Meld. St. 23 (2020–2021)

Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Figur 1.1 

Figur 1.1

Musea våre er uttrykk for utviklinga av eit samfunn, sjølvkjensla i ein nasjon, standarden for ytringsfridom og demokrati i ein fellesskap. Museumsinstitusjonar er demokratiske berebjelkar, ein del av den avgjerande infrastrukturen for demokratiutøving og frie ytringar. Museumspolitikken legg difor grunnlaget for ein del av vår felles danning. Slik musea spela ei viktig rolle i nasjonsbygginga av den unge nasjonen Noreg, spelar dei ei like viktig rolle i vår eiga tids forståing av oss sjølve – både kven me har vore, kven me er og kven me vil vera. Målet for museumspolitikken er slik djupast sett å leggja til rette for den store, dynamiske samtalen om oss, og innrettinga av museumspolitikken er eit uttrykk for kva ambisjonar regjeringa har for samfunnsutviklinga i stort.

Denne regjeringa ynskjer eit rikt og mangfaldig kulturliv med plass til mange stemmer, historier og perspektiv. Difor har regjeringa sett i gang eit krafttak for mangfald i deltaking, publikum og representativitet. Å lukkast med dette fordrar mellom anna aktive museum. Grunnleggjande museumsfaglege spørsmål er òg grunnleggjande samfunnsspørsmål. For kva historier og uttrykk skal sikrast ein plass som kulturarv? Kven sine røyster skal med og kven skal ha tillit til å velja dei ut? Kva ting skal samlast på for ettertida? Kven sine ting skal på museum? Museumspolitikken gjev musea stor tillit i desse spørsmåla, og ventar at musea er seg dette ansvaret særleg bevisst i tida som kjem.

Musea er kunnskapsinstitusjonar. Kunnskap er makt. Musea har makt til å definera historisk verdi, historisk relevans, samtidig aktualitet og perspektiv på sanning. Museumspolitikk er difor politikk for grunnleggjande samfunnsverdiar, og musea er samstundes med på å forma desse verdiane. I ei verd der informasjonsflyten er enorm og kravet til kjeldehandtering skjerpa deretter, er musea sin legitimitet knytt til handteringa av definisjonsmakta dei sit på. I eit samfunn der polariseringa tykkjest aukande og den offentlege debatten hardnar, trengst arenaer som har publikum sin tillit til å kunna nyansera og perspektivera, forankra i kunnskap, slik musea i dag har.

Målet med denne meldinga er å dra liner for utviklinga av museumssektoren i eit generasjonsperspektiv. Også for komande generasjonar skal det finnast institusjonar i det norske samfunnet som på systematisk, tillitsbasert og kunnskapsbasert vis samlar, tek vare på, byggjer kunnskap om og formidlar dei materielle og immaterielle spora etter folk og samfunn som til ulike tider har levd og verka her, i samspel med verda rundt. I tiåra som kjem, er det avgjerande viktig at musea framleis inngår i den infrastrukturen for frie ytringar og fagleg autonomi, som eit demokratisk samfunn treng for å vera sunt og levekraftig. Musea må kunna handtera samansette interesser og utviklingsdrag. Samstundes må dei finna si form i ei tid der store globale utviklingstrekk knytte til digitalisering, klimautfordringar og endra samhandlingsmønster, legg viktige premissar. Arbeidet med å nå FNs berekraftsmål har til dømes konsekvensar òg for musea si vidare utvikling. Denne meldinga har som mål å sjå musea som samfunnsinstitusjonar med samanbindingskraft og grunnkompetanse som vil vera sentral og viktig i den vidare utviklinga av det demokratiske Noreg.

Denne stortingsmeldinga vert lagt fram i ei tid då covid-19-pandemien har sett djupe spor i samfunnet. Då pandemien spreidde seg i Noreg, i mars 2020, var det kultursektoren som stengte fyrst og pandemiperioden har vore krevjande for musea. Sjølv om denne stortingsmeldinga har eit lengre perspektiv, er det naudsynt å sjå nærare på konsekvensane pandemien har hatt for museumssektoren. Ein ting er dei tydelege økonomiske konsekvensane her og no, men det er òg gjort erfaringar i denne tida som kan få innverknad på korleis musea formidlar og kommuniserer utover, og korleis dei innrettar seg mot ulike grupper av besøkjande.

Meldinga har undertittelen Tillit, ting og tid. Dette er ikkje rapporteringskategoriar, men grunnleggjande storleikar som musea forvaltar. Musea er stader for materielle leivningar, ting til å sjå på, sansa og røyna. Men dei er òg ting i tydinga diskusjonsarenaer og møtestader, der folk saman kan samtala rundt både dei fysiske tinga og spørsmål og problemstillingar knytte til desse. Dei er tingstader i dobbel tyding.

Museumspraksisen handlar dessutan om tid, både for dei som arbeider i musea og dei som vitjar og brukar dei. Det handlar om fortid og notid og det handlar om å ta vare på og leggja til rette for ivaretaking for framtida. Men museumsarbeid tek òg tid. Det tek tid å byggja kunnskap, forska, eksperimentera og reflektera. Kanskje lever me liva våre i høgare tempo enn før, med overflod av informasjon og inntrykk. Men noko er likevel ganske stabilt. Kognitive prosessar tek tid. Kjensler, undring, refleksjon tek tid, og musea gjev rom for å ha tid til tida på fleire måtar.

Sist, men ikkje minst, forvaltar musea i dag stor tillit. Både politikken og publikum lit på musea si handtering av definisjonsmakt og kunnskap. Kanskje er dette musea sin største kapital i vår tid. Tilliten heng saman med musea sin autonomi og frie, faglege stilling. Men han er fyrst og fremst bygd opp gjennom røynslene til dei som oppsøkjer og brukar musea. Dette er ein posisjon som ikkje er sjølvskriven og som må takast vare på, både av musea sjølve, og av strukturane som skal oppretthalda dei som legitime samfunnsinstitusjonar. Regjeringa vil med denne meldinga leggja til rette for at musea kan forvalta både tilliten, tinga og tida på vegner av, og til beste for, vår mangfaldige fellesskap, også gjennom neste generasjon.

1.1 Samandrag

Denne meldinga har to delar. Den fyrste delen viser i korte trekk den historiske utviklinga av musea som samfunnsinstitusjonar og kva utviklingstrekk dei kan sjåast i lys av. Det vert òg gjort greie for den museumspolitiske utviklinga og musea i eit internasjonalt perspektiv, med vekt på internasjonale konvensjonar og forpliktingar som museumsarbeidet er ein del av. Den fyrste delen inneheld òg ei vurdering av museumsreforma basert på tilgjengeleg statistikk og eksterne arbeid.

Den andre delen av meldinga teiknar vegen vidare for museumssektoren. Denne delen set opp mål for museumsarbeidet og for museumsforvaltninga og legg fram tiltak og vidare prioriteringar for ynskt utvikling. Denne delen drøftar òg spørsmålet om ei museumslov i eige kapittel.

Til forsida