Meld. St. 3 (2017–2018)

Statsrekneskapen 2017

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 8 724,3 mrd. kroner ved utgangen av 2017 ein auke på 1 002,2 mrd. kroner frå utgangen av 2016. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2016

2017

Endring

SPU

7 509 873

8 484 090

974 217

SPN

212 268

240 206

27 938

Statens pensjonsfond

7 722 141

8 724 296

1 002 155

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2017 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 974,2 mrd. kroner i 2017. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 167,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2017 vart det overført 231,4 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2017 ikkje netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 037,8 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 196,4 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 243,1 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 583,6 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 14,7 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2017. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 1 027,8 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2017 er netto avsetjing minus 63,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2016

2017

Januar

-6 700

-10 100

Februar

-6 700

-4 800

Mars

-7 400

-4 800

April

-7 400

-5 500

Mai

-8 300

-5 400

Juni

-8 300

-5 400

Juli

-8 300

-5 400

August

-10 600

-2 500

September

-10 600

-2 500

Oktober

-10 600

-2 500

November

-8 200

-5 950

Desember

-8 200

-5 950

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

-101 300

-60 800

– For lite/mykje(-) overført til SPU i fjor

-10 453

3 110

– Netto avsetjing til SPU i år

-87 737

-63 547

= For lite/mykje(-) overført til SPU i år

3 110

363

*) For 2017 vart det til saman overført 60,8 mrd. kroner frå fondet. I 2016 vart det overført 3 110 mill. kroner for mykje til statskassa frå fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2016. Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2017 enda opp med å vere 363 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2016 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2017 er bokført til 8 484,1 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 8 483,7 mrd. kroner og mellomrekninga på 0,4 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtalt i Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018.

Den 27. februar 2018 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2017. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 8 483,7 mrd. kroner ved utgangen av 2017. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 13,7 prosent for heile 2017 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 19,4 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 3,3 prosent og eigedomsinvesteringane 7,5 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2017 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 14,7 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2017 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 924 mill. kroner i 2017 mot 222 mill. kroner i 2016. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 4 728 mill. kroner i 2017, mot 3 731 mill. kroner i 2016. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2017, og kostnadsutviklinga er nærare omtalt i Meld. St. 13 (2017–2018).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 13 (2017–2018).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2016

2017

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

124 779

167 847

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-212 516

-231 394

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

-87 737

-63 547

Avkastning av plasseringane til fondet

4

136 843

1 037 764

Samla endring SPU

49 106

974 217

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2016

2017

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

16 034

23 688

72

Særskatt på oljeinntekter

25 059

41 361

74

Arealavgift m.m.

1 403

939

Sum kap. 5507

42 496

65 988

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 108

5 182

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2

7

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

67 188

86 620

30

Avskrivingar

23 277

24 648

80

Renter av statens kapital

3 820

3 581

85

Renter på mellomvære

-14

-13

Sum kap. 5440

94 270

114 836

5685

85

Utbyte Statoil ASA

10 717

8 398

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

152 594

194 411

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

27 815

26 564

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

0

0

Sum utgifter til petroleumsverksemda

27 815

26 564

Sum netto kontantstraum

124 779

167 847

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

124 779

167 847

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2016 eller 2017. Statoil ASA innførte i 2016 eit toårig utbyteprogram som gjev aksjeeigarane valet mellom å få utbyte (heilt eller delvis) i kontantar eller i aksjar. Staten deltek i programmet ut frå føresetnaden om at eigarandelen skal haldast konstant på 67 prosent. Dette vert gjort ved at staten teiknar seg for sin del aksjar som dei andre aksjonærane har valt. Dette inneber at staten sitt kontantutbyte vert redusert i den perioden som utbyteprogrammet held fram. Det er i 2017 rekneskapsført 7,5 mrd. kroner i utbyteaksjar på høvesvis inntektskapittel 4811, post 96 og utgiftskapittel 1811, post 96 som speglar verdien av utbyteaksjane, slik at netto finanstransaksjonar er null. I 2016 utgjorde utbyteaksjane 5,0 mrd. kroner.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2016

2017

5800

50

Overføring frå fondet

212 516

231 394

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2016

2017

Resultat før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar og andelar

342 813

933 501

– obligasjonar

100 250

81 410

– unotert eigedom

6 942

14 237

– finansielle derivat

-3 213

278

– utlån med sikkerhetsstillelse

4 013

3 532

– innlån med sikkerhetsstillelse

23

-345

Skattekostnad1)

-4 061

-4 796

Renteinntekter/kostnader

-54

-16

Andre kostnader

-40

-11

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

446 673

1 027 790

Vinst/tap valuta

-306 099

14 701

Porteføljeresultat

140 574

1 042 492

Forvaltningskostnad

-3 731

-4 728

Periodens resultat og totalresultat

136 843

1 037 764

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 12. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar (4.1)

128 846

233 652

571 003

933 501

– obligasjonar (4.2)

71 811

9 283

316

81 410

– eigedom (6.1)

1 812

2 057

10 368

14 237

– finansielle derivat (4.3)

-1 933

140

128

1 943

278

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

3 532

3 532

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

-345

-345

Andre renteinntekter og rentekostnader

-16

-16

Skattekostnad (9.1)

-4 796

-4 796

Andre kostnader

-11

-11

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

71 674

131 043

243 063

583 630

-1 620

1 027 790

Summen av renteinntekter (71,7 mrd. kroner), aksjeutbyte (131,0 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-1,6 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (4,7 mrd. kroner) utgjer 196,4 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2016

2017

Mellomrekning med statskassa1)

3 110

363

Konto i Noregs Bank2)

7 506 763

8 483 727

Sum eigedelar

7 509 873

8 484 090

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

0

Eigenkapital

7 509 873

8 484 090

Sum gjeld og eigenkapital

7 509 873

8 484 090

1) Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2017 vart 363 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2016 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2017 ei forplikting som statskassa har til fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2018. Tilsvarande tal per 31.12.2016 var eit krav på 3 110 mill. kroner i favør av fondet som vart avrekna i overføringane i 2017.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2016

2017

Eigedelar

Innskot i bankar

17 759

11 027

Utlån med sikkerhetsstillelse

134 338

185 046

Avgiven kontantsikkerhet

2 320

1 894

Uoppgjorde handlar

13 196

13 389

Aksjar og andelar

4 373 042

5 250 871

Utlånte aksjar

340 865

411 664

Obligasjonar

2 220 286

2 080 061

Utlånte obligasjonar

454 735

591 277

Unotert eigedom

188 469

217 160

Finansielle derivat

9 366

9 025

Andre eigedelar

1 966

3 219

Sum eigedelar

7 756 342

8 774 633

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

213 520

260 136

Motteken kontantsikring

3 688

5 804

Uoppgjorde handlar

22 195

15 905

Finansielle derivat

4 501

3 919

Anna gjeld

1 944

415

Skuldig forvaltningskostnad

3 731

4 728

Sum gjeld

249 579

290 907

Eigenkapital SPU

7 506 763

8 483 727

Sum gjeld og eigenkapital

7 756 342

8 774 633

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 2. mars 2018 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2017.

Eigenkapitalen i SPN var 240,2 mrd. kroner ved utgangen av 2017, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 155,1 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 89,9 mrd. kroner. Andre store poster er bokført verdi av finansielle derivat på 2,1 mrd. kroner og 7,1 mrd. kroner i bankinnskot. Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 9,1 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytte til attkjøpsavtalar.6

I 2017 syner resultatet til SPN eit overskot på 27,9 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,4 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 5,6 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 20,7 mrd. kroner, med 19,4 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 1,5 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 0,2 mrd. kroner i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på minus 0,5 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 166 mill. kroner, som er 0,07 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2017. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 13 (2017–2018).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2017. Avkastninga av fondet i 2017 var på 13,2 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 3,6 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 19,3 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2017 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2016

2017

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

7 393

19 410

– obligasjonar og andre renteberande papir

-1 441

1 540

– finansielle derivat

237

-232

Renteinntekter

2 676

2 372

Aksjeutbyte

4 847

5 599

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

325

-549

Transaksjonskostnader

-38

-35

Porteføljeresultat

13 999

28 105

Forvaltningskostnader

-172

-166

Totalresultat SPN1)

13 827

27 939

1) Summen av renteinntekter (2 372 mill. kroner), aksjeutbyte (5 599 mill. kroner) og netto andre inntekter (-549 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (166 mill. kroner), utgjer 7 256 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Det er ein avrundingsdifferanse på 1 mill. kroner i totalresultatet til SPN for 2017, samanlikna med endringa som går fram av tabell 3.1 og av konto 611016 i kapitalrekneskapen.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2016

2017

Eigedelar

Bankinnskot

8 395

7 117

Krav knytte til attsalsavtalar

1 092

1 818

Stilt kontantsikring

53

6

Uoppgjorde handlar

6

2

Aksjar

112 916

138 670

Utlånte aksjar

16 776

16 462

Obligasjonar og andre renteberande papir

82 391

82 294

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

4 809

7 624

Finansielle derivat

2 641

2 113

Krav

59

78

Sum eigedelar

229 138

256 184

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

3 001

5 693

Motteken kontantsikring

12 550

9 088

Uoppgjorde handlar

-

4

Finansielle derivat

1 293

1 170

Andre forpliktingar og avsetjingar

-

2

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

27

21

Sum gjeld

16 871

15 978

Eigenkapital SPN1)

212 267

240 206

Sum gjeld og eigenkapital

229 138

256 184

1) Det er ein avrundingsdifferanse på 1 mill. kroner i inngåande eigenkapital til SPN, samanlikna med det eksakte balansetalet som går fram av tabell 3.1 og av konto 611016 i kapitalrekneskapen.

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale av utbyteaksjar i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 196,4 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2017 (minus 63 547 mill. kroner) er netto kontantstraum (167 847 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (231 394 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2017 vert balanseverdien for dei ulike porteføljeområda meir detaljert fordelte. Fleire opplysningar står i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, note 5 Porteføljeområde.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida