektene frå utlandet er vesentleg høgare enn det Kunst i tall 2021 viser.

Figur 2.2 Omsetning av litteratur i Noreg og eksportinntekter, 2013–2021 i mill. kroner

Figur 2.2 Omsetning av litteratur i Noreg og eksportinntekter, 2013–2021 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

2.4.3 Digitalisering av litteraturfeltet

Digitaliseringa har bidrege til strukturelle endringar i bokbransjen og i lesevanane til folk. Desse endringane fordrar eit nytt blikk på korleis litteraturpolitikken bør innrettast. Omsetning av lydbøker i strøymetenestene aukar særleg, og i 2021 vart det registrert 8,2 millionar lyttingar mot 2 millionar i 2017.3 Samtidig føretrekkjer norske lesarar framleis papirbøker, som vert distribuerte gjennom bokhandel og bibliotek.4 Utviklinga av digitale strøymetenester har likevel gjort at ein vesentleg del av litteraturkonsumet har flytta seg til lyd. I 2022 vart 15 prosent av bøkene, som respondentane i Leserundersøkelsen rapporterte på, lytta til i eit lydformat, og éin av fire boklesarar hadde lytta til ei lydbok siste året.5

Denne utviklinga har gått raskt og med Skandinavia som senter. Internasjonale strøymetenester som Storytel, Nextory og Bookbeat er utvikla i Skandinavia og har bygd ein internasjonal posisjon, med norske greiner. Veksten i lydkonsumet kjem delvis som eit tillegg til lesing på papir, men fallande tal for sal av pocketbøker kan tyde på at det òg er snakk om ei endring i mønsteret for konsum av litteratur. Tala frå strøymetenestene viser at brukarane føretrekkjer underhaldningslitteratur og bestseljande romanar. Auken i lytting til lydbøker via strøyming har mykje å seie for rammevilkåra i bokbransjen og dimed òg for arbeidsvilkåra til forfattarane.

Figur 2.3 Omsetning av litteratur i Noreg fordelt på bokgrupper, 2013–2021 i mill. kroner

Figur 2.3 Omsetning av litteratur i Noreg fordelt på bokgrupper, 2013–2021 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

For forfattarane fører utviklinga særleg med seg to hovudutfordringar som må gripast fatt i. Den eine er at det vert mindre pengar til forfattarane i strøymeøkonomien enn ved sal av bøker på papir. Den andre utfordringa i kjølvatnet av strøymeøkonomien er at forhandlarleddet vert ein større maktfaktor i systemet, og forfattarar og forlag vert i større grad «råvareprodusentar» for ei digital teneste. Dette betyr mellom anna at lesarar må abonnere på ulike tenester for å få tilgang til breidda av det som vert produsert.

Tendensen er at vegen frå forfattar til publikum vert styrt på andre premissar enn i den analoge bokmarknaden – dels gjennom produksjon av eksklusivt innhald og eksklusive lydprodukt som delvis er baserte på bøker, dels gjennom at forlag som eig strøymetenester, prioriterer eige innhald i tenestene. Endringane i lydmarknaden gjer at denne delen av bokbransjen utviklar seg raskt – og i andre retningar enn den tradisjonelle bokmarknaden. Biblioteka, som står for ein stor del av omsetninga på papir, har dessutan i mindre grad fått tilgang til å kjøpe digitale lydbøker. Desse forholda lèt seg ikkje fullt ut korrigere med kunstnarpolitiske verkemiddel, men må reflekterast i kunstnarpolitikken.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til boklov for Stortinget, mellom anna for å kome desse utviklingstrekka i møte. Boklova varetek forfattarane. Utan boklov vil forfattarar få meir uføreseielege inntekter, og det kan verte vanskelegare å debutere og utvikle forfattarskap. Boklova sikrar òg gode arbeidsvilkår for forfattarane ved at ho gjer det mogleg å forhandle fram ein «tariffavtale» – som i litteraturbransjen vert kalla normalkontrakten. Normalkontraktane vert rekna som ein grunnleggjande del av det norske litterære systemet. Kjernen i forslaget til boklov er å innføre ein obligatorisk fastpris i 12 månader for kvart format nye bøker vert publiserte i. Det sikrar forfattarane føreseielege inntekter og lesarane eit breitt tilbod av titlar på papir, e-bok og lydbok. Det skal vere rom for nye forfattarstemmer samtidig som ein varetek dei meir etablerte forfattarane. Lova vil gjelde for alle aktørar i bokbransjen. Boklova skal fremje dei litteraturpolitiske måla om mangfald, breidd, kvalitet og tilgang til litteraturen, mellom anna gjennom regulering av fastpris, plikt til å levere og skaffe bøker, fordeling av inntekt mellom forlag og bokhandlar og avtalar som dannar grunnlag for innteninga til forfattarane («normalkontraktar»). Dette vil òg bidra til å styrkje forfattarane sin posisjon i det litterære systemet i Noreg. Boklova er nærare omtalt i kapittel 8.2.

2.5 Visuelle kunstnarar

Visuelle kunstnarar er ei stor og heterogen gruppe som fordeler seg på ei rekkje ulike kunstuttrykk og fagtradisjonar. Desse kunstnarane arbeider med ulike former, materiale og uttrykk, som måleri, fotografi, tekstilkunst, smykkekunst, keramikk, glaskunst, teikning, grafikk, skulptur, video/film, installasjonar, stadspesifikke og relasjonelle uttrykk, lydkunst, performance, lisensbasert nettkunst, kryptokunst (NFT) og gatekunst. Som andre kunstnargrupper lever nokre av dei visuelle kunstnarane godt av kunsten sin i ein kommersiell marknad, men dei fleste har stor hjelp av offentlege støtteordningar for å kunne verke som kunstnarar. Tradisjonelt har dei visuelle kunstnarane vore den gruppa med svakast økonomi og lågast inntekter frå kunstnarleg arbeid, og mykje av kunstnarpolitikken retta mot denne gruppa har handla om å kompensere for det.

2.5.1 Sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi

Kunstnerundersøkelsen 2019 identifiserte om lag 4 100 profesjonelle visuelle kunstnarar fordelte på kategoriane biletkunstnarar (2 061), kunsthandverkarar (701), kunstnarlege fotografar (175) og designarar (1 178). Både blant biletkunstnarar og kunsthandverkarar er det ei klar overvekt av kvinner, medan kjønnsbalansen er likare blant kunstnarlege fotografar. Kjønnsfordelinga har halde seg svært stabil for desse gruppene frå 2006 til i dag. Gjennomsnittsalderen for både biletkunstnarar og kunsthandverkarar er 55 år, medan designarane har lågast gjennomsnittsalder blant dei visuelle kunstnarane med 41 år.

Også dei fleste visuelle kunstnarane bur i Stor-Oslo eller elles på Austlandet, men biletkunstnarane og kunsthandverkarane er i større grad spreidde utover i landet enn fotografane og designarane. Berre 36 prosent av enkeltpersonføretaka innanfor visuell kunst er registrerte andre stader enn på Austlandet. Blant biletkunstnarane ser talet på personar med innvandrarbakgrunn ut til å vere noko høgare enn i befolkninga elles. Medan 14 prosent av befolkninga i Noreg i 2019 var definerte som innvandrarar, ligg det tilsvarande talet på 15 prosent blant biletkunstnarane, 13 prosent blant kunsthandverkarane og 12 prosent blant kunstnarlege fotografar. Dette er høgare enn blant dei andre kunstnargruppene som inngår i undersøkinga, og kan vere uttrykk for at visuell kunst ikkje møter dei same språkbarrierane som til dømes litteraturen gjer. Slik sett har det visuelle kunstfeltet kanskje særlege føresetnader for å inkludere nye uttrykk og kunstnarar.

Til liks med dei fleste kunstnarar livnærer dei visuelle kunstnarane seg gjennom ein samansett økonomi med inntekter både frå kunstnarleg arbeid, frå arbeid tilknytt kunst og frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Langt dei fleste visuelle kunstnarane oppgjev at dei har inntekter frå det kunstnarlege arbeidet sitt. For biletkunstnarar gjeld dette 69 prosent. Men over 30 prosent av desse kunstnarane hadde altså ikkje inntekt frå kunstnarleg arbeid i 2019. Som samla gruppe har dei visuelle kunstnarane meir enn halvparten av inntekta si frå kunstnarleg arbeid. For biletkunstnarane utgjorde stipend 47 prosent av inntekta, og for kunstnarlege fotografar var stipenddelen av den kunstnarlege verksemda heile 66 prosent. Medan 46 prosent av dei kunstnarlege fotografane hadde vederlagsinntekter, hadde 28 prosent av biletkunstnarane og 26 prosent av kunsthandverkarane det same. Delen med inntekter frå utlandet låg på mellom 16 prosent (biletkunstnarar) og 18 prosent (kunsthandverkarar). Også dei visuelle kunstnarane brukte noko mindre tid på kunstnarleg arbeid i 2019 enn i 2006, med unntak av kunstnarlege fotografar, som brukte 8 prosent meir tid på slikt arbeid i 2019 enn i 2006.

Dei visuelle kunstnargruppene er framleis dei gruppene som har lågast gjennomsnittleg samla inntekt. I 2019 tente biletkunstnarar 377 000 kroner, kunsthandverkarar 401 000 kroner, kunstnarlege fotografar 398 000 kroner og designarar 513 000 kroner i gjennomsnitt. Mange av dei visuelle kunstnarane hamna med det under låginntektsgrensa i 2019. 32 prosent av biletkunstnarane, 27 prosent av kunsthandverkarane og 29 prosent av dei kunstnarlege fotografane hamnar i denne kategorien. Dei visuelle kunstnarane rapporterer om ganske stabile inntekter, og inntektsnivået deira varierer ikkje så mykje frå år til år som det gjer for til dømes forfattarane. 57 prosent av dei visuelle kunstnarane melder at dei tilpassar utgiftene til inntektsnivået, men også i denne gruppa ser det ut til at den samla hushaldsinntekta er viktig når det gjeld å kompensere for låginntekt. Alle dei tre visuelle kunstnargruppene har hatt ein inntektsauke mellom 2016 og 2019 som er større enn for befolkninga elles, men frå eit lågt nivå, og dei visuelle kunstnarane er framleis ei gruppe som har ein krevjande økonomisk situasjon.

2.5.2 Infrastrukturen rundt dei visuelle kunstnarane

For dei visuelle kunstnarane er det særleg dei mange ulike visningsstadene for visuell kunst som er avgjerande for at kunsten møter publikum. Desse er både kunstmuseum, kunsthallar, galleri og kunstnardrivne visningsstader – og ei rekkje andre rom, arenaer og arrangement for visning av visuell kunst. Særeige for dette kunstfeltet er den statlege verksemda KORO, som ser til både at det vert investert i kunst gjennom offentleg finansierte byggjeprosjekt, og at desse investeringane gjer kunst tilgjengeleg i offentlege bygg over heile landet. KORO er dimed ein viktig oppdragsgjevar for kunstnarar. Som på andre kunstfelt er Den kulturelle skulesekken viktig som både oppdragsgjevar og formidlingskanal. Ein stor del av infrastrukturen rundt dei visuelle kunstnarane er offentleg finansiert, men òg private galleri og samlarar er viktige aktørar på dette kunstfeltet. Samtidig inngår feltet i ein stor internasjonal, kommersiell marknad, der investering i kunst er «big business», men der dei færraste nolevande kunstnarane når opp på ein måte som gjer at desse investeringane kjem dei til del.

Kunst i tall 2021 viser at den samla omsetninga i Noreg og frå utlandet i snitt har auka med 6 prosent årleg frå 2014 til 2021, til nærare 3 milliardar kroner i 2021. Den sterke omsetningsauken frå 2020 til 2021 heng sannsynlegvis saman med auka statlege løyvingar til innkjøp av kunst gjennom museum og KORO under koronapandemien og dessutan med at Nasjonalmuseet omdisponerte midlar til det same føremålet. Ein betydeleg del av innkjøpa under koronapandemien var samtidsverk frå nolevande kunstnarar. Elles utgjer ein betydeleg del av omsetninga på det visuelle feltet vidaresal av verk frå avdøde kunstnarar og grip slik ikkje direkte inn i situasjonen for nolevande kunstnarar.

Ei forklaring på omsetningsauken frå 2019 til 2020 er at eksporten av visuell kunst auka frå 152 millionar til om lag 1,1 milliardar kroner. Som figur 2.4 viser, er det til dels store årlege variasjonar i inntektene frå utlandet. Noko av årsaka til det er sal av svært verdifulle enkeltverk. Til dømes skriv dei høge utanlandsinntektene i 2016 seg sannsynlegvis frå sal av «Pikene på broen» av Edvard Munch. Som Kunst i tall 2021 viser, stod salet av verket «Triptych Inspired by the Oresteia of Aeschylus» av Francis Bacon for 812 millionar kroner av dei rekordhøge samla utanlandsinntektene i 2020. Når det gjeld inntekter frå vederlag og opphavsrett, er det utstillingsvederlaget som relativt sett har auka mest, frå 11 millionar kroner i 2014 til 20 millionar kroner i 2021.

Figur 2.4 Omsetning av visuell kunst i Noreg og eksportinntekter, 2014–2021 i mill. kroner

Figur 2.4 Omsetning av visuell kunst i Noreg og eksportinntekter, 2014–2021 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

2.5.3 Digitalisering av det visuelle kunstfeltet

Digital teknologi har også på det visuelle kunstfeltet verka inn på utviklinga av nye kunstnarlege praksisar. Mellom anna har det vakse fram nye kunstuttrykk som ikkje berre vert formidla digitalt, men som er digitale i seg sjølve, som kryptokunst, også kalla NFT (non-fungible token).

