Meld. St. 3 (2022–2023)

Statsrekneskapen 2022

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 12 731,7 mrd. kroner ved utgangen av 2022, tilsvarande ein auke på 43,6 mrd. kroner frå utgangen av 2021. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2021

2022

Endring

SPU

12 355 169

12 413 461

58 292

SPN

332 935

318 200

-14 735

Statens pensjonsfond

12 688 104

12 731 662

43 558

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2022 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane mellom fondet og statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 58,3 mrd. kroner i 2022. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 1 285,2 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2022 vart det overført 309,9 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2022 også netto finanstransaksjonar som påverka resultatet i SPU2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var -1 000,6 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 267,4 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 73,6 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og -1 983,5 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 641,9 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2022. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit negativt resultat frå forvaltning på 1 637,2 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og den særlege tilbakeføringa av 70 mrd. kroner frå statskassa til fondet i 2022, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2022 er netto avsetjing 1 058,8 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2021

2022

Januar

-25 000

30 000

Februar

-26 000

30 000

Mars

-27 000

80 000

April

-27 000

80 000

Mai

-21 000

62 000

Juni

-21 000

76 000

Juli

-21 000

76 000

August

-20 000

100 000

September

-11 000

130 000

Oktober

5 000

150 000

November

40 000

141 000

Desember

35 000

134 800

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

-119 000

1 089 800

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

1 363

-15 084

- Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar

-102 553

1 058 844

For lite (-) /mykje overført til SPU i år

-15 084

15 872

*) For 2022 vart det til saman overført 1 089,8 mrd. kroner til fondet. I 2021 vart det overført 15 084 mill. kroner for mykje frå fondet til statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2021. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2022 enda opp med å vere 15 872 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2021 skulle tilseie, slik at statskassa har ei fordring på SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2022 er bokført til 12 413,5 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 12 429,3 mrd. kroner og mellomrekninga på 15,9 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 17 (2022–2023) Statens pensjonsfond 2023.

Den 7. mars 2023 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2022. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 12 429,3 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på -14,1 prosent for heile 2022 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på -15,4 prosent, obligasjonsinvesteringane gav -12,1 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane 0,1 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane 5,1 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2022 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 641,9 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2022 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,04 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 718 mill. kroner i 2022 mot 840 mill. kroner i 2021. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 5 226 mill. kroner i 2022, mot 4 640 mill. kroner i 2021. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2022, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 17 (2022–2023) Statens pensjonsfond 2023, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2021

2022

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

287 513

1 285 223

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

83 496

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-390 066

-309 875

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

-102 553

1 058 844

Avkastning av plasseringane til fondet

4

1 550 628

-1 000 551

Samla endring SPU

1 448 075

58 292

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2021

2022

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

51 983

212 995

72

Særskatt på oljeinntekter

33 728

500 626

74

Arealavgift m.m.

940

1 050

Sum kap. 5507

86 651

714 671

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 197

6 258

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

1

1

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

181 937

528 720

30

Avskrivingar

25 634

26 314

80

Renter av statens kapital

2 331

2 383

85

Renter på mellomvære

0

-5

Sum kap. 5440

209 902

557 412

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

10 494

35 258

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

312 245

1 313 601

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

24 732

28 378

Sum utgifter til petroleumsverksemda

24 732

28 378

Sum netto kontantstraum

287 513

1 285 223

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

287 513

1 285 223

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

I 2021 var det ikkje finanstransaksjonar som påverka resultatet for SPU. I 2022 vart det seld aksjar til Equinor ASA for innløysing for 13 496 mill. kroner (tredje transje i Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar). Det vart òg gjort ei tilbakeføring frå statskassa til fondet av 70 mrd. kroner som inngår i kap. 2800, post 96. Dette påverkar resultatoppsettet for SPU i 2022, jf. tabell 3.3 ovanfor.

Kap.

Post

2021

2022

3955

Equinor ASA

96

Aksjar

0

13 496

Sum finanstransaksjonar

0

13 496

2800

Statens pensjonsfond utland

96

Finanspostar overført til fondet

0

83 496

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2021

2022

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

390 066

309 875

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2021

2022

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

1 593 618

-1 201 835

– obligasjonar

-40 905

-453 128

– unotert eigedom

35 811

-2 213

– unotert infrastruktur

1 198

897

– finansielle derivat

-4 839

23 926

– utlån med sikkerhetsstillelse

3 842

4 845

– innlån med sikkerhetsstillelse

21

-4 792

Skattekostnad1)

-8 887

-4 850

Renteinntekt/kostnad

-13

-22

Annan inntekt/kostnad

11

-4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

1 579 857

-1 637 176

Vinst/tap valuta

-24 589

641 850

Porteføljeresultat

1 555 269

-995 326

Forvaltningskostnad

-4 640

-5 226

Resultat og totalresultat

1 550 628

-1 000 551

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

- aksjar (4.1)

197 631

191 774

-1 591 241

-1 201 835

- obligasjonar (4.2)

66 093

-130 749

-388 472

-453 128

- unotert eigedom (6.1)

6 1561)

-8 369

-2 213

- unotert infrastruktur (7.1)

162

735

897

- finansielle derivat (4.3)

7 448

12 616

3 862

23 926

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

4 845

4 845

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

-4 792

-4 792

Renteinntekt/kostnad

-22

-22

Skattekostnad (10.1)

-4 850

-4 850

Annan inntekt/kostnad

-4

-4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

79 838

197 631

73 641

-1 983 485

-4 801

-1 637 176

Summen av renteinntekter (79,8 mrd. kroner), aksjeutbyte (197,6 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-4,8 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (5,2 mrd. kroner) utgjer 267,442 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2021

2022

Mellomrekning med statskassa1)

15 084

0

Konto i Noregs Bank2)

12 340 085

12 429 334

Sum eigedelar

12 355 169

12 429 334

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

15 872

Eigenkapital

12 355 169

12 413 461

Sum gjeld og eigenkapital

12 355 169

12 429 334

1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2022 vart 15 872 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2021 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2022 ei fordring som statskassa har mot fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2023. Tilsvarande tal per 31.12.2021 var ei gjeld som statskassa hadde mot fondet på 15 084 mill. kroner som vart avrekna i overføringane i 2022.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2021

2022

Eigedelar

Innskot i bankar

18 450

12 061

Utlån med sikkerhetsstillelse

297 405

462 982

Avgiven kontantsikkerheit

3 725

21 601

Uoppgjorde handlar

15 767

11 428

Aksjar

8 383 302

8 138 602

Utlånte aksjar

505 117

451 799

Obligasjonar

2 795 536

2 968 272

Utlånte obligasjonar

623 367

886 555

Finansielle derivat

7 879

20 498

Unotert eigedom

310 134

329 732

Unotert infrastruktur

14 287

14 489

Fordring kildeskatt

3 427

8 937

Andre eigedelar

1 860

2 017

Fordring forvaltningsgodtgjering

536

274

Sum eigedelar

12 980 791

13 329 248

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

591 960

796 082

Motteken kontantsikring

11 848

14 801

Uoppgjorde handlar

22 607

44 329

Finansielle derivat

9 055

40 159

Utsett skatt

5 180

4 488

Anna gjeld

56

56

Sum gjeld

640 706

899 915

Eigenkapital SPU

12 340 085

12 429 334

Sum gjeld og eigenkapital

12 980 791

13 329 248

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 17. februar 2023 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2022.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2022 318,2 mrd. kroner, mot 332,9 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2022 var 191,5 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 126,7 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2021 var høvesvis 210,1 mrd. kroner og 122,8 mrd. kroner.

I 2022 syner resultatet til SPN eit underskot på 14,7 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 3,2 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 8,9 mrd. kroner. Det var eir tap på verdipapir på 26,6 mrd. kroner, med 12,0 mrd. kroner i tap på eigenkapitalplasseringar, 6,3 mrd. kroner i tap på renteplasseringar og 8,2 mrd. kroner i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på -0,1 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 183 mill. kroner, som er 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2022. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 17 (2022–2023) Statens pensjonsfond 2023.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2022. Avkastninga av fondet i 2022 var på -4,4 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på -8,9 prosent, medan avkastninga av aksjar var på -1,7 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2022 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2021

2022

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

35 769

-12 022

– obligasjonar og andre renteberande papir

-3 077

-6 325

– finansielle derivat

-1 492

-8 225

Renteinntekter

2 793

3 233

Utbyte

6 989

8 879

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-13

-59

Transaksjonskostnader

-61

-33

Porteføljeresultat

40 908

-14 552

Forvaltningskostnader

-170

-183

Totalresultat SPN1)

40 738

-14 735

1) Summen av renteffinntekter (3 233 mill. kroner), aksjeutbyte (8 879 mill. kroner) og netto andre inntekter (-59 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (183 mill. kroner), utgjer 11 870 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2021

2022

Eigedelar

Bankinnskot

4 081

5 446

Krav knytte til attsalsavtalar

2 400

1 738

Stilt kontantsikring

53

6 168

Uoppgjorde handlar

65

24

Aksjar

205 377

182 087

Utlånte aksjar

4 586

9 279

Obligasjonar og andre renteberande papir

116 535

126 120

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

9 261

5 798

Finansielle derivat

2 070

2 698

Krav

24

140

Sum eigedelar

344 452

339 498

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

6 000

2 519

Motteken kontantsikring

4 126

9 757

Uoppgjorde handlar

31

32

Finansielle derivat

1 345

8 956

Andre forpliktingar og avsetningar

-

13

Skuldig forvaltningsgodtgjering

15

21

Sum gjeld

11 517

21 298

Eigenkapital SPN

332 935

318 200

Sum gjeld og eigenkapital

344 452

339 498

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 267,4 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2022 (1 058 844 mill. kroner) er netto kontantstraum (1 285 223 mill. kroner), netto finanstransaksjonar (83 496 mill. kroner), og med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (309 875 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida