Meld. St. 3 (2017–2018)

Statsrekneskapen 2017

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2016

31.12.2017

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

147 192

162 386

15 194

61. Spesielle fond og forsikringar

2

7 735 850

8 742 991

1 007 141

62. Verdipapir

3

156 998

175 819

18 822

63. Utlån og uteståande krav

4

486 723

478 785

-7 939

64. Ordinære fond

5

196 501

195 523

-978

65. Forskot

6

184

222

38

66. Kapital i statsbankane

7

659

620

-39

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

233 245

237 844

4 598

69. Eigenbehaldning statspapir

9

82 150

78 345

-3 805

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-3 844

-3 022

822

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-9 636

-8 780

856

Sum eigedelar

9 026 021

10 060 732

1 034 711

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

515 617

522 047

6 430

81. Kontolån frå ordinære fond

13

207 617

207 878

261

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

17 757

19 146

1 389

84. Deposita og avsetjingar

15

5 824

2 742

-3 082

87. Overførte unytta løyvingar

16

13 557

14 506

949

Sum gjeld

760 372

766 319

5 947

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

8 265 649

9 294 413

1 028 764

Sum gjeld og eigenkapital

9 026 021

10 060 732

1 034 711

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 1 034,7 mrd. kroner i 2017, frå 9 026,0 mrd. kroner til 10 060,7 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 5,9 mrd. kroner i 2017, frå 760,4 mrd. kroner til 766,3 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 028,7 mrd. kroner frå 8 265,6 mrd. kroner til 9 294,4 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane under.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 15,2 mrd. kroner i 2017. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 007,1 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 974,2 mrd. kroner for Statens pensjonsfond utland (SPU) og 27,9 mrd. kroner for Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med 4,9 mrd. kroner i 2017. Av dette var 1,1 mrd. kroner tilført grunnfondskapital og 3,8 mrd. kroner utgjer netto annan auke. Nettoendringa inneheld òg ei regulering av 0,6 mrd. kroner i Norfunds rekneskap for 2016, som vart fastsatt etter at statsrekneskapen for 2016 var stengd for posteringar. Sjå tabell 5.8 i vedlegg 5 for balansetal for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 18,8 mrd. kroner. Auken kjem for ein stor del av tildeling av utbyteaksjar i Statoil ASA med 7,5 mrd. kroner. Nye Veier AS auka med 1,0 mrd. kroner som følgje av tilskot av eigenkapital, jf. kapittel 1321, post 75. I samband med jernbanereforma vart statens bokførte verdi av NSB AS sette ned med 2,8 mrd. kroner, og omfordelte med 2,4 mrd. kroner til Norske Tog AS, og høvesvis 0,1 mrd. kroner til Mantena AS og Entur AS. Dei resterande 0,2 mrd. kroner gjeld nedskriving av historisk bokført verdi i NSB AS ved overføring av ROM Eiendom AS til Bane NOR SF (tingsinnskot). Bane NOR SF auka med 10,0 mrd. kroner, etter fyrst ei oppkapitalisering med 2,3 mrd. kroner som eit ledd i prosessen med opningsbalansen, og deretter ein kapitalauke på 7,7 mrd. kroner ved overføring av Rom Eigedom AS som tingsinnskot. Oppkapitaliseringa i Bane NOR SF vart gjennomført ut frå oppdatert verkeleg verdi. Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS auka med 144 mill. kroner. Innskot i Den asiatiske investeringsbanken, som var ei ny ordning i 2016, førte til ein auke på 0,2 mrd. kroner i 2017. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav minka med 7,9 mrd. kroner. Av dette kjem 9,7 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 3,9 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 9,1 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 512 mill. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka minka med 5,5 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg auka med 0,6 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS (Statlig eksportfinansieringsordning) minka netto med 7,1 mrd. kroner. Av dette utgjer om lag 2,3 mrd. kroner omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) vart nedbetalt og minka med 0,3 mrd. kroner, og utlåna til Avinor AS minka med 0,4 mrd. kroner. Det var òg ein auke på 0,5 mrd. kroner knytt til innvilga driftskredittramme for Bane NOR SF.

Note 5. Ordinære fond minka med 1,0 mrd. kroner. Fondet for klima minka med 1,9 mrd. kroner og Energifondet auka med netto 0,3 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,7 mrd. kroner. Tøyenfondet og Observatoriefondet vart avvikla i 2017 og minka med 0,2 mrd. kroner då kapitalen i fonda vart overført til konsernkontoen til UiO. Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 0,2 mrd. kroner, og Investeringsfond for Investinor AS minka med 0,3 mrd. kroner. Tapsavsetjing knytt til eigenkapitalinnskot i SNSK auka med 0,1 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen var Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre var aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa, men desse fonda er avvikla i 2017. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot auka med 38 mill. kroner. Av dette auka forskot i Statens vegvesen med 101 mill. kroner. Oppgjersordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0720, er netto balanseført med ein nedgang på 67 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar under KMD auka med 3 mill. kroner.

Note 7. Kapital i statsbankane minka med 39 mill. kroner i 2017 som kjem av ei avvikling av Tapsfond Statens miljøfond som vart innbetalt/overført til statskassa frå Innovasjon Noreg.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 4,6 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med 3,1 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 1,7 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 76 mill. kroner. Kartverket endra i 2017 organisering frå statleg forvaltningsverksemd til ordinært bruttobudsjettert forvaltningsorgan. Etter fullmakt frå Stortinget er Statens kartverks anleggsmidlar, som er aktivert i kontogruppe 68, avvikla og regulert mot konto for forskyving i balansen. Dette gav ein nedgang på 124 mill. kroner i kontogruppe 68. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 3,8 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med 1,1 mrd. kroner, og statskassevekslar minka med 2,7 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa minka med 0,8 mrd. kroner, frå -3,8 mrd. kroner i 2016 til -3,0 mrd. kroner i 2017, slik at verksemdene har 3,0 mrd. kroner til gode per 31.12.2017.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2017 postert 0,8 mill. kroner til kredit på konto for forskyving i balansen og til debet kontogruppe 70/71. Dette gjeld følgande verksemder (tal i kroner):

Statistisk sentralbyrå (FIN)

-809 679,74

Politi- og Lensmannsetaten (JD)

924,22

Kulturdepartementet (KUD)1)

1 628 707,56

Samla

819 952,04

1) Prop. 22 S (2017–2018), Innst. 77 S (2017–2018).

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2017 bokført med -8,8 mrd. kroner. Dette er ei endring på 856 mill. kroner frå -9,6 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda auka med 6,4 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 2,0 mrd. kroner, medan kortsiktige kontolån auka med 1,4 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 7,0 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2017 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5.

Kontogruppe 81 auka med 0,3 mrd. kroner i 2017. Fondet for klima minka med 1,9 mrd. kroner og Energifondet auka med netto 0,3 mrd. Investeringsfondet for Investinor AS minka med 0,3 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,7 mrd. kroner. Alminneleg garantiordning under GIEK auka med 0,4 mrd. kroner, og Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 0,2 mrd. kroner. Tapsavsetjing knytt til eigenkapitalinnskot i SNSK auka med 0,1 mrd. kroner, medan inneståande knytte til gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet auka med 0,6 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 og detaljar for gåveforsterkingsordninga og gjeldsbrevordninga i tabellane 3.8 og 3.11.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 1,4 mrd. kroner. Midlane utgjer 19,1 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2017 gjeld særleg universitets- og høgskulesektoren med 1,5 mrd. kroner, medan Noregs forskingsråd minka med 0,3 mrd. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med 3,1 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 2,7 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2017 hadde 363 mill. kroner i gjeld til SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 102,5 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen minka med 457 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet, Gassnova auka med 1,9 mill. kroner. Tapsavsetjing knytt til den Nordiske investeringsbanken auka med 20 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med 3,3 mill. kroner Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2017 til 2018 utgjer til saman 14,5 mrd. kroner, som er 0,9 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2016 til 2017.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2017 auka med 1 028,8 mrd. kroner, frå 8 265,6 mrd. kroner til 9 294,4 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2016

2017

61. Auka verdi Statens pensjonsfond

62 933

1 002 155

99. Overskot før lånetransaksjonar

4 127

8 568

87. Endring avsetjing overførte midlar

-2 987

-949

Andre endringar:

