Meld. St. 26 (2015–2016)

Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2015

Ved lov 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Endringane inneber mellom anna at også uførepensjon er lagt om til ein nettoyting. Pensjonen blir gitt som eit tillegg til uføretrygda frå folketrygda og skal ikkje samordnast med andre pensjonar og trygder. Det er òg gitt nye reglar om avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt. Det blei vedteke at dei som hadde uførepensjon under utbetaling skulle overførast til nytt regelverk frå 1. januar 2015.

Det er utført inntektskontroll på alle som tek imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Breva om dette blei sende ut i byrjinga av 2015, og gjaldt kontroll for inntektsåret 2013. Alle som blei kontrollerte var innanfor gjeldande inntektsgrense.

Dei som er fødde i 1950, og som kan ha opparbeidd seg ein oppsett rett til pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, fekk brev med informasjon om mogleg pensjonsrett i løpet av 2015.