Digital teknologi har òg bidrege til nye kanalar for distribusjon og framsyning av visuell kunst. I forlenginga av dette har digitale plattformer for biletdeling mellom anna gjeve rom for at nye kunstnarskap har vakse fram.

Som på dei fleste andre område har digitalisering bidrege med nye måtar å kommunisere og samhandle med publikum på. Pandemien viste både kva formidlingspotensial som ligg i digitale verktøy, og korleis det kan opne for nye samhandlingsmønster mellom visuelle kunstnarar og visningsstader og publikum. Læringsprogram, uformelle kunstklubbar, online-utstillingar, live-events, utstillingsomvisingar og kreative utfordringar på sosiale medium er nokre av døma på korleis aktørar på det visuelle kunstfeltet involverte og vende seg til publikum i perioden då dei fysiske visningsstadene måtte halde stengt.

Korleis dei ulike aktørane byggjer vidare på erfaringane med digitale moglegheiter og utfordringar frå pandemitida, og korleis utviklinga utfordrar tradisjonelle strukturar og verkemiddel, er noko kunstnarpolitikken vil følgje med på framover.

Figur 2.5 Offentleg sal av visuell kunst, basert på innbetaling av kunstavgift frå ulike aktørar, 2014–2021 i mill. kroner

Figur 2.5 Offentleg sal av visuell kunst, basert på innbetaling av kunstavgift frå ulike aktørar, 2014–2021 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

Som figur 2.5 viser, auka salet av visuell kunst via galleri og kunsthandlarar med nærare 37 prosent frå 2020 til 2021, medan det er salet via foreiningar og privatpersonar som har hatt den største relative veksten i heile perioden, på nærare 130 prosent frå 2014 til 2021. Det kan mellom anna henge saman med auken i talet på rubrikkannonsar på digitale marknadsplassar i same perioden. Ifølgje Kunst i tall 2021 har talet på rubrikkannonsar som er publiserte i kategorien kunst på Finn.no, auka frå 45 000 i 2014 til nærare 200 000 i 2021.

2.6 Musikarar

Som gruppe dekkjer musikarane eit svært ueinsarta felt når det gjeld både sjanger, uttrykk, arbeidsformer og arbeidskår. På mange måtar har ikkje ein fast tilsett klassisk, utøvande musikar mykje til felles med ein samtidskomponist eller ein sjølvstendig næringsdrivande populærmusikar. Musikarane er ei kunstnargruppe som har svært ulike føresetnader for å utøve kunsten sin profesjonelt. Verkemiddelapparatet for musikarane må difor vere mangfaldig og variert og kome mange ulike behov i møte.

Kunstnerundersøkelsen 2019 gav ikkje oppdaterte opplysningar om kor mange musikarar som er verksame i dag. Blant dei musikargruppene som deltok i undersøkinga, finn vi jazzmusikarar, populærkomponistar og songtekstforfattarar og komponistar. Sjølv om kvalitetssikra og komparative tal for heile musikarpopulasjonen manglar, er det grunn til å tru at musikarane samla sett er den største kunstnargruppa i Noreg i dag, slik ho òg var i Kunstnerundersøkelsen 2013.

2.6.1 Sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi

Av dei musikargruppene som deltok i Kunstnerundersøkelsen 2019, er det identifisert 398 jazzmusikarar, 827 populærkomponistar og songtekstforfattarar og 115 komponistar.

I dei musikarkategoriane som inngår i undersøkinga, er det klart fleire menn enn kvinner, men samanlikna med 2006 har kvinnedelen gått opp blant komponistar og populærkomponistar og songtekstforfattarar.6 Alle musikargruppene som er med i undersøkinga, har ein gjennomsnittsalder på 50 år eller lågare. Heile 75 prosent av jazzmusikarane er 50 år eller yngre.

Også dei fleste musikarane som inngår i undersøkinga, bur i Stor-Oslo, og i alle tre musikargruppene er om lag ein tredel busette andre stader enn på Austlandet. Heller ikkje blant musikarane ser det ut til å verte rekruttert frå befolkninga med innvandrarbakgrunn i særleg grad. Som i dei fleste andre kunstnargruppene i undersøkinga er representasjonen frå personar med innvandrarbakgrunn lågare enn for befolkninga elles.

Til liks med dei fleste kunstnarar livnærer musikarar seg gjennom ein samansett økonomi med inntekter både frå kunstnarleg arbeid, frå arbeid tilknytt kunst og frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Nesten alle musikarane i undersøkinga oppgjev at dei har inntekter frå det kunstnarlege arbeidet sitt, og blant komponistane gjeld det for alle. Kunstnarleg arbeid utgjorde òg størstedelen av inntekta til musikarane i 2019, men også musikarane brukte mindre tid på kunstnarleg arbeid i 2019 enn i 2006.

Populærkomponistar og songtekstforfattarar hadde ei gjennomsnittleg samla inntekt i 2019 på 691 000 kroner, noko som er ei høg inntekt samanlikna med kva andre kunstnargrupper tener. Men det er eit stort sprik mellom gjennomsnittsinntekta og medianinntekta i denne gruppa, og det tyder på at skilnadene er store internt i gruppa. Både jazzmusikarar og komponistar låg godt under inntekta til populærkomponistar og songtekstforfattarar, med ei samla inntekt på høvesvis 474 000 og 520 000 kroner.

I overkant av ein firedel av populærkomponistane, songtekstforfattarane og jazzmusikarane fekk ei eller anna form for stipend i 2019.7 Mellom 62 prosent (jazzmusikarar) og 76 prosent (komponistar) hadde vederlagsinntekter dette året, og mellom 34 prosent (populærkomponistar og songtekstforfattarar) og 52 prosent (jazzmusikarar) hadde inntekter frå utlandet.

Jazzmusikarane er den musikargruppa i undersøkinga der flest låg under låginntektsgrensa i 2019; det var tilfellet for 24 prosent i denne gruppa. 12 prosent av komponistane og 18 prosent av populærkomponistane og songtekstforfattarane var i same situasjon. Musikarane i undersøkinga er vidare ei kunstnargruppe med inntekter som varierer ein god del frå år til år, og for mange bøter den samla hushaldsinntekta på låge inntekter frå musikarverksemda. Musikargruppene som er med i undersøkinga, har hatt ei årleg endring i yrkesinntekta på 0,6 prosent (komponistar), 2,3 prosent (jazzmusikarar) og 5,1 prosent (populærkomponistar og songtekstforfattarar) i perioden 2016–2019.

2.6.2 Infrastrukturen rundt musikarane

Infrastrukturen som legg premissar for produksjon og formidling av musikk, er minst like variert som musikarpopulasjonen. Dels handlar dette om offentleg finansierte aktørar som orkester, kulturhus, kulturskular, Den kulturelle skulesekken og liknande, som tilbyr tilsetjingar og oppdrag av ulike slag. Dels handlar det om ein kommersiell bransje forstått som ei næringskjede med ulike ledd som alle verkar inn på dei moglegheitene musikarane har både til å produsere og til å formidle. Musikkbransjen utgjer ein stor og global økonomi som særleg populærmusikarane inngår i og må forhalde seg til.

Figur 2.6 Omsetning av musikk i Noreg og eksportinntekter, 2012–2021 i mill. kroner

Figur 2.6 Omsetning av musikk i Noreg og eksportinntekter, 2012–2021 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall 2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

Kunst i tall 2021 viser at den samla omsetninga av musikk i Noreg og frå norsk musikk i utlandet i snitt har auka med 5 prosent årleg i perioden 2012–2019, frå om lag 3,9 milliardar kroner til 5,5 milliardar kroner. Som omtalt under kapittel 2.11 vart den publikumsretta verksemda særleg hardt råka av koronapandemien. Konsert- og festivalverksemda vart kraftig nedskalert, og som figur 2.6 viser, fall omsetninga frå 3 milliardar kroner til under 1 milliard kroner frå 2019 til 2021. I same periode fall eksportinntektene med 33 prosent. Utanlandsinntekter som går til norske artistar og musikarar via internasjonale selskap, er ikkje med i utrekningsgrunnlaget. Dimed er dei samla utanlandsinntektene truleg større enn det som kjem fram i Kunst i tall 2021.

Ifølgje ei utgreiing bestilt av Kultur- og likestillingsdepartementet stod konsert- og festivalverksemda for 40 prosent av dei musikkrelaterte inntektene til musikarar i 2017. Konsertar og festivalar var dimed den største kjelda til inntekt frå musikkrelatert verksemd for norske skapande og utøvande musikarar dette året, trass i ein nedgang frå 46 prosent i 2007.8 Den delen av inntekta som kjem frå pedagogisk verksemd, offentleg støtte og evenement, har auka i den same perioden. Utgreiinga viser at pedagogisk verksemd var den nest viktigaste musikkrelaterte inntektskjelda og utgjorde 12 prosent av inntekta til musikarar i 2017. Utbetalingar frå kollektive vederlag var den tredje viktigaste med 10 prosent, medan offentleg støtte og evenement kvar for seg utgjorde 8 prosent av inntekta.

2.6.3 Digitalisering av musikkfeltet

Digital teknologi har ført med seg store endringar for musikarane, ikkje minst har strøymeteknologien endra inntektsstrukturar, distribusjon og formidlingsmåtar. Etter fleire år med nedgang i omsetninga av innspelt musikk, i hovudsak på grunn av ulovleg fildeling og piratverksemd, det vil seie ulovleg kopiering og deling av musikkfiler, snudde utviklinga frå 2012 som følgje av at lovlege musikkstrøymetenester vart tilgjengelege. Då vart det òg enklare å kjøpe, laste ned og spele av digitale musikkfiler, i form av enkeltvise låtar eller album, på datamaskiner, musikkspelarar og smarttelefonar.

Figur 2.7 Omsetning av innspelt musikk fordelt på ulike format, 2000–2021 i mill. kroner

Figur 2.7 Omsetning av innspelt musikk fordelt på ulike format, 2000–2021 i mill. kroner

Kjelde: Ifpi.no, Statistikk og Kunst i tall 2021, Kulturrådet. Tala for 2020 og 2019 kan ikkje sammenliknast direkte med tidlegare år, fordi desse i større grad omfattar omsetning som ikkje direkte er rapportert inn til IFPI Norges statistikk.

Deretter kom strøymetenestene. Med strøymetenestene kom òg nye inntektsmodellar. Omsetninga frå strøyming overgår i dag omsetninga av musikk i både fysisk og digitalt format. Algoritmedriven eksponering av musikk, slik strøymetenestene er innretta, fører med seg klare utfordringar, ikkje minst for inntektsfordeling og eksponering. Likevel har strøymetenestene ført til økonomisk oppgang i både den norske og den internasjonale musikkmarknaden, og i 2019 var det meir pengar i omløp frå innspelt musikk enn det hadde vore på mange år. Frå 2012 til 2021 har inntektene frå strøyming av musikk i Noreg hatt ein årleg auke på 11 prosent, og i 2021 kom meir enn 90 prosent av omsetninga av innspelt musikk frå strøymetenestene.9

Utgreiinga til BI og Menon frå 2019 peiker på at sjølv om omsetninga i både strøymemarknaden og konsertmarknaden aukar, vert den delen som dei norske utøvarane og opphavarane får av omsetninga, mindre.10 Bruken av dei internasjonale strøymetenestene representerer altså òg utfordringar for norsk musikk og musikarar i Noreg fordi konkurransen er stor og norskdelen minkande. Utgreiinga viser vidare at strøyming utgjorde den viktigaste inntektskjelda for innspelt musikk i Noreg frå 2013, og globalt frå 2017.

Ifølgje tal frå IFPI, som òg inkluderer artistar som syng coverlåtar, og andre rettar knytte til plateselskap i Noreg, var norskdelen i den norske strøymemarknaden 15 prosent i 2013.11 Norskdelen har auka sidan 2013, men han er framleis vesentleg lågare enn den nasjonale delen er for dei nordiske nabolanda våre.

Figur 2.8 Nasjonal del av innspelt musikk i 2020, i prosent

Figur 2.8 Nasjonal del av innspelt musikk i 2020, i prosent

Kjelde: Ifpi Norge, Ifpi Danmark og Ifpi Finland, 2022. Ifpi Sverige hadde ikkje tall på lokalt innhald.

Digitaliseringa har òg ført med seg at ei stadig mindre gruppe av skaparane står for ein stadig større del av inntektene frå digitale plattformer. Frå 2010 til 2017 har dei ti prosentane av TONO-medlemene som tener mest, auka sin del av vederlagsutbetalingar frå digitale kjelder frå 58 til 78 prosent, sjå figur 2.9.

Figur 2.9 Del av vederlagsutbetalinga frå digitale kjelder til dei ti prosentane med høgast vederlagsinntekter av TONO-medlemene, i prosent

Figur 2.9 Del av vederlagsutbetalinga frå digitale kjelder til dei ti prosentane med høgast vederlagsinntekter av TONO-medlemene, i prosent

Gjeld TONO-medlemer som har hatt inntekter frå digitale inntektskjelder i perioden.

Kjelde: Eidsvold-Tøien, Irina et al. (2019): Hva nå – Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje BI – Centre for Creative Industries og Menon Economics, s 113.

Den samla kunnskapen om musikarane og utviklingstrekk på musikkområdet er per dags dato fragmentert og noko usystematisk. At store grupper av musikarar ikkje var med i den siste kunstnarundersøkinga, forsterkar dette. Det er difor stort behov for vidare utgreiingar om og oversyn over dette kunstfeltet. Regjeringa har meldt at det skal setjast i gang eit offentleg utgreiingsarbeid om musikk. Dette er nærare omtalt under kapittel 5.5.1.

2.7 Scenekunstnarar

Også scenekunstnarane spreier seg over fleire uttrykk og kunstnarlege tradisjonar. Skodespelarar, dansekunstnarar, musikalartistar og operakunstnarar er nokre av dei yrkesgruppene vi finn blant scenekunstnarane. Også i denne kategorien har manglande deltaking i Kunstnerundersøkelsen 2019 gjort at det ikkje ligg føre kvalitetssikra, oppdaterte og komparative tal for sosiodemografi og økonomi for heile populasjonen. Mellom anna er det usikkert kor mange scenekunstnarar det er i Noreg i dag. Ikkje minst manglar det tal for skodespelarar. Men dansarar deltok i undersøkinga, og gjennom den vart det identifisert 669 aktive dansarar i Noreg i 2019. I innspelet sitt til denne meldinga melder Norsk Skuespillerforbund om 1 600 medlemer per 2022.

2.7.1 Sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi

Dansarpopulasjonen er ifølgje Kunstnerundersøkelsen 2019 svært kvinnedominert. Heile 86 prosent av dansarane er kvinner, og kvinnedelen har halde seg stabilt høgt over tid. Ikkje overraskande er dansarane ei kunstnargruppe med mange unge; over 60 prosent er under 40 år. Vidare bur over 70 prosent av dansarane i Stor-Oslo eller elles på Austlandet, og også i denne kunstnargruppa er innvandrarbefolkninga dårlegare representerte enn i befolkninga elles. Berre 44 prosent av dansarane meiner at dei har tilgang til dei produksjonsfasilitetane som er naudsynlege i det daglege kunstnarlege arbeidet.

Til liks med dei fleste kunstnarar livnærer dansarane seg gjennom inntekter både frå kunstnarleg arbeid, frå arbeid tilknytt kunst og frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Gjennomsnittleg hadde dansarane ei samla inntekt på 433 000 kroner i 2019. Over halvparten av dansarane hadde det kunstnarlege arbeidet sitt som hovudinntektskjelde i 2019, og dei brukte 5 prosent meir tid på slikt arbeid i 2019 enn i 2006. 19 prosent av dansarane fekk ulike typar stipend i 2019, og berre 2 prosent av dansarane hadde vederlagsinntekter, medan 16 prosent hadde inntekter frå utlandet.

Scenekunstfeltet er eit felt som har hatt stor tilvekst av kunstnarar dei siste åra. Norsk Skuespillerforbund melder at det kvart år vert utdanna 100 nye skodespelarar frå norske utdanningsinstitusjonar på bachelornivå. Også Norske Dansekunstnere viser i sitt innspel til ei veksande gruppe dansekunstnarar. Det er mellom anna denne tilveksten som gjer at konkurransen om å lukkast som scenekunstnar er stor. Scenekunst er òg ein utprega kollektiv kunstart, og dette legg føringar for kvar det er mest føremålstenleg å busetje seg. Nærleik til scenekunstnarlege nettverk, oppdragsgjevarar og visningsstader er sentralt for scenekunstnarar. I innspelet frå Norsk Skuespillerforbund til denne meldinga heiter det at 900 av 1 600 medlemer i forbundet er folkeregistrerte i Oslo og omland. Vidare går det fram at 90 prosent av medlemene deira jobbar i mellombelse tilsetjings- og oppdragstakarforhold over heile landet. Dei fleste skodespelarar bur altså i Oslo-området, men jobbar fleire stader. I innspelet heiter det òg at det finst 152 faste stillingar for skodespelarar i Noreg. Desse er først og fremst knytte til institusjonsteater ulike stader i landet. På dansefeltet melder Norske Dansekunstnere i sitt innspel at det er om lag 80 stillingar for dansarar i Noreg i dag, og at desse er knytte til Carte Blanche i Bergen og Nasjonalballetten i Oslo.

2.7.2 Infrastrukturen rundt scenekunstnarane

Som utøvande kunstnarar er scenekunstnarane avhengige av visningsstader og det direkte møtet med publikum. Teater-, danse- og operainstitusjonar er spreidde over heile landet i ein sterkt offentleg finansiert infrastruktur som utgjer ein arbeidsmarknad for scenekunstnarar og moglegheiter for å utvikle seg som kunstnar. Nokre av desse institusjonane har faste stillingar, men langt dei fleste scenekunstnarar er frilansarar eller sjølvstendig næringsdrivande og arbeider med fleire ulike uttrykk og sjangrar innanfor kunstarten sin. Mykje scenekunst vert òg skapt utanfor institusjonsstrukturen av kunstnarar som jobbar med sjølvstendige prosjekt, i eigne grupper og konstellasjonar eller på oppdrag frå andre ikkje-institusjonelle aktørar. Denne delen av scenekunstfeltet vert gjerne omtalt som det frie feltet.

Produksjonar og visningar her vert ofte til gjennom prosjektstøtte eller fleirårig støtte frå ulike offentlege støtteordningar og programmering frå ulike visningsstader som programmerande scener, kulturhus, Den kulturelle skulesekken eller ulike festivalar. På det frie feltet har det vakse fram fleire kunstnarskap eller konstellasjonar som over tid har drift som ikkje passar innanfor prosjektfinansiering, og som har institusjonsliknande trekk når det gjeld kontinuitet, administrasjon og planleggingshorisont. Det har lenge vore etterlyst støtteordningar som treffer desse kunstnarane betre enn dagens ordningar gjer. Regjeringa har varsla ei ny ordning som kjem denne situasjonen i møte. Denne ordninga er nærare omtalt i kapittel 5.5.1

Infrastrukturen som krevst for at scenekunstnarar skal kunne verke og utvikle seg, er i stor grad offentleg finansiert, men det finst òg ein kommersiell marknad for scenekunsten, særleg knytt til enkelte sjangrar.

Kunst i tall 2021 viser at den samla omsetninga av scenekunst i Noreg og frå utlandet var 1,34 milliardar kroner i 2019. Omsetninga vert først og fremst generert gjennom salet av billettar og ikkje gjennom fysiske eller digitale format, slik det er innanfor musikk, film og litteratur. Inntekter frå framføring av scenekunst i Noreg er i all hovudsak billettinntekter, medan inntekter frå utlandet for det meste er honorarinntekter frå framføringar av produksjonar. Scenekunstfeltet vart, som omtalt under kapittel 2.11, særleg hardt råka av koronapandemien. Publikumsaktiviteten vart kraftig nedskalert, og som figur 2.10 viser, fall omsetninga frå 1,34 milliardar kroner til under 500 millionar kroner frå 2019 til 2021. I same periode fall eksportinntektene med 63 prosent.

Figur 2.10 Omsetning av scenekunst i Noreg og eksportinntekter, 2016–2020 i mill. kroner

Figur 2.10 Omsetning av scenekunst i Noreg og eksportinntekter, 2016–2020 i mill. kroner

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

I motsetnad til framføringsinntektene auka dei opphavsrettslege inntektene frå utlandet under koronapandemien. Sjølv om desse inntektene utgjer ein svært liten del av den totale omsetninga, har det vore ein markant inntektsauke frå 2016 til 2021 – frå 0,5 til i alt 2,9 millionar kroner. Opphavsrettslege inntekter er vederlag utbetalte på bakgrunn av oppsetjingar av verk formidla via mellom andre det danske teaterforlaget Nordiska og det norske forlaget Songbird, som vart etablert i 2016. Dei siste åra har fleire norske skodespelarar fått internasjonale oppdrag i filmar og i TV- og scenekunstproduksjonar. Scenekunstnarar som vert formidla via utanlandske agentur, er ikkje med i grunnlaget for utrekninga av inntektene. Dei samla utanlandsinntektene er difor venteleg større enn det som kjem fram i Kunst i tall.

Figur 2.11 Omsetning av framføringsinntekter fordelt på ulike sjangrar og uttrykk, prosentvis fordeling  2016–2021

Figur 2.11 Omsetning av framføringsinntekter fordelt på ulike sjangrar og uttrykk, prosentvis fordeling 2016–2021

Kjelde: Stampe, Peder Laumb et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet. Tala er rekna om til 2021-kroner.

Som figur 2.11 viser, utgjer teater, inkludert musikkteater og musikal, den største delen av framføringsinntektene. Deretter følgjer show, revy og standup. Kinoframsyning av scenekunst er ikkje med i framstillinga, ettersom det utgjer ein svært liten del av den samla omsetninga. I 2021 utgjorde kinoframsyning av scenekunst 0,07 prosent av framføringsinntektene. Delen ukategorisert scenekunst har auka mykje frå 2019 til 2021. Noko av forklaringa på det kan vere meir digital framsyning av scenekunst under koronapandemien.

2.7.3 Digitalisering av scenekunstfeltet

Scenekunst er først og fremst fysiske møte i sanntid mellom kunstnarar og publikum i same rom. Den kunstnarlege prestasjonen og opplevinga lèt seg ikkje lagre eller redigere, men må opplevast der og då. Difor har heller ikkje digital teknologi vore ein like stor endringsfaktor på scenekunstfeltet som på andre kunstområde. Digital teknologi har likevel hatt noko å seie for utviklinga av nye kunstnarlege formgrep. Teknologien har dessutan bidrege med nye måtar å kommunisere og samhandle med publikum på, og det ligg òg eit formidlingspotensial i digitale verktøy. Under pandemien fekk mange scenekunstaktørar prøvde ut digital formidling og strøyming av framføringar. Dette gav verdifulle erfaringar med både potensialet og utfordringane knytte til strøyming og digital overføring som det vil vere interessant å sjå nærare på i tida som kjem.

Men også før pandemien vart det prøvd ut ulike modellar for strøyming. Applaus Scene er til dømes ei strøymeteneste for scenekunst som i samarbeid med institusjonane produserer framsyningar for nettdistribusjon til skular og andre institusjonar. Med kvar framsyning følgjer det intervju med kunstnarane, artiklar og pedagogisk materiale. Føremålet med Applaus scene er å gje fleire tilgang til teaterframsyningar på høgt nivå.

2.8 Audiovisuelle kunstnarar

Film, dataspel og annan audiovisuell kunst er langt nyare kunstuttrykk enn dei kunstartane som er gjennomgått ovanfor, og både verkemiddelapparatet og forvaltningsstrukturane skil seg frå systemet som er rigga rundt dei andre kunstartane. Dette er òg eit felt der mange av aktørane ikkje utan vidare vil identifisere seg direkte med kunstnaromgrepet, men heller omtale seg som til dømes filmskapar, filmfotograf, animatør eller speldesignar.

Audiovisuelle kunstnarar skaper, utøver og bidreg til å produsere eit breitt utval kunst- og kulturuttrykk, til dømes eksperimentell kunst, dokumentarfilm, spelefilm, TV-seriar og dataspel. Ein audiovisuell produksjon omfattar gjerne ei rekkje ulike kunstnarlege fagfunksjonar, som manusforfattarar, lyddesignarar, visuelle designarar, regissørar, skodespelarar, fotografar, musikarar og klipparar. Nokre audiovisuelle kunstnarar varetek fleire fagfunksjonar i éin produksjon. Det gjeld kanskje særleg for kortare format og for mindre produksjonar og verksemder. For større og meir kommersielle filmproduksjonar har produsenten gjerne ei sentral rolle i realiseringa av prosjektet og finansieringa av produksjonen. I dei tilfella der distribusjon, formidling og vidaresal er med og finansierer filmproduksjonar, er produsentane òg sentrale når det gjeld forvaltninga av dei økonomiske rettane som regissørar, manusforfattarar og andre kunstnarar eventuelt har til filmproduksjonen.

Å utvikle og realisere større film- og dataspelprosjekt kan ta fleire år, og produksjonar er ofte finansierte av ulike nasjonale og internasjonale aktørar. Nokre audiovisuelle kunstnarar er tilsette i produksjonsselskap, men hovuddelen på filmfeltet er frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande som vert engasjerte til ulike prosjekt og til ulike delar av produksjonen.

2.8.1 Sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi

I den siste kunstnarundersøkinga vart det identifisert drygt 1 100 kunstnarar knytte til dette kunstfeltet. Desse fordeler seg på kategoriane filmregissørar (249) og TV- og filmarbeidarar (875). I begge kategoriane er det litt fleire menn enn kvinner. Dei audiovisuelle kunstnarane er ei ung kunstnargruppe; heile 88 prosent av filmregissørane og 90 prosent av TV- og filmarbeidarane er 50 år eller yngre.

Det er òg ei svært sentralisert gruppe kunstnarar; over 70 prosent bur i Stor-Oslo. Trass i at det er ei relativt ung kunstnargruppe som er konsentrert i og rundt Oslo, har berre 7 prosent innvandrarbakgrunn. Det er godt under representasjonen i befolkninga elles, som er på 14 prosent.

Som dei fleste kunstnarar livnærer også denne kunstnargruppa seg gjennom ein samansett økonomi med inntekter både frå kunstnarleg arbeid, frå arbeid tilknytt kunst og frå ikkje-kunstnarleg arbeid. Denne gruppa brukte 16 prosent mindre tid på kunstnarleg arbeid i 2019 enn i 2006, men fekk likevel mesteparten av inntekta si frå slikt arbeid også i 2019. For filmregissørane utgjorde inntekt frå kunstnarleg arbeid 75 prosent dette året, og for TV- og filmarbeidarar var det tilsvarande talet 82 prosent. Stipend utgjorde ikkje mykje av inntekta for denne gruppa, men 15 prosent av filmregissørane hadde stipend som del av den kunstnarlege inntekta si. Delen som fekk vederlag dette året, var på 52 prosent for filmregissørane og 48 prosent for TV- og filmarbeidarane.

Den samla gjennomsnittsinntekta i 2019 var på 569 000 kroner for filmregissørane og 511 000 kroner for TV- og filmarbeidarane. Basert på tala frå kunstnarundersøkinga låg forholdsvis få av kunstnarane i denne gruppa under låginntektsgrensa i 2019. Det var likevel tilfellet for 15 prosent av filmregissørane og 14 prosent av TV- og filmarbeidarane. Rundt halvparten av desse kunstnarane melder at dei tilpassar utgiftene til inntektsnivået, men også i denne gruppa ser det ut til at den samla hushaldsinntekta er viktig når det gjeld å kompensere for låginntekt. Filmregissørane er ei gruppe som har hatt ein relativt høg samla inntektsauke mellom 2016 og 2019, med ei årleg endring på 6,9 prosent, medan TV- og filmarbeidarane har hatt ein årleg auke på 2,6 prosent i same perioden.

Kunstnerundersøkelsen 2019 omfattar kunstnarar som jobbar innanfor dataspel og det digitale audiovisuelle feltet, men vi er ikkje kjende med omfanget og veit ikkje kva som kjenneteiknar denne gruppa. Det vil vere viktig å tydeleg inkludere dei i framtidige undersøkingar, slik at vi får betre kunnskap om sosiodemografien og økonomien deira.

2.8.2 Infrastrukturen rundt audiovisuelle kunstnarar

Sjølv om også dette kunstområdet har ein offentleg finansiert struktur som bidreg til produksjon og visning, er utviklinga på området ikkje minst knytt til filmmarknaden og dei kommersielt drivne dynamikkane der. I den norske filmbransjen har det vakse fram ein del større og økonomisk meir solide produksjonsselskap. Samtidig er det ein bransje som òg er prega av mange små og økonomisk svake selskap. Når det gjeld dataspelbransjen, er han prega av eit fåtal større produksjonsselskap og mange små verksemder, med låg lønsemd.

Strukturane rundt dei audiovisuelle kunstnarane varierer på dei ulike områda. Den eksperimentelle audiovisuelle kunsten vert gjerne vist i galleri, på kunstmuseum og på andre visuelle visningsstader rundt om i landet. For både film og dataspel er nasjonale og internasjonale filmfestivalar og messer viktige arenaer, medan kino, strøyming og spelplattformer er viktige visningskanalar og marknadsplassar. Både kino og dei digitale plattformene er ofte eigde av internasjonale selskap. Sjølv om bruken av strøymetenester har auka markant dei siste åra, er kinoen framleis sentral i den audiovisuelle infrastrukturen. Nokre kinoar er privateigde, medan mange er kommunalt drivne. Bygdekinoen gjev eit tilbod på stader rundt om i landet som ikkje har eige kinobygg, med mobilt utstyr som kan vise film i alle typar lokale.

Norsk filminstitutt forvaltar nasjonale statlege ordningar for film, TV og dataspel, som i relativt stor grad er retta mot produsentleddet, mens dei regionale statlege midlane vert forvalta av regionale filmsenter og fond. Samtidig er audiovisuell kunst òg ein del av Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete, og det vert løyvd midlar til tverrfaglege prosjekt med audiovisuelt innhald frå Norsk kulturfond.

Film er ikkje ein del av Kunst i tall, og det har ikkje vore gjennomført noka kartlegging av den norske filmmarknaden som kan samanliknast med kartlegginga innanfor litteratur, musikk, visuell kunst og scenekunst. Det finst offentleg tilgjengelege statistikkar og tal som omhandlar omsetning og norskdel for kinomarknaden, og det finst utrekningar av eksportverdien av kinofilm frå Noreg, men det finst ikkje offentleg tilgjengelege tal for den norske strøymemarknaden og norsk film som er strøyma.

Norsk filminstitutt og Virke Produsentforeningen gjennomfører årleg kartlegginga «Spillerapporten», som omfattar tal frå den norske dataspelbransjen. Statistisk sentralbyrå (SSB) måler kor mykje befolkninga bruker dataspel, men det har ikkje nyleg vore gjennomført økonomiske kartleggingar av det norske dataspelmarknaden. Fordi dei internasjonale strøymeselskapa ikkje frigjev tal for omsetning i Noreg eller kva for spel norske brukarar speler, finst det ikkje offentleg tilgjengelege oppdaterte tal for den samla norske dataspelmarknaden eller for norskdelen. Dei siste omsetningstala frå bransjen viste at omsetninga av dataspel i den norske marknaden var 1,9 milliardar kroner i 2014. I og med at meir enn 95 prosent av omsetninga til den norske dataspelbransjen kjem frå utanlandske spelarar, er det grunn til å tru at norskdelen er låg.

Figur 2.12 Talet på kinoframsyningar, 2015–2021

Figur 2.12 Talet på kinoframsyningar, 2015–2021

Kjelde: SSB, 2023. Statistikkbanken, Kulturtilbod, talet på kinoframsyningar og talet på norske kinoframsyningar.

Den samla omsetninga frå billettinntekter i kinomarknaden i Noreg var 678,4 millionar kroner i 2021.12 Då vart det selt om lag 5,7 millionar kinobillettar, noko som var ein oppgang på 21,5 prosent frå 2020. Samtidig er dette ein betydeleg nedgang frå 2019, då det vart selt rundt 11,3 millionar kinobillettar for om lag 1,3 milliardar kroner. Tal frå SSB, tilgjengeleg i Statistikkbanken, viser at det totalet talet på kinoframsyningar auka med om lag 19,2 prosent i perioden 2015–2019, men gjekk ned med meir enn 25 prosent i koronaåra 2019–2021. Som figur 2.12 viser, var det færre framsyningar av utanlandske kinofilmar i koronaåra, medan talet på norske kinoframsyningar auka.

Figur 2.13 Talet på besøk per kinoframsyning, 2015–2021

Figur 2.13 Talet på besøk per kinoframsyning, 2015–2021

Kjelde: SSB (2023). Statistikkbanken, Kulturtilbod, besøk per kinoframsyning.

Som figur 2.13 viser, gjekk talet på besøk per kinoframsyning ned med meir enn 20 prosent frå 2015 til 2019. Talet på besøkte norske kinoframsyningar fall med meir enn 32 prosent i same perioden. I koronaåra gjekk talet på besøk per framsyning ned med om lag 33,5 prosent, medan besøkstalet for norske filmar fall med om lag 26 prosent. Amerikansk film utgjorde nærare 60 prosent av kinobesøka i Noreg i 2021.

Stadig fleire norske filmar vert viste på festivalar og kinoar over heile verda, og stadig fleire norske dramaseriar vert selde for framsyning eller nyinnspeling. Norsk filminstitutt har rekna ut at eksportverdien og dei samla utanlandsinntektene til den norske filmbransjen meir enn tidobla seg frå 2002 til 2017, til 78 millionar kroner i 2017.13 Inntekter frå dramaseriar er ikkje med i utrekningsgrunnlaget, og utanlandske agentar har stått bak innsalet av dei største internasjonale suksessane. Mellom anna vart den fram til no største internasjonale seriesuksessen, Skam, seld av eit tysk agentur.

2.8.3 Digitalisering av film og audiovisuelle medier

Filmen står midt i store utviklingsprosessar der rammevilkåra vert endra. Digitalisering og globalisering har ført til endringar i produksjon, distribusjon, sal og bruk av audiovisuelle produksjonar. Det har hatt store konsekvensar for finansierings- og forretningsmodellane. Overgangen frå fysisk til digital distribusjon har ført til ein stor auke i folks konsum av audiovisuelt innhald, men truleg ein nedgang i salsinntektene til norske produsentar og filmskaparar. Kinobransjen og fysiske format har tradisjonelt stått for ein stor del av den private finansieringa av norsk audiovisuell produksjon. Sal og utleige av fysiske format, som utgjorde ein vesentleg del av inntektene til produsentane og distributørane for tjue år sidan, er heilt marginalt i dag. Ulovlege fildelingstenester på nett og ulovlege tenester for TV-distribusjon har tidlegare vore eit stort problem, men omfanget vart gradvis mindre i takt med framveksten av strøymetenester.14 Inntektene til strøymetenestene har auka betydeleg det siste tiåret, og sjølv om marknaden og profitten har vorte meir konsentrert blant dei globale aktørane, viser årsrapporten frå Norsk filminstitutt for 2021 at det norske feltet lukkast relativt godt med å tilpasse seg utviklinga.

Noreg, så vel som dei fleste europeiske landa, har som politisk prinsipp at inntekter frå visning av audiovisuelt innhald skal medverke til å finansiere nytt innhald eller andre tiltak som fremjar filminteressa. I fleire land diskuterer ein no korleis dei ulike ledda i verdikjeda eventuelt skal medverke til å finansiere nytt innhald. Eit forslag om å påleggje audiovisuelle bestillingstenester (strøymeaktørar) ei medfinansieringsplikt vart sendt til høyring 15. september 2022, som ledd i eit forslag om gjennomføring i norsk rett av eit endringsdirektiv til direktivet om audiovisuelle medietenester (AMT-direktivet). Dette vert nærare omtalt i kapittel 12.

2.9 Den samiske kunsten

Kunsten er, og har alltid vore, ein berebjelke i det samiske samfunnet, og det all-samiske er eit grunnleggjande utgangspunkt for den samiske kunstscena.15 Samiske kunstnarar kjem frå heile Sápmi og representerer eit stort område med ulike samiske språk og variasjonar i kulturuttrykka. Dei samiske kunstnarorganisasjonane har medlemer frå heile Sápmi og er mellom anna samla under paraplyorganisasjonen Samisk Kunstnerråd (SDR). Det går føre seg omfattande kunstnarlege samarbeid på tvers av dei fire landegrensene, i tillegg til samarbeid i globale urfolksnettverk.

Våren 2020 etablerte Samerådet den all-samiske kulturtankesmia Kultur-Sápmi jurddabeassi. Enkeltkunstnarar, kulturarbeidarar, festivalar og kulturinstitusjonar frå heile Sápmi vart inviterte til å stille saman ei forståing av dagens situasjon for det samiske feltet og forme nye tankar og idear for eit berekraftig samisk kunst- og kulturliv framover. Initiativet resulterte i rapporten Kultur-Sápmi. Tenketank rapport 2021–2022, som dels ligg til grunn for omtalen av det samiske kunstfeltet nedanfor. Enkelte tal i omtalen er henta frå ei samisk kunstnarundersøking frå 2019, bestilt av Samisk Kunstnerråd og Sametinget.16

2.9.1 Samiske kunstpraksisar

Samiske kunst- og kulturuttrykk har ein stor sjangermessig bredde og er nært knytt til samisk livspraksis. I rapporten Kultur-Sápmi heiter det: «Samisk kunst, kultur og duodji kan (…) ikke defineres innenfor visse termer eller bokser, fordi den er en del av en helhet og en levende kultur som stadig er i bevegelse.»17 Vidare er det eit særtrekk at mange samiske kunstnarar meistrar og arbeider med fleire kunstuttrykk.18

Tyngdepunktet for institusjonane på det samiske kunstfeltet er Sápmi. Dei fleste av kunst- og kulturinstitusjonane ligg utanfor store bysenter og bidreg til høg kunstnartettleik i kommunar som Karasjok og Kautokeino.19 Saman med dei samiske kulturfestivalane er institusjonane viktige kulturarbeidsplassar, kompetansemiljø, møteplassar og tilretteleggjarar for samiske kunstnarar og kulturaktørar.

Dei fleste samiske kunstnarar og formgjevarar er, til liks med kunstnarar elles i landet, sjølvstendig næringsdrivande. Dei er ofte organiserte som enkeltpersonføretak, og baserer seg på ulike inntektskjelder og prosjektoppdrag. Det finst ikkje undersøkingar som gjer det mogleg å samanlikne økonomien til samiske kunstnarar med økonomien til ikkje-samiske kunstnarar i Noreg. Samisk kunstnerundersøkelse frå 2019 viser at også mange samiske kunstnarar er avhengige av inntekt frå ikkje-kunstnarleg verksemd. Totalt har 34 prosent av respondentane i undersøkinga kunsten som hovudinntektskjelde, men det er til dels store skilnader mellom kunstnargruppene. Drygt halvparten av dei samiske filmarbeidarane, komponistane og scenekunstnarane har kunsten som hovudinntektskjelde. Tilsvarande gjeld for omtrent 30 prosent av dei visuelle kunstnarane og berre sju prosent av medlemene i Juoigiid Searvi (joik).20

2.9.2 Sametingets kunstnarpolitikk

Samisk kunst og kultur er eit ansvar for den nasjonale kulturpolitikken, det vil seie for det offentlege på alle forvaltningsnivå. Parallelt fører Sametinget ein sjølvstendig kulturpolitikk innanfor ramma av overføringar over statsbudsjettet. Sametingets samfunnsmål på kulturfeltet er eit levande og mangfaldig samisk kunst- og kulturliv av god kvalitet. Gode rammevilkår for samiske kunstnarar er eit viktig innsatsområde, der målet er samiske kunstnarar som har gode moglegheiter til å utvikle seg kunstnarleg.

Samiske kunstnarar frå heile Sápmi kan mellom anna søkje midlar frå Samisk Kunstnerråd og Samerådet. Sametinget og Samisk Kunstnerråd har ein fireårig samarbeidsavtale, med årleg forhandling om ein kunstnaravtale som omfattar ei økonomisk ramme for ordningar partane er samde om. I 2022 hadde avtalen ei ramme på 9 millionar kroner. Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Samiske kunstneres og forfatteres vederlagsfond forvaltar òg midlar frå bibliotek- og visningsvederlaget, begge kollektive vederlag, som årleg vert fordelte til aktuelle vederlagsfond over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet. Den samla utbetalinga til samiske vederlagsfond i 2022 var på 2,2 millionar kroner.

Sametinget i Noreg forvaltar søkjarbaserte prosjektmidlar til kulturtiltak og driftsstøtte til kulturinstitusjonar og -festivalar. Sametinget forvaltar dei fleste verkemidla for samisk litteratur, som direkte tilskot til samiske forlag og tilskotsordningar for utgjevingar på samiske språk. Sametinget har vidare, i samarbeid med Samisk Kunstnerråd og Samisk Forfatterforening, utvikla eit forfattarskapsprosjekt som skal stimulere til fleire utgjevingar av samisk litteratur. Forfattarskapsprosjektet er no teke over av Sámi Allaskuvla. Men samiskspråkleg litteratur har eit avgrensa lesargrunnlag. For å gjere denne litteraturen synleg og tilgjengeleg for alle i Noreg har ein øyremerkt midlar i Kulturrådet til omsetjing til nynorsk og bokmål.

Ein del av Sametingets støtte til samiske kunstnarar går òg gjennom ordningar for kreativ næring.21 Det er fordi samiske kunstuttrykk i stor grad er ein integrert del av heile næringsverksemda i det samiske samfunnet, der arbeid, estetikk og livsførsel heng tett saman. Slik vert støtte til det eine òg ei styrking av det andre. Sametinget var difor tidleg ute med ei satsing på kreativ næring og forvaltar i dag ulike tilskotsordningar for dette.

Koplinga mellom estetisk praksis og livsførsel er ikkje minst tydeleg innanfor duodji (tradisjons- og kunsthandverket). Duodji har tradisjonelt vore, og er framleis, ei utprega kombinasjonsnæring, innanfor reindrift, i dei sjøsamiske primærnæringane og blant fastbuande i innlandsområde. Næringsavtalen for duodji, som kvart år vert forhandla fram mellom duodji-organisasjonane Sámiid duodji og Duojáriid Ealáhussearvi og Sametinget, er Sametingets viktigaste reiskap for utvikling av duodji. For 2023 er avtalen på 7,3 millionar kroner.

Auka interesse for samisk kunst og kultur, både nasjonalt og internasjonalt, har ført til utfordringar knytte til aukande kommersielt misbruk og appropriasjon av samisk immateriell kulturarv som duodji og joik. Vern av den samisk kollektive kulturarven, og av verdiskaping knytt til bruken av denne, er blant satsingsområda til Sametinget. Det er etablert eit all-samisk samarbeid om dette, som er under vidare utvikling.

Det samiske kulturfeltet på norsk side står i ein sterkare posisjon økonomisk enn det samiske kulturfeltet på svensk og finsk side, fordi Sametinga på svensk og finsk side forvaltar langt lågare kulturbudsjett enn Sametinget i Noreg gjer. Både rapporten Kultur Sápmi og Sametinget understrekar kor viktig det er å etablere eigne all-samiske støtteordningar som speglar den samiske kunstscena slik ho verkar på tvers av landegrensene i Sápmi.

2.9.3 Samisk kunst i ein nasjonal kontekst

Kulturpolitikken knytt til dei samiske kunst- og kulturuttrykka har som utgangspunkt at alle folk har rett til å eige og forvalte sin eigen kulturarv, men òg at institusjonane i majoritetssamfunnet har eit ansvar for desse uttrykka som ein integrert del av arbeidet sitt. Samiske kunst- og kulturuttrykk vert i aukande grad inkluderte i institusjonane i majoritetssamfunnet, men ifølgje rapporten Kultur--Sápmi skjer det ofte på premissar som er definerte av andre enn samane sjølve. I rapporten heiter det:

I den samiske kunsten, i likhet med samisk samfunnsliv for øvrig, synes det krevende å få gjennomslag for kompletterende narrativ, andre virkelighetsbeskrivelser og sannheter i møte med en nasjonal diskurs definert av majoriteten. Slik blir samiske stemmer og praksiser avhengig av å innlemmes og inkluderes i en ramme og et premiss som man ikke selv har vært med å definere. Man må altså finne sin plass i en samtale som ikke nødvendigvis reflekterer de spørsmålene som oppleves som viktigst og mest presserende.22

Rapporten peiker på trongen til å utfordre eksisterande strukturar der samiske stemmer og praksisar ikkje må underleggjast rammer og premissar som er bygde opp av og tilpassa kunstpraksisane i majoritetssamfunnet. Rapporten spør difor kva spørsmål ein må stille for å utfordre dei grunnleggjande strukturelle rammene for relevans, anerkjenning og synlegheit i det dei kallar nasjonale kunstfelt. Rapporten løftar fram tre premissar som er særleg viktige å forstå og anerkjenne for å få til ein berekraftig politikk for det samiske feltet framover. Desse er

  • at det samiske kunst- og kulturfeltet vert rekna som eitt felt på tvers av fire landegrenser, og at samiske kulturarbeidarar og kunstnarar jobbar naturleg på tvers av desse landegrensene

  • at samisk kunst, duodji og samiske kreative praksisar bør forståast som sjangeroverskridande kreative praksisar som er tett vovne saman med livet og difor i stadig rørsle

  • at samisk kunst og samiske kreative praksisar ofte er berekraftige i sin natur og byggjer på prinsippa om å vidareføre kulturarven og jorda til komande generasjonar

Når det gjeld det samiske kunstfeltet, må kunstnarpolitikken ta omsyn til den klare retten det samiske samfunnet har til å forvalte sin eigen kunst og kulturarv, og samtidig sjå til at denne kunsten og kulturarven òg er innlema i institusjonar og anna kunstliv i resten av samfunnet.

Samiske kunstnarar ser ut til å bruke samiske støtteordningar i større grad enn andre nasjonale ordningar og reknar også desse som best tilpassa sine eigne praksisar.23 Kultur-Sápmi peiker, til liks med mange samiske aktørar, på at mangelen på samisk representasjon og mangelen på samisk kunst- og kulturforståing i dei nasjonale ordningane er årsaka til at det samiske feltet føretrekkjer samiske støtteordningar.

Korleis nasjonale tilskotsordningar, til dømes Norsk kulturfond, best kan kome særeigne samiske kunstforståingar og -praksisar i møte, er noko ein må samtale om kontinuerleg. Samtidig vil det også framover vere behov for fleire øyremerkte midlar knytte til eigne satsingar og utfordringar. Sametinga og kulturråda i Noreg, Finland og Sverige har starta samtalar for å kunne samarbeide tettare, med mål om å utvikle rammevilkåra for samiske kunstnarar på tvers av landegrensene.

Fleire satsingar har bidrege til å løfte den samiske kunsten internasjonalt. Gjennom aktørar som OCA, Davvi, NORLA og Arctic Arts Summit er samisk film, litteratur, musikk og visuell kunst synleggjort på viktige internasjonale kunstarenaer. Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) har teke ansvar for å fremje samisk film både nasjonalt og internasjonalt og har med støtte frå mellom anna Sametinget og regjeringa bidrege til ei rekkje produksjonar som får mykje merksemd både heime og ute. Sametinget viser til at det er behov for å styrkje og systematisere internasjonaliseringa av samisk kunst og kultur, og meiner eit eige samisk eksportkontor kan vurderast.

Boks 2.2 ÁRRAN 360°

På biennalen i Venezia i 2022 lanserte Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) verket ÁRRAN 360°, som er ein hybrid mellom urfolksforteljingar og innovativ teknologi. Det digitale kunstprosjektet består av ei projisering av seks 360 graders filmar, laga av seks sentrale samiske kunstnarar frå heile Sápmi. Filmane vart òg viste under Tromsø internasjonale filmfestival i januar 2023. ISFI utvikla prosjektet i samarbeid med Office for Contemporary Art Norway (OCA) og Norsk filminstitutt (NFI).

2.10 Nasjonale minoritetar

Nasjonale minoritetar i Noreg er jødar, rom, romani/taterar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. Dette er grupper som har hatt ei tilknyting til Noreg i lang tid, og som bidreg til eit samfunn med eit rikt mangfald av tradisjonar og kulturuttrykk. Retten til å formidle eigen kultur og den sentrale rolla kulturen har i identitetsutvikling, er ein premiss i statleg politikk som vedkjem nasjonale minoritetar.

Eigna bygg og drift av institusjonar er viktige verkemiddel for å fremje og utvikle kulturen og språka til dei nasjonale minoritetane. Romaniavdelinga på Glomdalsmuseet på Elverum opna i 2006. Glomdalsmuseet har sidan 1997 hatt eit nasjonalt ansvar for å dokumentere kulturen og historia til romanifolket/taterane. Vadsø museum – Ruija kvenmuseum vart etablert i 1972 og held til i eit nytt museumsbygg som opna i 2021. Det kvenske språksenteret i kommunen er samlokalisert med museet, som har eit nasjonalt ansvar for kvensk og norskfinsk historie og kultur. Kvensk institutt, eller Kainun institutti, i Børselv i Porsanger opna i 2007. Eit nybygg til Norsk Skogfinsk Museum på Svullrya er venta å stå ferdig og opne i 2024. Desse musea, i tillegg til Jødisk museum i Oslo og Jødisk museum i Trondheim, får årleg driftstilskot over statsbudsjettet. Det same gjer ein aktør som den kvenske avisa Ruijan Kaiku.

Språk er ein sentral del av kulturpolitikken, og det å vareta språka til nasjonale minoritetar er avgjerande for at den kulturelle arven deira skal kunne utøvast og haldast oppe. Eit godt litteraturtilbod har difor mykje å seie. At kultur og kunnskap er tilgjengeleg på norsk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes), gjer at fleire får tilgang til og kan følgje med på og delta i samfunnet og i offentleg debatt om kultur og samfunnsspørsmål. Det kjem ut svært lite litteratur på dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. For å stimulere til produksjon av litteratur skriven av minoritetsspråklege forfattarar har Kulturrådet sett av midlar til å gje ut slik litteratur. For å gje denne litteraturen eit større lesargrunnlag støttar Kulturrådet òg omsetjing av den minoritetsspråklege litteraturen til bokmål og nynorsk.

I forslaget til ny boklov er det eit mål å leggje til rette for at det vert skapt ein mangfaldig litteratur på bokmål, nynorsk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka, og at denne litteraturen er tilgjengeleg for alle i Noreg. Boklova er nærare omtalt i kapittel 8.3.

Det finst ikkje systematisk kunnskap om kva kår kunstnarbefolkninga i dei nasjonale minoritetane i Noreg har. Kulturdirektoratet er nasjonal koordinator for auka mangfald, inkludering og deltaking i kultursektoren, og kunnskapsutvikling er ein del av dette oppdraget. Dei nasjonale minoritetane er blant målgruppene, og Kulturdirektoratet legg vekt på å utvikle oppdraget sitt i dialog med dei. Kulturdirektoratet forvaltar òg tilskotsordningar som treffer dei nasjonale minoritetane, slik som den kollektive oppreisingsordninga for romanifolket/taterane og prosjekttilskot til kvensk språk og kvensk og norskfinsk kultur.

Boks 2.3 Sannings- og forsoningskommisjonen

Etter fem års arbeid la Sannings- og forsoningskommisjonen, nedsett av Stortinget i 2018, fram sin rapport om arbeidet 1. juni 2023. Kommisjonen hadde som mandat å kartleggje norske styresmakters politikk og verksemd overfor samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. Kommisjonen undersøkte verknadene av fornorskingspolitikken og moglege etterverknader av denne politikken i dag. I tillegg skulle kommisjonen føreslå tiltak som kan bidra til vidare forsoning.

Frå mange hald er det peikt på at fornorskingspolitikken som har vore ført overfor samar og nasjonale minoritetar, har hindra dei i å ta del i og påverke kunst- og kulturlivet, og at den marginale ståstaden deira mellom anna har vore ei utfordring i møtet med premissar og kvalitetsforståingar i kunst- og kulturfeltet generelt.1 Fleire kulturaktørar og -institusjonar er no medvitne om kor viktig det er at samane og minoritetane sjølve kan leggje rammer og premissar for eigen kunstpraksis og representasjon.

Den nasjonale Truth and Reconciliation commission i Canada sluttførte sine undersøkingar og la fram sin rapport i 2015. Rapporten inneheldt 94 tilrådde tiltak («calls to action») for eit mogleg forsoningsarbeid, retta mot alle samfunnssektorar. Kunst- og kulturfeltet i Canada har dei siste åtte åra spelt ei viktig rolle i forsoningsprosessen, og strukturelle endringar er sette i gang.

Som ei førebuing på rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen tematiserte ein den moglege rolla kulturinstitusjonane og kulturfeltet kan spele i oppfølginga av den norske rapporten, under ein konferanse i mars 2023 arrangert av Arctic Art Summit saman med Kultur- og likestillingsdepartementet. Mellom anna delte Canada Council for the Arts og National Gallery of Canada sine erfaringar og perspektiv frå forsoningsarbeidet som er i gang i Canada.

1 Danbolt, Mathias (2018): Kunst og kolonialitet, i Kunst og kultur 03/2018, s. 126–132.

2.11 Konsekvensar av koronapandemien for kunstfelta og for inntektene til kunstnarane

Dei ulike kunstfelta vart ulikt råka av koronapandemien. Medan nedstenging og restriksjonar for avstand og publikumstal avgrensa den publikumsretta, utøvande kunstnarlege verksemda, kunne den skapande verksemda i ei viss grad halde fram som før. Stengde grenser og reiserestriksjonar medførte òg avgrensing i internasjonal aktivitet og utveksling.

På oppdrag frå Kulturdirektoratet og Norsk filminstitutt gjennomførte Telemarksforsking ei kartlegging for å undersøkje kva konsekvensar pandemien fekk for kunstnarar. Det var i alt 2 013 aktive kunstnarar som deltok i kartlegginga. Sjølv om ein ikkje kan slå fast at kartlegginga er representativ for kunstnarpopulasjonen, gjev ho likevel ein indikasjon på korleis koronapandemien råka den kunstnarlege verksemda på dei ulike kunstfelta.

Musikk- og scenekunstfeltet vart særleg hardt råka av arrangementsforbod og smitteverntiltak under pandemien. Formidlingsdelen av musikkfeltet, med konsertar og festivalar, vart kraftig nedskalert, medan kunstnarleg verksemd knytt til å skape og produsere musikk til ei viss grad vart halden oppe. Avlyste konsertar og festivalar førte òg til bortfall av opphavsrettslege inntekter for skaparane av musikken som skulle vore framført, og tap av høve til å formidle og promotere nye musikkutgjevingar.

Musikarar var den kunstnargruppa som opplevde størst inntektsnedgang under pandemien. Populærmusikarar vart særleg hardt råka og opplevde ein nedgang på 7 prosent i dei samla inntektene sine, og ein nedgang på 22 prosent i dei kunstnarlege, frå 2019 til 2020.24

Også på scenekunstfeltet vart publikumstilbodet kraftig nedskalert. Mange scenekunstnarar måtte avlyse eller utsetje prosjekta sine, noko som igjen medførte auka utgifter til nye prøveperiodar, revidering av rollebesetning og engasjement av nye utøvarar og andre medarbeidarar og reforhandling av avtalar med arenaer. Skodespelarar opplevde ein samla inntektsnedgang på 3 prosent og ein nedgang i dei kunstnarlege inntektene på 12 prosent, medan dansekunstnarar opplevde ein samla inntektsoppgang på 4 prosent og ein oppgang i dei kunstnarlege inntektene på 1 prosent frå 2019 til 2020.

Ny litteratur vart i stor grad skriven og gjeven ut som før under koronapandemien, medan formidlinga av litteraturen vart råka av nedstenging og restriksjonar. Omsetninga av litteratur i den norske marknaden auka betydeleg under koronapandemien. Skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar hadde ein samla inntektsnedgang på 1 prosent frå 2019 til 2020, men ein auke i dei kunstnarlege inntektene på 4 prosent. For faglitterære forfattarar og omsetjarar fall dei kunstnarlege inntektene med 16 prosent i same periode. Mykje tyder på at dei visuelle kunstnarane i stor grad heldt aktiviteten oppe, trass i lange periodar med stengde galleri og museum. Visuelle kunstnarar opplevde òg ein auke i dei samla inntektene frå 2019 til 2020. Når det gjeld kunstnarlege inntekter, opplevde kunsthandverkarar ein inntektsauke på 17 prosent og biletkunstnarar ein auke på 13 prosent frå 2019 til 2020.

Både igangsette og planlagde filmproduksjonar vart utsette og flytta som følgje av pandemien, noko som medførte meirarbeid og auka utgifter. Kinoane opplevde mange av dei same utfordringane som musikk- og scenekunstarrangørar som følgje av nedstenging, avstands- og antalsrestriksjonar, medan filmskaparane i ei viss grad kunne halde oppe den skapande verksemda knytt til manus- og prosjektutvikling. Det er grunn til å tru at strøyming av film og seriar og bruk av dataspel auka under pandemien, men dette har vi ikkje nærare kunnskap om, i og med at dei internasjonale strøymeselskapa ikkje offentleggjer tal for den norske marknaden. Filmkunstnarar opplevde ein auke i dei samla inntektene på 1 prosent, men ein nedgang i dei kunstnarlege inntektene på 3 prosent frå 2019 til 2020.

Både dei generelle koronakompensasjonstiltaka og dei målretta ordningane for kunst og kultur trefte kultursektoren godt og bidrog til at kunstnarar kunne halde oppe den kunstnarlege verksemda gjennom pandemien, trass i inntektsbortfall. Samla vart det i perioden 2020–2022 utbetalt om lag 5,6 milliardar kroner i statlege tilskot gjennom dei mellombelse koronastøtteordningane for kunst og kultur, i tillegg til dei generelle koronatiltaka. For kunstnarane var den mellombelse kompensasjonsordninga for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande hos Nav særleg viktig, i tillegg til koronastøtteordningane for kunst og kultur, ettersom hovuddelen av kunstnarane har denne tilknytinga til arbeidslivet, som omtalt under kapittel 9.

Figur 2.14 Delen kunstnarar som fekk innvilga koronastøtte blant dei som søkte ulike koronaordningar i 2020

Figur 2.14 Delen kunstnarar som fekk innvilga koronastøtte blant dei som søkte ulike koronaordningar i 2020

Koronastipend via Fond for utøvande kunstnarar og Statens kunstnarstipend var ikkje med i kartlegginga.

Kjelde: Kleppe, Bård og Askvik, Tanja (2021): Kunstnerne og koronapandemien. Kulturrådet.

Kunstnarar innanfor film- og scenekunst er både dei som har søkt om høgast støttebeløp, og dei som har fått mest støtte, ifølgje kartlegginga til Telemarksforsking frå 2021.25 I alt 66 prosent av film- og scenekunstnarane som deltok i undersøkinga, svarer at dei har søkt om støtte, medan den tilsvarande delen for musikarar er 55 prosent. Innanfor bilet- og formkunst har om lag halvparten søkt, og innanfor litteratur er søkjardelen rundt 40 prosent. Figur 2.14 viser delen kunstnarar som har svart på undersøkinga som har fått innvilga støtte frå dei ulike koronaordningane, blant dei som oppgjev at dei har søkt slik støtte.

3 Tverrgåande utviklingstrekk og problemstillingar

Figur 3.1 

Figur 3.1

Som gjennomgangen i kapittel 2 viser, har dei ulike kunstfelta litt ulike utfordringar og problemstillingar som må gripast fatt i for seg. Likevel er det nokre større, tverrgåande problemstillingar som kunstnarpolitikken òg må ta omsyn til. Den digitale transformasjonen fører med seg store endringar på dei fleste samfunnsområda. Innanfor kunsten gjev denne transformasjon litt ulike utslag og utfordringar for ulike felt, og nokre av dei går fram ovanfor. Ei felles utfordring er likevel at bruken av tradisjonelle kunstarenaer vert utfordra av nye vanar for kulturkonsum knytte til digitale flater og auka tilgang og tilbod. Konkurransen om merksemda frå publikum vert større, og nye strukturar for både produksjon og formidling veks fram ved sida av dei tradisjonelle.

Vidare er klimautfordringar og berekraft eit område som vil prege kunstfelta og kunstnarpolitikken framover. Det same er varetaking av kulturelt mangfald og sikring av ytringsfridom og sunne ytringsrom.

3.1 Kunst og berekraft

Noreg har slutta seg til FNs Agenda 2030 og dei 17 berekraftsmåla. Berekraftsmåla er strukturerte rundt miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 framhevar at dei største utfordringane er knytte til berekraftsmåla om klimagassutslepp, natur, ressursbruk og forbruk. Regjeringa har vedteke eit omstillingsmål som inneber at dei norske klimagassutsleppa skal kuttast med 55 prosent innan 2030. Kunst- og kulturfeltet er grunnleggjande i ambisjonen om ei berekraftig sosial utvikling framover. Tilgang til kunst og kreativ utfalding bidreg til både levande lokalsamfunn, god livskvalitet, innsikt og meiningsfulle møte mellom menneske. Eit forbruk vendt mot opplevingar framfor materielle gode er òg føremålstenleg i eit miljøperspektiv. Kunstfeltet og kunstnarane har mykje å bidra med i dette.

Evna kunsten har til å skape innsikt og forståing, er òg ein komponent i dette. Kunstnarane har ei sentral rolle som historieforteljarar. Ei rekkje kunstnarar jobbar kunstnarleg med utgangspunkt i klima- og miljøutfordringane på ulike måtar og i ulike sjangrar. Felles for desse er at dei alle bidreg til å setje søkjelys på problemstillingane, skape innsikt og engasjement og synleggjere både konsekvensar av og moglege løysingar på utfordringane vi som samfunn står overfor med klimakrisa. Kunstnarar som arbeider aktivistisk i kampen mot klimaendringar, står òg i bresjen for både kreative og innovative måtar å jobbe med klimakrisa på.

Det er eit stort engasjement for klima og berekraft i heile kunst- og kultursektoren. I mars 2021 lanserte Virke Kultur og opplevelser, Virke Produsentforeningen, Norske Konsertarrangører, Norsk teater- og orkesterforening og Norske kulturhus Grønt veikart for kunst- og kultursektoren. Dette er eit overordna strategidokument og er meint som ein vegvisar for korleis kvar enkelt kan gjere kunst- og kultursektoren grønare og meir berekraftig.

Vegkartet set dagsordenen med overordna tilrådde grep for at heile sektoren skal lukkast med grøn omstilling. Kunstnarane får mellom anna råd om å stille grønare krav til oppdragsgjevarar, tenkje gjennom eigne klimaavtrykk og prioritere eigne tiltak. Målet er at vegkartet skal bidra til målbare reduksjonar i klimaavtrykket til sektoren og konkret praksisendring hos verksemder og enkeltaktørar i kunst- og kultursektoren. Nordisk råd har teke initiativ til å utvikle eit tilsvarande grønt vegkart for kunst- og kultursektoren i heile Norden. Arbeidet er sett i gang, med ei styringsgruppe med representantar frå dei nordiske landa. Det nordiske grøne vegkartet skal lanserast hausten 2023.

Regjeringa meiner det er viktig at også kultursektoren arbeider aktivt for å nå klimamåla til regjeringa. Kultur- og likestillingsministeren inngjekk hausten 2022 ein intensjonsavtale om klimakutt med aktørane bak Grønt veikart for kunst- og kultursektoren og Creo. Målet med avtalen er å utvikle kunnskapsgrunnlag og identifisere konkrete forslag til tiltak som kan bidra til kutt av klimagassar. I samband med avtalen løyvde Kultur- og likestillingsdepartementet i 2022 midlar til desse aktørane for å kartleggje klimautslepp i kultursektoren. Kartlegginga skal vere ferdig hausten 2023 og danne utgangspunkt for vidare kunnskaps- og metodeutvikling på dette området.

Likestilling mellom kjønna er eit eige berekraftsmål (mål nummer 5). Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for å koordinere styresmaktene si oppfølging av målet. Delmål som er særleg relevante for kultursektoren, er delmål 5.1 om å få slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner, delmål 5.2 om å avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner og delmål 5.5 om å sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like høve til leiande stillingar på alle nivå der avgjerder vert tekne, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet. Vi viser til kapittel 3.3 og 3.4, som mellom anna viser at kvinnelege kunstnarar har lågare inntekt enn mannlege kunstnarar, og at det har vore stor merksemd om seksuell trakassering i kulturlivet.

Boks 3.1 Green Producers Tool

Green Producers Tool (GPT) er Noregs første klimaverktøy for film og TV, scene og festival. Verktøyet er initiert av bransjen sjølv, og prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd. Verktøyet gjev eit oversyn over utsleppskategoriane som gjeld spesielt for kultursektoren. Green Producers Tool har som mål å verte bransjestandard for måling av utslepp i norsk og nordisk kultursektor. Verktøyet er basert på forskingsdata. Det bereknar klimautsleppa til ein produksjon og gjev rettleiing for å redusere utsleppa.

3.2 Eit mangfald av kulturuttrykk

Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen frå 2005 om å verne og fremje eit mangfald av kulturuttrykk. I konvensjonen heiter det mellom anna at

[…] et kulturelt mangfold skaper en rik og variert verden som gir flere valgmuligheter og beriker menneskelige evner og verdier, og at den [sic] derfor er en grunnleggende kilde til bærekraftig utvikling for samfunn, folk og nasjoner.

Eit relevant og representativt kulturliv er mangfaldig nok til at alle har rett til å uttrykkje og formidle sin eigen kultur, og til at ein kan finne uttrykk og opplevingar som er særleg relevante for ein sjølv, uavhengig av kva bakgrunn ein har. At kulturlivet er representativt, skal forståast breitt og romme fleire dimensjonar. Det handlar om kulturell og sosial bakgrunn og om kjønn, funksjonsevne, religion, seksuell orientering, etnisitet, nasjonalitet og alder.

Noreg har òg ratifisert UNESCO-konvensjonen frå 2003 om vern av den immateriell kulturarven. Eit av føremåla med konvensjonen er å sikre respekt for den immaterielle kulturarven til råka samfunn, grupper og enkeltpersonar. Det er òg ein premiss at tradisjonsberarane sjølve har eigarskap til og definisjonsmakt over den immaterielle kulturarven.

Eldre handverksteknikkar, eller tradisjonelle kulturuttrykk innanfor musikk, song og dans er døme på immateriell kulturarv som kunstnarar i dag fører vidare, anten på tradisjonelt vis eller i meir eller mindre endra form i samtidige uttrykk. Slik har kunsten alltid vore i utvikling, gjennom vekselverknad og samanfletting.

Skal kunst- og kulturlivet vere relevant for ei mangfaldig befolkning, må det vere plass til eit mangfald av uttrykk. Tradisjonelle uttrykk må takast vare på samtidig som utvikling av nye uttrykk må få plass. I dette ligg òg at kunstnarpolitikken må streve etter verkemiddel som bidreg til forpliktinga i dei omtalte UNESCO-konvensjonane.

3.2.1 Språkleg mangfald

Å ta vare på det språklege mangfaldet er ein viktig del av arbeidet med å ta vare på kulturelt mangfald. Språket er i seg sjølv ein kulturberar, eit uttrykk for identitet, ein grunnleggjande infrastruktur i samfunnet og ein felles arena for ytringar. Språk og kulturpolitikk heng difor saman. Eit mangfaldig og representativt kulturliv betyr òg at det språklege mangfaldet bør speglast. Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på og leggje til rette for at det vert skapt kunst og kulturuttrykk på bokmål, nynorsk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes og norsk teiknspråk.

Ei rekkje kulturpolitiske tiltak, frå etableringa av Norsk kulturfond til fritak for meirverdiavgift for fysiske og elektroniske bøker og aviser, har ei sentral språkpolitisk grunngjeving som mellom anna har hatt mykje å seie for forfattarane. Dette er eit perspektiv som ikkje minst er viktig i lys av at digitale arenaer og plattformer i dag vert utvikla i høgt tempo på den globale, ofte engelskspråklege, marknaden. Å sikre bruk av norsk, samiske språk og minoritetsspråk digitalt og på nett er ei av dei store språkpolitiske utfordringane i vår tid.

Regjeringa meiner det er grunnleggjande viktig at norsk framleis skal vere eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Som det minst brukte av dei norske skriftspråka skal nynorsk fremjast særleg. Dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk må vernast og fremjast. For å sørgje for tilgang til kunst og kulturliv må ein leggje tydelegare til rette for bruken av teiknspråk, både for å sikre at døve kan delta, og for å synleggjere norsk teiknspråk som ein berar av norsk døvekultur også på dei offentlege kunstarenaene.

Det språklege mangfaldet i kunsten og kulturen vert fremja gjennom både målretta og generelle tiltak. Målretta tiltak omfattar mellom anna tilskot til institusjonar som arbeider særleg med å fremje bruken av ulike språk, til dømes teiknspråkteateret Teater Manu, Det Norske Samlaget, som gjev ut bøker på nynorsk, eller Internasjonalt Samisk Filminstitutt. Institusjonane utgjer fagmiljø og møtestader der høvesvis teiknspråk, nynorsk og samiske språk vert brukte og formidla, og dei legg til rette for at publikum kan oppleve kunst og kultur på desse språka.

Det er òg eit mål for Kultur- og likestillingsdepartementet at det språklege mangfaldet skal fremjast gjennom generelle ordningar. Eit døme på det er at Kulturrådet aktivt fremjar språkleg mangfald gjennom forvaltning av innkjøpsordningane for litteratur og andre tilskotsordningar.

3.3 Kunstnarar og likestilling

Kunst- og kulturlivet har fleire trekk til felles med andre delar av arbeidslivet når det gjeld utfordringar knytte til kjønnslikestilling. Løna til kvinner utgjorde i gjennomsnitt 87,6 prosent av løna til menn i 2022.26 Det vil seie ein skilnad på 12,4 prosent. Blant kunstnarar er skilnaden 27 prosent.27 Årsakene til den store skilnaden er samansette, men éi forklaring er at menn og kvinner har ulike typar kunstnaryrke. Til dømes viser Kunstnerundersøkelsen 2013 at det er flest kvinnelege visuelle kunstnarar, dansarar og koreografar, som er kunstnargrupper som ligg lågt på inntektsstatistikken. Menn utgjer storparten av forfattarane og musikarane, som er kunstnargrupper med høgare inntekter frå kunstnarleg verksemd. I tillegg speler arbeidstida inn. Menn jobbar fleire timar og har færre avbrot i arbeidet enn kvinner i løpet av eit år.28 Fleire timar gjev ikkje naudsynlegvis høgare inntekt, men høgare inntekt gjev høve til å bruke meir tid på den kunstnarlege verksemda.

Dei norske kunstverka som når ein større marknad og eit større publikum, har i hovudsak vore skapte av menn. Det gjev òg utslag på inntektsstatistikken. På det visuelle kunstfeltet har det vore fleire mannlege kunstnarar som har fått selt verka sine til galleri og museum.29 Det er framleis store skilnader når det gjeld kven som vert kjøpte inn til museum og samlingar, og kven som er representerte i utstillingar. Globalt utgjer kunst av kvinner to prosent av auksjonssalet.30

I Noreg har det skjedd ei haldningsendring i institusjonane på 2000-talet, og mellom anna representasjon, likestilling og mangfald er verdiar som vert løfta. Dette vart ikkje minst tydeleg då regjeringa løyvde ekstra midlar til kunstinnkjøp gjennom koronapandemien. Dei fleste kunstmusea nytta desse midlane til å utjamne mellom anna kjønnsbalansen i samlingane.

Musikken som vert spelt i strøymetenestene og på orkesterscenene i landet, er hovudsakleg komponert av menn. Ei repertoarundersøking som Komponistforeningen gjennomførte hausten 2019, viser at 96 prosent av musikken som vert framført av norske orkester, er laga av menn. Foreininga anslår at rundt 20 prosent av norske komponistar er kvinner. I musikkbransjen har flest menn høg inntekt, medan kvinner har ein større del inntekter frå pedagogisk verksemd, events og offentleg støtte.31 Her kan vi sjå at offentlege verkemiddel bidreg til å jamne ut skilnader, men bransjen har sjølv òg eit ansvar for å initiere og setje i verk tiltak som bidreg til utjamning også innanfor ramma av kommersiell verksemd.

Boks 3.2 Tilgjengelege kunstnarskap?

Som ein del av regjeringa sin ambisjon for eit meir likestilt kunstfelt lyste Kulturdirektoratet ut oppdraget Tilgjengelig kunstnerskap? Et kunnskapsprosjekt om kunstnere med funksjonsnedsettelser. Målet med oppdraget var å identifisere kva som fremjar og hindrar personar med funksjonsnedsetjingar i å jobbe som profesjonelle kunstnarar innanfor visuell kunst, scenekunst, musikk og litteratur i Noreg, med utgangspunkt i kunstnarane og kunst- og kulturinstitusjonane sine erfaringar. Rapporten, som vart ferdig i 2023, viser at manglande tilgang til utdanning er eit av dei største hindera for å verte kunstnar i Noreg dersom du har ei funksjonsnedsetjing. Svak og usikker økonomi, med tilhøyrande ufridom, er ein annan tydeleg barriere. Kunst- og kulturinstitusjonane skildrar lite handlingsrom som følgje av trong økonomi, låge og spreidde forventningar til kunstnarar med normbrytande funksjonsvariasjonar og generelt tøffe arbeidsvilkår og tøff økonomi for kunstnarar som barrierar for å inkludere fleire kunstnarar. Rapporten peiker på ti utviklingsområde som kan styrkje likeverdig tilgjengelegheit og deltaking for kunstnarar med funksjonsnedsetjingar. Fleire av dei handlar om å endre negative haldningar og samarbeide betre på tvers av sektorar.

Kjelde: Østern, Tone Pernille et al. (2023): Tilgjengelige kunstnerskap? Et kunnskapsprosjekt om kunstnere med funksjonsnedsettelser i Norge. Kulturdirektoratet.

Regjeringa har mål om eit fritt og uavhengig kulturliv som er representativt, og som gjev kunstnarar like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet og bakgrunn elles. Dette føreset eit systematisk og målretta likestillingsarbeid som bidreg til at det vert mogleg å oppfylle plikta til aktivt likestillingsarbeid etter likestillings- og diskrimineringslova, FNs berekraftsmål og hovudprinsippet i berekraftsmåla om at ingen skal utelatast. Kulturelt mangfald og likestilling er viktige pilarar i berekraftsmåla.

Regjeringa skal leggje til rette for eit meir likestilt Noreg og sørgje for at fleire får høve til å velje den utdanninga, det yrket og det livet dei ønskjer. Regjeringa forsterkar no innsatsen gjennom ein strategi for likestilling mellom kvinner og menn. Likestillingsstrategien skal ta føre seg økonomisk sjølvstende og likestilt arbeidsliv, færre kjønnsdelte utdanningsval, eit samfunn utan vald, seksuell trakassering og netthets, fridom frå sosial kontroll og æresrelatert vald, betre kvinnehelse og likestillingsutfordringar for menn. Strategien skal innehalde ei rekkje konkrete tiltak på fleire politikkområde, og skal etter planen vere klar til 8. mars 2024.

Boks 3.3 Plikt til aktivt arbeid for likestilling og mot diskriminering

Ifølgje likestillings- og diskrimineringslova har arbeidsgjevarar og offentlege styresmakter ei plikt til å arbeide for å fremje likestilling og hindre diskriminering knytt til ei rekkje diskrimineringsgrunnlag – mellom anna kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing og seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. I tillegg skal offentlege styresmakter førebyggje trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, og motarbeide stereotypisering.

Offentlege styresmakter på alle nivå skal, i kraft av å vere maktutøvarar, jobbe aktivt, målretta og planmessig for likestilling i all si verksemd. Frå 2. januar 2020 er plikta styrkt. Offentlege styresmakter må no gjere greie for kva dei gjer for å fremje likestilling, i årsrapport/årsmelding eller anna offentleg tilgjengeleg dokument. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utvikla rettleiarar og tips til korleis offentlege styresmakter kan arbeide aktivt med likestilling. Bufdir har mellom anna utvikla indikatorar spesifikt for kultur- og idrettsstyresmakter, som offentlege kultur- og idrettsstyresmakter kan inkludere i likestillingsutgreiingane sine.

Også arbeidsgjevarar, i både privat og offentleg sektor, har plikt til å fremje likestilling og hindre diskriminering. Arbeidsgjevarar har òg plikt til å dokumentere likestillingsarbeidet sitt eller til å utarbeide ei likestillingsutgreiing. Arbeidsgjevarar i offentleg verksemd og store private verksemder (over 50 tilsette) må følgje ein konkret arbeidsmetode i fire trinn (jf. likestillings- og diskrimineringslova § 26). Det same må arbeidsgjevarar i mindre private verksemder (20–50 tilsette), dersom tillitsvalde eller eit fleirtal av dei tilsette krev det. Arbeidsmetoden inneber til dømes at verksemda må analysere likestillingsutfordringar og årsaker, setje i verk tiltak og evaluere desse. Dei arbeidsgjevarane som har plikt til å følgje den firetrinns arbeidsmetoden, har òg plikt til å kartleggje lønsskilnader mellom kvinner og menn og ufrivillig deltid fordelt på kjønn. Dette skal gjerast annakvart år. Alle arbeidsgjevarar har ei plikt til å førebyggje og søkje å hindre trakassering og seksuell trakassering (jf. likestillings- og diskrimineringslova § 13, siste ledd).

3.4 Skeive maktforhold og trakassering

Frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande vert ofte ståande åleine overfor oppdragsgjevarar og tilsetjingar i eit felt der tilbodet er større enn etterspurnaden. Skeive maktforhold og uvisse rundt nye kontraktar kan gjere det vanskeleg å seie frå om uheldige maktstrukturar, ukultur og seksuell trakassering. I samband med MeToo-kampanjen i 2017 samla 624 norske skodespelarar seg under oppropet Stille før opptak og fortalde historier om seksuell trakassering og overgrep frå skodespelarbransjen. Oppropet Når musikken stilner frå 706 kvinnelige norske musikarar og 295 sangarar fortalde lignande historier frå musikkbransjen.

I ei undersøking på felta film, TV, scene, musikk og spel frå 2018 svarer 32 prosent at dei har vore utsette for seksuell trakassering i løpet av karrieren sin.32 Dess yngre nokon er, dess meir sannsynleg er det at dei har vore utsette for seksuell trakassering i jobbsamanheng. Kvinner opplever seksuell trakassering tre gonger så ofte som menn gjer. Det er ein høgare del som har opplevd det blant songarar, skodespelarar, dansarar og scenografar/lysdesignarar/lyddesignarar/kostymedesignarar enn blant dramatikarar, dirigentar, teknisk personell og musikarar. Undersøkinga viser at dette heng delvis saman med kjønnsfordelinga i desse yrka.

Søkjelyset på problem knytte til seksuell trakassering har i dei seinare åra ført til ei større forståing av grenser, relasjonar og makt. Det skal vere trygt å jobbe i kunst- og kulturlivet. Kultur- og likestillingsdepartementet gjev tilskot til Balansekunst, eit samarbeid med 78 norske kunst- og kulturorganisasjonar som jobbar for eit likestilt og mangfaldig kulturliv, jf. boks 3.4. Slike samarbeid er viktige for at kulturlivet sjølv skal ta tak i ukultur og seksuell trakassering. Regjeringa har auka tilskotet til Balansekunst for 2023 med 3 millionar kroner, mellom anna for å styrkje arbeidet mot seksuell trakassering i kulturlivet.

For å førebyggje og hindre seksuell trakassering i samfunnet treng vi ei brei og kunnskapsbasert tilnærming. Regjeringa arbeider med ei melding som skal peike ut retninga for det framtidige arbeidet mot seksuell trakassering, som etter planen leggjast fram for Stortinget i 2024. Meldinga vil kartleggje omfanget av seksuell trakassering og føreslå førebyggjande tiltak i arbeidslivet, i opplæringssektoren og på kultur- og fritidsarenaer. Ho skal òg ta føre seg seksuell trakassering som skjer på nett.

Boks 3.4 Balansemerket

Balansemerket skal gjere det lettare for kulturlivet å få på plass rutinar, reglar og tiltak mot seksuell trakassering. Kulturverksemder får tilbod om kurs for å auke forståinga av grenser, relasjonar og makt. Balansekunst gjev ei innføring i lovverket og tilbyr praktiske forslag til tiltak, som

  1. kartlegging av risikofaktorar

  2. at dei tilsette sjølve utformar reglar for åtferd på arbeidsplassen

  3. gjennomgang eller vidareutvikling av rutinar for handtering av seksuell trakassering

  4. tydeleggjering av vernet mot seksuell trakassering i arbeidskontraktar

  5. ytterlegare workshops som bidreg til det haldningsskapande arbeidet

Når verksemdene har sett i gang aktuelle tiltak, vert dei tildelte Balansemerket. Balansemerket kommuniserer at kulturverksemda har førebygging av seksuell trakassering som ei prioritert oppgåve. Tildelinga av merket fortel at verksemda er betre rusta til å handtere saker knytte til seksuell trakassering. Det bidreg til tryggleik for tilsette, frilansarar og andre involverte. Det vert lettare for tilsette å vakte sine eigne grenser når dei veit at dei har leiinga i ryggen. Auka medvit kan minske førekomsten av seksuell trakassering.

3.5 Kunst og ytringsfridom

Kunst er ytringar, og ein grunnleggjande føresetnad for eit livskraftig kunstfelt er at kunstnarane har og opplever ytringsfridom og eit sunt ytringsklima. Det ansvaret staten har på kunstfeltet, kan forankrast i det såkalla infrastrukturkravet, som er eitt av aspekta ved ytringsfridomen som er verna i Grunnlova § 100. I føresegna står det at dei statlege styresmaktene skal «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Infrastrukturkravet synleggjer det ansvaret staten har for kva faktiske moglegheiter dei ulike individa og gruppene har til å ytre seg, og løftar fram utviklinga av det offentlege rommet som eit viktig offentleg ansvar. Kunstnarpolitikk er difor ytringsfridomspolitikk.

Generelt står det bra til med ytringsfridomen i Noreg – også for kunstnarane. Ytringsfridomskommisjonen hadde som del av sitt mandat å sjå på den kunstnarlege ytringsfridomen. I utgreiinga si (NOU 2022: 9) problematiserer kommisjonen dette omgrepet og peiker på at kunst i utgangspunktet ikkje har noka eiga form for ytringsfridom. Det er likevel ein ganske omfattande rettspraksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) som trekkjer opp grenser for når kunstnarlege ytringar har eit særskilt vern. Kommisjonen konkluderer med at ytringsfridomen er godt verna for kunstnarar i Noreg. At kunstnarar òg oppfattar det slik, er dokumentert gjennom spørjeundersøkingar. Undersøkingane viser likevel at det er uro blant kunstnarar for konfliktnivået og tonen i det offentlege ordskiftet. Kommisjonen meiner at ytringsfridomen i form av fridom frå rettslege inngrep må følgjast av reelle høve til å ytre seg for kunstnarar. Det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova er sentralt i kunsten. Kommisjonen tilrår at dette vert forankra i kulturlova, og understrekar verdien av ein godt utbygd og breitt tilgjengeleg infrastruktur for kunst og kultur.

Den digitale og teknologiske utviklinga har opna for både fleire stemmer, fleire formidlingsmåtar og fleire rom der kunstnarar kan synleggjere kunsten sin og ytringane sine. Dette har opna opp eit felt som tradisjonelt har vore ganske hierarkisk og prega av sterke portvaktarstrukturar. Samtidig har denne utviklinga skapt nye utfordringar, mellom anna for debatten og ytringsklimaet rundt kunst og kunstnarskap. Fritt Ord kartla i 2020 korleis kunstnarane sjølve oppfattar kåra for ytringsfridom, og kartlegginga stadfestar inntrykket at ytringsfridomen generelt sett ikkje er under press. Samtidig meinte 41 prosent av respondentane at ytringsfridomen var litt eller mykje svekt sidan førre kartlegging i 2014.33 Årsakene dei oppgav oftast, var konfliktnivået i det offentlege ordskiftet, trugsmål og hatefulle ytringar på nettet og usanningar og rykte som vert delte i sosiale medium. Det er difor grunn til å følgje nøye med på utviklinga her. Dersom stadig fleire kunstnarar kjenner seg utrygge, kan det føre til kunstnarleg sjølvsensur. Breier dette om seg, kan det i sin tur svekkje samfunnsrolla til kunsten.

Ytringsfridomskommisjonen tematiserte òg ytringsrommet internt i kunstmiljøa, og viste mellom anna til at fleire av innspela til kommisjonen peikte på utfordringar med låg takhøgd og ein svak kultur for usemje. Kommisjonen konkluderte ikkje med at dette er eit stort problem per i dag, men peikte på enkelte trekk ved feltet som gjer at dette er ein risiko. I høyringsrunden etter at utgreiinga frå Ytringsfridomskommisjonen kom, heldt fleire aktørar på kunstfeltet, mellom andre kunstnarorganisasjonar, fram at dei ikkje kjenner seg heilt att i biletet som vert teikna i utgreiinga, og at usemjekulturen i kulturfeltet er langt sterkare enn utgreiinga påstår.

Ytringsfridomskommisjonen tilrådde mellom anna å gjennomføre studiar som kartlegg statusen for og erfaringane med ytringsfridom i heile kunst- og kulturfeltet, og som undersøkjer ytringsrommet internt i ulike kunstmiljø. Regjeringa er samd i at det på tvers av kunstfelta er behov for meir forsking på, kunnskap om og debatt om ytringsrommet for kunstnarar. Dette vil vere ein del av oppfølginga av Ytringsfridomskommisjonens rapport.

Generelt er kunstfeltet innretta etter å utøve både kritikk, meiningsbryting og utfordrande uttrykk, både om samfunnsspørsmål og om kunstnarleg kvalitet og verdi. Dette kan ein vente at debattane om og rundt kunsten skal spegle. Kunstfeltet har alltid vore prega av brytningar mellom ulike stemmer og perspektiv, og det er ein viktig del av samfunnsverdien til kunsten. Kritikk av kunst, kunstnarar og bruk av offentlege ressursar på kunst er ein legitim del av samfunnsdebatten. Ytringsfridomskommisjonen tilrår at kunstsektoren sjølv bør jobbe for å auke medvitet i sektoren om verdien av debatt, kritikk og meiningsmangfald. Samtidig skal ein ha forståing for at trykket som kan oppstå i sosiale medium og på andre digitale flater, kan opplevast både brutalt og uhandterleg for enkeltkunstnarar.

Regjeringa meiner at dersom kunstnarane vegrar seg for å ytre seg eller halde fram med å skape kunst som triggar kritikk, debatt og provokasjon, vil det vere ei utvikling som ikkje er ønskjeleg med tanke på den rolla kunsten speler i å vareta demokrati og offentleg samtale. Vi har alle eit ansvar for å bidra til ein mest mogleg inkluderande ytringskultur og eit offentleg rom som vert oppfatta som trygt. Dette gjeld både styresmaktene, sivilsamfunnet og kvar enkelt av oss.

3.6 Større kunstnarpopulasjon

Noreg har fleire og romslege støtteordningar for enkeltkunstnarar og ei solid offentleg finansiering av ein infrastruktur av kunstinstitusjonar over heile landet. Likevel er det eit misforhold mellom kor mange som ønskjer å livnære seg som kunstnarar, og kor mange som faktisk klarer det. I Kunstnerundersøkelsen 2013 peikar Telemarksforsking mellom anna på at auka offentlege løyvingar truleg har ført til ein auke i talet på kunstnarar, heller enn ein betra økonomisk situasjon blant dei eksisterande kunstnarane. Undersøkinga viser også at auka tilstrøyming til kunstnaryrket i tider der føresetnadene er gode, er heilt i tråd med funn i fleire norske og internasjonale studiar.

I Kunstnerundersøkelsen 2013 anslo Telemarksforsking at det var 23 745 aktive kunstnarar i Noreg i 2014. Det innebar ein estimert auke i den samla kunstnarpopulasjonen på 25 prosent frå 2007 og nærare 250 prosent frå 1994. Sjølv om tala frå 2014 og 1994 ikkje er direkte samanliknbare, ettersom kriteria for kven som skulle inkluderast vart utvida i undersøkinga frå 2007, viser det likevel at kunstnarpopulasjonen har vorte vesentleg større i denne perioden. Kunstnerundersøkelsen 2019 omfattar ikkje estimat for samla kunstnarpopulasjon, ettersom fleire kunstnargrupper ikkje var representerte i undersøkinga. Men det er grunn til å tru at veksten har halde fram sidan 2014.

For samfunnet bidreg det auka tilfanget av kunstnarar til ein rik flora av ulike stemmer og tilbod og eit rikt kunstliv av høg kvalitet som hevdar seg godt internasjonalt. Konkurranse stimulerer både kvalitet, variasjon og kunstnarleg utvikling, og mange får prøvd ut si eiga kunstnarlege stemme lenge nok til at ho kan vekse seg sterk og kraftfull. For den enkelte kunstnaren, derimot, kan den auka konkurransen om arbeid og offentleg støtte vere krevjande og føre til færre oppdrag og moglegheiter til å formidle kunsten samt dårlege kunstnarlege utviklingskår. For kunstnarpolitikken er det ein balanse mellom å stimulere utvikling og kvalitet og å sikre gode kår for kvar enkelt kunstnar.

3.7 Vegen vidare

Som det går fram av dette kapitlet, skal kunstnarpolitikken vareta ei rekkje ulike, til dels også motstridande, interesser både innanfor enkeltfelt og på tvers av felta. Hovudambisjonen for politikken ligg likevel fast og har vore den same lenge: Noreg skal vere eit samfunn der det vert skapt mangfaldig, viktig og ny kunst av høg kvalitet, og alle som bur her skal ha tilgang til kunstverda gjennom gode møte og interaksjon med kunst, kunstnarar og kunstopplevingar. Dei ulike omsyna må balanserast på nytt med jamne mellomrom og tilpassast den tida vi lever i. I det følgjande legg regjeringa fram sine ambisjonar og tiltak for kunstnarpolitikken med mål om eit livskraftig kunstfelt og gode kunstnarkår også framover.

Fotnotar

1.

Tala inkluderer forfattarar over 67 år.

2.

Frydenberg, Hilde Sofie (2019): Flere utgitte boktitler, men færre solgte bøker. SSB.

3.

Den norske Forleggerforening (2021): Bokmarkedet 2021, s. 8–9.

4.

Husom, Leif Henrik (2022): Leserundersøkelsen 2022. Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen, lysbilde 16.

5.

Ibid, lysbilde 19

6.

Det ligg ikkje føre samanliknbare tal frå 2006 for jazzmusikarar.

7.

Det ligg ikkje føre tal for kor mange komponistar som fekk stipend i 2019.

8.

Eidsvold-Tøien, Irina et al. (2019): Hva nå – Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje. BI – Centre for Creative Industries og Menon Economics.

9.

Stampe, Peder Laub et al. (2022): Kunst i tall2021. Kulturrådet.

10.

Eidsvold-Tøien, Irina et al. (2019): Hva nå – Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje. BI – Centre for Creative Industries og Menon Economics, s. 45.

11.

International Federation of the Phonographic Industry (IFPI) er ein global organisasjon med om lag 8000 medlemer, som mellom anna representerer verdens største plateselskaper.

12.

Film & Kino (2022): Årbok 2021, s. 4.

13.

Norsk filminstitutt: Eksportundersøkelsen 2019. Eksportverdien av de norske kinofilmene fra 2017, s. 4.

14.

Poort, Joost og Quintais, João Pedro (2019): The Decline of Online Piracy: How Markets – Not Enforcement – Drive Down Copyright Infringement, International Law Review, vol. 34, no. 4.

15.

All-samisk inneber organisering og verksemd på tvers av statsgrensene som deler Sápmi.

16.

Noodt & Reiding (2019): Samisk kunstnerundersøkelse. Rapport utarbeidd på oppdrag frå Sametinget og Samisk kunstnarråd.

17.

Kultur-Sápmi (2022): Kultur-Sápmi – Tenketankrapport 2021–2022.Om det samiske kulturfeltet i dag og tanker omkring en styrket selvbestemmelse for det fremtidige samiske kunst- og kulturfeltet, s. 3.

18.

I Samisk kunsterundersøkelse frå 2019 oppgjer 68 prosent av dei samiske kunstnarane at dei utfører to eller fleire kunstformer.

19.

Norsk kulturindeks, som er utarbeidd av Telemarksforsking, viser at Oslo var den einaste kommunen med ein større del kulturarbeidarar enn Karasjok i 2021. Same året var Kautokeino blant dei tre kommunane i landet med høgast kunstnartettleik, like bak Nesodden og Oslo.

20.

Noodt & Reiding (2019): Samisk kunstnerundersøkelse, s. 7.

21.

Kreativ næring omfattar i Sametingets definisjon bedrifter som arbeider med distribusjon, formidling, kommersialisering, marknadsføring og/eller sal av kulturelle uttrykk, jf. Šattolaš Sápmi – Bærekraftig næringsutvikling – Sametingsmelding om næringsutvikling (2022).

22.

Kultur-Sápmi (2022): Kultur-Sápmi – Tenketankrapport 2021–2022.Om det samiske kulturfeltet i dag og tanker omkring en styrket selvbestemmelse for det fremtidige samiske kunst- og kulturfeltet, s. 3.

23.

Noodt & Reiding (2019): Samisk kunstnerundersøkelse. Rapport utarbeidd på oppdrag frå Sametinget og Samisk kunstnarråd.

24.

Kleppe, Bård og Askvik, Tanja (2021): Kunstnerne og koronapandemien. Kulturrådet, s. 31.

25.

Kleppe, Bård og Askvik, Tanja (2021): Kunstnerne og koronapandemien. Kulturrådet.

26.

Fløtre, Ingvild Alseth og Tuv, Nina (2022): Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares. SSB.

27.

Heian, Mari Torvik (2018): Norske kunstnere og det doble likestillingsparadokset, Tidsskrift for kjønnsforskning, Vol. 42, utg. 1–2.

28.

Heian, Mari Torvik et.al. (2015): Kunstnerundersøkelsen 2013. Telemarksforsking.

29.

Veiteberg, Jorunn (2019): Å samla kunst. Kulturrådet.

30.

Artnet News (2019): Female Artists Represent Just 2 Percent of the Market. Here’s Why – and How That Can Change.

31.

Eidsvold-Tøien, Irina et al. (2019): Hva nå – Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje. BI – Centre for Creative Industries og Menon Economics.

32.

Bråten, Mona, og Svalund, Jørgen (2018): Seksuell trakassering innen film-, TV-, scene-, musikk- og spillfeltet. Fafo-rapport 2018:39, s. 23.

33.

Slaatta, Tore og Okstad, Hanne M. (2014): Når kunstnere vurderer ytringsfrihet i Norge, anno 2014. Institutt for samfunnsforskning.

Til forsida