21 344

18 990

61. Auka verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

530

3 861

62. Nettovinst verdipapir

2 978

-2

62. Statoil ASA, utbyteaksjar

5 025

7 539

62. Nedskriving NSB AS ved overføring av ROM-eigedom AS til Bane NOR SF

0

-176

62. Føretakskapital, Bane NOR SF (2,3 og 7,7 mrd. kroner)

0

10 000

62. Auka eigenkapital i Nye Veier AS

600

1 000

63. Auka utlån til helseføretaka

846

1 217

63. Redusert lån TCM

-1 090

-304

63. Redusert driftskredittramme, helseføretaka

-200

-5 970

63. Etablert driftskredittramme, Bane NOR SF

0

500

63. Eksportkreditt AS, valutakurseffekt

11 474

-2 294

63. Anna tap/ettergjeving av lån

-205

1

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

857

-793

64. Avvikling av Tøyenfondet og Observatoriefondet

0

-185

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap. 0720

21

-67

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-20

101

66. Avvikling tapsfond, Statens miljøfond

0

-39

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

601

4 722

68. Avvikling fast kapital, Statens kartverk ved omdanning til ordinært forvaltningsorgan

0

-124

70–72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

-72

1

Sum

85 418

1 028 764

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2017 renteinntekter på 12,3 mrd. kroner og renteutgifter på 8,8 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 3,4 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2016 til 2017 minka renteutgiftene med 2,0 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 11,0 mill. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2015

2016

2017

1. Renteinntekter i alt1)

14 149

12 296

12 285

Renter frå statsbankane og statsføretaka

9 278

8 445

8 828

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

76

77

72

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

4 795

3 774

3 384

renter av innskot og andre krav

2 007

1 817

1 856

renter av lån til helseføretaka

310

333

295

renter av lån til aksjeselskap

110

115

57

renter frå folketrygda

1

3

3

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

2 367

1 506

1 173

2. Renteutgifter i alt2)

11 322

10 848

8 861

Av innanlandsk statsgjeld

11 249

10 825

8 833

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

73

23

28

Netto renteinntekter/renteutgifter(-)

2 827

1 448

3 424

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 37,8 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 8 833,3 mill. kroner syner programområdet 24 statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjoner på 8 871,1 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 8,8 mrd. kroner. Av dette er 2,9 mrd. kroner frå Husbanken, 4,0 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,7 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 135 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 23 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 1,8 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 66 mill. kroner renter av driftskreditt statsverksemder og 1,6 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir.

Renteutgifter for opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka (som er gjeve frå og med 2008 på kapittel 0732 Regionale helseføretak) vart 28 mill. kroner. Renteutgiftene på 8,8 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 9,4 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 2,1 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 45,5 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 2,7 mrd. kroner på attkjøps- og rentebyteavtalar.

Per 31.12.2017 var statsgjelda 522 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2016−2017) Nasjonalbudsjettet 2017, kap. 3.7 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2017 er omtalt i Prop. 1 S (2016−2017) Statsbudsjettet 2017, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine ovanfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2016 og 2017. Per 31.12.2017 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 163,4 mrd. kroner. Dette er 12,9 mrd. kroner mindre enn i 2016. Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2017 netto med 13,6 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet minka med 1,0 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet minka ansvaret i 2017 med 0,1 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen, prosjektinvesteringslån og miljølån knytt til Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet auka med 1,8 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2017 var på 2,7 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under Innovasjon Norge, og realinvesteringar og driftskredit.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2016

Utbetalt ved tap i 2017

Garantiansvar per 31.12.2017

Utanriksdepartementet

32 637,3

31 627,8

Arbeids- og sosialdepartementet

221,9

216,8

Helse- og omsorgsdepartementet

0,8

0,6

Barne- og likestillingsdepartementet

1,5

1,1

Nærings- og fiskeridepartementet

120 466,9

2,7

106 832,6

Samferdselsdepartementet1)

8 202,7

8 084,6

Finansdepartementet

14 786,9

16 613,9

Sum

176 318,1

2,7

163 377,4

1) Sjå note 1 til tabell 4.1 i vedlegg 4 for forklaring på at garantiansvaret per 31.12.2016 under Samferdselsdepartementet avvik frå meldinga i fjor.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unnatak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida